Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 7th, 2011

Kos med språk

Farsi: venn-haEin lærer ein del i jobben min. Sjølvsagt lærer eg ein god del av å lese studentoppgåver av typen semesteroppgåve og masteroppgåve. Men det koselegaste lærer eg på meir uformelle måtar.

Nyleg var det til dømes ein student som lærte meg at namnet mitt tyder ‘å ha venner’ på farsi (persisk). Og det var jo koseleg.

I ein litt annan klasse stiller det eg lærte i fjor på omtrent denne tida:

Vokalteiknet [ə], ofte brukt i mitt fag, går under namnet schwa. I fjor lærte eg av ein ewe-språkleg student at det nesten likelydande ordet shúa (atterhald om stavemåte) tyder ‘testikkel’ på akan. Med tanke på kor mange akan-språklege studentar eg har hatt opp gjennom åra, er det kanskje ikkje rart at det har vorte litt vel breie smil på førelesingane til tider.

Read Full Post »