Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 12th, 2011

Ein observant medpassasjer

Det var på Værnes for ikkje så lenge sidan. Ting måtte noterast, og den nyinnkjøpte iPad-en kom på fanget. Så opna dei slusen inn til innhegninga ved utgangen (ombordstigingsområde heiter det visst), vi passasjerane viste fram ombordstigingskorta våre og flokka oss saman. Ein høgrøysta og openbert svært triveleg amerikanar var òg i bølingen.

Vel, vi kom oss altså forbi skranken og sette oss ned for å vente på å gå om bord, iPad-en fekk endå nokre dosar med viktige notat på engelsk, den trivelege amerikanaren sette seg ned på setet rett til venstre for meg, og midt i skrivinga høyrde eg han plutseleg proklamere til sidedama og til andre, meir utilsikta lyttarar:

– They used to have laptops, but now you see iPads all over the place!

Ja, det hadde han sanneleg rett i. Eg tok og vippa skjermen min litt mot høgre, eg.

Read Full Post »