Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 14th, 2011

Litersflaska

vassflaskeDet har undra meg, dette med kor lite vatn vi får til maten når vi er i Tyskland. Det er klart, tyskarar er gjerne litt turre (den var turr, ha ha), men to og ein halv desiliter, liksom?

Så kom då den dagen at eg sat for meg sjølv på ein travel flyplass i nettopp Tyskland. Eg hadde ikkje fått i meg vått eller turt sidan Værnes seks timar tidlegare, og syntest eg skulle spandere på meg ein porsjon kyllingpasta med karri, ananas og babymais, altså stillehavsvarianten av italiensk mat. Jenta på restauranten tok imot bestillinga:

– Og vatn å drikke, sa eg.
– Med eller utan? spurde ho.
– Med gass. Kor store er flaskene?
– Null komma tjuefem.
– Finst det noko større? Halvlitersflaske, til dømes?
– Berre litersflaske.
– Då tek eg ein liter.

Ho såg bestyrta ned i blokka si og ville ha det stadfesta: – Ein liter?! – Ja, sa eg, eg drikk til vanleg noko meir enn ein halvliter, og då trur eg det vert billigare dersom eg…

Eg hadde sjølvsagt sjekka prisane i menyen på førehand, som den sunnmøringen eg er, men måtte jo for skams skuld spørje om dei hadde ein mellomting, for av og til har dei det likevel, men her hadde dei det altså ikkje.

Eg rakk så vidt å sladre med ei tekstmelding til fru Judith om dette, før neste jente kom med vatnet mitt bort til det vesle bordet, som altså berre hadde meg som gjest. Litt forvirra spurde ho:

– Ei stor flaske?*
– Ja.
– Treng De eit glas til?
– Eg treng berre eitt glas.
– Så då kan eg ta med meg dette glaset tilbake?
– Ja, sa eg, og følte igjen eit behov for å forklare: Eg drikk mykje til maten. Eg kjem sikkert ikkje til å drikke opp alt, men…

Kvittering: 1 liter vatn kosta 9,90 euro.

Dyrt, men likevel billigare enn tre kvartlitersflasker.

Då eg snakka med Judith via FaceTime seinare på kvelden, føreslo ho at det var i denne situasjonen eg skulle ha takka ja til det andre glaset: «Set det her, slik at også min venn Skybert kan få. Og gjerne ein tallerken til, så han får ete, han òg.» Og så skulle eg lagt litt mat over på ekstratallerkenen og forsynt meg litt både av denne og av min eigen tallerken, og drukke av begge glasa.

Men no vart det no slik som det vart, då, med berre éin tallerken og altså eitt einaste glas på heile denne litersflaska. Maten kom på bordet, og eg, som til liks med Judith alltid har vore så glad for å sleppe «smaker det»-inspeksjonane i utlandet (og det er til vanleg uunngåeleg å sleppe det på travle flyplass-etestader som denne), eg vart denne gongen inspisert både midt i maten og etterpå med nettopp dette spørsmålet. Ingen av dei andre gjestene rundt meg fekk den same merksemda. Men godt smakte det, og stor var porsjonen.

Og vatnet? Eg drakk opp heile litersflaska. Det var att berre litt i glaset. No trur dei sikkert at dei har hatt Supermann på besøk.
_____
* Eit språkleg apropos: Replikken «ei stor flaske?» var på originalspråket «ein großes Wasser?». På norsk seier vi «ei(n) stor cola» men ikkje «eit stort vatn» (som er noko anna), og alternativet «ein stor vatn» får problem med samsvarsbøyinga.

Read Full Post »