Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for november 2011

Eg drøymde eg var på førelesing. Førelesing, den beste staden å vere. Der er det ein møter dei varmaste smila og dei ærlegaste blikka ein kan tenkje seg i ein jobbsamanheng.

Eg drøymde eg var på førelesing på eit stort kurs med mange hundre studentar, altså mange fleire enn dei rundt rekna ti studentane eg har på ei vanleg førelesing. Eg sat og venta, ein kollega av meg hadde førelesing no, det skulle verte min tur etter pausen, og då pausen kom, byrja eg å samle saman sakene mine for å installere meg ved kateteret.

Men aller fyrst tok eg på meg mikrofonen, berre at mikrofonen i denne draumen hadde også øyretelefonar, og på desse øyretelefonane var det musikk: «Labrīt Rīga, vai tu mani redzi? / Tu māte, es tavs pazudušais dēls. / Dzimu te, bet augu tālā Amerikā. / Vai atgriezties man mājās reiz būt lemts?»

Det var Čikāgas Piecīši! På engelsk kjent som The Chicago Five, den kjende eksillatviske gruppa med den endå meir kjende songen som eg no hadde på øyra mine: «God morgon, Riga, ser du meg? / Du er mor, eg er din bortkomne son. / Eg vart fødd her, men voks opp i det fjerne Amerika, / vil eg nokon gong kunne kome heim?»

Songen startar etter ca. 14 sekund, refrenget etter 1 minutt og 5 sekund. Opptaket er frå den legendariske konserten i Rīga i 1989, i starten på fridomskampen. Særleg mot slutten vart det spenstig: «Du fortel korleis hjartet ditt verkjer / når framande nasjonar trakkar på deg. / Å Riga, som hjartet mitt sørgjer over deg!»

[14.1.2021: Ekstra YouTube-lenkje til den same videoen fordi den opphavlege ser ut til å vere borte.]

Eg bøygde meg ned, eg hadde visst mange av sakene mine på golvet. Der fann eg ein vott som eg stappa oppi plastposen eg hadde med meg. Eit leksikon, var det der eg hadde lagt det, ja? Mobilladdaren min, den berbare datamaskina, og sjølvsagt ei pensumbok, manuskriptet mitt og endå ei pensumbok. Det er best å samle saman alt.

Eg hadde så mykje å samle saman at songen allereie var komen til andre refreng: «Labrīt Rīga, vai tu mani redzi?» Der låg det ei dagbok! Hm, dagbok? Dagboka mi har blå perm og er i A4-format, denne var brun og mindre. Eg ser opp, der sit det ein student, det må vere hennar dagbok, så eg rekkjer henne dagboka. «Eg trur du miste denne på golvet.» Ho smilte og tok imot. Ho var på det siste kullet med den gamle ordninga på kurset, men visste det ikkje sjølv. Dei som bestemte, hadde funne ut at det var viktig å gjere kurset meir inspirerande og gledesorientert, så dei hadde oppretta både éin og to komitear for å ordne dette.

Nede på golvet heldt eg fram med å samle saman sakene mine. Etter eit par dropsposar, ei steikjepanne og eit fjernsynsapparat hadde eg samla saman alt mitt. Når ein drøymer, er det ikkje grenser for kva det er plass til i ein gjennomsnittleg stor handlepose av plast, og det er tydelegvis heller ikkje grenser for kor mykje ein tek med seg på førelesing. Eg hadde så mykje at dei hadde byrja å syngje på siste strofe og vel så det: «Ai Rīga, cik man sirdi tevis žēl!» Men no var alt på plass og eg kunne gå ned til kateteret.

Kollegaen min stod der enno, det vil seie, no hadde ho sett seg ned for å ete nista si. «Hei Jardar,» sa ho, «førelesinga er avlyst.» Og i det same kom det siste refrenget frå eksillatviarane i øyretelefonane mine: «Ardievu Rīga, vai tu mani redzi?»

Så vakna eg av at pus var i senga og ville leike med tåa mi. Pus er snill. Mjau.

Og så måtte eg stå opp og leite fram musikken og høyre på og mimre og leite fram det vesle eg hadde om songen. Originalen til «Pazudušais dēls» (Den bortkomne sonen) er City of New Orleans, sjå Arlo Guthrie sin versjon her. I Noreg er songen mest kjend som Øystein Sundes vise Liten og grønn. Meir musikk av Čikāgas Piecīši finn du her.

Read Full Post »

Tigris-kos

Eg har funne eit skikkeleg kosepunkt på Tigris, og Judith tok opp litt video av det. Litt dårlege lysforhold i sofaen, men ein ser at det er kos på gang.

Read Full Post »