Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for desember, 2011

Alle veit at Jens Stoltenberg er frå Oslo, og at han eigentleg snakkar oslodialekt. Men dette går det an å gjere noko med. Sjå på denne videoen her, plutseleg høyrest han ut som ein forfina vestlending, somme vil også høyre eit snev av nordlending. Korleis har dette gått til?


Litt enkelt sagt har eg justert tonefallet hans slik at det som gjekk oppover i melodien i originalopptaket, går nedover i den «vestlandske» varianten, og motsett. Dette er ikkje heile historia, men men. I illustrasjonen under er originaltonefall markert i grått, justert tonefall er markert i grønt. Utdraget som er illustrert her, er delsekvensen «Dette er grunnen til at vi fra og med i dag får et helt nytt pen[sjonssystem]». Sjølve vokalane og konsonantane er akkurat som før, det er berre tonefallet som er justert. Justeringa her er eit skikkeleg unøyaktig hastverksarbeid, men det fungerer.

Pitchmanipulasjon i Praat

Det er klart at i språk er tonefallet veldig viktig. Ser vi på den neste videoen, forstår vi litt av kvifor. Det tonefallet vil vi aldri møte i naturleg språkbruk. I denne andre videoen går vi altså langt utanfor dei grensene som finst for tonefall i eit språk, i dette tilfellet norsk:


Kva kan så dette brukast til, bortsett frå å ha det morosamt? Jau, dette illustrerer jo at tonefallet har ein funksjon i språket. Den funksjonen går faktisk langt utover t.d. det som er kjent som tonelagsskilnad, altså skilnaden på dei to orda «(å) skrive» og «(dette) skrivet».

Ved å justere tonefallet i slike lydopptak kan ein gjennomføre eksperiment for å finne ut nøyaktig kva det er i tonegangen som er viktig, og korleis det er viktig. Kva skal t.d. til i ein bestemt dialekt eller i eit bestemt språk for å oppfatte, eller kanskje forkludre, at eit ord i ei ytring har eit ekstra sterkt trykk? Og i eit større perspektiv: Kva konsekvensar vil slik innsikt ha t.d. for folk som skal lære norsk, eller for datamaskiner som skal kjenne att eller produsere mennesketale?

Å justere tonefallet i denne videosnutten sveiper innom to ulike fagområde. Det eine fagområdet er fonetikk, som handlar om dei konkrete lydane, i dette tilfellet dei konkrete frekvensane i tonefallet, altså sjølve lydbylgjene. Det andre fagområdet er lingvistikk, her med underdisiplinen fonologi, som i dette tilfellet tok føre seg korleis språk bruker tonefallet, og ikkje minst kva slags språklege grenser som finst og som tonefallet må forhalde seg til.

Og til slutt, her er originalvideoen med Oslo-tonefall:


For ordens skuld: Denne teksten er brukt også i jobbsamanheng, nærare sagt her.

Read Full Post »