Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juni 2012

Ekte utklednad

HårEg var på ein favorittbutikk i eit ærend, og eg var ikkje den einaste kunden heller, for der borte stod det ein fyr som eg har kjent i mange år. Så eg gjekk bort til han:

– Hei! sa eg, og hekta på namnet hans.

Han såg forfjamsa på meg i eit sekund, så var det som om kroppen hans gjorde eit byks bakover, medan auga hans stod på vidt gap og stemma sa noko i retning av «øææ». Så landa han og konstaterte:

– Du har klipt deg?

Det hadde eg.

Då eg sette meg ned for å verte klipt for nokre dagar sidan, hadde eg med meg eit bilete av korleis eg gjerne ser ut som nyklipt, så eg skulle sleppe å forklare i det vide og det breie. Eg viste det til frisøren, som straks gav tilbakemelding: «Er det deg?»

Det har òg hendt seg at folk på jobb har lurt på kven han mannen borte med kopimaskina er. Altså eg.

Somme tek på seg maske, andre sminkar seg til det ugjenkjennelege. Eg går til frisør og klipper håret, eg. Ekte utklednad kjem innanfrå.

Read Full Post »