I ein tidlegare bloggpost såg eg m.a. på korleis ein kan lage fotografi av videoopptak. Dette var gamlesorten av videoopptak, rett nok digitalt, altså, men med standardoppløysning.
Seinare har eg fått prøve meg på HD-opptak, nærare sagt AVCHD med video i H.264. Der er prosessen enklare.
På minnekortet til videokameraet navigerte eg meg ned i AVCHD-mappa og heilt ned til STREAM. Der fann eg videofiler med suffikset .MTS, som kan lesast av VLC. Den fila eg ville hente ut eit bilete frå, heitte 00070.MTS. Det er eit opptak frå ein gong vi flaug over Duisburg, og for ordens skuld skal eg nemne at dette korkje var under avgang eller landing, at skiltet med «Fest setebeltet» ikkje lyste, og at videokameraet korkje hadde radiosendar eller radiomottakar.
I Video-menyen til VLC finst det noko som heiter «Skjermbilete» (hurtigtast ⌥⌘S), som lagrar eit bilete av noverande videobilete. Biletet landar som standard i Bilder-mappa på Macen. Så enkelt kan det gjerast, altså. Ja, hugs berre at dersom opptaket er interlaca, så kan det vere lurt å deinterlace det (skru på «linjedobling» og vel metode, t.d. «discard», men helst ikkje «blend») før du lagrar stillbiletet. I VLC-innstillingane kan ein velje kva slags format biletet skal lagrast som, og ein kan velje ei anna mappe å lagre det i.
Den versjonen av videoklippet som eg har lasta opp til bloggen, er av lågare kvalitet og har dårlegare oppløysning enn originalen, og er også litt blassare i fargane enn originalen pga. rekomprimering i Handbrake. Eg har også dempa lyden med 21 dB.
Den mindre enkle måten
Eg gjorde det nok litt mindre enkelt enn VLC, fordi eg ville ha betre kontroll med kvaliteten på det biletet eg eksporterte. Eg skal nemne nokre detaljar rundt dette lenger nede i bloggposten, men her er min framgangsmåte:
Fyrst av alt brukte eg remux til å konvertere .mts-fila til ei MPEG4-fil utan å kode H.264-videoen på nytt (skifta berre konteiner, altså). Dette gjorde det enklare å handtere opptaket til annan slags bruk, ikkje berre i det vidare arbeidet med å lage stillbilete, men t.d. også då eg ville lage ein videoversjon til bloggen. I remux kan lyden i tillegg kodast om frå AC3 til AAC dersom det trengst. (I skrivande stund trengst det ved eksport til .mp4 for at QuickTime Player eller MPEG Streamclip skal takle fila, men ikkje ved eksport til .m4v.)
Deretter var eg ein tur (kall det omveg) innom QuickTime Player 7 Pro for å plukke ut nøyaktig det eg ville ha stillbilete av. Eg kopierte ut desse snuttane og lagra dei i ei sams .mov-fil, berre for å ha alt på éin plass. Dette er ein omveg som ein altså ikkje treng å ta.
Så opna eg denne mov-fila (eg kunne altså ha brukt den nemnde MPEG4-fila direkte) i MPEG Streamclip. Det var her eg skulle gjennomføre sjølve stillbilete-eksporten. Frå filmenyen valde eg «Export Frame». Der inni igjen kunne eg leike meg med interlaca og deinterlaca eksport. Det viste seg i mitt tilfelle at det gjekk fint å eksportere bileta interlaca utan at det vart artefaktar av det, uvisst kvifor, for opptaket var då visseleg interlaca.
MPEG Streamclip kan eksportere til ulike proporsjonar. Brukarrettleiinga (versjon 1.9.3b8) seier at ein skal velje «Pixel Aspect: Computer Graphics» dersom ein har tenkt å bruke biletet til foto, og «Pixel Aspect: Industry Standard» for bruk i video. Desse vala er tilgjengelege når «Frame Size» er sett til t.d. 16:9. Når eg vel «Frame Size: Unscaled», får eg det same resultatet som 16:9 og «Industry Standard». Skilnaden mellom alt dette er at uskalert/industristandard viser heile biletet, medan datagrafikk gjer alt ørlite breiare, slik at nokre få biletpunkt på kvar side hamnar utanfor biletet i eksporten. Videokameraet vårt er slik at det også tek vanlege fotografi undervegs, og når eg samanliknar, ser eg at fotografia liknar mest på det som brukarrettleiinga seier eg ikkje skal velje: uskalert/industristandard. Utsnittet vert same kva ørlite ulikt mellom videoeksport og fotografi, ser eg (fotografiet ser ut til å zoome ørlite inn), men proporsjonane ser ut til å vere dei same som foto dersom eg vel uskalert/industristandard, medan «Computer Graphics» gjev litt andre proporsjonar. Skilnaden er neppe merkbar om ein ikkje veit kva ein ser etter.
Er det nokon som veit kva som er greia her? Eg trudde at 16:9 i HD-video faktisk var 16:9, til og med med kvadratiske biletpunkt, slik at det ikkje skulle vere nokon skilnad mellom video og fotografi.
I MPEG Streamclip kan ein også velje gamma ved eksport: 1,8 eller 2,2. Når ein vel 1,8, liknar det mest på videobiletet (slik det ser ut i QuickTime Player 7 og X). Når ein vel 2,2, vert dei mørke partia litt mørkare (det vert skarpare kontrastar), og dette liknar mest på fotografia frå videokameraet. Eg ser litt an kva eg vil velje her. I praksis har eg eksportert dei fleste bileta med gamma 1,8 fordi dei elles ville ha vorte for mørke (typisk fordi det er videoopptak frå litt dårleg opplyste rom), men biletet nedst i denne bloggposten vart eksportert med gamma 2,2 fordi 1,8 vart for blast.
Det eine eller det andre, men i alle fall noko
Medan VLC kan eksportere som png og jpeg, kan MPEG Streamclip også eksportere som tiff, og ikkje minst kan ein justere kvaliteten på jpeg-eksporten. Ein jpeg-eksport frå VLC laga ei fil på 61 kB, medan MPEG Streamclip med beste kvalitet laga ei fil på 1,4 MB, begge med storleik 1920 × 1080.
Å lagre eit videobilete i VLC gjev det same utsnittet og dei same proporsjonane som uskalert/industristandard i MPEG Streamclip, og lysforholda vert som ved gamma 1,8 frå MPEG Streamclip.
Fotolabbar vil vel helst ha jpeg, men det går sjølvsagt også an å eksportere til tiff eller png for å kunne redigere ukomprimert t.d. i Photoshop før ein til slutt lagrar som jpeg der. Ved eksport frå VLC er png å tilrå, med konvertering i eit anna program som t.d. Photoshop, fordi jpeg-eksporten frå VLC er altfor kraftig komprimert for fotoalbum.
Fargeprofil og meir til
Det eksporterte jpeg-stillbiletet frå MPEG Streamclip eller frå VLC har ikkje fargeprofil. Men fargeprofil må ein ha, ikkje sant. Fargeprofilen er opplysningar i biletfila om korleis fargekodinga der skal tolkast. GraphicConverter kan setje inn fargeprofil utan å komprimere biletet på nytt. Gjer slik (engelske menyval i parentes, steg 6 er råka av ein bøgg i versjon 8.3, feilmelding er send – oppdatering 1.11.2012: feilen vert retta i neste versjon):
- Fil > Bla gjennom… (File > Browse…)
- Naviger til mappa der biletfila ligg, klikk «Åpne» (Open).
- Bileta i mappa har no dukka opp i eit vindauge i GraphicConverter. Marker biletet eller bileta som du vil gje fargeprofil.
- Under «Aksjo» («Action», tannhjulet) i verktylina: gå til Misc > Sett inn profil… (Misc > Insert Profile…)
- Naviger til mappa der fargeprofilane ligg. GraphicConverter har nokre profilar i Dokumenter > GraphicConverter > Profiles. Photoshop har òg fargeprofilar å leike med. Ulike fargeprofilar gjer at biletet ser forskjellig ut, men typisk vil du truleg leggje inn sRGB-profilen.
- Nytt høvet til å leggje inn EXIF-data med dato og klokkeslett for når biletet vart teke: Aksjon > Metadata > Sett EXIF dato… (Action > Metadata > Set EXIF Date…). Dette er den same slags tidsstempling som skjer automatisk i fotoapparatet ditt, og der har du sjølvsagt alltid korrekt klokke og korrekt dato, ikkje sant? Ikkje sant??
- Og til slutt, kvitt deg med miniatyrbilete og slikt dilldall: Aksjon > Misc > Fjern ressursgaffel (Action > Misc > Remove Resource Fork). Dette påverkar ikkje datadelen av biletfila (sjølve biletet), og er altså heilt ufarleg.
(Ein treng ikkje kalibrert skjerm for å setje inn fargeprofil, men det er ikkje noka ulempe med kalibrert skjerm dersom ein har tenkt å justere fargane og sånt, om ein så berre har brukt Systemvalg > Skjermer > Farger > Kalibrer… nokre gonger til ein har vorte van med å navigere der og har funne noko som ser bra ut.)
Heilt til slutt fyrte eg opp PhotoLinker og geotagga biletet.
Heilt heilt til slutt gjorde eg biletet mindre og fjerna fargeprofil og geotagging igjen før opplasting til bloggen, og då ser det slik ut: