Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for november 2012

25 år sidan eg lærte esperanto

I ettermiddag og i kveld er det 25 år sidan eg lærte meg esperanto. Eg hadde tjuvstarta litt før med ei grammatikkbok, men den 25. november 1987 fekk eg læreboka Jen nia mondo i posten. Lærebokforfattaren var den (oppdaga eg mange år seinare) kjende fonetikaren John C. Wells, i meir moderne tider har han sjølvsagt også ein fonetisk blogg.

Mitt fyrste møte med sjølve esperanto var ein ettermiddag tidlegare i tenåra medan eg sat ved kjøkenbordet i Eggesbømarka og sveipa gjennom kortbylgja. Plutseleg høyrde eg eit språk som eg ikkje klarte å plassere. Det minte om italiensk eller spansk, men var det så absolutt ikkje. Så eg vart sitjande og lure. Eg bør kanskje nemne her at dette var før eg visste at eg var interessert i språk. Og plutseleg kom det ein snutt som sa noko om «en Esperanto».

Ikkje hugsar eg no om det var vatikanradioen (med italiensk aksent, podkast her). Det kunne òg ha vore polsk radio eller Beijing.

Time-faksimile. Klikk for leseleg pdf. Skanninga er ein forbetra versjon av denne kjelda.

Eg hadde høyrt om esperanto frå før, og visste at det var eit språk, men meir vart det ikkje før måndag 27. juli 1987. Esperanto fylte 100 år dette året, faktisk på dagen før, den 26. juli, men den detaljen kjende eg ikkje då. Den 27. juli sat eg og las i tidsskriftet Time, og på s. 21 hadde det ein artikkel med ei litt spesiell utforming: I venstre spalte stod teksten på engelsk, i høgre spalte stod den same teksten i parallell på esperanto, på den tida altså eit for meg eksotisk språk. Eg fann ikkje tilbake til denne artikkelen før eg skulle skrive denne bloggposten 25 år seinare, men til den dag i dag har eg hugsa undertittelen: «Kreita lingvo festas sian centjariĝon» (eit skapt språk feirer hundreårsjubileet sitt).

Om sjølve innhaldet i artikkelen kan eg i dag seie at eg t.d. er usamd i talet på esperantobrukarar og talet på grammatiske reglar (hei, språk har fleire strukturar enn språkdidaktikk anno 1887 ville ha det til). Men det som skjedde den gongen for 25 år og 4 månader sidan, var at eg nettopp hadde byrja å interessere meg for språk. Så der sat eg, då, og samanlikna venstre og høgre spalte. Hm, der det er fleirtal på engelsk, er det -j på esperanto. Der det er direkte objekt på engelsk, er det -n på esperanto.

Eg slo òg opp i eit leksikon og fann ut at ord som enda på -a var adjektiv, og ord som enda på -o var substantiv. Neste dag har eg prestert å skrive i dagboka: «Mi ne parolas esperanton, sed mi esperas!» Dette aller fyrste forsøket på å skrive esperanto var, viste det seg sidan, heilt korrekt, med unntak av at rettskrivinga krev stor E i spesifikt i språknamnet «Esperanto» (for å skilje det frå «esperanto» ‘ein håpande person’). Og dagen etter prøvde eg meg på futurum, som eg hadde funne i leksikonet, fyrst med ein kraftig utvida versjon av førre forsøk, og deretter utan små bokstavar i det heile teke: «MI LERNOS ESPERANTON».

Dagbok: Mi ne parolas esperanton, sed mi esperas!

Det aller fyrste eg nokon gong skreiv på esperanto. Dagboka 28.7.1987.

Eg ringde til Esperantoforbundet nokså sporenstreks, og spurde: Er -n akkusativ og -j fleirtal? Og det var det sanneleg. På den tida kunne vi nemleg ikkje ty til internett, så vi måtte bruke telefon og papirbøker for å finne ut av ting. Eg bad om å få tilsendt oversikt over aktuell litteratur, og litt utpå hausten hadde eg tinga både grammatikkbok, ordbøker og lærebok med kassett. Kassett var eit analogt lagringsmedium for lyd som var nokså populært på den tida.

bokframsideGrammatikk og ordbøker kom i posten 4. november, og eg vart sitjande og lese grammatikken som om det skulle ha vore ein roman. Men den dagen eg reknar som «dagen eg lærte esperanto», er onsdag 25. november 1987. Då kom læreboka Jen nia mondo. Den dagen er også kjend som «dagen eg ikkje gjorde lekser».

Når ein sær syttenåring på ei forblåsen men vakker øy i havgapet lærer seg noko like sært som esperanto, og til og med snakkar høgt om det, så kjem det sjølvsagt kommentarar tilbake. Ein typisk kommentar kunne vere at det berre var dumt å lære noko slikt, for det er jo ikkje noko land som har det som nasjonalspråk. Nei, forsvarte eg meg, det var jo ein del av poenget at ikkje nokon skulle eige det meir enn andre. Då meinte dei at eg var forskrudd. Eg ville vel ikkje for alvor påstå at esperanto kunne eigne seg betre enn engelsk på noko vis? Dersom det var slik, kvifor var det då så mange afrikanske land som hadde engelsk som offisielt språk? Jau, det var fordi dei hadde vore engelske koloniar, meinte eg, og sikra meg idiotstempel.

faksimile

«Dek minutoj», novelle i bladet Monato, april 1989.

Ja ja. Men eg lærte altså språket, og våren 1989 fekk eg på prent ei novelle på esperanto i aktualitetstidsskriftet Monato. Prøv å skrive novelle på engelsk eller tysk etter eitt års sjølvstudium, du.

Opp gjennom åra har eg høyrt at eit språk som har vorte konstruert, må vere veldig kunstig å bruke. Eg opplever det ikkje slik. Opphavet til eit språk har jo ikkje noko å seie for kor «naturleg» det følest. Eg tenkjer like lite over grammatikken når eg snakkar esperanto, som når eg snakkar engelsk. Og for å samanlikne dei: Eg lærte engelsk på skulen utan å ha snakka med ein einaste engelskspråkleg person, for alt eg visste, kunne jo nokon ha sete og oppkonstruert heile språket. Derimot snakka eg esperanto med folk på kongress i «Esperantoland» (Bergen, 1991) fleire år før eg var i eit engelskspråkleg land for fyrste gong.

Det var ei oppleving å kome til Bergen i 1991. Kvart år vert det arrangert hundrevis av kongressar og treff, men det store og mest prestisjetunge treffet er Universala Kongreso de Esperanto. I 1991 vart denne altså lagd til Noreg og Bergen med ca. 2400 deltakarar frå heile verda. Eg kom dit praktisk talt utan språktrening, men snakka nølefritt etter éin dag. Eg hadde jo vorte kjend med ein esperantoveteran i Ørsta, men to menneske ved stovebordet kunne sjølvsagt ikkje måle seg med dette, og eg kan love at både Albert (77) og eg (21) storkosa oss på kongressen.

Folk som dansar.

Stor stemning i Grieghallen under verdskongressen i 1991.
Dette var i si tid den største kongressen som nokon gong hadde vorte avhalden i Noreg.
Foto: © Agnar Fitjar/arrangementskomiteen, brukt etter løyve.

Og det som for meg hadde vore mest eit teoretisk prosjekt, vart i Bergen plutseleg røyndom: Kvar eg enn var, snakka alle berre esperanto som det mest naturlege i verda, og eg forstod kva dei sa, og var med på samtalane. Alle konsertane og teaterstykka på kongressen var på esperanto, til og med skilta som viste vegen til toaletta i Grieghallen var på esperanto, og det var ikkje noko som helst rart over det. Eine kvelden sat vi og åt saman, ein amerikanar, ein ire, ein polakk, ein japanar og eg, og hadde berre eitt felles språk å snakke på. Med den språkeksponeringa ein ungdom kan få på førehand via internett i dag, er det vanskeleg å formidle korleis ei slik oppleving var i 1991.

Og det er vanskeleg å formidle korleis det var å ha nye vener i Latvia då det vart kupp i Sovjetunionen nokre dagar seinare, telefonsambandet til Baltikum vart stengt, men så kom eg likevel gjennom via ei avgløymd telefonline til Litauen, fekk formidla meldingar via esperantokontoret der, kunne informere dei om dei internasjonale reaksjonane (i Sovjet var det ekstra streng sensur desse dagane), og fekk sjølv høyre eit augevitne fortelje om panservogner i gatene og parlamentsvedtak om betinga generalstreik, og om håpet som var knytt til ein Jeltsin som var på folket si side. Det vart mange telefonar til Vilnius desse dagane.

For ikkje å snakke om korleis det opplevdest då kuppforsøket var over, og eg endeleg fekk kontakt med Latvia, og kjentfolket i hovudstaden kunne fortelje at dei budde rett attmed radiohuset. Der hadde dei høyrt skyting fleire gonger. Dei hadde høyrt at to bussjåførar og ein radiomann var skotne.

bål med folk rundt

Ved bålet i Priekuļi-skogen, juli 1993.
Foto: © Jardar Eggesbø Abrahamsen.

Sidan har det vorte mange fleire treff, samkomer og kongressar. Det fyrste etter Bergen vart den store kongressen i Wien i 1992, deretter eit kjempesosialt treff i (og rundt) landsbyen Priekuļi i Latvia på baltiske esperantodagar i 1993 (vi var 50, seier Wikipedia, men på gruppebileta tel eg ca. 25). Det har også vorte eit kulturtreff i Lesjöfors i 1998, og fleire internasjonale kongressar av det store slaget, m.a. den i Białystok i 2009 som eg skreiv denne bloggserien om.

I 2011 var vi elles ein kjapp tur til det årets kongress i København. Her er eit skamklipt videosamandrag av nokre få av dei få timane våre der. Den siste songen på den internasjonale kulturkvelden, Sola (Åleine) av Kim Henriksen, er ein slik «som alle kan».

I dag bruker eg esperanto meir eller mindre dagleg, både skriftleg og munnleg. Munnleg vert det særleg annankvar tysdag, når klubben i Trondheim har møte. Eg høyrer på esperantomusikk jamsides med det andre eg høyrer på (nettradio, mp3-butikk), les både skjønnlitteratur og faglitteratur på esperanto (til og med optimalitetsteoretisk faglitteratur, så kom ikkje her!), men må vel vedgå at det er møtereferat, saksdokument og e-post som er den hyppigaste lektyren.

Men det beste av alt er å møte folk. Det er fint med nettet, eg skravla esperanto på IRC frå 1992 av, men å møte folk andlet til andlet er best. Anten det er i skogen i Latvia, på kulturfestival i skogen i Sverige, på stor kongress i ein eller annan større by, eller det kjem folk på vitjing i Trondheim. Å sitje saman med japanske kjenningar på ein kinarestaurant i Vilnius og lære om etepinneteknikkar og om etepinnetabu.

Det finst til og med ei eiga internasjonal foreining for katteeigarar som snakkar esperanto. Men der har eg utruleg nok ikkje meldt meg inn.

Read Full Post »