Vi kan vel alle trå i baret av og til. Denne gongen er det Oslo tingrett som har vore uheldig. Før jul sende dei ut e-post til meddommarane sine, med 1294 synlege e-postadresser berre i den sendinga som eg fekk sjå, og bartrakkinga stoppa ikkje der. Men før eg fortel om det, skal eg fortelje litt bakgrunn.
Eg har ei e-post-adresse som nesten ingen veit om. Opp gjennom åra er det mange som har slurva med kva dei har skrive til venstre for krullalfaen når dei sender e-post, og nokre av dei som slurvar, sender dermed e-post til meg i staden for til den som skal ha e-posten. I innboksen min har det landa både forsikringspapir, kundebrev, private nakenbilete (ikkje spam), hotellreservasjonar og skumlare saker. Eg skreiv ein bloggpost om det for nokre år sidan.
Forvarsel frå Fylkesnemndene
No er det altså Oslo tingrett sin tur. Men allereie i starten på desember kom det eit forvarsel, då eg mottok ein e-post med tittel «Oslo1- forespørsel om verv som alminnelig medlem i fylkesnemnda». Sendar var Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, som skreiv: «Denne forespørselen sendes ut til et tilfeldig utvalg personer plukket fra domstolenes lister over meddommere for samme utvalgsperiode.»
Sidan eg bur i Trondheim og dessutan aldri har brukt denne adressa, forstod eg det måtte vere ei klassisk feilsending, så eg sa ifrå om dette, men fekk aldri noko svar. Det var likevel klart at no hadde adressa mi hamna i eitt eller anna register.
Oslo tingrett
Så kom fredag 21. desember: Velkommen som meddommer i Oslo tingrett! Det var tre spesielle forhold med denne e-posten frå Oslo tingrett. Det eine var sjølvsagt at mi adresse stod på mottakarlista. Her har anten meddommaren eller tingretten begått ein tastefeil, og eg hadde altså allereie sagt ifrå til Fylkesnemndene, men kjelda til adressene inneheld framleis den same feilen.
Men det andre spesielle med denne e-posten var at adressa stod synleg i mottakarfeltet (To-feltet). Heile 1294 adresser stod synlege der, medrekna nokre adresser som er på formatet telefonnummer@netcom.no og liknande. Nok ein gong er det altså nokon som ikkje har fått god nok opplæring i bruk av To- og Bcc-felt, og denne gongen resulterte det i at 1294 meddommarar, herunder også minst éin som ikkje er meddommar, fekk offentleggjort og distribuert e-postadressene sine. Vel å merkje omfatta desse 1294 alfabetisk sorterte adressene i denne e-posten berre fire og ein halv bokstav i alfabetet, så berre tingretten veit vel kor mange adresser dei faktisk har offentleggjort.
Eg veit ikkje om det er teieplikt eller andre plikter involverte her, det må nesten andre uttale seg om, som veit kva slags vilkår adressene har vorte innsamla på. Men om ikkje anna, så er vi no ein heil bøling med personar som har vorte ekstra utsette for spam, virus og andre masseutsendingar.
Og kven veit kva som kjem til å lande i innboksen min frå Oslo tingrett i framtida? For den tredje saka som var noko spesiell med denne e-posten, var at det også var umogeleg å seie ifrå til sendaren om adressefeilen. Oslo tingrett hadde nemleg sendt frå ei noreply-adresse. Då kunne dei like gjerne ha ringt til meg med einvegstelefon der dei kunne snakke men eg ikkje kunne svare.
Tilbakekalling og orsaking
Kort tid etterpå kom det ny e-post frå Oslo tingrett. Eg skal sitere han fullt ut, for han var rimeleg kort:
No reply, Oslo tingrett ønsker å kalle tilbake meldingen Velkommen som meddommer i Oslo tingrett – vennligst ikke svar på denne mailen..
Nei, å svare på mailen ville jo vere vanskeleg, for det var framleis noreply-adressa som var sendar. Men eg forstår kvifor dei ikkje ville at nokon skulle svare. Svaret kunne jo fort ha gått ut til alle dei 1294 adressene som framleis låg synlege i To-feltet. Det er sjølvsagt prisverdig at dei ville tilbakekalle meldinga, men dei må tidleg ha oppdaga problemet med dette, for etter endå éin og ein halv time kom denne:
Kjære meddommer i Oslo tingrett
Vi har tidligere i dag sendt ut en epost til dere, med invitasjon til informasjonsmøter på nyåret. Beklageligvis var epostadressene til andre meddommere i samme forsendelse også synlige. Da vi ble oppmerksomme på denne arbeidsulykken, forsøkte vi å tilbakekalle epostene. Dette var heller ikke et vellykket tiltak. Vi ber så mye om unnskyldning for dette, og forsikrer om at det ikke skal skje igjen. Enkelte har også hatt problemer med å lese eposten fra oss, på grunn av formateringen av teksten. Vi håper denne eposten med ren tekst er lesbar for alle.
No var forresten alle mottakarane skjulte.
Det kan vere fort gjort å tabbe seg ut på e-post. Alle har vi vel sendt noko i feil retning ein og annan gong. Eg har også gjort liknande ting som denne masseutsendinga, ein gong på 90-talet då eg skulle sende ein e-post til ein heil haug med folk på arbeidsplassen, og kom i skade for å setje desse adressene nettopp i To-feltet, sjølv om eg hadde sikta meg inn mot Bcc-feltet, som eg elles var flink til å bruke.
Eg er sikker på at det sit ein fyrst sveitt og i ettertid ikkje heilt lite flau person i administrasjonen på Oslo tingrett, som no har lært om Bcc på den ubehagelege måten. Men dette er neppe den same personen som har vedteke at alt skulle sendast frå noreply-adresse. Og på grunn av den noreply-adressa er det framleis ingen i Oslo tingrett som veit at dei har registrert feil e-postadresse på ein av meddommarane sine.
Så kva gjer då ein ny meddommar som lurer på kva det går ut på å vere meddommar, når ingen kan skrive e-post til tingretten og spørje om det? Det har Oslo tingrett faktisk tenkt på. I e-posten fortel dei at meddommarane kan oppsøkje Facebook-sida www.facebook.com/meddommerioslo, stille spørsmål der, «og få svar samme dag».
Sidan eg ikkje er på Facebook, er det sikkert like greitt at eg ikkje er meddommar.

Oslo tingrett på Facebook: «Skulle noen oppleve at epostadressene kommer på avveie, så vil vi også veldig gjerne få beskjed om det.»