Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for februar 18th, 2013

Ein uventa telefon frå tidsmaskina

Telefonen kom ikkje frå framtida, men nesten. For det var ein hyggjeleg mann hjå Apple i California som ringde, han sat og samla inn teknisk informasjon i samband med ein bøgg som plagar mange av oss.

TimeMachineGraphicBackupsystemet Time Machine (her: på OS X 10.8.2) plagar nemleg mange av oss med at alt går veldig sakte på visse nyare versjonar av operativsystemet. Til dømes kan det gå slik at under tryggingskopiering vert 37 MB kopiert over til backupdisk, så stoppar overføringane medan Time Machine tygg på noko mystisk noko, og det stoppar opp slik i kanskje ein time, før dei resterande 1,5 GB fyk over på få sekund. Sjølv å tryggingskopiere berre ein handfull mega kan ta ulideleg mykje tid.

La meg presisere at det også er mange som ikkje har dette problemet. Men nokre av oss er altså mellom dei uheldige. I mitt tilfelle tydde eg til denne terminalkommandoen (med eit veldig vidt terminalvindauge) for å sjå på kva Time Machine jobba med:

sudo fs_usage -w | grep backupd

Det eg fann der, var at jau, undervegs i kopieringa finn plutseleg Time Machine ut at no skal vi tyggje på alle småfilene i tidlegare backup av /.DocumentRevisions-V100, og kvar einaste ei av desse småfilene skal vi tyggje på i femten sekund kvar, eller kor lenge det no var. For meg fungerte det å stappe denne mappa inn i eksklusjonslista til Time Machine, den fyrste tryggingskopieringa etterpå gjekk sakte, resten gjekk kjapt. Straks eg fjerna mappa frå eksklusjonslista igjen, kom problemet tilbake frå andre tryggingskopiering av, men straks eg ekskluderte mappa på nytt, vart eg kvitt problemet frå andre kopiering av som sist. Slik er det begge Macane eg disponerer. Begge bruker backupdisk på kabel (USB, FireWire) som er stappa rett inn i Macen.

Den nemnde mappa er staden der databasen for dokumentversjonar i OS X 10.7 og 10.8 ligg (her om dei aktuelle forbetringane i OS X 10.8 Mountain Lion), så dersom ein er oppteken av å sikre dokumentversjonar, er det jo litt dumt. Men slikt er trass alt ikkje det aller viktigaste på disken min. Det viktige er dei ferdige dokumenta, ikkje at eg endra eit komma onsdag kl. 17:43 førre veke.

På brukarforumet til Apple finst det ein lang tråd om problemet, det kan sjå ut til at ulike brukarar opplever det på ulike måtar, og at det ikkje finst éi løysing som fungerer for alle. Nokre av dei som har skrive på forumet, fortel at dei har vorte oppringde av Apple-ingeniørar, og no var det altså min tur. Han fekk nokre utfyllande detaljar om korleis eg har kopla saman Mac og backupdisk, om korleis eg omgår problemet og kan framprovosere det igjen, og så fekk han ei stadfesting på nokre andre ting eg hadde skrive. Og berre for å seie det: Nei, han bad ikkje om kredittkortnummer eller noko anna muffens. 🙂

Mannen takka for svara mine, og eg takka for at han hadde spurt. Noko av det litt spesielle er at vi brukarane på denne måten får eit innblikk i at Apple, som til vanleg er veldig stille av seg, faktisk prioriterer å jobbe med ei spesifikk sak. Derfor vart dette ein telefon frå tidsmaskina i dobbel tyding. Men det gjev også eit nærare og meir menneskeleg forhold til varemerket når brukarane vert direkte konsulterte av dei som utviklar produktet. Og at det i tillegg har sin eigen vesle reklameeffekt av typen «øyh, dei tek oss på alvor», er sjølvsagt ikkje noka ulempe.

Read Full Post »