Pus fekk det til. Tre år tok det, tre år med intens jakt, men til slutt fekk ho det til.
Ho fanga halen sin.
For medan systera Tigris har vakse av seg halejakt, finn vi stendig Nera i full, tja, sving rundt seg sjølv, snart tre år etter at både hovud og hale vart fødde.
Så kan ein spørje om kva alt oppstyret desse åra har handla om. Ja, kva gjer ein katt med det etterlengta byttet når tre års iherdig innsats endeleg har ført fram, når sigeren er eit faktum, og ingenting lenger står mellom pus og den absolutte fullendinga av halejakta? Kva gjer pus med halen sin då?
Giss éin gong.
For sjølvsagt, det kan jo ikkje vere noko anna enn dette eine: Ho tek eit solid grep, står resolutt med framlabbane på halen, og slikkar.
Eg hadde dessverre ikkje mobilen eller fotoapparatet for hand då det skjedde, så dette biletet av sigersjenta i vindaugskarmen etterpå får halde.