Alle veit at det er feil å uttale kj i ord som kjole som sj (sjole). Men nye forskingsresultat viser at også den uttalen som tidlegare vart rekna som korrekt, er feil. Dette vil få konsekvensar for opplæringa i norsk skule frå komande skuleår av, etter initiativ frå Språkrådet og Utdanningsdirektoratet. Informasjon om etterutdanning av norsklærarar vert sendt ut til skulane denne veka.
Den hittil korrekte uttalen av kj har vore ein såkalla palatal frikativ, som er vanleg i store delar av landet, til dømes i austlandsk og trøndersk. I lydskrift vert han stava [ç]. Men no viser det seg at også denne uttalen er feil. Mellom anna er lyden ikkje noko meir enn ein kviskra j, og det er heilt feil å bruke ein kviskra j i ord som kjole, eller for den saks skuld kjenne og kysse. I eit tverrspråkleg perspektiv ser vi også at denne lyden finst i relativt få språk.
Den uttalen som seglar opp som den korrekte, er tsj-uttalen som finst i fleire vestlandske og nordnorske dialektar, altså omtrent den same lyden som ch i engelske ord som chair. Også austlandsk har denne lyden i tydeleg uttale av ord som tsjekkisk, og i uttrykk som ritsj ratsj filibom-bom-bom. Den vanlege «kviskra j»-lyden i kj-ord som kjole og kjenne er ein dårleg og slapt uttalt variant av tsj-lyden.
Tsj-uttalen er ein såkalla affrikat. I lydskrift vert han ofte transkribert som [c͡ç] (engelsk gjerne som [t͡ʃ]). Denne lyden er mykje meir anerkjend på verdsbasis, han har akustisk optimale kvalitetar, og framstår som ein svært tydeleg lyd.
Forskings- og utgreiingsarbeidet har vorte utført av ein komité samansett av verdas fremste ekspertise på språklydar under leiing av fonetikkprofessor Tone Ana Kruse, og i samarbeid med Noregs Mållag.
(Parallellposta her.)
Oppdatering: Kj-lyden igjen
[…] Normativ eller deskriptiv Korrekt kj-lyd (aprilspøk) Kj-lyden igjen (2. april) Kjell à la Storm (meir om […]