Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mai 2013

Den dagen huset kom

Mur med to menn på.

Mur utan hus kl. 09.08.

Den 31. mai 1983, for 30 år sidan i dag, var ein merkedag i den næraste familien. Då kom nemleg huset vårt. Eg gjekk på barneskulen, det same gjorde lisjebroren min, men denne tysdagen hadde vi fått fri for å vere vitne til husbygginga. Morgonen var klam i lufta og litt kald då vi fór dei fire hundre metrane bort til tomta i Eggesbømarka med ein kikert og såg innover (altså austover) mot Herøybrua. Ville vi få med oss når dei køyrde over, skal tru?

For dette var altså eit ferdighus frå Moelven, teikna med mor mi i førarsetet, og med klimaspesifikasjonar tilpassa Svalbard, for tomtenamnet Bergly kunne ikkje vere anna enn ironisk. I tretten år hadde vi butt i huset som oldefaren min hadde bygt i 1898, no skulle vi få vårt eige hus, noko den fyrstefødde museumsnissen ikkje var heilt udelt positiv til, men i dag var det ingen veg tilbake.

Eg hugsar ikkje no om vi faktisk såg då huset kom over brua (på bileta frå utpå dagen er det dessutan skodde), men det kom i alle fall folk, og far min presenterte seg som byggherren. Vi var vel også oppom Dæmingane for å ta imot breitransporten då dei kom langs hovudvegen, med ein leiebil (må ikkje forvekslast med det likelydande bokmålsordet) der sjåføren, stakkar, måtte lette på trykket heile tida fordi han hadde noko trøbbel nedantil.

To bilete av at seksjonar vert heiste på plass.

Byggjestart i vestre enden kl. 09.49, og 36 minutt seinare kom soveromma på plass.

Ein granne på min alder hadde sett om morgonen at der stod muren hans Per. Så hadde han lagt merke til at Jardar ikkje var på skule den dagen. Då han kom heim, hadde han fyrst stussa. Det var noko som ikkje stemde. Og så slo det han: «Ditta huset der, det stod ’kje der i dag tidleg!» Ei liknande oppleving vart også fortald av ein granne i den vaksne generasjonen.

Denne dagen sat vi to brørne oppi det som frå gammalt av heiter Lødebakken, med eit polaroidkamera som hadde fått ekstra film til høvet. Og med korrekt stilt klokke, slik at vi kunne skrive klokkeslettet på kvart bilete. Skal det vere, så skal det vere!

Den fyrste av dei fem seksjonane vart lyfta opp på kjellarmuren kl. 09.49, den siste nokre timar seinare, og kl. 15.09 byrja dei å reise opp taket. Med å reise opp siktar eg til at taket låg flatt oppå kvar seksjon, og så tok krana tak i mønet og fekk taket opp i korrekt vinkel. Endeveggene under møna vart monterte, og nærare kl. 20 var heile huset på plass. Rom vart ikkje bygt på éin dag, men huset vårt vart bygt på ti timar.

Hus under oppføring.

Frå flatt tak til byrjande skråtak kl. 15.05.

Som vi ser på bileta, stakk seksjonane litt utfor murkanten. Somme som meinte dei visste betre, fekk det føre seg at muren hadde vorte bygd for liten. Ja, slik går det når ein ikkje byggjer hus på skikkeleg måte. Men muren var altså ikkje for liten, og dette var heilt som planlagt. Saka var nemleg at det måtte fjernast mellombelse veggplater og klargjerast for vatn og straum mellom seksjonane etter at dei hadde vorte plasserte på kjellarmuren. Når dette var gjort nokre dagar seinare, kunne seksjonane jekkast saman. Grønsåpe er brukande til mangt. Deretter stod det att litt meir røyrleggjar- og elektrikararbeid, og etter nokre veker var det berre å byrje å flytte. Eg var sjølvsagt den siste som overnatta i gamlehuset (og bror min den fyrste som overnatta i nyehuset).

Byggjemåten var praktisk for dei som hadde tinga huset, men vekte naturleg nok litt skepsis her og der. Folk meinte at eit slikt hus, transportert i seksjonar langs vegen heilt frå Hedmark, altså, noko slikt kunne jo ikkje vere eit skikkeleg hus. Sjølv til meg kunne ein vaksen person fortelje eit år eller to etterpå at huset var ustabilt på grunn av køyreturen.

Hus under oppføring.

Kl. 19.51

Men dei kunne altså ikkje ta meir feil. Huset var som sagt tinga med spesifikasjonar for klimaet på Svalbard, og dette var ikkje nokon spøk. La oss hoppe åtte og eit halvt år fram i tid, natt til 1. januar 1992. Den natta har låst seg fast i minnet til veldig mange, for den natta kom den store stormen, også kalla Nyttårsorkanen. Dette var til overmål rett nord for Stad, og på Svinøya rett i nærleiken var det vindkast heilt oppi 62 m/s (223 km/t). Så mykje var det sikkert ikkje her inne på land, men som sagt, tomtenamnet Bergly var ironisk, der vi låg i utkanten av Eggesbømarka utan noko særleg vern mot vestavinden. For å gjere ei lang historie kort (for det vart ei lang natt): Då morgonen kom, stod huset framleis. Det einaste som var skadd, var ein avvrengd takpapp, som vinden hadde fått tak i etter at ein takstein frå eit nabohus hadde dundra inn i vårt tak.

Gamlehuset frå 1898 vart rive i juli 2002. Dersom også nyehuset ein vakker dag vert lyfta bort igjen og muren nedbygd, så kan dei som gjer det, sjå om dei finn den godt innpakka helsinga frå meg. Sementen i eit kjellargolv kan hyse så mangt.

Huset.

1. januar 2013

Alle foto: Jardar Eggesbø Abrahamsen © 2013

Read Full Post »