Eit par kveldar før Google Reader legg inn årane, har eg så vidt byrja å finne ut av kvar eg skal gjere av meg, med alle atterhald om at eg ombestemmer meg. Eg tippar at eg ikkje er den einaste som har venta på både finessar hjå alternativa og på kvar Reeder, gReader Pro og artsfrendar skulle ta vegen.
For frå 1. juli av er det altså slutt hjå Google. Og ettersom også eg har gjort meg avhengig av å kunne synkronisere mellom fleire apparat (du verda, det gjekk fort å ta dette for gjeve), er det vel på tide no å byrje å tenkje på å hive seg rundt.
Betalingstenestene Feedbin og NewsBlur har mange snakka om. Men etter at gratistenesta Feedly (registreringsfri Google-kopla konto med heilautomagikk) annonserte at dei skal få OPML-støtte snart, er heller ikkje dei så avskrekkande lenger. Reeder har snakka om ditt og dutt og meir til men ikkje om datt, og siste nytt derifrå er at den nye Mac-versjonen rett og slett ikkje finst enno. Dermed er det tydelegvis ReadKit som seglar opp som lokal lesar i alle fall i starten, for ReadKit stør allereie no både ditt og datt men ikkje dutt, men derimot også dått, altså Feed Wrangler. Og medan gReader stør ditt men ikkje datt eller dutt, stør Press både ditt, datt og dått men ikkje dutt.
Ein siste tryggingskopi av RSS-lenkjene vart henta ut via Google Takeout i går kveld. At RSS er ein bra ting, har mange andre skrive utførlege utgreiingar om desse månadene. Og at verda går vidare utan Google Reader.
…
No prøver eg ut Feedbin, etter å leikt litt med Feedly fyrst. Brukargrensesnittet til Feedbin i nettlesaren er så bra at eg gløymer at eg ikkje er i ReadKit eller Reeder. Arkivet strekkjer seg til dels fleire år tilbake. Favorittane mine frå Google Reader kunne importerast frå starred.json i Takeout-tryggingskopien. Einskildstraumar kan merkjast for å gå automatisk via Readability. Og så finst det sikkert slikt eg kjem til å sakne etter kvart. Den tid, den sorg.