Fyrst kastar du opp.
Så nektar vi deg mat.
Så stappar vi deg i buret.
Så tek vi deg med til ei framand dame.
Ho kjenner på deg så det gjer låkt.
Vi held deg fast. Du skjelv.
Plutseleg får du eit termometer i baken.
Du ser på oss. Heilt stum.
Så kjenner ho endå meir på deg.
Au. Du snur deg men er for redd til å jamre.
Så får du ei sprøyte. Du jamrar deg.
Så vert du trøytt og sovnar.
Og når du vaknar, vil du så gjerne gå, men får det ikkje til.
Og når du får det til, får du ikkje lov.
Og når du får lov, finn du ikkje mat.
Du tiggar og ser at systera di får mat, men du må svelte.
Og når du får mat, er det berre små porsjonar.
Så held vi deg fast og tvingar i deg ei kvit gugge
med smak og lukt som er berekna på menneskeborn.
Morgon og kveld.
I dagevis.
Og likevel legg du deg i fanget mitt når du vil kose deg i svevn.
Uff. stakar pusen.
Pus er betre no, og vi håper ho slepp fleire turar av denne sorten. 🙂
[…] Tigris vakna frå rusen etter ei medisinsk undersøking, fekk Nera sjå henne, og då skjedde noko som ikkje hadde skjett dei gongene vi menneska var […]