Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juli 29th, 2013

Pærebrus

Sunnmøringar, romsdalingar og nordmøringar oppfattar seg ofte nok som tre separate folkeferd. Men til liks med Belgia som har kongehuset som samlande element, så har også vi eit felles samlingspunkt: pærebrus frå Oskar Sylte.

No er det ei stund sidan eg sist kjøpte pærebrus i Trondheim. Det var rundt tusenårsskiftet eg ringde til Oskar Sylte Mineralvannfabrikk og spurde om produktet var å få i Trøndelag. Sylte peikte meg vidare til E.C. Dahls bryggeri, og E.C. Dahls bryggeri hadde altså vedundervæska på utsalet sitt på Lademoen. Ettersom eg hadde fått meg bil, vart det nokre turar dit, og slik heldt eg på sånn no og då og frå og til i nokre år. Dette vart likevel litt tungvint etter kvart, mellom anna fordi dei berre hadde halvlitersflasker, og turane tok slutt.

Men når fru Judith og eg fer på tur til Sunnmøre, og har vorte sånn akkurat passe svoltne undervegs, så passar det gjerne med ein matpause i Molde, Oskar Syltes romsdalske heimby. Då vert det mat på ferjekaia med obligatorisk pærebrus, og vi, eller i alle fall eg, føler at vi er komne til sivilisasjonen igjen.

Og no har vi gjort oppdaginga, uvisst kor lenge på etterskot: Meny på Moholt sel pærebrus i flasker på 1,5 liter. Dei sel også ananasbrus, som Oskar Sylte har produsert sidan 1929. Begge sortane er knall. Endeleg har sivilisasjonen kome til Trondheim!

Med sol og grill og ferie kan ein berre konstatere at det er ingenting som kan overgå lukta frå ein gurp (bokmål: rap) som kombinerer pølser, sennep, pærebrus, ketsjup og sprøsteikt lauk.

Og til dei som synest at pærebrus smaker løysemiddel: Gå og vogg.

Eg drikk pærebrus.

Å nyte sommarnatta.

Read Full Post »