Det hender seg at turistar ramlar uforvarande midt inn i noko som er litt meir spektakulært, i alle fall for turistar, enn ein er budd på, og denne gongen var det vår tur.
For vi var ein tur til Roma for eit godt halvår sidan, og bakgrunnen var den same som grunnen til at det har vore relativt stilt på bloggen dei siste månadene: det har vore altfor mykje å halde på med på andre frontar. Då er det viktig å prioritere også fritida annleis. Og sidan både fru Judith og eg hadde nokre ubrukte feriedagar til overs i fjor, vart det ein liten pause i slutten av oktober, tre dagar med tilstøytande småtimar. Eg trur ikkje eg las jobb-e-post meir enn éin gong på heile turen.
Der nede var det 25 grader, altså rundt tjue grader varmare enn i Trondheim på same tida. Derav også reisemålet. Eg klarte til og med å få meg eit myggstikk eller tre. Urbant eller ikkje, meg finn myggane.
Den fyrste heile dagen var ein onsdag. Og er ein i Roma på ein onsdag, må ein sjølvsagt ta turen til Vatikanet og sjå om ein ser paven. Det skal seiast allereie her at det ikkje var no vi ramla inn i det vi ramla inn i, sjølv om sjangeren likna, men paven såg vi altså, på hundre meters avstand. Han har stor audiens stort sett kvar onsdag, og Petersplassen var stappfull, vi var visstnok rundt 100 000 til saman. Så her kjem tipset: Om audiensen byrjar kl. 10, så ikkje vent til kl. 8 med å få deg av garde. Og ta gjerne på deg preste- eller nonnehabitt og sei «scusi, scusi», då kjem du raskare fram i stimen.
Å gå omkring i og rundt Vatikanet handla stort sett om éin ting: avvise alle som ville tilby oss billettar til vatikanmusea og Peterskyrkja slik at vi skulle sleppe å stå i kø. «Skip the line» heitte det, med prisar som kunne avskrekke, og med skrekkhistorier om endelause køar dersom vi ikkje takka ja likevel.
Men når det byrja å kome to slike tilbod i minuttet, hadde det vorte nok, og vi stakk av til Domitilla-katakombane, der det ikkje var lov å fotografere, og der omvisaren var så stressa at det berre var å fyke gjennom og sende beskjed til dei bak oss: «dette er laga av marmor», «her er nokre originale lampar».
Kjapt vidare til Kapusinarmuseet og den vidgjetne krypta. Hovudskallar som veggornament, store og små bein frå ulike delar av kroppen i staden for lysekroner, og oppkledde skjelett (delvis mumifiserte, dette var ikkje berre bein) makabert på utstilling. Skummel stemning til livsettertanke, og ikkje lov å fotografere der heller. Det var godt å kome ut att.
Men så var det dette med skip the line, då. Ikkje tale om vi ville gi etter der. Så torsdagen stilte vi oss heilt friviljug i ein nær uendeleg kø til vatikanmusea. Og var inne få minutt seinare. Dei er effektive der i garden, dette kan dei. Og der inne kunne vi sikkert ha vore heile dagen og sett på egyptiske og andre gjenstandar. Vi var m.a. innom Det sixtinske kapellet, der det sjølvsagt heller ikkje er lov å fotografere. Ein sildestim som sym i ei tunne, har betre plass enn turistane som vert piska stilt og påhysja gjennom Det sixtinske kapellet (utruleg mange som ikkje klarer å vere stille sjølv om dei får beskjed om det). Men taket var fint, det, sa Judith etterpå.
Etter ein kjapp-pizza på museet gjekk vi i retning Petersplassen, med eit visst håp om å kome opp i kuppelen på Peterskyrkja slik vi var elleve år tidlegare. Men Peterskyrkja var stengd til kl. 15, og køen var allereie veeeldig lang. Men medan Judith var på vatikantoalett, måtte eg ha noko å gjere, så då stod eg og såg på køen, og konstaterte at dette var framleis effektiv køhandtering. Så vi stilte oss i køen, og få minutt seinare var vi inne i kyrkja. Der messa dei Ave Maria og andre ting på latin, sjølv peiva* eg forsiktig rundt med videokameraet og prøvde diskret å fange opp den for oss eksotiske stemninga medan vi venta på at gudstenesta skulle slutte.
Og der bak stod det sveitsargardistar, inne i kyrkja. Dén var ny, tenkte eg. Men så vart vi, eh, vinka inn i stolradene. Og plutseleg kom det på høgtalarane noko på italiensk som vi klarte å tyde til at vi skulle, hm, avstå frå å applaudere når il santo padre kjem. Sa dei il santo padre? Det kom på engelsk. Vi hadde forstått.
Og der kom dei, to–tre meter unna oss. Massevis av prestar og anna fintfok, ikkje minst biskopar, og der – sist av alle biskopane – kom biskopen av Roma, altså paven. Vi hadde heilt uforvarande rota oss inn på ei ordinasjonsmesse for to nye katolske biskopar, og når slike skal ordinerast, er det paven som gjer det. Biletet er frå då dei gjekk ut etter messa, det var litt betre fotoforhold då.

Pave Frans
Og her er eit skamklipt videosamandrag av messa:
Vi kom ikkje opp i kuppelen denne gongen. Men det vi fekk i staden, var vel eigentleg meir enn det som turistar med spontant køtolmod skal ha lov til å ramle oppi. Og alt takka vere at Judith måtte på toalettet.
På fredagen vart eg elles stoppa av politiet. «Excuse me, mister,» sa han. «Can I see your camera?» Eg hadde kome i skade for å ta bilete av ein mur frå 200-talet utan å tenkje på at det sat to uniformerte motorsyklistar der. Så den strenge men hyggjelege mannen ville gjerne sjå biletet. Då eg zooma inn, kunne vi tydeleg sjå ein mann som såg beint inn i kameralinsa på 30 meters avstand med heva handflate. Som stillbilete kunne det gjerne ha vore eit rojalt vink, men det var det altså ikkje.
Vi hadde kjøpt oss Roma-kort, som ikkje berre inkluderte tredagarsbillett for kollektivtrafikken, men som også gav rabatt på diverse museum. Det viste seg fort at det var dårleg samsvar mellom dei musea vi var interesserte i, og dei musea som var med på rabattordninga. Eitt unntak må likevel nemnast: Etruskarmuseet i Villa Giulia er med på ordninga. Heller ikkje der var det lov å fotografere. Men hallo, litt må ein smugsynde når ein fyrst er i Roma. Kanskje det var førtiårskrisa som endeleg kom til overflata.
Når kelnaren kjenner ein att etter to dagar på fredag kveld og spanderer likør og visittkort, har ein fått stamrestaurant. Etter ein halv kveld, tre rikhaldige dagar, fire netter og éin morgon i Roma tok vi med oss bileta, suvenira og oss sjølve heim, og følte oss som skikkelege turistar. Intensivferie kan vi vel kalle det, og det gjorde godt.
_____
* Å peive tyder på sunnmørsk å svinge vimsete hit og dit medan ein går. Sjå oppslaget «peiva» i Grunnmanuskriptet.