Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juni, 2014

Sånn der nymotens kundekontakt

Det peip på mobilen min her om dagen. SMS-en var frå NextGenTel, som kunne fortelje at pga. vedlikehald kunne det verte trøbbel med breibandet i mitt område mellom kl. 02 og 06, og at kanskje ruteren må startast på nytt. Å, så fint at dei seier ifrå, tenkte eg, og hadde ei god kjensle. Flott firma, det der.

Det gjekk 10 minutt, så peip det igjen:

Vi i NextGenTel tar nå i bruk appen Dash – en ny og bedre innboks for nyttige meldinger fra bedrifter og organisasjoner du i dag får SMS fra. Vi oppfordrer deg til å installere den nye gratis-appen fra (nettadresse)

Å sende SMS om potensiell nedetid på nettet er OK. Å sende SMS-spam om ein app som har som formål å sende meg endå fleire meldingar, det er ikkje OK.

Men sidan eg hadde både tid og sommarhumør den dagen, så ringde eg til NextGenTel for å gje litt tilbakemelding. Ein skal jo vere konstruktiv. Stod i kø i fem minutt med piggtrådmusikk, og fekk snakke med ein kundebehandlar. Ein veldig hyggjeleg kundebehandlar. Jau, eg hadde altså fått to SMS-ar frå dei, den fyrste handla om vedlikehald på nettet. Takk, kjempefin sørvis. Men så hadde eg fått ein SMS som oppmoda meg om å installere ein app. Eg ville berre nemne at dette ikkje var like kjekt, sa eg, og var dermed eigentleg ferdig med ærendet mitt.

– Har du fått ein SMS om å installere ein app? spurde mannen overraska.

– Ja.

Han heiv seg over loggane, men fann ingenting anna enn nettopp den vedlikehaldsmeldinga som kom fyrst. Så rart, og meldingar om app høyrer jo meir heime i nyhendebrev enn på SMS. Men han var hjelpsemda sjølv, og då eg las opp SMS-en og fortalde namnet på appen, då fann han det:

– Dash, det høyrest kjent ut, eg skal sjå om… «Pilottesting av ny måte å kommunisere med kunder på, en app kalt Dash…» Hm. Ja!

Dette var så gammalt at han hadde berre ikkje kopla det i farten før eg fortalde kva appen heitte, men då kom det momentant. Og SMS-en om Dash vert altså send ut automatisk etter at kunden har motteke t.d. vedlikehaldsmelding slik som no. Det ligg nemleg visse band på bruken av SMS, men med Dash vert det enklare å sende ut informasjon, og då kan det kome fleire meldingar, og dei kan kome oftare.

– Ja akkurat, sa eg og vedgjekk: Eg høyrer til den gamle generasjonen, som gjerne vil styre sjølv kva som kjem inn på mobilen min.

No er eg sikkert litt ekstra oppteken av dette no for tida, vil eg tru, for det var ikkje mange sundagane sidan at NAF sende meg SMS om at den dagen var forfallsdato for ein faktura, og «Vennligst se bort fra denne SMS dersom du allerede har betalt eller har avtalegiro». Men det er altså ikkje derfor eg har mobil, for at alle som har ein overhalden forfallsdato eller ein kul app på hjartet, skal nå direkte fram til meg med superviktige hastemeldingar om det.

Men no fekk i alle fall NextGenTel tilbakemelding, og den blide mannen sa at han ville formidle tilbakemeldinga vidare i systemet. Og sjølv hadde eg hatt ei god oppleving med verdas koselegaste kundebehandlar. NextGenTel hadde gjenoppretta ryktet sitt i heimen, flott firma!

Vi la på. Nokre minutt seinare ringde telefonen min. Det var frå eit nummer eg ikkje kjende.

– Hei, d’ e han Jardar?

Det var NextGenTel som hadde ringt tilbake. Rettare sagt datamaskina deira, som med innspelt stemme kunne fortelje at ettersom eg nettopp hadde hatt kontakt med dei, så var eg no med på ei automatisk kundeundersøking slik at dei kunne forbetre seg. Det vil kome nokre spørsmål, tast frå 1 til 5 på telefonen for å svare på spørsmåla.

Då la eg på.

Read Full Post »