Ei lita oppdatering her. Det har vore travelt i det siste, mesteparten av døgeret har gått med til å rydde og ordne på Risvollan, eller å køyre rundt og skaffe utstyr og gjenstandar i staden for slikt som må kastast eller som ikkje kan brukast no. Men no har det roa seg litt.
No er ikkje dette nokon rosablogg, og tittelen på denne bloggposten er ikkje «Outfit». Men etter at det førre sjølvportrettet vart teke, gjekk vi over til masker med gassfilter. Støvmaskene var ikkje gode nok, og vi fekk vondt i halsen etter eit par timar. Dei nye maskene har filter av typen P3 (må skiftast ofte), og er mykje betre. Kan kjøpast på Biltema, berre nemner det.

Dette er ikkje ein moteblogg. Foto: Jardar Eggesbø Abrahamsen © 2014.
Heime må det ryddast for å gjere jobben for saneringsfolka enklare. Mesteparten av ryddinga må vi ta sjølve, men vi har fått vennehjelp med å bere ut søpla. Hjå dei same vennene har vi òg fått lov til å lagre saker og ting. Slikt og anna kan høyrast lite ut, men er det ikkje. At folk har funne på å spandere ein lunsj eller lage litt ekstra middag, eller altså «berre» ber ut søpla for oss eller gje oss litt lagerplass, det har gjort alt så mykje lettare når vi har vore nøydde til å ha tankane ein heilt annan stad.
Vi har framleis ikkje nokon stad å bu, men arbeider med saka. For tida bur vi framleis på omgang hjå nokre veldig, veldig snille og tolmodige venner som kan ta imot både folk og kattar. Det har også vore noko uvisst kor lenge vi treng å leige ein stad å bu, og kor stort vi treng å ha det. Tidsprognosane har variert, og det same har arealprognosane.

Kattane, her Tigris, har fått seg ny og røykfri klorestolpe. Dette bergar møblane til snille venner som tek imot oss. Foto: JEA © 2014.
Planen har vore at alt innbuet skulle pakkast ned, fraktast til Tiller, verte behandla mot røykskader der, verte pakka ned att og verte plassert på lager til husværet var fiksa, og så tilbake dit igjen. Under synfaringa på onsdag denne veka var det også mykje som forsikringsselskapet meinte burde kastast. Til dømes fjernsynsapparatet, fordi det er vanskeleg å fjerne lukt frå plast. Men då vi fortalde om kor mykje vi hadde arbeidt med å finne ein modell med akkurat desse spesifikasjonane og utan glas framfor skjermen (sol inn frå vest), så var det nok til at dei i staden ville prøve å berge tv-en. Også sofaen stod i fare for å verte kasta. Heilt til Judith fortalde om kor mange år vi har leitt etter ein slik sofa. Og då dei såg kor bra kvalitet det var, vart også den berga. Vi må seie at vi opplevde forsikringsselskapet som heile tida på «vår side», trass i at dei har som oppgåve å tenkje økonomi.
Då vi kom til kjøkenet, vil eg sitere det slik som Judith formulerte det på Facebook tidlegare i dag:
Da kommer det fra den ene. «Hm. Det lukter ikke like ille her i dag som det gjorde første gang vi var inne. Nei, det er svært lite lukt faktisk.» Så snakker de litt sammen, og lanserer tanken om å dele leligheten inn i to soner: kjøkkenet og resten av leiligheten. Og så luktbehandle leilgheten med alt innbo inntakt – på stedet. Altså ikke pakke ned og frakte ut, men la alt stå der det står.
Dei tok med seg luktprøver frå alle romma, altså tekstilar som hadde vore der under brannen, og som skulle testast på skikkeleg vis. Og seint torsdag ettermiddag kom gladmeldinga: Det var nesten ikkje lukt å finne i gjenstandane! Dermed kan planen truleg gjennomførast. Kjøkenet vert skilt ut som ein eigen sone, med sluse mellom der og resten av husværet, og så vert dei behandla som skissert. Luktkjelda må dessutan òg fjernast.
Vi må framleis finne ein annan stad å bu i ei tid, men dette reduserer både arbeidsmengd og stressnivå. Og bra er det, for vi har lassevis av oppgåver på jobb å ta igjen. Spørst om ikkje dei innmelde feriedagane i jola kjem til å ryke heilt eller delvis.
På kjøkenet vil nok ein del utstyr måtte kastast same kva, ettersom det er sterk lukt der og også litt sot, og slikt er ikkje bra, særleg ikkje for elektriske artiklar. Dette gjeld mellom anna nokre bryllaupsgåver, og dét er sårt.
* * *
Etter å ha sjekka telefonlogg og fildato på den fyrste mobilvideoen litt meir på sekundet har vi kome fram til at vi brukte maksimalt tre minutt på å kle på oss, fange kattane og få oss ut. Tre minutt er mykje i ein slik situasjon.
Eg tenkte på det allereie før brannen, og fekk oppleve det den natta: Smarttelefonar kan vere treige. Fyrst må ein ut av den appen som er i gang, t.d. klokka, og det gjer ein ved å trykkje på eit lite punkt på skjermen og håpe at ein klarte det på fyrste forsøk. Når ein har kome ut, må ein vente til GUI-et har roa seg litt ned, før ein kan opne telefonappen. Kanskje tek også dette eit par sekund, før ein til slutt kan ringje 110 og vente på at telefonen skal oppdage det. Samanlikn dette med slik det var før i tida: Tast 110 og ring.

Onsdag 10. desember: Ved kjøkenvindauget vårt (2. etasje) kunne det gått mykje verre dersom det ikkje hadde vore for vindretninga og at brannvesenet byrja å sløkkje i vår ende av brannen akkurat i tide. På biletet har dei allereie fjerna den brannskadde, venstre delen av inngangsverandaen vår utanfor kjøkenvindauget. Foto: JEA © 2014.

Laurdag 13. desember: I går byrja dei å setje opp stillas utafor naboane (og delvis oss), og også i dag var det folk der. Foto: JEA © 2014.
Klede er ei anna historie. Nokre klede som lukta røyk, vart sende til hastevask via forsikringsselskapet. Dei viktigaste kleda som eg gjekk i ute i kulden i mellomtida (og framleis) – det er trass alt desember – har vore jakka eg fekk av far min ein gong, og skjerfet som bror min og familien hans gav meg i jolegåve for nokre år sidan. Og sjølvsagt presterte vi å sende av garde berre éin av tre hanskar til vask.
I hastevasken låg også ein god, varm og fin vinterhatt av ull som eg kjøpte i København, det var hattemakarens eige merke til og med. Den hatten presterte dei å vaske på 60 °C eller deromkring, han har i alle fall både krympa, fått hòl og vorte øydelagd på andre måtar, trass i vaskesetel med «dry clean only». Og at eg irriterer meg så kraftig over slike ting, og at Judith har irritasjonsmoment på det same prosaiske nivået, det trur eg må vere eit teikn på at det går relativt bra med oss no.
Også direkte gledelege ting har hendt. Få dagar etter brannen fekk eg vite at min uteksaminerte student Cecilie, på ein delt fyrsteplass, hadde fått tildelt prisen for beste masteroppgåve ved HF-fakultetet. På det tidspunktet kunne eg ikkje seie det høgt, men fredag 12. desember kom ho til Trondheim og tok imot. Dette er stor stas også for meg som rettleiar, og eg er veldig stolt. Her er pdf av oppgåva hennar: Perceptual acquisition of Norwegian close rounded vowels by Chinese Mandarin learners of Norwegian.