Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for desember 4th, 2014

Den andre dagen utan heim

Det har vorte torsdag. Eg trur vi kanskje sov eit par timar i natt. Dagen opna med ein telefon frå burettslaget om takstfolka som skulle kome. Men fyrst gjekk turen Dragvoll, der studentane mine hadde eksamen, og då må ein gå det som internsjargongen kallar «trøysterunde». Judith var med og stod utanfor og var telefonvakt. Telefonen ringjer mykje desse dagane.

På Risvollan kom det brannfolk som arbeidde med brannførebygging, og dei fekk sjå korleis det stod til. Dei kunne konstatere sot berre på kjøkenet, der det hadde brunne på utsida. Sot i kjøkenskapet kjem av at det er ein ventil der. Forsikringsselskapet vårt var òg innom, dei hadde med seg luktspesialistar. Folk frå saneringsfirmaet kom, og fekk m.a. med seg nokre sekker med klede som dei skal prøve å vaske. Også burettslaget sitt forsikringsselskap var innom. Allereie i går fekk eit saneringsfirma med seg fotoalbuma våre.

Når det stinkar av ei anna verd og det er umogeleg å bu der, så er det visse andre ting vi ikkje tenkjer så nøye på. Men det hindrar ikkje gjestene. Vener og kollegaer frå utlandet som lurer på kor alvorleg nordmenn tek denne delen av norske tradisjonar, kan notere seg dette: Fleire av dei som gjesta det ubebuelege og så vidt ikkje utbrende husværet vårt, spurde høfleg om dei kunne gå inn med skor på. Ja sanneleg, det skulle dei få lov til.

Det er ikkje mogeleg å bu der på ei stund. Overslaget vi fekk, var eit halvt til eitt år, fordi vi er så nær der det er heilt utbrent. No vil den næraste framtida vår handle om to ting: Vi må rydde og sortere før det kjem saneringsfolk og hentar tinga våre. Og vi må prøve å finne eit stort husvære der det er lov å ha kattar.

I dag fjerna dei verandaen vår. Verandaen hang på skeiva og måtte takast bort før han gjorde skade på folk. Men ved skiljeveggen der stod også parabolen. Eg hugsar frå brannatta at logane stod mot parabolen. Men parabolen var utruleg nok uskadd. DiSEqC-svitsjane og kablane har sett betre dagar, og monteringsstolpen var tilsota, men plastparaplyen over LNB-ane hadde faktisk ikkje eingong smelta. Det var umogeleg for oss å gå ut på den skeive verandaen, men ein snill bergingsmann henta ned parabolen for oss før verandaen stod for tur.

Og då verandaen vart lyfta bort og lagd i konteiner like etter, så tenkte vi – og dette er jo ein slik liten ting, men vi tenkte: Heldigvis rakk vi ikkje å beise verandaen i år.

Dette er luksus. Naboane berga livet men miste resten. Vi berga både liv og innbu. Og så melder tanken seg, éin av mange: Kven var det som oppdaga brannen, som ropte, som varsla naboar, politi og brannvesen? Når vi reknar på dei få minutta som gjekk den natta, veit vi at det sit nokon der ute som har berga liv.

Read Full Post »

Då brannen kom

Takk til alle som har ringt, teksta, skrive e-post og elles brydd seg. Vi har vore heldigare enn grannane våre som miste alt, men omtanken gjer oss godt.

Når eg set meg ned for å skrive dette, har vi vore vakne i rundt 40 timar. Natt til onsdag 3. desember la vi oss seint, og medan Judith fekk sove i kanskje ein time, låg eg og tenkte på faglege ting. Klokka 01.45 var eg oppe og skreiv ned nokre tankar, det brukte eg fire minutt på, til klokka var 01.49. Vi bur i 2. og 3. etasje i rekkjehuset, soveromet og stova er oppe, kjøkenet er nede i 2. etasje, og inngangen er i 2. etasje frå ei utvendig trapp.

Etter nokre minutt til i senga, vi veit ikkje kor mange, byrja vi å høyre gauling, hyling og banking. Vi tenkte kvar for oss at no er det nokon som har ein veldig høglydt krangel. Slikt kan jo skje i eit burettslag. Men så byrja også fleire stemmer å rope, og plutseleg høyrdest det ut som om nokon skrudde på dusjen. Lyden kom frå husværet som ligg vegg i vegg med vårt soverom, nord for oss i rekkjehuset. Det var rart, kommenterte vi, for dei har jo ikkje dusjen sin på den kanten.

Seinare har vi fått vite at den lyden vi høyrde, var lyden då det vart overtent hjå naboen. Slikt høyrest litt ut som ein dusj.

Det visste vi ikkje då. Judith stod opp og gjekk ut på stova. Ho fortalde sidan at det var ei rar lukt der, som om noko var brent. Og utanfor gardinene såg ho eit merkeleg lys. Så ho trekte frå gardinene litt, og så høyrde eg henne rope av full kraft: DET BRENN!

Vi bur rett til høgre for det som er høgrekanten for elden på dette biletet. Elden spreidde seg sidan over til oss, men brannvesenet greidde å sløkkje det. Foto: Jardar E. Abrahamsen

Eg må ha rive med meg mobilen då eg sprang ut til henne, for det neste eg veit, er at klokka 02.17 ringde eg til 110 og ropte «det brenn på Risvollan», og fekk sporenstreks svar om at det allereie var meldt inn. Politimannen har sidan fortalt at det kom melding om brann kl. 02.14 (massemedia nemner 02.13). Utanfor vindauget vårt, ut mot verandaen i 3. etasje, såg vi elden sprute ut frå naboen på den andre sida av skiljeveggen, og delvis mot oss.

Eg hugsar ikkje alt som skjedde no. Eg hugsar at eg tok på meg klokka, og at eg stappa Macen og dagboka ned i Mac-sekken. Eg hugsar ikkje at eg tok på meg kleda, men eg hugsar at eg plutseleg var fullt påkledd. Eit anna minne er at Judith sa at ho fangar kattane. På eitt eller anna tidspunkt sjekka eg at vindauga var attlatne. Eg hugsar ikkje at vi sprang ned trappa, men eg hugsar så vidt at eg såg at katteburet stod rett innanfor ytterdøra vår der nede. Ein eller annan gong før eller etter dette opna eg ytterdøra og ropte til ein politimann som hadde ringt på: VI VEIT DET! Og ein eller annan gong hugsar eg at Mac-sekken stod på kjøkenet. Det siste eg hugsar frå innsida er at eg knytte skoreimane og tok på meg jakka, men at eg ikkje visste kvar Judith og buret var, og ropte til ein utolmodig politimann i døropninga: KONA MI OG KATTANE, ER DEI UTE??! Han svarte ja. Så hugsar eg at eg sprang ut døra og lét henne att etter meg, og at det brann til høgre for meg. Eg hugsar ikkje at eg sprang ned den utvendige trappa, men eg hugsar at eg sprang gjennom hagen fordi elden var for nær til at eg ville springe rett ut. Og der nede på plenen lenger framme stod Judith med katteburet.

Judith har sidan fortalt om korleis ho fanga dei to vitskremde kattane våre, og eg gjenfortel det her med meir eller mindre hennar ord: Etter at ho hadde kasta på seg litt klede, sprang ho ned til 2. etasje for å gjere buret klart. På veg ned trappa møtte ho Tigris, som var på veg opp, fanga henne i spranget, og fekk hausa henne inn i buret. Men kvar var Nera? Judith hadde ein mistanke om at Nera hadde gøymt seg under senga i 3. etasje, så ho sprang opp dit, la seg på alle fire, og fann pus på andre sida av senga. Judith sprang rundt dit og skremde henne ut. I det Judith reiste seg, fekk ho ikkje med seg kvar Nera sprang, men satsa på at ho hadde sprunge ned, og det hadde ho gjort. Nede på kjøkenet fekk Judith tak i henne og bar henne mot buret, men ho sprikte med føtene og kjempa mot. Då Judith opna buret for å få Nera inn, sprang Tigris ut, men Judith klarte å gripe henne og vri henne tilbake til buret saman med Nera. Og så flytta ho buret ut i yttergangen, henta Mac-sekken sin, så ringde politimannen på, eg opna døra og ropte «VI VEIT DET», Judith heiv på seg ytterjakke og skor, og sprang ut med buret. Eg vart verande att ein liten augneblink før eg kom etter. Ho veit ikkje kva eg gjorde i mellomtida, og det veit heller ikkje eg. Kanskje eg tok på meg skor.

Så stod vi der. Stod og venta på brannvesenet. I ei lang æve. Kor lang var den æva? Klokka 02.27 ringde vaktselskapet vårt. Eg trur eg svarte: «Det brenn, og brannvesenet er her.» Ja, vaktselskapet hadde registrert at brannalarmen vår hadde vorte utløyst. Men om eg hugsar rett, tok det altså under ti minutt frå vi sprang ut og til brannvesenet var der. Det føltest som mykje lenger.

Så måtte vi gå til parkeringsplassen og registrere oss hjå politiet. Eg gjekk tilbake etterpå og såg på sløkkingsarbeidet, og då det hadde roa seg litt ned, var det ein veldig snill røykdykkar som gjekk inn på kjøkenet vårt og henta Mac-sekken min. Naboar som vi aldri hadde møtt før, møtte oss med ein atterhaldsfri omtanke som gjorde natta til å halde ut.

Vi ringde òg til vår gode venn Jørgen, som kom straks. Undervegs til oss ringde han tilbake: «Det brenn her òg!» Då hadde han nettopp passert brannen på Nidarvoll. Han køyrde rundt på oss resten av den natta, og han og familien har gjeve oss tak over hovudet.

Men natta var ikkje over. Fyrste stopp var Radisson Blu Royal Garden, der det vart etablert evakueringssenter. Det var ikkje så mykje som skjedde der før Judith og eg vart oppmoda om å få oss til legevakta. Vi hadde fått i oss litt for mykje røyk, og reagerte på det. Likevel ikkje verre enn at dei slapp oss fort ut. Etter nok ein tur til hotellet fór vi til Risvollan. Der var brannen no sløkt. Klokka må ha vore rundt 6 på morgonen. Vi stod utanfor sperringane og såg på, før vi fekk oss ein frukost hjå våre gode venner, og så var det intormasjonsmøte på hotellet i 10-tida på føremiddagen. Vi fekk kjøpt oss tannkost, ny backupdisk og andre viktige ting, og var med på nytt informasjonsmøte kl. 13. Der vart det m.a. sagt om nokre av husværa at dei er «ubebuelege». Vår vegnummerbokstav vart nemnd der.

Vi fekk gå inn i husværet vårt utpå ettermiddagen saman med fagfolk som var på staden. I skrivande stund veit vi jo ikkje korleis det står til med bygningsstrukturen etter brannen. Og vi venta å møte store skadar heime, kanskje hadde både fotografi, dagbøker og anna uerstatteleg gått tapt. Slik var det likevel ikkje. Akkurat no, etter ei svært overflatisk synfaring, verkar det som at det hjå oss korkje er brann- eller vasskade, og i hovudsak berre ei uuthaldeleg røyklukt. Og dei uerstattelege tinga våre kan dermed sjå ut til å ha overlevt. Vi håper det stemmer. Framtida til husværet kjenner vi ikkje no. Men vi fekk hente ut det viktigaste.

Verandaen vår har vorte skakk. Naboane miste alt. Foto: Judith P. Abrahamsen

Judith hadde berga kattane våre. Dei fekk ein sjekk hjå veterinær, som erklærte at det hadde gått bra.

Vi var heldige. Fleire av naboane våre miste alt. Men vi var heldige med vindretninga og at brannvesenet kom så fort som dei gjorde. Mykje var tilfeldig her, det kunne gått mykje annleis. Vi var heldige.

Read Full Post »