
Kva har Tigris gjort? Foto: JPA © 2015
Det har vorte nytt år og litt til. Eg ligg ein månad på etterskot med det meste, men her kjem endå ei lita oppdatering om livet etter brannen. Les også bloggposten som Judith har skrive i dag om superpus Tigris sine handverksmerittar (lenkje til slutt i denne bloggposten).
Seint onsdag kveld den 17. desember flytta vi inn i ein sokkel på Nidarvoll, delvis møblert. Vi hadde funne ein husvert som sjølv hadde hatt katt, og som visste at slikt ikkje er noko problem.
Det var Judith som kommenterte det fyrst, alle desse småtinga som ein har i hus men som plutseleg manglar når ein er evakuert. La meg nemne i fleng for eiga rekning: saks, skrujarn til å montere Ikea-bord, teip til å pakke jolegåver, flaskeopnar og ikkje berre vørterølflaske, spray med godlukt når nokon har laga ein litt stor bommelom, ei panne til å koke noko i (det som trønderar og austlendingar kallar «gryte»), og hadde vi hatt panne eller steikjepanne, ville vi garantert ha sakna sleiv og steikjespade. Det er stendig eitt eller anna som manglar. Og så er det dei litt større tinga: vaskemaskin, lett tilgang på reine handdukar og klede, garasjeplass, heimen i seg sjølv.

Kjøkenet er skilt ut som eigen sone, og dei fleste kvitevarene er flytta til den andre sida av plastveggen. Foto: JEA © 2014
Tittelen på bloggposten er «På plass i eksilet», men det er eigentleg lite som er på plass. Både fordi vi ikkje har så mykje med oss, og fordi det heile er ein einaste lang unntakstilstand som vi ikkje kjenner sluttdatoen for.

Luftpumpe for å skape undertrykk på kjøkenet. Foto: JEA © 2014
Men litt tidsperspektiv har vi fått, utan dei store garantiane, rettnok: Vi høyrde for nokre dagar sidan at no over helga skal dei byrje å reinske dei husværa som er totalskadde. Så vert det endå ein anbodsrunde, og så byrjar arbeidet med gjenoppbygging og reparasjonar truleg midt i februar. Ryktet seier at vårt husvære er i så god stand at det er mogeleg at det vil verte prioritert, men nokon konkret dato for heimflytting har vi altså ikkje.
Dei har allereie fjerna lukt frå mesteparten av heimen vår, det skjedde før jol, og dei prøver å halde luktkjelda på kjøkenet under kontroll. Det er hengt opp plastvegger og sett på undertrykk slik at ikkje noko skal sive ut til andre rom. Men det er kanskje ikkje alltid like lett å halde lukta ute når slangen som skal pumpe ut luft frå det elles isolerte kjøkenet, nektar å samarbeide, men losnar frå skapet der ventilen i veggen sit. Dermed har det vore to periodar der varm røykstank berre vart resirkulert inne på kjøkenet, med spreiing ut til det området som tidlegare hadde vorte behandla mot røyklukt. Vi tek det ikkje så veldig tungt. Dette er fagfolk som kan tinga sine, det kjem til å ordne seg, og dei har også funne ein betre måte å setje slangen til veggs på.
Etter brannen var det kattane som fyrst fekk alt dei treng. Dei fekk til og med jolegåve frå menneskesida av slekta i form av nye katteleiker utan røyklukt. Og vi er glade for at dei ikkje forstår noko av det omskiftelege livet dei har vore utsette for, med til saman fem heimar sidan starten på desember, medrekna den eigentlege heimen og kattepensjonatet i joleferien. Tidlegare har berre Tigris lagt seg på fanget og sove, medan Nera har vore kontrollfrik og nekta (med unntak av éin gong medan ho var lita, ho var misnøgd då ho vakna, så eg trur det var litt ufriviljug). Men dei siste dagane har også Nera lagt seg på fanget og sove.

Nera søv på fanget mitt på eige initiativ for fyrste gong i sitt snart fem år lange liv. Foto: JEA © 2015
Men litt joleferie vart det, altså, med kattane trygt plasserte på pensjonat. Vi køyrde sørvestover til der eg er frå, og tok ein avstikkar innom kjøpesenteret på Moa i Ålesund så eg fekk meg ein ekstra genser eller tre. Og merka straks kulturskilnaden frå Trøndelag:
«Éin ullgenser, og to bomull… desse får du for berre 400 til saman når du kjøper to!» opplyste ho entusiastisk, ho som stod bak disken. «Ja, det var det eg oppdaga,» svarte eg like entusiastisk. «Du veit,» la ho til, «når ein sparer litt her og litt der, så løner det seg i lengda, det.» «Åh, det er herleg å vere på Sunnmøre igjen.»
Og heilt til slutt: No har altså vi og kattane budd på Nidarvoll i ei vekes tid etter joleferien. I går kveld høyrde vi ei veldig skramling frå badet. Les Judiths bloggpost Sterk i klypa for å sjå kva Tigris hadde gjort.
– – –
Tidlegare bloggpostar om brannen: 1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen