Her er ei av dei meir underomtalte tenestene for internettmenneske: RSS. RSS er ikkje noko mystisk, og ikkje noko vanskeleg, berre veldig smart. Mange veit allereie kva RSS er for noko, men her er nokre ord om det. Det vert med utgangspunkt i korleis eg sjølv har organisert meg, og eg bør vel understreke at bloggposten ikkje er sponsa. Dei som kan dette, er herved åtvara om at eg bruker «RSS» om nyhendemating generelt utan å drøfte det særleg.
Så altså. Eg prøver å fylgje med på oppunder 300 nettstader, fordi eg synest dei i ein eller annan grad er verde å fylgje med på, anten det kjem nye oppslag ørten gonger for dag eller berre eit par gonger i året. Somme nettstader les eg nøye, særleg bloggane til kjentfolk og nokre av mine tidlegare studentar. Andre nettstader les eg meir overflatisk, slik som overskriftene til Herøynytt eller MacRumors, der eg heller les nøye dei oppslaga som er spesielt interessante. Men å sjekke oppunder 300 nettstader manuelt og etter innfallsmetoden, det gjer eg ikkje. Og å sjekke dei manuelt og systematisk, det har eg ikkje tid til.
I staden abonnerer eg på desse nettstadene. Men ikkje slik at eg får ein e-post kvar gong noko skjer. Dét hadde vore for masete. Ikkje abonnerer eg via Twitter heller. Twitter fyk litt for fort forbi. Facebook sameleis (dessutan er eg ikkje på Facebook).
RSS-lesar
På datamaskina mi har eg ein RSS-lesar, enkelt sagt ein spesiell type nettlesar som berre bryr seg om akkurat desse abonnementa. Med ein RSS-lesar er alle dei nesten 300 nettstadene samla på éin plass. Kjem det eit nytt oppslag, ligg det oppslaget der og ventar til eg anten les saka eller markerer saka som lesen. Eg slepp å taste inn adresser eller leite meg fram i bokmerka. Og eg slepp å sjekke om det har kome eit nytt oppslag som eg ikkje hugsar å ha sett før. Eg slepp til og med å hugse at eg ville fylgje med på akkurat den og den nettstaden. Alt skjer automatisk, bortsett frå akkurat det å lese. Og det er kjempeenkelt å hoppe frå den eine til den andre nettstaden som eg abonnerer på.
På biletet her frå RSS-lesaren ReadKit (klikk på biletet for å sjå ein større versjon) ser vi at sidan sist eg las noko på dei aktuelle nettstadene, så har det m.a. kome 11 nye oppslag på Herøynytt og 10 på MacRumors. Eg har gruppert abonnementa mine slik at t.d. MacRumors, iMore og andre Mac-relaterte nettstader ligg i mappa «Mac», medan Herøynytt, NRKbeta og Vikebladet ligg under «anna». Nettstader der ingenting er ulese, viser ikkje på oversikta her (men kan sjåast vha. eit lite klikk).
Her har eg klikka på overskrifta til ei ny sak frå nettstaden iMore, og får sjå til høgre kva som er å lese om den saka. Somme tider, og avhengig av korleis nettstadene har konfigurert systemet sitt, ser ein heile saka her og no, med bilete og det heile (men med litt forenkla formatering, sjå under), andre tider får vi sjå berre ingressen, og må trykkje på ein ekstra tast for å sjå saka slik ho er meint sjå ut i ein vanleg nettlesar. RSS-lesaren har innebygd nettlesar og kan vise nettsida direkte, men kan også sende den aktuelle nettsaka vidare til ein vanleg nettlesar (t.d. Safari eller Chrome) og opne nyhendet der.
Løyndomen bak denne nydeleg praktiske måten å fylgje med på ligg i at kvar av desse nettstadene oppdaterer ei lita fil kvar gong dei publiserer ei ny sak. La oss enkelt kalle denne fila for «RSS-fila» på nettstaden. Og det er denne fila RSS-lesaren sjekkar med jamne mellomrom, slik at alt ligg klart når det skal lesast.
Til høgre på biletet over ser vi kva RSS-fila har å fortelje om denne bestemte saka. Det er ikkje sjølve nettsaka vi ser, berre varselet om nettsaka, og det varselet inneheld altså av og til heile nettsaka, andre tider berre litt. Fordi dette eigentleg berre er eit varsel, er formateringa litt enkel, og det trengst ikkje stor kapasitet eller mykje tid for at RSS-lesaren skal laste det ned. Men vi kan altså enkelt gå vidare til sjølve nettsaka slik ho er meint å sjå ut, dersom vi gidd. Eg gidd ikkje alltid.
Har du lagt merke til dette symbolet på nettsider her og der? Dette er RSS-symbolet (eller meir generelt «feed-ikonet», om ein vil, sidan RSS eigentleg er namnet på ein spesifikk teknisk standard innanfor det som av og til vert kalla «nyhendemating»). Klikkar ein på dette symbolet på diverse nettstader, så kjem ein til «RSS-fila». Om ein då har ein RSS-lesar installert på maskina si, så kan det godt vere at denne tek hintet og tilbyr deg å abonnere på nettstaden. Slik fungerer t.d. ReadKit, som altså er den RSS-lesaren eg kjenner best for tida. (ReadKit er eigentleg eit meir generelt leseprogram som støttar meir enn RSS, til dømes også Readability og Pocket, men eg bruker programmet primært til RSS.)
Ulike måtar å lese på
I ReadKit er det også lett å setje opp filter (faste søk), slik at dersom det dukkar opp noko spesielt på ein nettstad som ein til vanleg les overflatisk, så vert det likevel oppdaga. Mellom anna har eg eit søk etter «Norway» på avdelinga med moro-nettstader, slik som Not Always Right, der vi kan lese om kundar som ikkje alltid har rett sjølv om dei trur at dei har det. (Denne kunden hadde rett, forresten. Det hadde ikkje denne.) For tida har eg også eit søk gåande på Mac-nettstadene for å få med meg artiklane om det nyaste operativsystemet.

Nytt å lese også på mobil.
No skal eg vedgå at eg har litt fleire behov enn som så. Sidan eg sit ved litt skiftande datamaskiner, synest eg det er praktisk å samle abonnementa mine på ein nettstad som eg kan vitje via nettlesaren uavhengig av kvar eg er, altså ha abonnementa mine «i skya», som det heiter no for tida. Eg har abonnementa mine på ei teneste som heiter Feedbin, og som kostar 30 amerikanske dollar i året. Der kan ein logge på i nettlesaren og lese som om det var ein vanleg RSS-lesar lokalt på datamaskina, men heile greia ligg altså på ein amerikansk nettstad. Feedbin er dermed ein nettbasert RSS-lesar som ikkje bryr seg om du har Mac, Windows eller Linux.
Og eigentleg er Feedbin så bra at ein ikkje treng noko eige program på datamaskina utover nettlesaren, og ofte nok les eg direkte der, men eg bruker altså i tillegg ReadKit, på grunn av nokre ekstra finessar der. ReadKit koplar seg opp mot Feedbin, og alt eg gjer i ReadKit (eller direkte på feedbin.com i nettlesaren), vert synkronisert med alle datamaskinene som eg les RSS på, inkludert mobilen. Altså, les eg ein artikkel på Macen, eller markerer ein artikkel som favoritt, så vert dette automatisk oppdatert på mobilen, der eg bruker RSS-lesaren Press.
Det finst også andre nettbaserte RSS-lesarar i same sjanger som Feedbin, t.d. NewsBlur og Feed Wrangler. Før fanst Google Reader. Då det vart annonsert i mars 2013 at denne snart skulle leggjast ned, fekk Feedly (denne har både gratis- og betalingsversjon) 3 millionar nye brukarar berre dei to fyrste vekene.
Og som program på eins eiga datamaskin finst det RSS-lesarar som t.d. ReadKit og Reeder, som kan synkroniserast vha. Feedbin, NewsBlur og desse andre tenestene, og det finst RSS-lesarar som ikkje er avhengige av (eller ikkje klarer) å synkronisere via slike tenester. Og det finst dei som kan begge delar: Om ein ikkje vil synkronisere med ein nettbasert RSS-lesar, så kan t.d. ReadKit sitje og ruge på abonnementa på lokal datamaskin heilt i det skjulte. Også somme nettlesarar har innebygd RSS-støtte.
Å abonnere
Over nemnde eg RSS-symbolet. Klikkar ein på det i nettlesaren, vil gjerne RSS-lesaren tilby oss å abonnere, som nemnt i stad. Men det hender seg at nettstader tilbyr RSS men ikkje har nokon synleg knapp å klikke på. Også då finst det råd. Anten det er ein slik knapp synleg eller ikkje, så er det i ReadKit berre å velje «Add Feed Subscription…» (eller trykkje ⌘N), liknande finst nok også i andre RSS-lesarar. Dette opnar ein dialogboks der ein kan opplyse om adressa til sjølve nettstaden, t.d. http://www.heroynytt.no, slik som her:
Då sjekkar ReadKit den nettstaden, og startar abonnementet så sant der er noko å abonnere på. Akkurat denne nettstaden tilbyr meir enn éin abonnementstype, og då får vi fyrst valet mellom «heroynytt RSS» og «heroynytt ATOM», og så må ein velje den eine (desse to tenestene går ut på det same, Atom er berre ein nyare standard enn RSS-standarden, men RSS-lesarar taklar begge fint):
Dette fungerer altså anten det finst ei synleg RSS-lenkje på nettsida eller ikkje, så lenge html-koden til sida inneheld opplysningar, til ære for RSS-lesaren, om at det er mogeleg å abonnere. YouTube-kanalar, til dømes, tilbyr RSS men utan å annonsere det med ein eigen knapp. Slik som morokanalen Knallerfrauen.
Mine abonnement ligg altså på Feedbin, og Feedbin har den same funksjonaliteten. Men sidan Feedbin er ei teneste som ein har tilgjenge til gjennom nettlesaren, kan ein også bruke eit spesielt bokmerke. Dersom eg vil abonnere på noko som eg les akkurat her og no, så klikkar eg berre på eit bokmerke i nettlesaren som ser slik ut:
javascript:location='https://feedbin.me/?subscribe='+location.href
Dersom eg tidlegare har logga inn på Feedbin i nettlesaren, så fyk nettlesaren no frå den nettsida eg les, over til Feedbin, leiter etter RSS-tenester på nettsida som eg nettopp var på, og byrjar å abonnere (eller tilbyr meg eit val mellom ulike abonnement fyrst) utan at eg treng å taste inn noka nettadresse. Og i mitt tilfelle er jo Feedbin og ReadKit synkroniserte, så same kva eg gjer den eine staden, så viser det att den andre staden.
Somme nettstader, slik som VG, Dagbladet og Aftenposten, har også eigne nyhendematingar for t.d. innanriksnytt, utanriksnytt, sport og liknande, og NRK har både slikt og distriktsnyhende. Det er ikkje alltid ein finn alt dette direkte via framsida (lenkjene i dette avsnittet går til eigne nettsider på dei nemnde nettstadene med oversikt over kva dei tilbyr). På bloggar kan ein sameleis ofte abonnere ikkje berre på nye innlegg men også nye kommentarar.
For dei ukule?
Somme har fått det føre seg at RSS er på veg ut. Då til dømes ein nettstad som eg fylgjer med på, fekk seg nye nettsider for noko sidan, vart det ikkje prioritert å skru på RSS. Webdesignerane hadde nemleg fortalt at RSS ikkje er så vanleg lenger. Eg trur desse webdesignerane blanda saman «ikkje vanleg lenger» med «Twitter sløyfar RSS til fordel for Twitter, og Google Reader er nedlagd». Dei er i så fall ikkje dei einaste.
RSS har neppe nokon gong vore for det store fleirtalet av nettbrukarar (men det finst svært mange nettbrukarar, då). Likevel kjem ein ikkje unna at RSS både er praktisk og – heldigvis for brukarane – i full vigør, trass i at Google la ned Reader og at Apple ein kort periode fjerna RSS-støtta i Safari (gjeninnført i 2014). På verdsbasis tilbyr 20–30 % av trafikktunge nettstader RSS pr. juni 2015 (dynamisk kjelde, artikkel frå mars 2015). Dei fleste nettaviser som eg har vore innom, tilbyr RSS. Framsida på Aftenposten har rundt 3000 RSS-abonnentar via Feedly åleine, medan xkcd vert opplyst å ha 346 000 RSS-abonnentar der. Feedly sjølv har i dag 15 millionar brukarar, og dette er berre éin nettbasert RSS-lesar. RSS er ikkje spesielt daudt, altså. Det er forresten også RSS som ligg og durar under panseret i podkast-teknologien.
Mange RSS-brukarar formidlar elles gjerne dei beste funna sine til andre via t.d. Twitter og Facebook, eller i nabopraten, slik at det er fleire som dreg nytte av opplegget enn berre dei som faktisk sit og abonnerer. Og finn vi ein nettstad som prøver å gjere seg for kul til å kunne tilby RSS, så finst det løysingar på det òg, i alle fall for dei av oss som ikkje er redde for litt html-kode.
RSS, eller nyhendemating generelt, er kanskje ikkje det som folk snakkar mest om for tida. Men nettopp derfor var det vel på tide at også eg skreiv ein liten bloggpost om det. (Å avslutte bloggposten med ein metakommentar er nesten like bra som å opne ein tale med «eg er ingen talar, men».)