Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juni 21st, 2015

Nei, vi har ikkje flytta heim

Nei, vi har ikkje flytta heim, men arbeidet går framover, og eit konkret tidsperspektiv vil verte røpt seinare i denne bloggposten.

Sidan sist eg skreiv om brannen, 2. mars, har det skjett mykje i bygningsmassen men lite akkurat hjå oss. Litt har likevel skjett. Inne på kjøkenet har vi fått nye gipsplater over og ved sida av vindauga. Men på utsida ventar vi framleis på bordkledning, og vindauga skal visst kome innan ei vekes tid no. Då vert også vindaugskarmane laga, og vonleg får vindaugsveggen eit målingsstrok slik at han ser eins ut trass i tidlegare møblering. Det hadde vore kjekt.

Eit fint støvlag som lukta røyk, la seg på vegger og dører på kjøkenet, og delvis oppe på stova, då det vart sandblåse hjå naboen tidlegare i vår. Eit rekkjehus har mang ein luftekanal sams mellom grannar. I rein trass vaska eg sjølv ned kjøkenveggene her om dagen.

Også taket har fått ei overhaling. Biletet er frå 5. mai.

Og på kjøkenet luktar det inntil vidare svide. Dette kjem vonleg berre av at dei brannskadde vindauga framleis står der, og at veggen enno ikkje er reparert på utsida, men det må jo sjekkast når tida er inne. I tillegg har vi «godlukta» som luktsaneringa tilførte, denne stinkar både her og der, men skal gå bort av seg sjølv med tida. Og det er mykje betre no enn før både med den eine og den andre lukta.

Heilt til her om dagen, då det plutseleg byrja å stinke svide på hittil ukjende stader. Årsaka fekk vi neste dag: Dei hadde sett på full varme ein annan stad i bygningsmassen for å sjekke korleis det eigentleg stod til med lukta der. Varme får nemleg fram lukta, og dei fekk stadfesta mistanken sin om at luktsaneringa ikkje var heilt i mål. Truleg var det slik lukt som trengde gjennom også til oss. Vi fekk låkt i halsen, og den aktuelle naboen får ein ny omgang med kjemisk tåkelegging.

Innbuforsikringa lèt oss ta den tida som ting tek, og uttrykkjer stor forståing for situasjonen. Forsikringsselskapet for bygningsmassen har det nok litt meir travelt. Det er sikkert dyrt for dei å ha oss buande i eksil i månadsvis, og det er viktig å få heimen vår fort i stand.

Utanfor kjøkenet den 28. mai. Vindauga er svidne og delvis knuste og må skiftast. Bordkledninga og den venstre delen av utgangsverandaen er fjerna.

Det er dessutan også sistnemnde som skal betale for kjøkenet vårt. Etter å ha sendt oss ut på jakt etter kjøkeninnreiing (og etter at vi hadde funne noko som kunne vere aktuelt), fekk vi melding om at det berre var to kjøkenleverandørar vi kunne bruke, og den som vi hadde vitja, var ikkje mellom desse to. Under hastverksprega påtrykk vart kjøkeninnreiinga bestilt frå korrekt velsigna leverandør i april, utan all verdas tid til å tenkje så nøye gjennom absolutt alle vala som skulle gjerast. Sjølv kontrollmålingane heime nokre veker seinare var på litt gyngande grunn fordi kjøkenveggene ikkje var (og ikkje er) ordna enno.

Vi konstaterte tidleg at vi treng nytt termometer.

Dermed var det ikkje meir enn 3. juni då telefonen kom om at bilen med kjøkeninnreiinga var på veg til Risvollan. Vi fekk stoppa utkøyringa i siste sekund. Ein kan ikkje montere, og heller ikkje lagre, ei kjøkeninnreiing på eit kjøken der både vegger skal reparerast, nytt golvbelegg skal leggjast, og lukta må inspiserast etter veggreparasjonane. Dermed står kjøkeninnreiinga no på lager, dette kostar visst forsikringsselskapet dyrt, hastverket har dermed vorte skrudd opp fleire hakk, med framlegg både om å leggje golvbelegg før veggarbeidet er ferdig, og om å montere kjøkeninnreiing før lukta er under kontroll. Vi lèt oss heller ikkje overtyde av ein optimisme som kan vere stor nok til ikkje å merke svidelukta.

Men no har det kome ein ferdigdato som eg vågar å seie høgt. Altså, det vel optimistiske overslaget som eg ikkje våga å vidareformidle då vi fekk høyre det i januar, var påske (byrjinga på april). Men slik vart det ikkje. Fyrst var det anbodsrunde på å rydde ut (i desember), så rydda dei ut, så var det anbodsrunde på å byggje opp, og no driv dei og byggjer opp og ventar framleis nokre dagar på at vindauga skal kome. Vi har fått vite at entreprenøren planlegg å vere ferdig med heile bygningsmassen til 20. september. Vår heim kan verte ferdig før den tid. Men i desember vart verandaen vår fjerna pga. brannskade, verandaene er einaste fluktveg utanom utgangsdøra, og dei nye og meir brannsikre verandaene kan visst tidlegast vere ferdige i august, avhengig av papirkverna i kommunen. Vi har ikkje spurt om datoen 20. september inkluderer marginen for forseinkingar.

Har det elles skjett noko i det siste? Ja, det har det sikkert.

– – –

Tidlegare bloggpostar om brannen: 1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet – 6. Reparasjonar tek tid

Read Full Post »