Mykje skal ein turist oppleve, og «ditt» og «datt» er nordtyske ord som tyder «dette» og «det». Men lat oss starte med starten. At det har vore sommar. I år vart det esperantokongress igjen, denne gongen i Lille i det nordlege Frankrike, men på vegen dit fekk vi nokre dagar i Tyskland.
Billettkjøp
Vi hadde kjøpt flybillett frå Trondheim til Amsterdam, og planla å ta tog derifrå til Lille, med ein avstikkar innom Tyskland fyrst. Ved å velje denne ruta ville vi sleppe å flyge innom Gardermoen. Gardermoen unngår vi så mykje som praktisk mogeleg pga. alt tullet med ut og inn og bagasje på returen. Pføy, vi vel heller lengre togturar gjennom Nederland og Belgia enn ein tur innom Gardermoen.
No vart avstikkaren til Tyskland litt annleis enn fyrst planlagd. Vi hadde eit privat ærend nord for Hamburg, og togbillettane både hit og dit vart kjøpte i tråd med dette. Det er lurt å gjere slikt frå godstolen heime medan det framleis finst billigbillettar å oppdrive. Stort sett kunne billettane lastast ned som PDF-filer, men på strekningane mellom Brussel (Belgia) og Lille (Frankrike) måtte vi fyrst kjøpe biletten heime i lenestolen, og så avtale mot slutten av billettkjøpet kvar vi skulle hente han ut: respektive i Brussel og på ein fritt vald fransk jarnbanestasjon. Vi enda opp med å kjøpe togbillettar frå Deutsche Bahn, det belgiske SNCB og det franske SNCF.
Det nederlandske NS var berre å gløyme. Dei godtek nemleg berre betaling med nederlandske bankkort. Bortsett frå ved automatane på stasjonane, der godtek dei VISA, men berre på små beløp, som opplevt då vi var i området i fjor. Store beløp vil dei ha i kontantar. Nederland er eit rart land.
På musikkjakt
Når vi er i Tyskland, i dette tilfellet i og rundt ein liten by nord for Hamburg, veit Judith at eg alltid leiter meg fram til CD-avdelinga på diverse butikkar. I år fekk eg m.a. tak i den nyaste konsert-CD-en til Reinhard Mey, og nokre CD-ar av Hannes Wader, Klaus Hoffmann og fleire andre.
På veg til eit kjøpesenter (for vi tok tog frå nabobyen berre for å gå på det kjøpesenteret, til hovudristing frå folk som kjenner oss) møtte vi ei gresk kvinne som spurde etter vegen. Turistar var vi, men kompenserte med GPS. GPS-en kompenserte på si side ved å ta feil av vegen. Vi håper ho fann andre som kunne hjelpe betre.

Somme bileigarar har det moro.
Segeberg, som ligg i Schleswig-Holstein, har bilkjenneteikn som startar på SE. Så skal det kome eit par bokstavar til før tala. Somme bileigarar har det moro og vel bokstavane XY.
Turen gjekk vidare til Aachen, like ved grensa til Belgia og Nederland. Kofferten fekk fleire CD-ar, men m.a. den virtuose trekkspelkunstnaren og komponisten Manfred Leuchter mangla framleis i samlinga. Han speler også fleire andre instrument.
Keisarleg by
Å ete middag på uterestaurant i Aachen kan vere ei oppleving. Vi hadde gått på italiensk restaurant og fått gnocchi på tallerkenen, etter at kelnaren fyrst ikkje forstod kva vi ville ha då vi uttalte det på italiensk. Den neste opplevinga kom allereie før vi rakk å setje gaffelen i basilikumbladet. Då kom det ei dame forbi, stoppa ved vårt bord, og spurde: «Er dette ein bra restaurant?» Eh tja, «det er fyrste gongen vi er her,» måtte eg vedgå, «men eg trur det er bra.» Dette svaret var ho nøgd med, gjekk bort til reisefylgjet sitt, og så gjekk dei vidare til naborestauranten.

Tronstolen til Karl den store
Neste dag var det historie på planen. Karl den store (742–814) ligg nemleg gravlagd i domkyrkja der. I fjor, då vi òg var litt tilfeldig innom Aachen, var det 1200 år sidan han døydde. Men ein stor keisar har mange jubileum. I år, viste det seg, var det 800 år sidan han vart flytta frå opphavleg sarkofag til noverande skrin. Faktisk akkurat den veka. Dette hadde vi ikkje eingong planlagt.
I samband med jubileet hadde dei gratis omvisingar i domkyrkja og opp til tronstolen hans frå 790-talet, som står lenger oppe i kyrkja (på veg ned var vi litt treige og møtte låst dør, men ein omvisar forbarma seg over oss). Turistane fekk også kome heilt bort til Karlsskrinet, der mannen sjølv ligg. Og Karl den store var stor. Beina inne i skrinet høyrer til ein mann som levde rundt år 800, som var på alder med det som er rapportert om Karl den store, og som var 184 cm høg. Så det kan gjerne vere rett mann, altså. Ein analyse av eit bein i relikviesamlinga i skattkammeret viser at det stammar frå den same mannen.

Karlsskrinet: Inni her ligg Karl den store.
Til vanleg har dei ikkje ordinære omvisingar i skattkammeret, berre for grupper som har tinga på førehand. Men på grunn av jubileet var det omvisingar også for oss døyelege. Faktisk berre akkurat denne veka. I skattkammeret fekk vi m.a. sjå den originale sarkofagen som Karl (truleg) vart lagd i då han døydde i 814. Denne er opphavleg frå romartida, og er truleg laga for ei kvinne, fortalde omvisaren. Skattkammeret inneheld også ei noko nyare (frå ca. 1350) byste av keisaren sjølv, og mykje fin kunst og andre kulturgjenstandar.
Eit uventa møte
På veg ut frå skattkammeret høyrde vi plutseleg virtuos trekkspelmusikk frå bakgarden. Nyfiken som eg er, stakk eg snuten bort til døra, som stod på gløtt, og der borte sat sanneleg den tidlegare nemnde Manfred Leuchter på ei lita scene med trekkspelet sitt og øvde eller hadde lydprøve eller noko i den retninga. Vi spurde folka hans som stod ved døra, men dessverre var arrangementet han skulle opptre på den kvelden, utselt, og vi skulle reise vidare før neste høve til å oppleve han.

Ei uventa gåve frå eit uventa møte.
Då dei høyrde at vi kom frå Noreg og hadde leitt fånyttes etter CD-ar av han, så tok dei like godt og henta tonekunstnaren sjølv. Han tok oss i handa, gav oss eit eksemplar av den nye CD-en til Leuchter-Najem-Duo (YouTube-smakebit), slo av ein liten prat, og vart med på eit bilete som eg vel å ikkje publisere her på bloggen. For dei som ikkje kjenner musikken hans, så er han innom retningar som «verdsmusikk», jazz, klassisk og meir til (YouTube-kanal).
Og at eg vart ein lukkeleg mann, kan Judith vitne for.
Neste morgon reiste vi til Lille. Der byrja den vekelange internasjonale esperantokongressen, denne gongen nr. 100 i rekkja (den fyrste var i 1905), og dermed med stor feiring og mange feststemde deltakarar. Det hadde vore fint å få tid til å blogge om det ein dag.