Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 2015

Nedteljing på overtid

Det er tysdag kveld den 29. september. Vi veit ikkje kvar vi bur i morgon. Vi har prøvt i over ei veke å finne det ut.

Vi har budd i eksil på Nidarvoll i dei ti månadene som har gått etter brannen heime på Risvollan. Det forsikringsselskapet som hadde forsikra bygningsmassen i burettslaget på det tidspunktet då det brann, og som finansierer eksiltilværet, gav oss beskjed den 30. juni om å seie opp leigeforholdet på Nidarvoll, fordi «leiligheter blir ferdigstilt som avtalt» til slutten av september. Oppseiingstida tek slutt i morgon, onsdag 30. september, og den tidlegare planlagde ferdigdatoen, 20. september, er altså forskuva til same dato.

Arbeidet i og rundt den eigentlege heimen vår på Risvollan er altså etter planen snart over, så dei siste dagane har vi flytta mangt og mykje tilbake dit, men ikkje oss sjølve. Mykje av vårt eige førebuingsarbeid der vart forresten to månader forseinka av noko sementbasert støv som la seg på innbu og det meste i begge etasjane i sommar (ja, vi har fått støvet analysert), så heimen vår er framleis meir lager enn heim, med mykje som er nedpakka og bortstabla.

Huset

Verandaene mangla framleis i ettermiddag.

Men det viktigaste i sjølve bygningsmassen som manglar no, er dei nye verandaene, som skal vere tryggare og meir brannsikre enn dei som var der før (vår veranda vart som kjent fjerna allereie i desember). Arbeidet med dei nye verandaene er nokre veker forseinka. For oss som bur i 2. og 3. etasje, er verandaen i 3. etasje den einaste fluktvegen dersom utgangsdøra ikkje kan brukast. Etter å ha overlevt ein brann med nettopp livsfarlege verandaer som ramla saman etter få minutt, skjønar vel dei fleste at vi synest det hadde vore fint med fluktveg.

Akkurat no er det forresten ingen i våre etasjar i denne rekkja som har slik fluktveg, for dei verandaene i 3. etasje som overlevde brannen, vart fjerna for over ei veke sidan i påvente av dei nye.

Så i morgon formiddag står vi der, då, med to kattar og ein koffert. Å bu på hotell med pusane medan vi er på jobb og ute på ærend, for så å flytte endå ein gong nokre dagar seinare, er ikkje bra for dei firbeinte. Å plassere dei på kattepensjonat i ein så kort periode er uaktuelt. Kattar treng stabilitet. Men å ikkje eingong vite kvar vi skal bu frå neste morgon av, det er trasig. Kan vi flytte rett heim, er det fint, men kan vi ikkje, så kan vi heller ikkje berre stå der med katteburet og vente.

Stova vår er eitt av dei romma som i praksis fungerer som lager.

I ein slik situasjon ville det beste og mest stabile for kattane, og det mest praktiske for oss, sjølvsagt vere å halde fram med å bu der vi har budd sidan desember. Det ville også vere enklare med tanke på, som nemnt, at heimen vår ber preg av å vere lager.

Vi har ein svært smidig husvert på Nidarvoll, som tilbaud oss å leige litt til dersom det trengst, så sant det ikkje kjem nye leigetakarar frå 1. oktober av. Vi spurde forsikringsselskapet om dette. Svaret, som kom etter arbeidstid fredag 25. september, var at dersom dei ikkje klarer å halde den fristen dei har varsla for ferdigstilling (slutten på september, og i eit infoskriv i august om trapper og balkongar varsla dei faktisk veke 40 heilt generelt, dvs. fredag 2. oktober!), så dekkjer dei mellombels bustad for oss i inntil to veker, deretter må andre overta.

Aberet er dermed at vi ikkje veit før nettopp i morgon 30. september, kanskje utpå ettermiddagen, kva slags forseinkingar det vert. I verste fall fyrst på fredag 2. oktober. Å avtale vidare leige den 30. september (eller 2. oktober) når det kanskje står andre leigetakarar klar frå 1. oktober av, eller å avlyse den planlagde utvaskinga på så kort varsel, det ville jo vere litt spenstig. Forsikringsselskapet har enno ikkje svart på meldinga vår om å få ei avklaring om faktisk vidareføring av leiga nokre dagar på førehand. Altså: Éin ting er å avklare noko på førehand. Vi fekk ikkje avklart om noko kan avklarast på førehand.

Både menneske og dyr treng føreseielege rammer. I kveld 29. september veit vi ikkje eingong kva for eit hotell vi eventuelt skal ta inn på i morgon dersom det trengst.

Vi har også teke kontakt med innbuforsikringa om situasjonen, men pga. manglande informasjon frå det fyrstnemnde forsikringsselskapet har vi berre stått og stampa.

Etter kvart som utflyttingsfristen har nærma seg, har det gått slik at for husverten sin del kan vi vidareføre leiga i nokre dagar, vi står altså framleis fremst i køen der. Dette er heilt tilfeldig. Men for det fyrste har vi ikkje fått naudsynt avklaring frå forsikringsselskapet, og for det andre kjem vaskarane nettopp av den grunn klokka 09 i morgon tidleg. Og då må vi ut. Skulle vi unngått dette, måtte vi fått ei avklaring for fleire dagar sidan, ikkje i morgon ettermiddag.

Så om du ser oss stå på ein parkeringsplass med koffert, kattebur og tvinnande tommeltottar i morgon, så veit du no kvifor.

– – –

Tidlegare bloggpostar om brannen: 1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet – 6. Reparasjonar tek tid – 7. Nei, vi har ikkje flytta heim

Oppdatering 7.10.2015: Vi har flytta heim

Oppdatering 28.3.2016: Bålhopping. Dette dreier seg om Tryg Forsikring.

Read Full Post »