Det har vorte onsdag 7. oktober. Som fortalt for åtte dagar sidan, så skulle vi flytte heim frå mellombels bustad onsdag 30. september, men utan å vite før etter at vi hadde flytta ut, om vi skulle flytte eller ikkje, ettersom forsikringsselskapet til burettslaget ville vente med å ta høgd for at dei eksisterande forseinkingane med bygningsarbeidet kunne få nemneverdige konsekvensar. Det er kanskje litt urettvist å oppsummere det slik, men for vår situasjon isolert er det sant.
Utflytting

Misnøgd Tigris.
Så klokka 9 onsdag formiddag for ei veke sidan flytta vi ut frå mellombels bustad, og sende vaskarane inn. Men kvar skulle vi? Kvelden før skreiv eg på bloggen:
Så om du ser oss stå på ein parkeringsplass med koffert, kattebur og tvinnande tommeltottar i morgon, så veit du no kvifor.
Og onsdagen gjekk med til å køyre rundt på oss sjølve, kofferten og kattane, og til å konstatere at det nærma seg men framleis ikkje var innflyttingsklart heime. Dei som var i området akkurat under det vesle ærendet mitt på jobb, ville ha sett Judith inne i bilen på parkeringsplassen, med kattebur og tvinnande tommeltottar. Den nemnde kofferten var i ein annan bil. Eg gjengjelde tommeltvinninga etterpå.
Klart
Men kva ligg i «innflyttingsklart»? Sant nok var ikkje kjøkenet vårt heilt ferdig. Det stod igjen litt snikkar- og røyrleggjararbeid. Men verandaene (balkongane), som skal vere rømmingsveg i tilfelle inngangsdøra like under er blokkert, var òg nokre veker forseinka. Poenget med dei nye balkongane, utover å erstatte dei som forsvann, er at dei vert meir brannsikre, og at det vert litt enklare å ta seg over til naboen, altså rømme sidelengs (slik vi kunne også før). Eg skal ta det kjapt:
Forsikringsselskapet melde veka i forvegen at vi kunne flytte inn som planlagt, «rømningsforholdene vil da være klare», og ved forseinkingar skulle dei dekkje inntil to veker med bortebuing. Så kom flyttedagen. Då rømmingsforholda framleis var forseinka og ikkje fanst, vart vilkåra endra til at «det er adkomst», altså at inngangsdøra var jo tilgjengeleg.
Vi oppfatta dette som ein smule useriøst. Det handla sjølvsagt ikkje berre om branntryggleik og litt uferdig kjøkenarbeid, det handla også om dei så langt uføreseielege rammene for flyttinga. Vi reagerte på denne nye vrien, og dei tilbaud så 1 (eitt) ekstra døger i utflytta mellombels bustad.

Fyrst av alle, einsleg til over helga.
Og neste dag, torsdag, kom plutseleg akkurat vår balkong, med melding dagen etter om at no var «rømningsmulighet» på plass. For skams skuld spurde vi om korleis ein slik einsleg balkong i røyken ville fungert som rømmingsveg under ein brann som den i desember. Svaret var: «Det er nå med ny balkong etablert en rømningsvei til dere ut [p]å balkong.»
Heimflytting

Halen rett til vêrs.
Vi hadde eigenfinansiert tak over hovudet, men fann det uhaldbart å bu i dagevis med berre oss sjølve, toalettveska og kattane. Så vi henta tilbake den nøkkelen som handverkarane har disponert, kjøpte ein vindaugs-brannstige, vaska etter oss, og laurdag 3. oktober, på dagen ti månader etter at vi rømde ut, flytta vi heim igjen. Kattane forstod kvar dei var, inspiserte arealet nøye, og var veldig glade.
Allereie onsdag førre veke vart det laga nokre nye, fine lister på kjøkenet. Fram til i går mangla rettnok ventilatorslangen (utsuget) ein overgang som måtte lagast av fagfolk, så vi fekk ikkje innvigd komfyren før i kveld. Det har dermed vore minimalt med oppvask, og det var greitt på sitt vis, for vi stod også i kø med røyrleggjararbeidet ved oppvaskmaskina like lenge, og ventar framleis på elektrikar der. Og å ete ute er vel kjekt. Snart kjem også den nye radiatoren. Vi skulle sjølvsagt gjerne ha vore litt meir på jobb og litt mindre heime på handverkarærend. Men forsikringsselskapet sparer jo fleire hundre kroner på det, då.
Og så er det sjølvsagt godt å vere heime frå eksiltilværet.
– – –
Tidlegare bloggpostar om brannen: 1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet – 6. Reparasjonar tek tid – 7. Nei, vi har ikkje flytta heim – 8. Nedteljing på overtid
Oppdatering 28.3.2016: Bålhopping. Dette dreier seg om Tryg Forsikring.