Sist natt, altså natt til 3. desember, var det eitt år sidan det brann. Sjølv om livet er nesten tilbake til normalen (vi bur t.d. framleis litt i flyttekasser), høyrer det med å nemne det. Dette er jo ein merkedag på sitt eige vis.
Det meste av det frå brannatta som er av interesse for andre, er vel allereie skrive i den fyrste bloggposten om brannen. I ettertid har fleire minne kome på plass, og ved hjelp av fildata og diverse loggar har eg også fått verdas beste detaljoversikt over tidslina vår mellom kl. 02:17 og 06:24. Det skal eg sanneleg ikkje utbrodere her.
Men eitt var bra den natta, og det var at vi ikkje sov då brannen kom. Forklaringa er enkel nok. Kvelden tysdag 2. desember 2014 byrja nemleg med at eg framleis sat på jobb. Eg kom heim rundt kvart på elleve på kvelden. Middagen vart eten rundt midnatt, og det gjekk slik:
Dette er ein pizza, og dette er ein hale. Viktig, pus, å halde dei frå kvarandre.
— Jardar E. Abrahamsen (@ardjar) December 2, 2014
Lange dagar gjev sein svevn, og då eg la meg andre gongen, vakna Judith. Vi rakk ikkje å sovne igjen før overtenninga hjå naboen laga suselyd tjue centimeter bak senga vår kl. 02:17. Dermed stod Judith opp for å finne ut kvar den rare lyden kom frå, og oppdaga korleis logane slikka på utsida ein meter unna. Tre og eit halvt minutt seinare var vi evakuerte og stod på trygg avstand saman med katteburet og naboane.
Den viktigaste lærdommen frå brannatta må vere korleis kropp og sinn reagerte på situasjonen. Der fungerte alt som det skulle for oss begge to.
Nødetatene rykker ut til melding om brann i Asbjørn Øveraas vei på Risvollan. Blir oppdatert.
— OPS STPD (@politiOpsSTPD) December 3, 2014
Folk har spurt, og teke for gjeve, at kommunen fann ein stad der vi kunne bu, men slik var det ikkje. Dei brannevakuerte måtte sjølve ut på leigemarknaden, så innimellom arbeidet i heimen sjekka vi utleigeannonsar, ringde rundt, fekk tips frå venner og kollegaer, og gjekk på visingar. Utleigarar vil helst ikkje ha kjæledyr i huset, men etter eit par veker fann vi ein som dette ikkje var noko problem for.
Prognosane for heimflytting og leigebehov var òg usikre. I desember håpte dei å flytte oss heim etter seks til tolv månader. I januar var dei meir optimistiske, og sikta seg inn på mars eller april. Så vart det justert til sommaren. Det vart altså til slutt oktober.
Så seint som i dag, tilfeldigvis på årsdagen for at dei vart hastig berga ut, henta vi fotoalbuma våre, som har vore til luktbehandling den siste tida. Etter brannen vart dei nemleg ved ein feil ståande på feil lager og vart stappfulle av stygge stankar som korkje stamma frå røyk eller eld, noko som vart oppdaga då vi skulle flytte heim for to månader sidan. Men no er dei fleste eignelutene tilbake i heimen, mykje som sagt framleis i kasser.
Året har gått, men det er ikkje heilt umogeleg at det kjem fleire oppdateringar om nyhendingar etter brannen. Det skjer stendig eitt og anna…

Nesten ferdigreparert (biletet er frå 16. oktober). Judith P. Abrahamsen © 2015.
– – –
Tidlegare bloggpostar om brannen: 1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet – 6. Reparasjonar tek tid – 7. Nei, vi har ikkje flytta heim – 8. Nedteljing på overtid – 9. Vi har flytta heim – 10. Støv kan ikkje flyge oppover