Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mars 24th, 2016

Etter brannen vart mykje snudd oppned, særleg dei fyrste vekene. Deretter kom det ti månader lange eksiltilværet. Men noko av det mest slitsame var å kommunisere med det forsikringsselskapet som hadde forsikra bygningsmassen, og som såleis finansierte kjøkenet vårt og eksiltilværet i reparasjonstida. Det er særleg tre saker vi tenkjer på då: kjøkeninnkjøp med forviklingar, omstenda rundt tilbakeflyttinga i månadsskiftet september/oktober, og kjøkengolv med nedstøypte golvlister der vi i realiteten ikkje fekk reklamere. Innbuforsikringa skal eg ikkje ta føre meg her, og vi har då også berre gode røynsler med dei.

Dette er den fyrste av tre planlagde bloggpostar om rolla til forsikringsselskapet i det som skjedde etter brannen, med eit særleg sideblikk til korleis det har vore å kommunisere med dei. I dagens bloggpost skal eg fortelje om kjøkeninnkjøpet, som i ettertid er meir komisk enn slitsamt å sjå tilbake på.

Forsikringsselskapet

Grunnen til at denne og dei neste bloggpostane har late vente på seg, i staden for at oppdateringane har kome undervegs, er at vi har følt oss avhengige av velvilje frå forsikringsselskapet, og trudde også vi hadde ein dialog med dei. Desse omsyna ser ikkje lenger ut til å vere relevante, ettersom vi må ha overtolka den merksemda som sentralt hald gav oss etter bloggposten Støv kan ikkje flyge oppover. Den merksemda er ikkje tidlegare omtalt her på bloggen, men eg kjem tilbake til saka i den tredje bloggposten i serien.

Eg har nemnt forsikringsselskapet før, men ikkje namnet. Det dreier seg om Tryg Forsikring.

Bakgrunn

Tryg Forsikring hadde forsikra bygningsmassen i Risvollan Borettslag, og finansierte reparasjonane etter brannen. For oss finansierte dei også bortebuinga og kjøkenet som måtte erstattast.

Eg vil i denne samanhengen presisere at med ordet «forsikringsselskapet» har eg i hovudsak (men ikkje alltid) sikta til den lokale prosjektleiinga deira, som var kontaktpunkt for oss som vart råka av brannen. Prosjektleiinga hadde ein ekstern tilknytnad, men var direkte engasjert av Tryg, er gjennomgåande omtalt som representant for Tryg, og handla på vegner av Tryg. For alle praktiske føremål var dette altså Tryg Forsikring, og eg legg meg ikkje opp i den interne organiseringa deira, men omtaler Tryg som hovudregel under eitt. Slik vert det også i denne og dei komande bloggpostane.

Ein forsmak

Ein forsmak på korleis prosessen framover skulle verte, fekk vi i februar 2015. Då nemnde vi for Tryg at på eit bestemt rom som tidlegare hadde vore fritt for røyklukt, lukta det no sur, innestengd røyk. Men vi ville gjerne ta dette direkte med luktsaneringsfolka, fortalde vi.

Dette hadde å gjere både med det vi hadde observert rundt det at lukta kom, og med kva som fanst av eigendelar på det rommet. Det kunne også vere at luktkjelda var ein heilt annan stad, og dette ville det vere lettare å identifisere på eit seinare tidspunkt. Grunnen til at vi nemnde det for Tryg, var at vi trong å spørje om vi kunne ta dette direkte med saneringsfirmaet, eller om det måtte gå via forsikringsselskapet. Vi fekk svar om å ta direkte kontakt med saneringsfirmaet.

Før vi visste ordet av det, hadde Tryg likevel bestilt ei ekstra luktsanering av rommet. Då vi var innom seinare på dag, hadde luktfolka allereie vore der (vi har vore, og er framleis, fulle av lovord om saneringsfolka for alle dei måtane dei har hjelpt oss på gjennom eit heilt år). Ettersom luktkjelda etter alt å døme var ein annan stad, resulterte dette berre i at det dunsta «godlukt» frå luktsaneringa i månadsvis etterpå. Mellom anna hang bunaden min på det rommet.

Kjøkeninnkjøpet

Eg har vore litt innom dette tidlegare, men litt spreitt (21.6.2015 og 10.11.2015), så her kjem det meir systematisk. Som nemnt er dette i dag — med unntak av avslutninga — meir komisk enn slitsamt å sjå tilbake på. Det låg nok mykje godvilje bak det som skjedde, i alle fall ein del av det. Dette er likevel mykje ei historie om det vi må kunne oppsummere som langvarig hastverk.

Etter brannen hadde Trygs folk eit velsigna optimistisk tidsperspektiv på heimflyttinga, vi følte oss godt ivaretekne, og fekk beskjed den 13. januar 2015 om å gå på byen og finne oss ei ny kjøkeninnreiing som kunne erstatte den som ikkje overlevde røyk, sot og sløkkjevatn. Kona spurde om det var spesielle leverandørar vi skulle halde oss til, men det var det ikkje.

Så vi tok mål av det gamle kjøkenet vårt medan den skadde innreiinga framleis var der, laga ei skisse, skaffa oss oversikt over kjøkenleverandørane i byen, fann noko vi ville ha, hadde møte med leverandøren, leverte skissa til dei, og fekk kjøkenet teikna. Materialtypen frå den gamle innreiinga var ikkje lenger å få, men elles vart det som før, med den same skap- og skuffeinndelinga som tidlegare, berre med justeringar for slikt som ikkje lenger fanst.

Men det vi fekk vite i januar, var visst litt upresist. Slikt kan jo skje. Den 17. februar fekk vi beskjed om å bruke éin bestemt annan (og dyrare) leverandør enn der vi hadde vore, og no hasta det veldig. Denne delen av prosessen måtte vere ferdig i løpet av ei veke. Vi spurde om denne andre leverandøren var obligatorisk, for vi hadde jo allereie funne eit kjøken. Vi fekk ikkje svar. Vi spurde fleire gonger, men forstår sjølvsagt at det er lett å forsvinne i slike bunkar som det var snakk om her.

Men no starta prosessen på nytt: Vi skisserte kjøkenet slik vi ville ha det, med dei aktuelle måla, fekk oss eit møte med den godkjende leverandøren, og fann oss noko som såg ut omtrent som gamlekjøkenet. Og plutseleg, oppdaga vi, sat Tryg med eit tilbod på kjøkenet vårt, allereie før vi sjølve hadde sett eit einaste utkast. Her snakkar vi sanneleg om effektiv kontakt mellom leverandør og forsikring.

Ei veke seinare, etter purring, fekk vi svar om at nei, naboane våre har vorte varsla om også ein annan namngjeven kjøkenleverandør som var budd på å hjelpe. Visse andre spørsmål venta vi framleis svar på, m.a. detaljspørsmålet om akkurat desse leverandørane var obligatoriske, og noko golvinformasjon. For golvet på kjøkenet måtte skiftast (vasskade og røyklukt og meir til). Men ting drog ut, og så vart det påske.

Så med hastverk vart bestillinga levert i april, etter påske, hjå den leverandøren som vi fekk namn på 17. februar. Mot slutten av månaden kunne leverandørens utsende mann dermed kome heim til oss og måle opp på millimeteren det som trong slik presisjon. Det vart rettnok litt usikkert, sidan kjøkenveggene framleis var uavklarte.

Omsider den 20. mai fekk vi, etter noko purring, informasjon om standardløysing på kjøkengolv, og kven som skulle vere leverandør der. Dermed kunne vi byrje å setje oss inn i ulike løysingar. Dette var likevel i ein nauta hektisk periode på jobb for oss begge med svært lange arbeidsdagar, og den bestemte leverandøren var ein leverandør for proffmarknaden med snevre opningstider. Dessutan var naudsynt veggarbeid og sånt enno ikkje utført. Slik vi har forstått det, hang dette m.a. saman med at handverkararbeidet hjå oss var sånt som skulle takast sånn innimellom. Etter kvart bestemte vi oss for golvbelegg heller enn standardløysinga parkett.

Lagerperioden

Tidleg på morgonen 3. juni fekk vi telefon frå kjøkenleverandøren om at kjøkeninnreiinga var på veg inn i bilen og straks på veg til heimeadressa vår på Risvollan. Stopp! var svaret vårt. For det fyrste budde vi ikkje heime, og for det andre var korkje vegger, vindauge eller golv på plass. Dette måtte på plass før kjøkeninnreiinga kunne monterast. Det lukta dessutan framleis brent. Nei, dei kunne heller ikkje lagre innreiinga på golvet der, for golvet skulle skiftast.

Men ettersom det då heile tida hadde hasta sånn med alt (men ikkje med å svare på spørsmåla våre), slik at Tryg hadde pressa på for å få ei tidleg bestilling på kjøkeninnreiinga (men ikkje for å klargjere kjøkenet for montering av denne), så var altså kjøkeninnreiinga no klar til levering, og dermed byrja det å gå lagerleige. Hadde det ikkje hasta for Tryg før, så kan du vedde på at det byrja å haste no. Den 4. juni ville dei at vi skulle bestemme oss for golvbelegg på dagen, og kjøkenet måtte monterast før noko av det andre som måtte på plass fyrst, var gjort. Dei gav seg heldigvis på dette.

Og dei nye vareprøvene på golvbelegg som vi skulle få, lét framleis vente på seg, men vi orienterte oss likevel, og i mellomtida skjedde framleis ingenting av det som skulle skje jamvel før golvarbeidet kunne ta til.

Den 15. juni kom dei nye vareprøvene på golvbelegg, vi fekk dei overleverte via Trygs folk inne på det ribba kjøkenet vårt, slitne etter ein så langt seks månader lang unntakstilstand som evakuerte. På dette møtet kom det fort fram at Tryg framleis ville leggje golvet og montere kjøkenet straks, før vegger, vindauge og kjelder til svilukt var under kontroll. Tryg ville også at vi skulle bestemme oss for golvbelegg frå vareprøvene der og då. «Vi kan ikkje bestemme oss på fem minutt,» sa vi. «Å, kvifor ikkje?» var spørsmålet tilbake. «Fordi dette er heimen vår, og vi skal bu her i mange år,» svarte vi. Vi hadde etterlyst golvinformasjon sidan mars. Vi hadde likevel gjort litt forarbeid, og neste kveld hadde vi bestemt oss. Det var viktig at vi valde lagervare, for no hasta dette veldig.

Heldigvis verka målarfirmaet (golvleggjarfolket) profesjonelt, og kunne forsikre oss då vi var innom i eit ærend, om at ting måtte jo skje i rett rekkjefylgje.

Etter m.a. veggarbeid og utskifting av dei svidne vindauga vart golvet skifta endå ein månad seinare, 14. juli og utover. Då var arbeidet framskunda med ei veke fordi vi hadde tenkt oss på ferie.

Ein dryg månad etter dette igjen, 24. august og nesten ni månader etter brannen, kom den nye kjøkeninnreiinga overrumplande heim til oss utan at vi visste det. Dette er tidlegare omtalt i bloggposten om golvarbeidet, Støv kan ikkje flyge oppover, og vi kjem kort tilbake til det i ein seinare bloggpost.

Men i mellomtida skal vi i neste bloggpost m.a. sjå på korleis Tryg sende oss heim under skiftande vilkår. Dette vil verte ei utdjuping av det som allereie er behandla i dei to bloggpostane Nedteljing på overtid og Vi har flytta heim, i tillegg til slikt som har skjedd i ettertid.

– – –

Tidlegare bloggpostar om brannen:
1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet – 6. Reparasjonar tek tid – 7. Nei, vi har ikkje flytta heim – 8. Nedteljing på overtid – 9. Vi har flytta heim – 10. Støv kan ikkje flyge oppover – 11. Eitt år sidan brannen – 12. Eit hjartesukk om mysteriet med framandfolk i kjellaren

Read Full Post »