Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mars 25th, 2016

Bålhopping

Dette er den andre bloggposten i serien om rolla til forsikringsselskapet i det som skjedde etter brannen. Vår kontakt med dei har primært gått via den lokale prosjektleiinga, som har vore direkte engasjert av Tryg, og som har representert dei. For meir bakgrunn sjå starten på førre bloggpost.

Bakgrunn

Tryg Forsikring hadde forsikra bygningsmassen i Risvollan Borettslag, og finansierte reparasjonane etter brannen. For oss finansierte dei også bortebuinga og kjøkenet som måtte erstattast.

Her skal vi m.a. sjå på kva slags svar vi fekk då flyttevilkåra til Tryg vart endra etter ei lengre tid med uavklarte forhold, og vi derfor bad om opplysningar om hotellrekvisisjon. Vi skal også sjå på korleis svaret vart gjenteke to månader seinare i samband med at dei refunderte mesteparten av utgiftene ved heimflytting og etter sementstøv-fadesen. Til slutt skal vi litt innom det tidsmessige forholdet mellom heimflytting og mellombels bruksløyve på adressa.

Ei oppsummering av hovudpunkta kjem heilt til slutt.

Lat oss starte med spørsmålet: Kva er eigentleg skilnaden mellom å hoppe ned i eit bål frå fem–seks meters høgd, og å springe tjue meter bort frå bålet? Det fyrste svaret på det spørsmålet fekk vi den 2. oktober, og det oppdaterte svaret kom i desember.

Tilbake til september og oktober

Før vi ser på det oppdaterte svaret, må vi ta ein tur tilbake til september og oktober 2015. Sjå også Nedteljing på overtid (om det uavklarte før flyttinga) og Vi har flytta heim (skriven ei veke seinare). Det skader ikkje å lese dei to bloggpostane fyrst, men det viktigaste vil verte gjenteke her, saman med slikt som ikkje har vore nemnt før, og altså utviklinga i ettertid.

Vi hadde budd borte sidan 3. desember 2014, hadde sagt opp eksilhusværet, og skulle flytte heim 30. september 2015, men byggjearbeidet heime var forseinka. Ved forseinkingar utover flyttedato hadde Tryg lovt å dekkje vidare bortebuing i opptil to veker. Men ettersom dei pr. fredag 25. september ikkje ville ta høgd for at arbeidet var forseinka også onsdag 30. september, måtte vi vente til etter flyttetidspunktet med å få avklart om vi skulle flytte eller ikkje. Dette er omtalt i Nedteljing på overtid.

Det som skulle vere klart, var at «rømningsforholdene vil da være klare», som det heitte i ein e-post veka i forvegen. Konkret handla dette igjen, som omtalt også i saksdokumenta som vi har fått tilgang til seinare, om høve til å rømme ut av branncella si og horisontalt til andre seksjonar via balkongrekkja i 3. etasje. Dette var også praktisk mogeleg før brannen, og var einaste måten å få seg bort på dersom inngangsdøra like under skulle vere blokkert t.d. ved brann, altså i tilfelle der rømmingsveg trengst. (Med mindre ein skulle ha lyst til å hoppe ut vindauget på baksida med katteburet i handa og, avhengig av etasje, 3–6 meter ned til naboen under. Ein gjer det om ein må, men rømmingsveg er det ikkje.) Vi bur i 2. og 3. etasje med inngang i 2. etasje.

Då prosjektet — som venta — framleis var forseinka på flyttedato, trekte Tryg lovnaden om vidare bortebuing:

Dei endra vilkåra

Fasade

30. september 2015 (klikk for større versjon).

30. september stod vi der med kattar og koffert, og ingen balkongar. I tråd med e-posten veka i forvegen skulle dette utløyse vidare bortebuing. Men då vi tok kontakt med Trygs prosjektleiing om det gjenståande arbeidet, vart vilkåra med eitt endra til at «det er adkomst», altså at vi hadde tilgang til inngangsdøra. Vi måtte brevveksle litt, men det vart stadfesta: Dette var «uavhengi[g] av om de rekker å montere ferdig balkonger- Nødvendig adkomst skal være på plass for dere», og dette var no det nye vilkåret for å «flytte inn i dag».

Dette var berre siste episode i ei veke med ikkje-avklaring, skiftet verka tilfeldig, og kunne sjølvsagt ikkje takast seriøst, så vi flytta ikkje heim. Etter ein telefon frå burettslaget til prosjektleiinga innvilga Tryg då éi ekstra natt i eksilet (tilfeldigvis mogeleg, sidan betalt av innbuforsikringa hjå Sparebank1). Neste dag, torsdag 1. oktober, kom vår balkong som den einaste midt på rekkjehuset, og meir kom heller ikkje på den sida av helga.

Derfor spurde vi fredag 2. oktober om kven vi snakkar med for å få rekvisisjon dersom vi treng hotell (Tryg skulle jo dekkje bortebuing ved forseinkingar), men fekk ikkje svar på dette. I staden fekk vi beskjed om at vi hadde fått balkong, dermed hadde vi «rømningsmulighet ut på denne balkongen», og det var «klart for dere å flytte inn». Litt betre vilkår enn 30. september, altså.

Brennande fasadeSamstundes vart vår påpeiking av uferdig kjøken kvittert med eit «skulle det mot formodning gjenstå noe på kjøkkenet», jaja.

Så vi bad om forståing for at vi la til grunn meldinga vi hadde fått førre veke om at rømmingsforholda skulle vere klare og det dermed ville verte klart for innflytting, og spurde for skams skuld om korleis ein einsleg balkong i 3. etasje ville fungert som rømmingsveg på dette biletet frå desember. Vi fekk svar kl. 16:28:

Det er nå med ny balkong etablert en rømningsvei til dere ut [p]å balkong. Dette er i utgangspunktet slik dere hadde før det brant.

Vi tok e-posten «til etterretning», men peikte på at påstanden om tidlegare balkongar ikkje var korrekt. Før brannen var det mogeleg å hoppe over gelenderet til nabobalkongane, fordi det fanst nabobalkongar. Hopp over gelenderet no 2. oktober, og du ville lande ein heilt annan stad.

Refunderte utlegg

Dette var fredag 2. oktober etter arbeidstid, på tredje dagen etter at vi opphavleg hadde vorte kommanderte heim. Arbeidet var forseinka, vilkåra var endra, Trygs folk svarte ikkje på hotellspørsmålet, dei skreiv merkelege ting om balkongane, finansieringa av mellombels bustad frå forsikringshald var uavklart, og vi var nauta slitne etter ein ti månader lang unntakstilstand som evakuerte og ein nesten like lang periode der vi hadde prøvt å kommunisere med Trygs folk.

Så hadde dei på sparket gått tilbake på lovnaden om fungerande rømmingsveg ved innflytting og lovnaden om vidare bortebuing dersom dei ikkje rakk fristen. Samstundes var det ikkje lenger praktisk haldbart, korkje for menneske eller kattar, å bu på eksiladressa, som nemnt i oktober.

Dermed enda vi opp den fredagskvelden med å kjøpe ein vindaugsbrannstige, og flytta heim neste dag. Det var ei enkel løysing. Slik kunne vi kompensere for den manglande balkongrekkja på framsida av huset og få oss ut gjennom vindauget på baksida om det skulle trengast. No på fredagskvelden og i helga var det ikkje vits i å prøve å få innkjøpet førehandsavklart. Men då vi rapporterte inn utlegga våre i november, sende vi for dokumentasjonen si skuld inn eit krav likevel:

Tryg trakk lovnaden om fungerende rømningsvei ved innflytting, og foreskrev at ved brann à la den i desember kan man rømme ut til en enslig balkong midt i røyken uten å komme seg videre. For å ivareta brannsikkerhet anskaffet vi derfor brannstige.

Den 2. desember kom svaret. Tryg ville dekkje nesten alle utgiftene, men ikkje vindaugsbrannstigen. Dette var som venta, og ein slik brannstige burde vi nok kjøpt oss uansett. Vi var dessutan nøgde med å få dekt nesten alle dei andre ekstrautgiftene med heimflyttinga og den tidlegare sementstøv-fadesen. Det einaste smått uventa var grunngjevinga. Eg tillèt meg å sitere såpass fordi meldinga ikkje var privat, men vart send som saksdokument internt i forsikringsselskapet, signert av prosjektleiinga deira for byggjearbeidet:

For punktet om dekking av kostnad til egen rømningsstige for perioden fra innflytting og til at permanent rømningsstige var montert, mener vi ikke skal refunderes.
Dette var et innkjøp dere har gjort uten nærmere avklaringer. Ved rømning i denne perioden så var den helt lik det som var tilfelle før brannskaden og lik den som i dag er for alle de øvrige rekkehus leiligheter i Risvollan BL.

Fyrst, jf. fyrste setninga: Her vert det fortalt at vi skaffa oss vindaugsbrannstige i påvente av permanent montert stige (i balkongrekkjeendane). Det er feil. Dette handla ikkje om dei framtidige brannstigane (som ikkje fanst før brannen heller), men om at Tryg hadde vore uberekneleg med vilkåra sine. Hadde stigane vore der, måtte vi same kva hatt vengar for å få oss dit eller nokon annan stad frå vår einsame balkong.

Hopp i bålet

Men så var det den siste setninga, som var ei gjentaking av svaret frå 2. oktober over. Tryg seier at denne einsame balkongen, fotografert 1. oktober 2015:

Einsam balkong midt på veggen

er ved rømming heilt lik ei balkongrekkje der ein kan hoppe over gelenderet og få seg over til naboen, som på dette biletet 35 timar etter brannen (vi har dessverre ikkje bilete av den uskadde balkongrekkja før brannen):

Balkongrekkje der ein kan ta seg over til naboane

Her er til jamføring den nye — om enn ikkje finpussa — balkongrekkja med sidevegs rømming, fotografert same dag som ho var på plass, 7. oktober 2015:

Balkongrekkje

Den viktigaste skilnaden i dag (ferdig balkongrekkje) frå slik det var før brannen, og frå slik det er elles i burettslaget, er materialtype og at det no er port mellom balkongane — desse er enno ikkje monterte på det siste biletet. Låshendelen på portane sit elles så hardt fast at ein treng bortimot hammar for å opne dei, og det kan vere kjappare å berre hoppe over gelenderet (no: porten), slik som før.

Prosjektleiinga skreiv på vegner av Tryg den 2. desember 2015 at ved rømming var det allereie den 2. oktober heilt likt med slik det var før brannen. Det var jo ikkje sant, og både forsikringsselskapets folk og vi sjølve visste at det ikkje var sant.

Men nettopp denne gjentakinga den 2. desember av svaret frå den 2. oktober er grunnen til at det er interessant å blogge om det.

Så kom løyvet

Vi fekk lese ei merkeleg situasjonsskildring 2. oktober.

Men den 7. oktober var altså heile balkongrekkja på plass, berre utan dei siste detaljane. Dermed kunne prosjektet den 9. oktober søkje kommunen om mellombels bruksløve, det les vi i bunken med saksdokument som vi har fått sjå i ettertid. Søknaden den 9. oktober femnde om fire adresser, inkludert vår adresse. Dette var ei veke etter at vi hadde flytta heim etter press frå forsikringshald. Søknaden vart innvilga av Trondheim kommune 23. oktober med tilvising til den byggtekniske situasjonsrapporten i søknaden frå 9. oktober. Omstenda i den situasjonsrapporten var ikkje oppfylte på flyttetidspunktet 3. oktober.

Vi har spurt ansvarleg søkjar om kva slags løyve eller dispensasjon som fanst for vår adresse før den 23. oktober. Svaret frå ansvarleg søkjar er at det vart «innvilget midlertidig brukstillatelse 23.oktober 2015». Det svaret vart elles sendt i kopi til rett instans i Tryg (prosjektleiinga), som ikkje har kommentert det.

Ansvarleg søkjar la til at vedkomande ikkje har oversikt over når folk flyttar inn eller eventuell grunngjeving for dette. Som nemnt over, var grunngjevinga frå Trygs kant i vårt tilfelle (men berre etter at dei ombestemte seg 30. september) at «det er adkomst» og at dette gjeld «uavhengi[g] av» føreskriven rømmingsveg, og (2. oktober og 2. desember) at ved rømming var den frittståande balkongen ekvivalent med balkongrekkje.

Oppsummering

Lat oss oppsummere dei fire hovudpunkta:

Fyrst måtte det ventast til flyttedato med å sjå om dei førehandsvarsla flyttevilkåra var oppfylte. Dermed måtte det avgjerast etter flyttetidspunktet om det skulle verte flytting eller ikkje. Dette er i hovudsak dekt av ein bloggpost frå slutten av september.

Då vilkåra ikkje var oppfylte på planlagd flyttedato, vart vilkåra omgjorde, slik at det som tidlegare hadde uferdig-stempel, no i staden fekk ferdig-stempel. Vilkåra om rømmingsveg galdt ikkje lenger, og vi skulle flytte inn «uavhengi[g] av dette».

To dagar seinare vart det servert ukorrekte opplysningar om noko så prosaisk som balkongar. Dette vart gjenteke to månader seinare.

Og for det fjerde vart det ved å trekkje nokre lovnader lagt press på oss for å flytte heim ei veke før det vart søkt om mellombels bruksløyve, og medan omstenda for situasjonsrapporten i den framtidige søknaden enno ikkje var til stades. Dette sjølvsagt med atterhald om at vi har fått korrekte opplysningar frå ansvarleg søkjar om manglande dispensasjon og mellombels bruksløyve.

I neste bloggpost skal vi sjå på arbeidet med kjøkengolvet og nokre sider av den saka som ikkje er omtalte frå før. Der skal vi også sjå på kva som skjedde då Tryg sentralt las bloggposten om det i november.

– – –

Tidlegare bloggpostar om brannen:
1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet – 6. Reparasjonar tek tid – 7. Nei, vi har ikkje flytta heim – 8. Nedteljing på overtid – 9. Vi har flytta heim – 10. Støv kan ikkje flyge oppover – 11. Eitt år sidan brannen – 12. Eit hjartesukk om mysteriet med framandfolk i kjellaren – 13. Om forsikringsselskapet og då kjøkenet skulle kjøpast

Oppdatert 30.3.2016 og 1.5.2016: Har endra ordvalet på nokre stader som handlar meir direkte om Trygs representasjon gjennom prosjektleiinga.

Read Full Post »