Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mars 28th, 2016

Dette er den tredje og så langt siste planlagde bloggposten i miniserien om Tryg Forsikring si rolle i det som skjedde etter brannen. Vår kontakt med dei har primært gått via den lokale prosjektleiinga, som har vore direkte engasjert av Tryg, og som har representert dei. For meir bakgrunn sjå starten på den fyrste av desse tre bloggpostane.

Bakgrunn

Tryg Forsikring hadde forsikra bygningsmassen i Risvollan Borettslag, og finansierte reparasjonane etter brannen. For oss finansierte dei også bortebuinga og kjøkenet som måtte erstattast.

Arbeidet med kjøkengolvet er omtalt relativt detaljert i bloggposten Støv kan ikkje flyge oppover frå november 2015. Les gjerne den bloggposten fyrst, eller skum gjennom bilettekstane.

Etter at eg skreiv den bloggposten, vart eg oppringd frå sentralt hald i forsikringsselskapet. Det skal eg fortelje om seinare i bloggposten.

Bakgrunnen kort oppsummert: Golvleggjarane frå Sverresborg Malerservice fjerna ikkje golvlistene før dei fjerna det gamle golvbelegget, før dei avretta golvet, eller før dei la det nye golvbelegget. Dermed har kjøkenet no groper langs veggene, golvlister som er delvis nedstøypte i golvet, og eit påflikka krater. Det vart også mykje sprut og søl som berre delvis er ordna etterpå.

Sverresborg Malerservice har forklart at dei valde denne arbeidsmåten nettopp fordi det var ei forsikringssak. I forsikringssaker fjernar dei ikkje golvlistene, fordi slikt kan medføre skade på tapet som går bak lista, og det tok dei ikkje sjansen på. (Og dessutan trong dei snikkar og elektrikar sa dei. Fagfolk fortel at dette er feil.) I staden for å ta sjansen på å kanskje skade gammal tapet ville dei heller lage eit splitter nytt golv med gropdanning langs veggene der elektrisk kabel og gamle golvlister vart delvis nedstøypte (før noko av dette måtte fjernast igjen).

Korleis forsikringsselskapet forheldt seg

Eg har allereie nemnt at forsikringsselskapet var Tryg. Forsikringsselskapet er relevant her av fleire grunnar. Den fyrste er sjølvsagt at Tryg var overordna oppdragsgjevar:

For ved forsikringssaker har Sverresborg Malerservice altså ein uttalt politikk som i praksis kan medføre at ting ikkje skal tilbakeførast til det som svarer til tilstanden før skade. Dei ville ikkje eingong gje oss sjansen til å ta stilling til kva som var viktigast for oss: å unngå groper og nedstøypte golvlister i det splitter nye golvet, eller å heilgardere seg mot hypotetisk skade på gammal tapet.

Dette fekk vi ikkje ta stilling til fordi dei meinte at vi ikkje var relevant part i saka. Oppdragsgjevaren deira var nemleg ikkje vi, men entreprenøren Norgeshus Fredheim & Paulsby (vi har generelt eit godt inntrykk av dei), som i sin tur var engasjert av Tryg Forsikring. På synfaringa 14. august 2015 understreka forsikringsselskapet at dei ikke vil leggje seg opp i arbeidet. Det ville forresten heller ikkje oppdragsgjevaren.

Tryg understreka også at vi dessutan ikkje hadde noko anna val enn å la golvleggjarane reparere på sin eigen måte no. Litt meir om dette under.

List og kabel

For å heilgardere seg mot hypotetisk tapetskade støypte Sverresborg Malerservice botnen av denne og andre vegglister ned i avrettingsmassen og la golvbelegget rundt. Kabel med same lagnad.

Som eg fortalde om i ein annan bloggpost her om dagen, hadde vi fått bestilt ny kjøkeninnreiing som stod på lager på den tida. Den nye kjøkeninnreiinga er, med unntak av eit par mindre tilpassingar til dagens vareutval, funksjonelt og inndelingsmessig identisk med den som gjekk tapt. Av utsjånad er dei òg nokså like, men materialtypen frå den gamle finst ikkje lenger på marknaden. Vi hadde fyrst eit etter måten billig kjøken på handa, men Tryg påla oss å bruke ein annan og noko dyrare leverandør, som forklart i den nemnde bloggposten.

Så kom altså datoen for synfaringa, vi hadde reklamert på kjøkengolvet m.a. på grunn av problema som gropene ville medføre i framtida, og forsikringsselskapet gav no klar beskjed om to ting: For det fyrste skulle vi få ein frist på å avgjere om vi gjekk med på at Sverresborg Malerservice reparerte på sin måte fyrst utan å fjerne gropene. For det andre hadde Sverresborg Malerservice krav på å reparere på sin måte fyrst utan å fjerne gropene. Derfor gav vi like etter synfaringa sjølvsagt tilbakemelding om at ja, då må dei få lov til å prøve sin måte fyrst. Vi hadde jo ikkje noko val.

På synfaringa stilte også forsikringsselskapet seg negativt til at vi i det heile teke skulle reklamere på kjøkengolvet. Grunngjevinga: Vi hadde jo fått ei relativt dyr kjøkeninnreiing. Vi prøvde å nemne at dette var etter pålegg frå Tryg, og at den gamle materialtypen ikkje kunne skaffast lenger, men eg trur ikkje at dette nådde gjennom, for stemninga var allereie meir enn amper.

Målarfirmaet

Når eg nemner Tryg og Norgeshus Fredheim & Paulsby, er det også ryddigast å nemne, som eg allereie har gjort, at golvleggjarane kom frå Sverresborg Malerservice. Etter eiga eksplisitte utsegn vel det firmaet andre arbeidsmåtar i forsikringssaker enn elles. I vårt tilfelle vart det altså groper og nedstøypte gamle golvlister i splitter nytt golv for å unngå hypotetisk tapetskade, utan å la eigaren få høve til å ta stilling til det eller betale seg opp.

Det må nemnast her at vi også har høyrt visse godord om kompetansen deira frå fagfolk som har lengre røynsle med dei. Vi har dessutan heilt konkret sett med eigne auge kor fint og flatt golvet vårt vart, og særleg den eine golvleggjaren var veldig dyktig m.a. med tilskjeringa langs ein bogevegg. I ein tidlegare bloggpost har eg også nemnt at vi opplevde dei som profesjonelle. Det er såleis mangt som indikerer at det vi opplevde av handverk og rare påstandar, ikkje berre var ein lang serie med arbeidsuhell, for så inkompetente er dei rett og slett ikkje.

Sverresborg Malerservice si eiga forklaring på arbeidet, med Trygs representant nikkande til stades, er som nemnt at dette var ei forsikringssak, og då «bruker vi å gjere det sånn». At Sverresborg Malerservice, som dei einaste handverkarane i heimen vår på desse ti månadene, ikkje såg på dei som bur og eig på staden som relevante (alle andre tok oss med på råd), vart samstundes grunngjeve med at dei hadde fått oppdraget via Trygs entreprenør (Norgeshus Fredheim & Paulsby), ikkje frå oss utanforståande. Vi tviler ikkje på at Sverresborg Malerservice snakkar sant om akkurat dette.

Burettslaget

Då vi snakka med burettslaget før reklamasjonssynfaringa, var den eine kommentaren at golvet skal jo helst tilbakeførast til slik det var før skaden oppstod, sjølv om folk har ulike løysingar omkring.

Burettslaget, som var Trygs kunde, var representert på synfaringa. Spørsmålet då var i og for seg aldri korleis golvet var lagt hjå oss før skaden (det visste jo alle), men burettslaget fekk spørsmål om korleis golv har vorte lagde elles i burettslaget. Svaret var at somme har gjort det sånn, og andre har gjort det sånn. Og det var det.

Blokkert golv

Blokkert kjøkengolvDen 24. august kom den nye kjøkeninnreiinga. Dette skjedde utan å snakke med oss, vi fekk berre ein e-post frå kjøkenleverandøren om at arbeidet no var i gang. Dermed vart kjøkeninnreiinga montert på eit golv som vi hadde reklamert på. Dette skjedde før utbetringsarbeidet hadde kome i gang, og det var ikkje før vi peikte på dei manglande utbetringane at noko skjedde — uvisst om det var nokon samanheng.

Men no var jo delar av dei lovde utbetringane effektivt blokkerte, og ikkje minst hadde det vorte praktisk umogeleg å utbetre golvet på den måten som vi opphavleg hadde bede om: leggje golvet på skikkeleg vis. Ein del av det som Sverresborg Malerservice hadde lovt å fikse etter reklamasjonen, fiksa dei aldri, sjølv om det ville vere mogeleg også med kjøkeninnreiing på plass. Og golvet har framleis groper, men no med silikon langs kantane.

På synfaringa 14. august hadde det vorte avtalt at når Sverresborg Malerservice er ferdige med reparasjonane sine, skulle vi få lov til å vurdere resultatet. Men kva skulle føremålet vere, kan ein spørje, for no hadde jo alt vorte blokkert. Vi sa ifrå til Trygs prosjektleiing, entreprenøren og kjøkenleverandøren same dag, den 24. august, om at det som skjedde no, var problematisk, sidan reparasjonsarbeidet enno ikkje var utført. Vi høyrde aldri noko tilbake frå Tryg eller deira folk.

Og nei, vi er heller ikkje nøgde med reparasjonane. Men no hadde vi stanga hovudet i veggen hjå Tryg så mange gonger (og dette var jamvel før flytteprosessen), og saka hadde vakse seg så stor, at når dette kom attpå, følte vi oss rådville. Det å lage ei oversikt over det som hadde skjedd, måtte rett og slett få forrang, og dermed kom bloggposten Støv kan ikkje flyge oppover i november.

Korleis kunne det skje at kjøkeninnreiinga landa på golvet på denne måten? Jau, det var nokre som hadde hatt «ein dialog», som dei sa. Dermed hadde entreprenøren låst inn kjøkenmontøren med ein nøkkel som vi hadde lånt dei for å låse inn han som skulle utbetre golvet, og seg sjølve når dei skulle ordne vindaugskarmar og listverk der.

Utviklinga etterpå: kontakt med Tryg

Fram til november 2015 gjekk kontakten med Tryg via prosjektleiinga lokalt, jf. innleiinga i den fyrste bloggposten i denne miniserien. Der fortalde eg òg at eg har venta med desse siste bloggpostane fordi vi har følt oss avhengige av velvilje frå Tryg, og fordi vi også — no den seinare perioden — har hatt ein dialog med dei. Den dialogen har vi hatt med Tryg sentralt. Men etter kvart fekk vi oppdage at denne dialogen må ha vore ei overtolking frå vår side. Her kjem historia om korleis kontakten har vore med Tryg sentralt:

Etter at eg blogga om kjøkenarbeidet i Støv kan ikkje flyge oppover, sende eg lenkja til Tryg Forsikring via kontaktskjemaet på nettsidene deira saman med ei kort melding:

Dette skjemaet ber meg markere om eg er privat- eller bedriftskunde. Eg er ikkje nokon av delane i denne samanhengen, men har likevel fått merke kva det går ut på å vere forsikra i Tryg. […] Kan Tryg fortelje oss korleis dei stiller seg, og kva dei vil tilrå som løysing?

Det er viktig å presisere her at meldinga gjekk til Tryg fordi Sverresborg Malerservice er underleverandøren til Norgeshus Fredheim & Paulsby, som igjen er Trygs leverandør. Trygs prosjektleiing hadde sagt på synfaringa i august at ved reklamasjon er det Tryg sentralt som må ta stilling til kva som skal skje. At vi då ikkje gjekk via prosjektleiinga etter alt vi hadde opplevd der, seier seg kanskje sjølv.

Det kom fort svar frå Trygs kundesørvis med takk for god lesnad, og ei vekes tid etterpå, fredag 20. november 2015, kom den fyrste telefonen frå sentralt hald i forsikringsselskapet. Med «sentralt hald» meiner eg eit stykke oppe i hierarkiet på nasjonalt plan. Han ringde for å seie ifrå om at han skal sjå på saka og kjem tilbake måndag.

Måndag 23. november ringde Tryg igjen. Denne gongen var det ein annan langt oppe i hierarkiet. Han hadde lese bloggposten, og «det ser ikkje pent ut». Så dette ville dei ordne opp i, slik at vi kunne få oppleve ei hyggjelegare side ved Tryg enn vi hadde opplevt hittil.

Eg fortalde at eg skulle ut på jobbreise frå neste ettermiddag av og ut veka. Vi var dessutan slitne, og var enno ikkje heilt installerte. Men det var ein utruleg hyggjeleg samtale, og ting såg ut til å skulle ordne seg. Endeleg var kommunikasjonsproblema over. Det som skulle til, var å ta kontakt med Tryg sentralt.

No skjedde ting fort. Allereie neste dag, 24. november, kom det ein e-post frå forsikringsselskapet om å sende inn saka på nytt, men no med skadenummer:

Vennligst send inn på nytt med skadenr slik at vi kan finne saken.
Dersom ny skade ring oss på 04040 eller meld den på tryg.no slik at vi får den info vi trenger. Vi har ikke kapasitet til å ta vare på/følge opp mailen til du kommer tilbake så denne mail slettes.

Sidan saka skulle sendast inn på nytt, og ikkje berre supplerast, svarte vi neste dag via kontaktskjemaet på nettsidene deira, og la ved det som vi med visse atterhald mistenkte kunne vere skadenummeret:

[…] det gjeld altså bloggposten min om det nye kjøkengolvet (https://jardar.wordpress.com/2015/11/10/stov-kan-ikkje-flyge-oppover/), og spørsmålet om kva Tryg vil tilrå.

Dette takka dei for, og kvitterte med at saka no var oversend til skadeavdelinga, som ville ta kontakt. Vi fekk samstundes beskjed om å ta direkte kontakt med skadeavdelinga ved spørsmål.

Så vart det stilt. Den 2. desember fekk vi svar frå anna hald om det tidlegare innsende kravet om å få dekt utlegga i samband med sementstøvfadesen og den omskiftelege flytteprosessen, altså den refusjonen som er omtalt i førre bloggpost. Men elles var det stilt.

Vi prøver på nytt

Tre månader seinare hadde Trygs skadeavdeling enno ikkje teke kontakt. Den 25. februar 2016 kontakta vi derfor skadeavdelinga på den e-postadressa vi hadde fått opplyst 25. november, og la ved tidlegare korrespondanse med mistenkt mogeleg skadenummer og alt:

Jamfør dei tre siterte meldingsutvekslingane under (den eldste er nedst). Har det skjedd noko meir i denne saka? Eg har ikkje høyrt noko meir etter at eg vart beden om å sende saka inn på nytt 24. november og fekk kvittering på dette 25. november.

Vi fekk dette svaret:

send inn på nytt med skadenr

Som sagt, så gjort. Men ettersom vi allereie hadde gjort dette via e-posten dagen før, var spørsmålet også, ja rett og slett: Skulle vi sende inn på nytt via e-post eller via kontaktskjemaet?

Det vart stilt. Ei veke seinare, den 3. mars, tok vi kontakt med den eine av dei to som hadde ringt i november. Visste han kvar saka var i systemet? Svaret kom neste dag: Han hadde no spurt seg føre, og fått opplyst frå internt hald at vi allereie hadde fått utbetalt eit beløp i desember, har vi fleire krav mot Tryg?

Det trongst vel berre ei påminning om kva saka handla om. Vi svarte at den utbetalinga «handlar om utlegg i samband med flytting, vask m.m.», medan herverande sak gjeld den bloggposten frå november: Spørsmålet er korleis Tryg stiller seg og kva dei vil tilrå i samband med at Sverresborg Malerservice utførte arbeidet på denne måten fordi det var forsikringssak, og ikkje ville rekne oss som relevant part fordi dei var engasjerte av Trygs entreprenør. Vi minte også om telefonsamtalane i november.

Etter dette har det igjen vorte stilt frå Tryg — bortsett frå at eg i samband med denne og dei to føregåande bloggpostane har bede om, og fått, ei presisering om forholdet mellom Tryg, prosjektleiinga og eit eksternt føretak.

Det spørsmålet som vi stilte for fire månader sidan, og som ligg til grunn for heile denne bloggposten, var: «Kan Tryg fortelje oss korleis dei stiller seg, og kva dei vil tilrå som løysing?» Men vårt problem er sjølvsagt at vi personleg ikkje er kundane deira. Vi har berre fått merke på kroppen, slik eg har skrive om i denne og dei to føregåande bloggpostane — og i somme tidlegare bloggpostar — korleis det er å vere omfatta av ei forsikring i Tryg, og korleis det er å ha i hus ein underleverandør av Trygs leverandør, der underleverandøren ikkje vil forhalde seg til oss. Og når vi korkje er kundar den eine eller den andre staden, så vert ein fort usynleg, det forstår vi.

– – –

Tidlegare bloggpostar relaterte til Tryg Forsikring:
Nedteljing på overtid (29.9.2015)
Vi har flytta heim (7.10.2015)
Støv kan ikkje flyge oppover (10.11.2015)

Og i denne miniserien:
Om forsikringsselskapet og då kjøkenet skulle kjøpast (24.3.2016)
Bålhopping (25.3.2016)

Tidlegare bloggpostar om brannen:
1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet – 6. Reparasjonar tek tid – 7. Nei, vi har ikkje flytta heim – 8. Nedteljing på overtid – 9. Vi har flytta heim – 10. Støv kan ikkje flyge oppover – 11. Eitt år sidan brannen – 12. Eit hjartesukk om mysteriet med framandfolk i kjellaren – 13. Om forsikringsselskapet og då kjøkenet skulle kjøpast – 14. Bålhopping

Read Full Post »