Som kjent opplevde vi å ha Sverresborg Malerservice inne på kjøkenet vårt. Deretter var Tryg sentralt imøtekomande, før dei trenerte saka i rundt eit halvt år og til slutt stoppa heile greia, dikta opp ei ferdigbefaring, og kravde at burettslaget måtte inn som part dersom noko skulle skje.
Vi fekk eit møte med burettslaget i sommar. På grunn av omfanget på tilstandane meinte burettslaget at det ville vere større sjanse for at Tryg gjekk med på å gjere noko med det dersom vi gav slepp på noko av det som Sverresborg Malerservice hadde etterlate seg, slik at vi dermed liksom viste velvilje. Så vi avgrensa oss strategisk til å få utbetra dei vollgravene langs veggene som Sverresborg Malerservice hadde laga ved å støype golvlistene ned i golvet under golvavrettinga. I tillegg var det ein detalj med ein kraterreparasjon på golvet som ikkje var heilt tett. Vi sløyfa dermed slipt panelvegg, veggsprut av avrettingsmasse og tetting av sjanglande golvgliper under kjøkenbenken (som Sverresborg hadde lovt oss høgt og høgtidleg å tette).
Medan vi var på Sunnmøre i august, ringde telefonen. Det skulle kome ein handverkar frå eit profesjonelt firma. No måtte dette rettnok vente til vi var tilbake.
No i november skjedde det. Då var det eit år sidan Tryg sentralt byrja å trenere saka aktivt, og femten månader sidan Sverresborg Malerservice stod og skrøna til oss om så mangt. Reparasjonsarbeidet var gjort på éin dag. Vollgravene er no fylte og tetta, og oppå dei har vi fått lister som korkje treng silikonfuge eller vaskelist utanpå seg. Og vi fekk ikkje eingong tapetskade, som jo Sverresborg Malerservice hadde vore så redde for. Jau då, vi trur gjerne at Sverresborg Malerservice ville ha greitt å lage tapetskade, men dette andre handverkarfirmaet fekk det altså ikkje til.
Eg håper at denne bloggposten vart den siste i serien om brannen.