Vi sat heime i sofaen og snakka. Plutseleg sa det pang. Eller knall. Det høyrdest ut som ein krutlappistol (for dei som er gamle nok til å hugse), berre mykje meir intenst. Og det kom frå området der skrivaren står oppstilt.
Kattane reagerte bekymra, og vi gjekk for å undersøkje saka. Skrivaren var avslegen og straumlaus, så det kunne i alle fall ikkje vere noko der som small, i alle fall ikkje noko elektrisk.
Pus har brukt å hoppe oppå skrivaren når ho skal vere rampete, så kunne det vere glasplata til skannerdelen som brast? Nei, glasplata var heil.
Og lampen attmed stod og lyste fredeleg. Ikkje lukta det brent frå lampebrytaren heller.
Så såg vi det: Nivoltsbatteriet bak på skrivarbordet hadde eksplodert. Smellet kom truleg då det trengde seg gjennom plasten som det låg i. Og det var varmt.