Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for august 26th, 2019

IPA-tastaturoppsett 2.2

I lengre tid har eg flikka på ein ny versjon av IPA-tastaturoppsettet, og etter at eg fekk på plass ein ny versjon av Utvida norsk på føresommaren, har det gått radigare med IPA-oppsettet òg, og eg har fått prøvt ut nokre betaversjonar undervegs. No er versjon 2.2 her.

Tastaturoppsettet kan lastast ned her.

Oppsettet gjer at ein kan skrive IPA-lydskrift direkte på Mac-tastaturet. Ein kan sjølvsagt i staden bruke løysingar med teikntabellar og klikke på einskildteikn der, men nokre av oss som skriv mykje lydskrift når vi fyrst er i gong, kan synast det er greiare å bruke tastaturet. Til dømes kan ein få ʃ ved å trykkje ⇧S, eller ein kan finne ʂ på ⌥S. Oppsettet er tilpassa norske Mac-tastatur, slik at ein t.d. finn teiknet æ på nettopp Æ-tasten.

Med tasten ⇧ nede vert desse teikna tilgjengelege. Raude tastar er daudtastar, som ikkje lagar teikn direkte på eiga hand, t.d. tasten ^.

Dei veldig store endringane i IPA-oppsettet har det ikkje vore i 2.2, men litt er det. Lat meg nemne dei viktigaste. (Og hugs at ein treng fontar som støttar desse teikna for å kunne lese dei, så om noko ser rart ut, kan der vere derfor.)

Symbol med diakritiske teikn vert laga på dei same måtane i denne versjonen som i førre, anten teiknet er førehandskomponert i Unicode, slik som [ê] (trykk ^, som er ein såkalla daudtast, og deretter e), eller skal setjast saman der og då, som [æ̂], altså æ med kombinerande cirkumfleks (trykk æ, deretter ^, deretter det som til vanleg er anten apostroftasten eller «mindre enn»-tasten).

I IPA er det slik at dersom eit diakritisk teikn skal stå under eit bokstavteikn, men så har bokstaven underlengd, så kan det diakritiske teiknet i staden skrivast over bokstavteiknet: Ustemd [n̥] men ustemd [ɡ̊]. Støtta for slikt har vorte utvida litt i denne versjonen, m.a. for teikna «meir runda» og «mindre runda»: [y͗ y͑].

Det har òg kome til nokre ekstra parentesar i oppsettet, og dei ulike pilene og tonesymbola har vorte enklare tilgjengelege.

Det er lagt inn nokre ekstra extIPA-teikn for taleforstyrringar, t.d. Ⓕ for usikkert identifisert frikativ, oɡ nokre ekstra VoQS-teikn for stemmekvalitet, t.d. ꟿ for spasmodisk dysfoni. Og til detaljkontrollen på det typografiske planet er det lagt inn to teikn, word joiner og zero width non-joiner, som er nærare omtalte i bloggposten om nye Utvida norsk, og som òg sjølvsagt er nemnde i «read me»-fila.

Tastaturoppsettet kan lastast ned her.

For dei som ikkje alltid vil skrive IPA på tastaturet, men som gjerne klikkar i tabellar, kan eg tilrå IPA Palette, eller den OS-uavhengige nettressursen til Weston Ruter.

Ein gammal bloggpost av relevans: Lydskrift på Mac.

Read Full Post »