Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for november 9th, 2020

Mistenkte kraftig formant

På biletet ser vi ei melding som politiet sende ut på Twitter i 2015, og som eg las med stor undring den gongen. Eg forstod rett og slett ingen verdas ting dei fyrste sekunda. Noko seier meg at fleirtalet av lesarane her på bloggen ikkje kan forstå kvifor dette vart så vanskeleg.

Fyrverkeri beslaglagt. Mistenkte kraftig formant.

Eg har teke utskrift og vist denne meldinga til fleire, og det er eit veldig klart mønster i fagprofilen til dei som må tenkje seg om ein ekstra gong.

Her er svaret for dei uinnvigde: Då eg las den twittermeldinga, hadde eg store problem med å forstå kvifor politiet mistenkte ein kraftig formant.

For språkvitarar er ein formant ein akustisk energitopp i talesignalet. Ein kan litt enkelt seie at når vi uttaler ein «i» og ein «a», så er dei litt som to forskjellige akkordar i musikken (dette var eigentleg veldig forenkla sagt). Kvar av vokalane er nemleg oppbygd av ei blanding av ulike lydfrekvensar. Ulike frekvenskombinasjonar gir ulike vokalar. Korleis desse frekvensane oppstår i taleorgana, skal eg ikkje gå inn på.

Det neste biletet er ei framstilling frå den fonetiske programvara Praat, som fekk i oppdrag å teikne spektrogrammet (frekvensoppbygginga) av stemma mi medan eg sa «iiiii» og deretter «aaaaa» (lydskrift: [iːː] og [ɑːː]), med glidande overgang mellom dei. Opptaket er til saman ca. 3,2 sekund langt, vist frå venstre mot høgre, og oppover har vi det undersøkte frekvensområdet frå 0 til 5000 Hz (til samanlikning sa eg dette med eit monotont stemmeleie på ca. 137 Hz, som svarer til ca. ciss/dess i vesle oktav). Eg har teikna inn raude piler for dei to lågaste formantane, som heiter F1 (den nedste av dei) og F2, og som er viktige for å høyre skilnad på desse vokalane. Kvart av dei mørke banda bortover på biletet svarer til ein formant i språklydane. (Teksten «Frequency (Hz)» og «Time (s)» er flytta litt for å kome med i biletutsnittet.)

spektrogram

Pilene viser dei to nedste formantane medan eg seier «iiiii» og «aaaaa».

Formantar er ein eigenskap ved vokalar og nokre konsonantar, utan at eg skal gå noko nærare inn på dette. Sidan det berre er to vokalar her, var dette eit etter måten enkelt spektrogram.

Det finst dei som arbeider med slike ting meir på det jamne. Personleg bruker eg slikt fyrst og fremst som støtte for å «lese» kvar vi er i eit talesignal, t.d. kvar ein språklyd sluttar og neste byrjar. Slik ser spektrogrammet ut når eg seier «burettslag» sakte og nesten overtydeleg:

spektrogram

Ordet «burettslag».

For oss språkfolk er formantar ein del av akustisk fonetikk. Det var folk med kompetanse i fonetikk og fonologi som måtte tenkje seg om ein ekstra gong då eg viste dei twittermeldinga frå politiet. Vi såg straks fagtermen, som vi har eit mykje tettare forhold til enn det å formane.

Read Full Post »