Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for februar 2021

Men det var ikkje diskhavari

Det var nokre spanande dagar. Eg har ein berbar Mac av den gode, gamle sorten, der ein kan skifte ut komponentar sjølv. Men ein sundag kveld tidlegare denne månaden byrja Macen å gå skikkeleg sakte. Eg rakk å avslutte dei fleste programma, og så kræsja han berre. Då eg prøvde å starte han igjen, fann han ikkje disken. Blinkande spørjeteikn og blinkande forbodeteikn. Han såg i og for seg disken då eg starta med oppstartsveljaren (trykte ⌥ under start for å velje startdisk), men han ville ikkje starte, korkje frå hovudpartisjonen eller recoverypartisjonen.

Dette var slett ikkje hyggjeleg, for pga. smittevern skulle eg halde digital direkteførelesing frå heimekontor neste dag.

Eg starta frå nettverksrecovery eller kva det heiter på norsk, men Diskverktøy gav feilmeldingar. Med Macen i måldiskmodus (heldt nede T ved oppstart) fekk eg henta ut det viktigaste av dei filene som var nyare enn tryggingskopien, men det gjekk forferdeleg sakte, og eg måtte bruke terminalen og veksle mellom cp og cat fil > nyfil for å få det til.

Mistanken hadde sjølvsagt heile tida gått i retning av diskhavari, og eg fekk løyve utpå sundagskvelden til å halde førelesinga frå jobbkontoret i staden. Eg hadde heldigvis dei nyaste filene for hand.

Til slutt tok eg sjansen på å plukke ut disken, klokka hadde då vorte ca. 4 på morgonen. Det var 10 timar til undervisning dvs. ca. 8 timar til eg var heilt nøydd til å setje meg ned med dei siste førebuingane.

Men du milde verd: Å plukke ut disken kunne eg med fordel ha gjort tidlegare. Då eg plugga disken inn med adapter på USB-porten til Judiths Mac, så fekk eg kontakt, og ingen feilmeldingar. Kunne det vere så banalt som at den interne diskkabelen var kaputt?

Mac-innmatPå måndagen hadde eg kontakt med to instansar på jobben, ein avtaleleverandør, ein Apple-sertifisert leverandør med verkstad i Trondheim og tre andre reparatørar. Den eine reparatøren kunne gje meg gode råd om kabelkjøp, og tilbaud jamvel hjelp med det. Men den einaste som kunne få meg heilt i mål på sparket, var min nye Mac-superhelt iHospital i Oslo. Han passa jamvel på å be meg sjekke eit nummer på baksida av eksisterande kabel, for akkurat denne Mac-modellen har nemleg to variantar.

Det gjekk to dagar, og så kom kabelen i posten, og etter ei lita stund med fyrstegongsvimsing og pinsett skrudde eg saman maskina, trykte på startknappen, og vips, så fungerte Macen igjen. Bra er det, for same kveld fekk vi melding frå arbeidsgjevar om å halde oss heime igjen.

Mac-innmatBileta viser den defekte kabelen på veg ut. Handduken er ikkje meir mystisk enn at det er lurt å leggje maskina på noko mjukt når ein held på med sånt. Elles kan eg nemne at naglelakkfjernar fungerte greitt til å fjerne limet som gamlekabelen etterlét seg.

Og moralen er: Sjølv om det gjekk bra denne gongen, så er det alltid kjekt å ha tryggingskopi. Ein vert så mykje rolegare til sinns av det, også når det vert natt. Og så er det bra at det finst folk som har kablar, og det er dumt med nyare Macar som, når dei får problem, må sendast bort så lenge at ein kan verte freista til å kjøpe ny i staden.

Read Full Post »