Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juli 1st, 2021

Eg har vakse opp med besteforeldre som fortalde meg om gamle dagar på Eggesbøneset. Ofte sat bestemor Nanna med handarbeid og fortalde, eg sat i bestefarstolen, og andre tider var det bestefar John som fortalde. På denne måten fekk eg verte kjend med fortida og oldeforeldra mine i bygda, og seinare har eg lese om dei i skriftlege kjelder. Oldefaren min heitte Svein, oldemora mi heitte Oline, gjerne omtalt som Svenn-Oline, og etternamnet deira var Eggesbø.

I dag, den 1. juli 2021, er det 150 år sidan Svein Rasmus Nikolai Pedersen Eggesbø vart fødd i 1871, og den 30. desember 2021 vert det 100 år sidan han døydde, berre 50 år gammal. Om eitt og eit halv år, den 22. februar 2023, kjem det til å vere 150 år sidan kona Oline vart fødd i 1873, ho levde til 26. juli 1957. Her skal eg fortelje litt om dei.

Familie, heim og meir

Svein Pederson Eggesbø

Svein P. Eggesbø (1871–1921). Fotograf: Hulda Bentzen før 1902.
Utg. © JEA 2021.

Svein var lam i høgre handa etter å ha hatt polio som liten, og utdanna seg til snikkar på Holmøy Arbeidsskule innanfor Nordfjordeid rundt 1890. I tillegg vart han etter kvart kjøpmann, med handelsbrev frå 1899, og opna butikk på Eggesbønes. Som kjøpmann var det også han som ordna med likklede og såpe då mora Berte døydde i 1903. Han har ført i rekneskapsboka at såpa kosta 35 øre, likkledet 5 kroner.

I klokkargarden på Myklebust ikkje så langt unna Eggesbø budde det ei jente frå Orkdalen. Oline Johnsd. Øien var to år yngre enn Svein, og var tenestejente hjå onkelen sin, klokkar Anders O. Solbu. Eit anna kjent namn der i garden var lærar Olav Solbu, son av Anders og fetter til Oline. I alle fall gjekk det slik at Svein og Oline gifte seg i 1898. Huset vart bygt på ei tomt som han seinare fekk kjøpe frå bror sin, Mons, med den klausulen i skøytet at dersom Svein ikkje fekk livsarvingar, skulle Mons eller borna hans få kjøpe tomta tilbake. Dei fyrste åra mine budde eg sjølv i det huset.

Svein var glad i kona si, og var godt i stand til å skrive på rim. «En lykkestjerne / fra det fjerne» er to av linene i ei litt lengre helsing han skreiv til Oline då ho fylte 40.

Oline Johnsd. Eggesbø

Oline J. Eggesbø (1873–1957) på 1890-talet. Fotograf: Olav P. Skjevlo.
Utg. © JEA 2021.

I 1911 vart dei foreldre. Då var Oline 38 og Svein nesten 40, og sonen var det einaste barnet dei nokon gong skulle få. John Eggesbø var bestefaren min. Han gifte seg med Nanna Eksund i 1936. Dei budde i eit såkalla funkishus ved sida av huset til Svein og Oline, men historia til tomta er eldre. Som liten var eg mykje i hagen til bestemor Nanna, og då fann eg av og til smelta glas i molda. Ho kunne fortelje at det hadde stått eit hotell på tomta ein gong, men så brann det, og dette var restar av vindauga.

Tomta vart skild ut i 1918, og saman med kjøpmannskollega Gustav Evanger dreiv Svein og Oline hotell der frå 1919. Hotellet brann i 1929, og i Søndmørsposten 13. august det året kan vi lese (med litt dårleg trykk i to av orda):

Det var berre hotellet som brann ned. Det såg ogso stygt ut for huset til fru Oline Eggesbø, som stend nær hotellet [og?] det tok jamvel til å brenna [der]. Men folk fekk sløkt den elden. Dei spende segl over huset og berga det. Nokre tre som stod millom dei tvo husa tok ogso av for elden.

På dette tidspunktet var Svein allereie død. Han døydde av nyresjukdom den 30. desember 1921. På den tida var John berre ti år gammal, men Oline dreiv butikken vidare, med nevøen Sigvald Eggesbø tilsett som styrar fram til John overtok drifta i 1930. I 1933 bygde John det funkishuset der både butikk og heim skulle halde til i mange år, med bustadetasje frå 1935 av, der eg mange år seinare sat og høyrde historier om gamle dagar. Huset vart utbygt i 1959, og ombygt til leilegheiter rundt 2011. Delar av denne soga, og fleire detaljar, er omtalte i Herøyboka: Gardar og folk 2 s. 387 og Heimar og folk 4 s. 247.

Eit engasjert par

Svein sat i styret til Sunnmøre frilynde ungdomslag fram til 1912, då han takka nei til attval under stemnet på Stranda den sommaren, som 6000 deltakarar hadde funne vegen til (Møre 26.6.1912). Han vart vald inn i Herøy heradsstyre, sat i formannskapet, og vart rekna som ein av kandidatane til ordførarvervet i 1919 (Søndmørsposten 19.10.1919). Ti år tidlegare, i 1909, stod han på val til vervet som varamann på Stortinget (Møre 30.10.1909).

I Vestlandsnytt 30. juni 1942, det siste før nazistane forbaud bladet, kjem det fram at 30 år før avisa vart grunnlagd i 1935, altså rundt 1905, var det planar om ei lokalavis med Svein Eggesbø som bladstyrar. Det skulle av ein eller annan grunn ikkje gå slik.

Dagens 150-årsjubilant:
Sidan Svein var engasjert på mange felt og var føregangsmann med telefoni,
kan vi lure på om han kanskje ville smilt til denne videoen
som MyHeritage har laga av biletet.

Nekrologen i Søndmørsposten 2. januar 1922 omtaler Svein som «[e]n av Herøys mest kjendte mænd». Minnetalen frå ordføraren på heradsstyremøtet to veker etter dødsfallet vart påhøyrd ståande, står det i avisreferatet same stad 30. januar. Nær 16 år etter at han døydde, 31. juli 1937, hadde Sunnmørsposten ein reportasje frå ein tur til området, og nemner, med referanse til faren Peder Eggesbø, her nemnd som Per:

Blandt Pers sønner var avdøde Sven Eggesbø, som var like meget kjent for det store arbeide han nedla i ungdomslagene som forretningsmann. — Hans hustru, Oline Eggesbø, som delte hans mange interesser både når det gjaldt det nasjonale og det kristelige, er fremdeles like interessert i bygdens ve og vel.

Uttrykket «det nasjonale» tydde nok noko litt anna den gongen rundt unionsoppløysinga enn no. I den same reportasjen fortel ovannemnde Olav Solbu at det var han og Svein som fyrst heiste reint norsk flagg i Herøy.

Huset til Svein og Oline

Svein og Oline framfor huset sitt. Til venstre gjester frå Trøndelag. Fotograf ukjend. Utg. © JEA 2021.

Eg har vakse opp med forteljinga om at Oline dreiv telefonstasjon. Dette var den fyrste telefonstasjonen på øya som vart kopla til riksnettet, det skjedde i 1900, og ekteparet er førte som rikstelefonistar i folketeljinga det året. Bjarne Rabben fortel i Herøyboka: Bygdesoga 2 (s. 405 og utover) at Svein heldt hus til telefonstasjonen frå 1897 av (fyrste tida i snikkarverkstaden) og til stasjonen vart flytta til kommunehuset på Eggesbøneset i 1922. I eit intervju med Oline i Sunnmørsposten 10.7.1936 er det nettopp ho som trer fram i rolla som telefondame: «Da der kom telefon til Herøy blev det fru Eggesbø som styrte den i de 12 første år.» Tida her høver med at Frida Hagemann då overtok telefonarbeidet hjå dei, slik det vart føreslege i heradsstyret 16. september 1911 (Møre 23.9.1911), vi kan tenkje oss at det hadde samanheng med familieutvidinga tidlegare same år. Hagemann er ført som tenestejente hjå Svein og Oline i folketeljinga i 1910.

Reportasjen frå 1937 nemner at Oline hadde mykje av æra for antependiet (altarforhenget) i Herøy kyrkje. Soknerådet betalte materialet, og Oline utførte arbeidet, med litt hjelp. Kyrkja vart bygd i 1917. Avisomtalen av kyrkjevigsla i 1918 fortel at privatpersonane Svein Eggesbø, Mons Eggesbø og Gustav Evanger hadde gjeve kvar si av «3 gilde lysekruner som heng i kyrkja» (Møre Tidend 6.5.1918). Kyrkja brann dessverre ned til grunnen natt til 2. juledag 1998.

Sanitetsarbeid

Frå forteljingane i oppveksten min hugsar eg likevel Oline spesielt som engasjert sanitetskvinne. Ho reiste omkring og var med på mange av dei store stemna i distriktet, og ho var mellom dei som arbeidde mykje for å få bygt sjukeheim i bygda (svarte på den tida til eit slags sjukehus). Dette står også nemnt i 70-årsomtalen av henne i Sunnmørsposten. I 75-årsomtalen tek avisa litt meir i, og skriv dette:

Sammen med sin mann, Svein Eggesbø, tok hun del i det frilynde ungdomsarbeidet i bygda. Det var disse to som først tenkte på en gamleheim for Herøy. Fru [Eggesbø] tok initiativet for å få reist Herøy sjukeheim.

Sanitetslaget gjorde ein stor jobb med sjukeheimen. Oline er nemnd mellom fleire initiativtakarar i Sunnmørsposten 2.12.1950, medan ei kvinneforeining på Flåvær er nemnd som initiativtakar i avisa 18.11.1929 i samband med opninga. I oppveksten fekk eg m.a. høyre om korleis Oline hadde vore med på å samle inn pengar til prosjektet. Og det var mykje pengar sanitetsforeininga måtte skaffe. I 1929 fortel Sunnmørsposten om ca. 45 000 kroner berre i gåver, basarar, tilstellingar og offer i kyrkjene. I dag ville dette åleine svare til éin og ein halv million kroner. I boka Kvinner selv stod opp og strede fortel Marit Pauline Kvalsvik meir om dette arbeidet og om prosessen med å få bygt sjukeheimen.

I 1929 stod sjukeheimen ferdig (før seinare utvidingar). Det som er kommunal sjukeheim i dag, står få meter unna den opphavlege som sanitetsforeininga bygde, og som i dag vert kalla Sanitetshuset. Marit Pauline Kvalsvik nemner i ein interessant artikkel om sanitetskvinne og fotograf Margit Siem i Vestlandsnytt 2.2.2021 at sjukeheimen vart driven utan offentleg tilskot heilt fram til 1970. Det kan elles nemnast her at Sanitetshuset har hyst ei fødestove som mang ein herøyværing vart fødd på, m.a. bror min, Gard, i 1973. I dag vert huset m.a. brukt som selskapslokale, og har også nokre kontor.

Sanitetshuset

Sanitetshuset sett frå parkeringsplassen i 2021.
Foto © Trude Eggesbø Abrahamsen, brukt etter løyve.

Oline var særs aktiv i sanitetsforeininga. I ei historie som eg høyrde i oppveksten, hadde ho vore med på å få nokre sanitetskvinner på vitjing til Bergsøya. Gjestene hadde venta eit meir ugjestmildt og trist landskap, men verten valde ei god rute over land det siste stykket, og gjestene var begeistra for den utsikta som opna seg mot sjøen. I min upålitelege hugs såg dei utsikta frå Frøystadskaret, i eit anna minne i familien var det litt annleis. (Brua over til Straumen på Bergsøya stod ferdig 1953, men eg er gjord merksam på at ruta likevel var mogeleg før den tid fordi folk vart rodde over.)

Om dette var slik, eller om det dreidde seg om eit krinsmøte i Fosnavåg i 1952, veit eg sjølvsagt ikkje sikkert. Men det krinsmøtet, med rundt 100 deltakarar, er omtalt med store ord og den same vinklinga i Sunnmørsposten 16. august det året. Då kom gjestene med båt frå Ulsteinvik og «innover mellom holmer og skjær til Eggesbø», der dei møtte heiste flagg, hjelpande hender og velstelte hagar. Oline var på det tidspunktet 79 år gammal, og bidrog med både ein prolog skriven av Bjarne Rabben, og på den 300 personar store festmiddagen med sine eigne ord, der ho «ville gi blomster til alle», og ynskte «at månen ville stå stille, så de fremmede kunne få se hvor vakkert her var i måneskinn».

Oline hadde vore representant for Herøy på mange slike stemne, og heime i Herøy var ho tidleg formann, altså leiar, i lokallaget (den nemnde boka til Marit Pauline Kvalsvik fører åra 1920–1923). I 1950 var ho på krinsmøte i Norske Kvinners Sanitetsforening på Molde, og der vart ho utnemnd til æresmedlem i krinsen. «Under veldig fagning vart fru Eggesbø overrakt NKS’s diplom» fortel Vikebladet om dette (15.6.1950).

Og vidare framover

Kiwi Eggesbønes

Kiwi Eggesbønes.
Foto © 2020 JEA.

Butikken til Svein vart vidareført av sonen John. Ein periode dreiv han også bokhandel, dampskipsekspedisjon og ferjekai. Oline døydde 84 år gammal i 1957. Også bestemora mi, Nanna Eggesbø, var aktiv i sanitetsforeininga. I oppveksten gjekk eg gjerne med lodd for henne. Gamlehuset frå 1898 vart rive i 2002. Eldstesonen til John og Nanna, som òg heiter Svein Eggesbø, overtok og starta butikken på ny etter ein konkurs i 1975, og i 1984 vart butikken flytta over grensa til Myklebust. Der står han framleis, no med namnet Kiwi Eggesbønes, men er ikkje lenger i familien.

Bestefaren min var ti år då han miste far sin, bestemor møtte aldri svigerfaren sin, og eg vart fødd altfor seint til å møte nokon av desse to oldeforeldra mine. Men gjennom dei små forteljingane i familien om Svein og Oline fekk eg likevel verte kjend med dei. Eg fortel desse historiene vidare til generasjonen etter meg, no utvida med dei skriftlege kjeldene, og også med meir private anekdotar som eg ikkje har nemnt her.


(Eit par detaljar har eg lufta for min onkel Svein Eggesbø, mor mi Trude Eggesbø Abrahamsen og Signe Skarstein. Ei særleg takk til Marit Pauline Kvalsvik, som har gjeve mange gode råd m.a. til eit tidleg tekstutkast.)

Read Full Post »