Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 1st, 2022

30 år sidan nyttårsorkanen

Det var natt til 1. januar 1992. Det var så seint no at foreldra våre hadde lagt seg, men lisjebror Gard og eg hadde besøk av ein venn av Gard, så vi var vakne enno. Vêrmeldinga hadde fortalt om orkan, men utan å rope høgt om katastrofe, så folk samla saman slikt som låg ute, grudde seg i varierande grad, tok det til dels med bekymra ro, og håpte på det beste.

Utover natta tok vinden seg opp, og morgonen nærma seg. Eg byrja å gjere meg klar for senga, som var oppe i øvste etasje i huset. Men det skalv og knaka på heilt nye måtar der. Så såg eg at taket gjekk opp og ned over veggen på rommet mitt. Eg såg ut gjennom vindauget i nokre sekund, og eg meiner å hugse ein båt med ei merkeleg krenging, det var nesten som han ville dette ned på kaia. Fy, ein slik vind hadde eg aldri opplevt før, og det skulle vise seg seinare at det hadde heller ingen andre. Dette var ein tohundreårsorkan.

Der oppe torte eg i alle fall ikkje å opphalde meg. Eg tok med meg det viktigaste og mest verdfulle, og gjekk ned til stova igjen for å seie at gjesten absolutt ikkje måtte køyre heimover i dette vêret. Han skulle m.a. over Herøybrua. Dessverre var han allereie reist. Klokka var no mellom 6 og halv sju på morgonen.

Foreldra våre òg stod opp. Vi sprang alle fram og tilbake i ærend som hasta, mellom anna hjelpte eg far min med å skaffe aviser som skulle leggjast på eit utsett område på det eine loftet der det kom inn vatn gjennom taket. Vi kolliderte med kvarandre og stanga kvarandre nesten ned i mørkret, for straumen hadde gått, det skjedde i halv sju-tida.

Det var lite å sjå ute, for det var så mørkt. Men vi høyrde vinden, og vi såg korleis vindauga bula innover, og kjende korleis det rista i heile huset. Gardinene vart trekte føre, og stolar vart plasserte inntil som ekstra vern i tilfelle glaset gav etter. Vi snakka òg om at taket kunne lette. Vi sov ikkje den natta, eller den morgonen som det no eigentleg var, vi hadde for mykje å gjere til å kunne sove, og vêret var for farleg.

Då klokka nærma seg ein heiltime, eg trur det var kl. 8, skrudde vi på ein batteriradio og fann ein sendar som framleis fungerte. Dagsnytt kom, og eg hugsar framleis det fyrste dei sa: «Sinnataggen er stjålet.» Vi som ikkje bur i Oslo, er vane med at Oslo-trivialitetar dominerer, men dette vart litt i meste laget. Vi forstod at vi sat midt i ein katastrofe, og som toppsak rapporterte Dagsnytt om Sinnataggen, ein skulptur i ein lokal park der aust?

Hugsar eg rett no tretti år etterpå, så skulle det sidan vise seg at NRK i Oslo rett og slett ikkje hadde fått kontakt med Vestlandet, og ikkje visste korleis det stod til.

Vi fekk òg ringt til gjesten vår, som var komen heim uskadd.

Orkan, vindaugsutsikt

Utsikt frå rommet mitt mot notbøteriet
1. januar 1992 kl. 10.25.

Då det lysna, såg vi at det var mold på vindauga. Vinden hadde rive med seg mold frå landskapet rundt oss. Vi hadde allereie forstått at dette ikkje var ein vanleg storm. No såg vi også at notbøteriet hadde fått skader i veggen, og ein av naboane våre hadde mist delar av både tak og vegg, det var forferdeleg, vi såg rett inn på loftet. Hjå oss hadde taksteinar frå eitt eller anna hus floge inn i ymse delar av vårt tak og skadd det på fleire stader, vinden hadde deretter flerra opp taktekket der, og hadde på den eine staden vrengt eit stort stykke over mønet og øydelagt takhatten på vegen. Dette var grunnen til at det kom inn regn. Vêret roa seg ned etter kvart, særleg utover ettermiddagen. Vi var heldige og fekk tilbake straumen i tide til Dagsrevyen, med orkanen som toppsak. Den næraste tv-sendaren var ute av drift, og vi måtte ta til takke med svake, kornete bilete frå ein sendar lenger unna, men slikt var mogeleg på den tida, sidan tv-signala var analoge.

Natt til 1. januar 1992 var ei grusam natt. I årevis etterpå kjende eg på noko ekkelt når det bles opp og vi kunne høyre lydar frå vind og regn som likna på dei lydane vi hadde den natta og formiddagen. Litt av denne skumle stemninga kan av og til dukke opp framleis, men no som eit fjernt minne, planta djupt inni meg.

Eitt år seinare

Eitt år og éin dag etter nyttårsorkanen varsla vêmeldinga på nytt om orkan. Også dette vart ei spesiell natt, kanskje mest fordi orkanen aldri nådde land, i alle fall ikkje der vi sat. Det vart likevel ei natt som eg framleis hugsar med gode, varme minne om han som kjende meg best.

Gard og eg var oppe den natta, natt til 2. januar 1993, og venta på uvêret. Vi høyrde på radio, NRK Møre og Romsdal hadde ekstrasending utover natta, og i 3-tida gjekk vi ein tur og leitte etter vinden.

Det var ikkje noko vind å snakke om, men vi fekk brukt natta til fyrst å redigere ferdig ein video, og frå 2-tida av til å skrive eit sanntidsbrev saman, der det meste er dokumentert. Dette brevet finst enno, fordi det vart publisert i diskett-tidsskriftet hans seinare det året. Mellom anna er det skrive ned at radioen melde om ein garasje som hadde floge inn i eit hus nokre få kilometer unna oss, og at huseigaren hadde rømt ned i kjellaren. Vi konkluderte med at dette måtte vere nokon som hadde ringt inn ein tullerapport.

Biletet over frå 1. januar 1992 er henta frå den videoen som vi redigerte ferdig den natta eit år seinare, frå ei elles turrvittig «nyhendesending» som vi spelte inn tidlegare på kveld.

Det siste klokkeslettet i sanntidsbrevet er 04:06. Vi la oss litt etterpå. Men vi hadde ikkje hatt denne natta om det ikkje hadde vore for det som skjedde året før.

I romjula 2016 sende NRK programmet «Nyttårsorkanen – 25 år etter». Det ligg på nett her. Wikipedia har ein artikkel her. Oddgeir Bruaset skreiv boka Orkanen i 1992, ho ligg på nett hjå Nasjonalbiblioteket her (tilgjengeleg for norske IP-adresser).

Read Full Post »