
Oline Eggesbø i 1949. Fotograf var kanskje M. Furmyr. Tilrettelagt av JEA.
I dag, 22. februar 2023, er det 150 år sidan mi oldemor Oline Eggesbø vart fødd som Oline Øien i 1873. For snart to år sidan var det sameleis 150 år sidan ektemannen Svein P. Eggesbø vart fødd. Den gongen skreiv eg ein bloggpost om dei begge to, med tittel «På oldefars 150-årsdag: Om oldeforeldra mine» i høve jubileet hans den 1. juli 2021. Den bloggposten vart sidan publisert i ein lett tilpassa og revidert versjon i det lokalhistoriske tidsskriftet Folk og Fortid i 2022.
Svein og Oline høyrer saman som i den teksten, og eg skal ikkje skrive nokon utførleg separat bloggpost om Oline i dag, men eg synest likevel dette er ein høveleg dag å peike tilbake til bloggposten frå 2021.
Ho Svenn-Oline vart enkje altfor tidleg i 1921, og fekk såleis eineansvar for å oppsede sonen John, som vart min bestefar. Mellom anna sytte ho for at han fekk musikalsk skulering, med trøorgel (harmonium) i heimen. Dette er eit orgel som eg sjølv har vakse opp med og har trakka mykje på. At John seinare skulle byrje å spele fele, var nok ikkje det ho hadde tenkt.
Oline og Svein dreiv også hotell saman med ein kollega, og Oline førte vidare dette og butikken til ektemannen sin etter at han døydde i 1921 (hotellet brann ned i 1929). Butikken hadde gjestgjevarplikt for reisande, har ein etterkomar fortalt meg. Oline var formelt involvert i butikkdrifta til det siste. John vart erklært å vere «fullt ansvarlig og signaturberettiget medinnehaver» for butikken så seint som i 1957, få månader før Oline sjølv døydde (Norsk Lysningsblad 9.3.1957).
Av meir personlege eigenskapar har eg høyrt at Oline hadde eit velstelt og veldig langt hår som gjekk langt ned på ryggen. I hennar eldre år var det gjerne borna i familien som sanka inn einer til eineavkok som Oline vaska håret med. Dette har det eine dåverande barnet fortalt meg. I det daglege fletta ho håret og la det bak på hovudet i ein knute.
Eg møtte henne aldri, men har, så lenge eg har høyrt om henne, vore imponert over alt ho fekk til. Som vaksen forstår eg endå betre kva slags pågangsmot ho hadde, og kor uthaldande ho var.
Legg att eit svar