Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘diverse jobb’ Category

Markeringa av NTNU-fusjonen vart send direkte på nett på nyåret, med mange gjester i innslaga frå Trondheim, Ålesund og Gjøvik. Somme der var nøkterne. Men alt i alt var det rett og slett ikkje grenser for kor innovativt, nytenkjande, nyskapande, spanande og dynamisk vi skal få det, særleg i forhold til synergiar, ambisjonar, potensiale, moglegheiter, næringsliv, betre forsking, betre undervisning, utfordringar og felles identitet.

Det var vel også eit minimumsinnslag av «framoverlent», men heldigvis var folk i feststemning og unngjekk «robust». Ordet «robust» vert i mi røynsle brukt når ein treng å grunngje kvifor ein legg ned noko.

Men han som vart ein aldri så liten snakkis på arbeidsplassen mellom dei av oss som fekk det med seg, var kunnskapsministeren. For ca. 9 minutt og 35 sekund ute i sendinga, midt i den samstemde rusen der alle skulle inkluderast i den nye heilskapen slik at vi kan få ein felles identitet, så fekk han spørsmål om kva det er ved NTNU slik det framstår no, som ville appellert til han dersom han sjølv var nitten år og skulle velje seg ein studiestad. Og med tilvising til at han sjølv er samfunnsvitar, svarte han:

Teknologien gjennomsyrer og påvirker stadig mer både av politikken, samfunnslivet, offentlig sektor, forvaltning, næringsliv, arbeidsliv. Og det å klare å ha et universitet som gjør at også humaniorafagene og samfunnsvitenskapene forstår og tar innover seg hvilke formidable utfordringer og muligheter som ligger i teknologi, det hadde jeg vært interessert i å studere.

Slikt ordval ser ikkje direkte ut som ein overlagd situasjonsrapport, men minner meir om sånn ein kan formulere eit ynske for framtida. Kva det ville innebere konkret fagleg, kom han ikkje inn på. Eg for min del må vel kanskje rett og slett leggje frå meg fjørpenn og pergament, og heller sjå om eg oppdagar EDB-maskinene?

I dette videoutdraget (la oss for ordens skuld kalle det faksimile) har eg synkronisert lyd og bilete litt betre enn i originalen. Spørsmålet kjem etter 14 sekund, etter den avsluttande merknaden om felles identitet:

Dersom svaret hans var meint som eit uttrykk for hans personlege studieinteresser, så får det passere. Sjølv soknar eg til (respektive er i slekt med) ein flik av humaniora som på sitt vis er noko meir teknofilt og realfagleg orientert enn somt anna på huset, og vi skulle gjerne hatt fleire studentar også av hans type før fakultetet legg oss endå meir ned. Noko er jo allereie nedlagt.

Som politisk utsegn ville formuleringa hans vere litt meir klønete. For det ville sjølvsagt ikkje vere uproblematisk dersom t.d. humaniora, som er ein fagfamilie med naturleg svært stor variasjon i studieobjekt og tilnærmingar, vert erklært meir verdt å studere dersom det berre kunne gjerast meir teknologisk. Det ville naturleg nok også vere problematisk, somme ville sagt nedlatande, å implisere at heile fagfamiliar treng å «forstå og ta inn over seg» noko som vaksne menneske både forstår og tek inn over seg heilt for eiga maskin og i tråd med relevansen. Og i det høvet ville det sjølvsagt ha vore problematisk å definere kva ein fagfamilie eller eit fag eigentleg burde ha handla om: Såpeoperaer gjennomsyrar tv-livet, så oljeingeniørane må forstå og ta inn over seg utfordringane og moglegheitene i film- og teatervitskap?

Folk kan prøve å studere noko som helst, eller berre forhalde seg til livet, utan t.d. å kunne språk eller vite litt om det å vere menneske. For alle treng slikt som sorterer under interessefeltet til humaniora, og alle treng slikt som sorterer under interessefeltet til realfag (då ikkje berre avgrensa til teknologi, som ministeren var oppteken av), slik har det alltid vore, og det er så sjølvsagt at det er flautt å seie det.

Og då har vi ikkje eingong sett på eigenverdien til og den langsiktige effekten av kunnskap. Sånt snakkar ein jo ikkje høgt om lenger. Men det er no hyggjeleg, då, at det i alle fall etter mi røynsle finst fagfolk på tvers av campusar som veit og aksepterer det sjølvsagde at fag er forskjellige.

Relatert:
Kvifor det unyttige er nyttig

Read Full Post »

«Alle» snakkar om forskingsbasert undervisning, og nokre av dei meiner det òg. Forskingsbasert undervisning handlar kort sagt om (med litt varierande presisjonsnivå) at det er viktig å ha fagleg oppdatert undervisning i regi av folk som veit kva dei snakkar om. Det skulle berre mangle. Men dette går begge vegar, og det som er mindre omtalt, er den samanhengen som eg vil kalle undervisningsbasert forsking. La meg fortelje litt om dette.

Eg gjer merksam på at eg vil fokusere på rolla til studentane og studietilboda her, nettopp fordi eg vil snakke om undervisningsbasert forsking under dei vilkåra at dei vitskapleg tilsette skal både forske og undervise. Sjølvsagt speler også fagfellesskap mellom kollegaer ei viktig rolle, men ikkje i denne bloggposten.

Det openberre

BøkerMen altså, undervisningsbasert forsking. Og fyrst det heilt openberre: Det ein skal forklare for nokon, lærer ein også betre sjølv. Å formidle faget til studentar som skal lære seg å handtere det, gjev ein eigen nærkontakt med faget.

For alle med eit ærleg forhold til jobben sin veit også at det ein driv på med på fulltid, kan ein betre enn det ein ikkje driv på med på fulltid, så det er fint å kunne undervise i det faget som ein også forskar i, når ein fyrst skal gjere begge delar. Det vert enklare både å halde seg oppdatert og å halde eit kontinuerleg fagleg fokus. Og heilt banalt, kor ofte har eg vel ikkje fått spørsmål frå ein kollega og har svart «veit du, dette snakka vi litt om på ei førelesing sist veke»?

Så her er litt meir av det openberre: Ofte nok kan jo studentar vere mellom dei som ligg nærast å ha eit disiplinspesifikt fagdrøs med på detaljnivå i dagleglivet. Som til dømes, for å nemne nokre kvardagshendingar, då vi gjekk gjennom ein artikkel om tonar og fekk ei fin detaljdrøfting av register i tonal trekkgeometri. Eller då ein student hadde prinsipielle atterhald om Align-krav i OT, og vi fekk diskutert eit viktig «pass på her»-moment. Slikt og mykje anna, også på korridoren, er sånne småting som gjer kvardagen rikare.

Å rettleie meir sjølvstendig arbeid (t.d. masterstudentar) gjer sjølvsagt godt for sjela på sin eigen og meir systematiske måte, og kan vere lærerikt på meir enn eitt vis.

Meir nærgåande

Av og til kan ein til og med verte fagleg inspirert av samtalen med studentane. Sjølvsagt også i diskusjonar og rettleiing som over, men ikkje berre der.

Studentar kan nemleg finne på å stille spørsmål om slikt ein ikkje har tenkt på før, som då ein student kom på døra med eit lite spørsmål som resulterte i ei heil lita førelesing nokre veker seinare. Eg vil ikkje røpe her kva dette handla om, men kan nemne at då eg stilte det same tilsynelatande elementære spørsmålet til ein kollega med nærliggjande fagområde, vart han ståande og måpe. Eg var ikkje like mållaus, men svaret var større enn spørsmålet, ja.

Også når ein sit med ein ny idé (eller med ein meir gjennomarbeidd ein), kan studentar vere kritiske samtalepartnarar, då tenkjer eg på spontane samtalar i nærmiljøet. «Det er mange som bruker studentane som sparringpartnerar,» var det ein som uttrykte det på jobben. Og dette er ikkje rart. Der kollegaer, sjølv med delvis overlappande fagområde, har ulikt fokus, vil studentane dine ofte kunne forstå momentant kva du snakkar om. Dette og mykje anna er sjølvsagt spesielt verdfullt for dei som har få direkte fagfellar på arbeidsplassen.

Eit døme som kombinerer litt av det eg har nemnt hittil: Den siste tida har eg innimellom alt det andre sete og fordjupa meg i nokre fenomen som allereie er utførleg skildra på sin meir klassiske måte m.a. for eit bestemt språk. Men eg vil nærme meg materien på ein noko meir oppdatert måte. Dei meir allmenne artiklane eg har i botnen då (dei tek føre seg fenomena, ikkje dette bestemte språket), hadde eg frå før, men då dei vart aktuelle for eit masterkurs, fekk eg eit kjærkome høve til å lese dei på ein ny måte og diskutere innhaldet i detalj med studentane. Forresten ville desse tekstane aldri ha banka på døra på den måten på eit anna fag, ikkje eingong på faget som handlar om det aktuelle språket, pga. omsynet til fagleg eigenart. Delar av analysen min har eg òg fortalt til studentar undervegs, ikkje nokon av mine gode kollegaer på korridoren ville ha forstått dei aktuelle detaljane. Heilt udramatisk, slik er det berre.

Direkte medverknad

Vi trong ein assistent

Kan det verte betre enn dette? Ja, det kan det. For i det siste har vi arbeidt med eit pilotprosjekt på jobben, vi held på med slikt som ein kan forske på i eit laboratorium, og som på sikt kan vere med på å danne grunnlag for nokså nyttige saker, sjølv om det på dagens stadium er grunnforsking innanfor spesialiserte fagområde som verda aldri vil trenge mange utøvarar av.

Då trong vi ein assistent til å gjere kompetent arbeid for oss. For ein stor del rutinearbeid, men tidkrevjande og med trong for kompetent fagleg refleksjon undervegs. Kvar fann vi denne assistenten? Jau, vi fann ein student som hadde kvalifisert seg ved å studere dei aktuelle faga, som dermed ikkje berre kunne arbeide sjølvstendig, men som også kunne delta i dei faglege diskusjonane, som etterpå var med på den internasjonale konferansen der vi la fram forskingsresultata, og som endeleg også er å rekne som medforfattar.

Tilfellet er langt frå eineståande. Og kvar i all verda skulle vi ha funne slike assistentar om det ikkje var for at vi faktisk utdanna slike folk? Studentar er viktige på mange måtar, også direkte i forskinga.

Del av infrastrukturen

Og dermed til slutt noko heilt sjølvsagt igjen: Studentar vert ikkje berre assistentar. Også våre framtidige kollegaer vert rekrutterte mellom dei som i dag studerer. Studentar i det aktuelle faget er dermed naudsynte for å føre faget og forskinga inn i framtida. Det er så sjølvsagt at det nesten er flautt å trenge å seie det.

Forsking skal liggje til grunn for undervisninga, og undervisninga skal vere eit gode for studentane. Men i dette samspelet har studentane også noko å bidra med tilbake, både i forsking, i fagleg kontinuitet og i individuell fagleg utvikling for den fagtilsette, anten studentane veit det sjølve eller ikkje.

For meg er studentane ein del av den faglege infrastrukturen på arbeidsplassen. Og då har eg ikkje eingong vore inne på kor viktige dei er for trivselen der.

_____
Relatert:
Kvifor det unyttige er nyttigLingvistikkÅ verte føreslegen nedlagdFramtidsretta medisinutdanning

Read Full Post »

Kjære studentar, tusen takk for dette.

Frå venstre: Jardar Eggesbø Abrahamsen, Den gylne gulrot, Rikke Lund.

Studentrepresentant Rikke Lund overrekkjer vandrepokalen «Den gylne gulrot». Foto: JPA © 2012.

Då eg fekk vite at eg skulle få denne prisen, så må eg vedgå at eg vart litt skremd. Det å få ein pris, det kan opplevast som forpliktande, og no skulle eg altså få ein pris for noko som eg trass alt berre har varierande kontroll over.

Undervisninga er nemleg avhengig av nokre moment. Det eine er det mennesket som skal undervise. Der må alle naudsynleg gjere ting på sin måte som dei føler seg komfortable med. Dette er så avhengig både av fag, av person, av dagsform, det er avhengig av stoffomfang, tilgjengeleg tid, og mange andre ting – og det er avhengig av studentane som er til stades.

Og der er eit anna moment, studentane som er til stades. Eg trur ikkje at alle studentar veit kor mykje dei sjølve har å seie for undervisninga: Eg merkar t.d. at på førelesingane vert eg ekstra ivrig nettopp når også studentane engasjerer seg. Det kan vere når dei kjem med spontane innvendingar, eller med små kommentarar på rett tidspunkt, og det kan vere rett og slett når studentane stiller eit spørsmål som minner meg på at dette fagstoffet her var faktisk ikkje så enkelt likevel. Eg trur at det er mange førelesarar som kjenner seg igjen i desse punkta.

Det er sikkert mange som kjenner seg igjen også i det neste eg skal seie, men eg trur eg må seie det likevel: Eg er så heldig å ha studentar som behandlar meg på ein inkluderande og ærleg måte. Då vert det også så mykje lettare for meg å undervise.

Og dét er sjølvsagt ikkje noko mystisk. Men derfor betyr det også mykje at denne prisen kjem nettopp frå studentane. For det er studentane eg har det kjekt saman med på førelesing.

Tusen takk til dykk, og takk også til kollegaer, læringsassistentar og administrasjon, som gjer denne jobben lettare.

Takk.

_____
Relatert: Universitetsavisa 24. mai og 23. august.

Read Full Post »

Infoskjerm: HF foreslår å legge ned studieprogrammet i språklig kommunikasjon sammen med lingvistikk, og vi har frist til 20. januar med å uttale oss.

Infoskjerm på Dragvoll

I desember vart det som kjent føreslege å leggje ned ei rekkje humanistiske fag på Dragvoll, les meir om dette saman med landsoversikta i Morgenbladet 6. januar. I alle fall vi på lingvistikk har jo fått vite at vi framleis skal ha lov til å forske innanfor våre eigne fagområde, sjølv om alle forstår at det ikkje vil vere like lett å halde seg fagleg oppdatert når ein skal undervise i noko anna. Det vil også verte vanskelegare å finne studentar som er kvalifiserte til å verte assistentar på forskingsprosjekt. Det hyggjelege er sjølvsagt at vi ikkje skal seiast opp.

Eg har blogga tidlegare om det nyttige i det tilsynelatande unyttige, og eg har nemnt nokre døme på meir umiddelbart nyttige utslag av mitt eige teorifag. Det er heilt klart at det også ville vere ille å leggje ned språkleg kommunikasjon (om studiet her) og andre små fag, men no tillèt eg meg å vere meg sjølv nærast.

For dei som ikkje kjenner faget, vil eg presisere at «teoretisk orientert fag» i denne samanhengen handlar om at faget fokuserer på sjølve analyseverktya og dei fenomena som dei kan brukast på, heller enn på det å verte flink til å snakke eller handtere eitt bestemt språk.

Bakgrunnen

Bakgrunnen for nedleggingsframlegga er den politiske satsinga på kunnskapssamfunnet. Medan til dømes statsministeren har halde nyttårstalar (2008 og 2010) om kor viktig det er å satse på kunnskap og leggje til rette for god utdanning, har vi fått det forklart slik: Universitetet får betalt pr. student, og når eit fag vert populært (for tida realfaga, departementet har ei stund hatt ein uttalt strategi der), vert opptakskvotane reduserte for andre fag ved universitetet. Det som løner seg best med ein slik finansieringsmodell, er å satse på fag for dei store massane, medan fag for dei spesielt interesserte straffar seg.

La meg omformulere: Det er overlate til dei personlege og mest umiddelbare interessene hjå våre yngste og minst utdanna vaksne å leggje føringar for den faglege infrastrukturen i det framtidige kunnskapssamfunnet.

Og somme fag har alltid vore og kjem alltid til å vere for dei spesielt interesserte. Røynsla er at mange studentar ikkje eingong har høyrt om slike fag før dei tilfeldigvis studerer ved ein institusjon der faget finst. Dette gjeld også fagtilbod som vart oppretta nettopp av omsyn til lokal fagleg infrastruktur (som fonetikk og lingvistikk i Trondheim).

Éi av rollene til små teorifag

bokhylleLingvistikk (om studiet her) kan sjølvsagt brukast til å skildre språk og finne ut av korleis språk og språkfenomen er skrudde saman, det er eit sentralt poeng med faget. Faget vert også brukt til å utvikle språklege hjelpemiddel av ymse slag. Eg har skrive litt om desse sakene i tidlegare bloggpostar (sjå lenkjer både øvst og heilt nedst i denne bloggposten). Men her vil eg skrive litt meir om éi av dei andre rollene:

Det er skilnad på å pugge ein regel og å sjå noko i ein større samanheng, det siste kan fort få konsekvensar for analysen. Og analyse må der vere, for teorikunnskap og abstraksjonskompetanse er trass alt det som gjer universitet til universitet.

Då er det ikkje tette skott mellom faga. Alle fag har mange roller. Éi av rollene til teorifag er sjølvsagt å forvalte teorikompetanse på tvers av bruksmåtane. Når vi i dag har ein velfungerande analyse av kvifor fleirtalsendinga i engelsk buses er som ho er (i staden for berre å pugge regelen), eller kvifor det på norsk heiter blå med lang vokal men blått med kort vokal (og ikkje blåt), eller når nyare analysemetodar for setningsbygnad har erstatta dei gamle analysane på ulike språkstudium, så er det teoriorienterte fag, her lingvistikk, som har levert premissane.

Så…

Det er kanskje ei fattig trøyst, men også dei som føreslår nedlegging, har sagt fine ord til oss om denne rolla, og har forklart oss at kompetansen vår er viktig. Og ettersom vi ikkje skal seiast opp, har dei føreslege at i staden for å vidareføre dette til dei som kjem etter oss, så kan vi kan utdanne folk i dei meir populære faga.

Seinare (ti dagar før høyringsfristen om nedlegginga) har også rektoratet skrytt av nyskapande og nyttige produkt som oppstod i samspelet mellom fleire fagområde på instituttet vårt, m.a. lingvistikk:

Det er veldig spennende å se at innovative undervisningsmetoder i grenseområdet mellom språk, kommunikasjon og teknologi blir utviklet på nye måter. Og hvor man tar i bruk nye kommunikasjonsteknikker og læringsmetoder. En stor takk til instituttet som har utviklet dette tilbudet på kort tid. Det er en viktig forutsetning for at NTNUs fagmiljøer kan nå sine internasjonale mål.

Og i eit større perspektiv: Medan eigaren vår (departementet) har ein eigen strategi for å skaffe studentar til realfag, så var det ein fyr frå NHO på radioen her om dagen og etterlyste også språk- og kulturkompetanse.

Ein legg merke til slike ting når ein er føreslegen nedlagd.

_____
Relaterte bloggpostar: Kvifor det unyttige er nyttigLingvistikk

Read Full Post »

Ein kollega av meg, og eg er tilfeldigvis språkmann, peikte ein gong på at språk er ein veldig sentral del av det å vere eit menneske, og at det er klart det er viktig å forske på kva det går ut på å vere eit menneske. Han peikte altså på eigenverdien av kunnskap heller enn den umiddelbare nytteverdien.

rotte

Laboratorierotter vert glupare dersom dei veks opp i eit stimulerande miljø. Ho her har som livsoppgåve å vere tjukk. (Foto: Joanna Servaes, Wikimedia Commons)

Eg skal kome tilbake til språk litt seinare, men også andre fagfelt har forskarar som ikkje alltid tenkjer på den umiddelbare nytteverdien: Det var ein vitskapleg studie ein gong i tida som viste at rotter som levde i eit stimulerande miljø, vart smartare enn rotter som levde i eit sterilt og fattig miljø. Det var vel ikkje akkurat noka bombe, men det vart altså forska på og dokumentert, for noko over 70 år sidan. Kanskje ikkje det som politikarar og næringsliv vil forbinde med adjektivet «nyttig».

Annleis stiller det seg vel med den nyhendemeldinga som kom i februar i år, då svensk radio kunne melde om ei mogeleg framtidig behandling av hjerneslag. Medan dagens behandling handlar om å løyse opp ein blodpropp, noko som må skje innan fire timar, kan ny medisin vonleg hjelpe hjernen til enkelt sagt å reparere seg sjølv. Best av alt er at ein kan starte behandlinga så seint som to dagar etter slaget.

Men litt bortgøymt midt nede i nyhendesaka kunne vi lese dette:

Den svensk-amerikanska upptäckten baseras egentligen på observationer gjorda på råttor för över 70 år sedan, som visade att råttor som levde i en stimulerande miljö blev smartare än råttor i en torftig och steril miljö. […] Det handlar om att forskarna funnit den gen som aktiveras av en stimulerande miljö och får hjärnan att självläka.

Tilbake til dei meir abstrakte og mindre handfaste faga: Eg veit ikkje kva folk flest meinte om den indiske matematikaren som leikte seg med eit binært talsystem for 2500 år sidan. Eller kva folk tenkte når Leibniz leikte seg med det same på 1600-talet. Og kven hadde vel praktisk og matnyttig glede, med umiddelbar innteningsverdi, av boolsk algebra på 1850-talet?

På sikt, derimot, viste det seg å vere svært så nyttig, det som desse særingane hadde drive på med. Utan binært talsystem og boolsk algebra måtte vi klart oss utan datamaskiner, digitale armbandsur og mangt anna som vi i dag tek for gjeve.

På sikt

For stikkordet er «på sikt». Det var på sikt vi fekk nytteverdien, til og med på svært lang sikt. Og slik er det det fungerer. I grunnforsking er ein fyrst og fremst oppteken av å utvikle fagleg innsikt og kompetanse. Dei store framstega i vitskapen ville ikkje ha kome utan.

Og dette er altså «på sikt» ikkje berre frå det eine hundreåret til det neste, men også her og no. Det handlar om å få tid, ro og stabilitet til at fagmiljøet med sine einskilde fagfolk kan arbeide og tenkje fagleg langsiktig og på eigne vilkår, utan å verte kasta hit og dit av tilfeldige påfunn kvart femte år.

Forsking og fagutvikling er i all hovudsak er ein langsam prosess. Det er veldig mykje som er resultat av langsame prosessar, men som vi gjerne tek for gjeve i dag. Og sjølv om vi ikkje ser umiddelbare praktiske resultat av t.d. språkforsking, rotteintelligens eller matematikk av det slaget som er for dei spesielt interesserte, så er desse langsame prosessane like fullt avhengige av at kompetansen vert halden ved like, for kvar og éin i sitt arbeid, og for fagmiljøa over mykje lengre tid.

Kontinuitet

Remøybrua

På tide å kvitte oss med alle brubyggjande ingeniørar? (Foto © J.E. Abrahamsen)

Ein kontinuerleg fagleg infrastruktur er jo grunnlaget både for fagleg utvikling her og no, og for å kunne gjere seg nytte av gammal kunnskap.

Til dømes: Ein kvittar seg ikkje med alle ingeniørar og fagmiljøet deira når det plutseleg er nok bruer, for deretter å gjenopprette fagmiljøet eller den spesifikke fagmodulen ti år seinare når vi treng ei ny bru.

Dette gjeld også for fag som knapt har nokon kommersiell marknad i det daglege. Eg har nokre kollegaer som arbeider med å utvikle digitale verkty for språklæring, der ein tek omsyn til kva som er vanskelege språklydar, til dømes for ein engelskmann som skal lære norsk, eller ein svenske som skal lære russisk. Dette er openbert eit veldig nyttig produkt.

Til grunn for prosjektet ligg ein kombinasjon av ulike fag som aldri har hatt mange studentar. Men utan å halde denne kompetansen kontinuerleg ved like ved eitt og same miljø, herunder også å ha eit stabilt studietilbod og langsiktig stabile arbeidsforhold for den einskilde fagpersonen, ville slike hjelpemiddel aldri ha sett dagens lys. Dei praktiske metodane i hjelpemiddelet baserer seg m.a. på teoretisk arbeid over ein periode på hundre år, og på språkleg kartlegging av eit slag som hittil har vekt mest teoretisk interesse. Ein dag fekk eg også gleda av å verte konsultert då dei støytte på eit uventa fenomen: tyskarar og nederlendarar som har det same problemet med ein engelsk språklyd, får ulike feiluttalar. For meg var det ikkje uventa. Men også mitt fag er for dei få, og kjem aldri til å verte noko anna.

Tenk om…

amplitude, spektrogram og pitch

Språklydar med bølgjeform (øvst), spektrogram (nedst) og tonefall (blått).

Dei openbert nyttige språkprodukta vi omgjev oss med, anten det er hjelp til å lære vanskelege lydar, ei lærebok i eit framandspråk, dysleksitilpassa lese- og skrivestøtte (dette produktet er utvikla av fagfolk med bakgrunn frå min arbeidsplass) eller noko heilt anna, er i realiteten berre biprodukt av mange, mange år med forsking og utdanningstilbod som folk der og då syntest var unyttig, gjerne også innanfor fleire ulike fagområde. Sjølvsagt var det ingen av språklydforskarane på 1800-talet som planla at ein liten, teknisk dings skulle forstå talespråk eller sjølv snakke, men no sit eg likevel og kan ringje kona mi berre ved å seie namnet hennar (nyttig i trafikken), og datamaskina kan lese tekstar for meg, og til og med bruke eit meir eller mindre leveleg tonefall.

Heldigvis finst det eigne institusjonar som er oppretta nettopp for å sikre ein kontinuerleg og langsiktig infrastruktur ikkje minst for små og teoretisk orienterte fag som av naturlege grunnar aldri vil få nokon stor sjølvstendig marknadsverdi, men som likevel kan fungere som premissleverandørar i ein større samanheng (t.d. fonetikk og allmenn lingvistikk, eg er jo meg sjølv nærast). Dette er universiteta. Og som ein kollega understreka: Ingen andre institusjonar har ein slik funksjon.

Tenk om til dømes arbeidsgjevaren vår i departementet eller lokalt fekk den ideen at det er lurt å la marknaden styre forskings- og studieprofilen i tråd med ein gjeven innteningsmodell – t.d. produksjon av studiepoeng – som skal gje adekvat økonomisk inntening innanfor neste budsjettår?

Tenk om det kom stendige og alltid nye varsel om omlegging av både studietilbod og faglege forhold elles, alt etter budsjett og innteningsmodell? Dersom framtida var kontinuerleg usikker og alt arbeid med omstillingar vart kontinuerleg nullstilt, kva ville hendt med arbeidsmiljø og arbeidsmoral då? Kva ville hendt med fagutvikling, infrastruktur og fagleg fokus i grunnforskinga dersom studietilbod og faginteresser stendig skulle skifte etter kortsiktige omsyn?

For tenk om politikarane administrerte universiteta på grunnlag av den mistydinga at forsking og utforskartrong handlar om umiddelbart synlege resultat, til glede for samfunnet i morgon den dag, motivert av tilgang til pengar frå eksterne kjelder? Kva ville skjedd med det faglege økosystemet og med den kontinuerlege kompetansen då? Og kva ville skjedd med dei premissleverande faga?

Å etterlyse raske og handfaste resultat, men utan særleg vilje til å sikre den langsiktige kompetanseutviklinga som altså av og til får slike utslag, det ville jo vere som å be om å få kome til ferdigdekt bord på ein restaurant, men utan å tillate innhausting, slakting, foredling, kompetent kokk eller kelnar, nei, vi skal berre ha maten.

Med ein slik modell ville det ikkje vere lett å tenkje langsiktig, korkje i forskinga eller i den utdanninga som skal vere basert på forskinga. Og kontinuerleg fagleg infrastruktur? Gløym det.

Hm. Eh. Vent no litt.

Gjeldande innteningsmodell for høgare utdanning i Noreg, med dei regelmessige konsekvensane dette har for både forsking og studietilbod, baserer seg jo nettopp for ein stor del på produksjon av studiepoeng innanfor inneverande eller dei næraste budsjettåra, saman med finansiering frå eksterne kjelder med kommersielle interesser.

Opps.

_____
Meiner du å kjenne att formuleringar i denne bloggposten annanstads frå, så er det ikkje plagiat. Eg har vore innom emnet tidlegare i ein anonym og dermed bokmålsk kommentar til ein bloggpost ein annan stad, før eg sjølv byrja å blogge.

* * *

Epilog

Eg har arbeidt sporadisk med denne bloggposten. Då berre illustrasjonane stod att, kom det ei melding frå arbeidsgjevaren om at studietilbod, fagleg infrastruktur og kontinuitet i forskingsorienterte fag ikkje vert rekna som formålstenleg, med nøyaktig slik grunngjeving som er nemnd over. Sjølv ser eg på slike fag som ein ressurs og eit gode for framtida, og eg er glad for å ha ein arbeidsplass der arbeidstakarane veit å setje pris på kvarandre og på all den kompetansen som finst.

Read Full Post »

PC på eksamen?

Studentane vil innføre PC på eksamen. Det framlegget kan eg ha sympati for, og ein lesarkommentar nemner også noko om skrivekrampe når ein må skrive for hand. Men det melder seg sjølvsagt også nokre praktiske spørsmål.

La oss no sjå bort frå problemet med juks, anten folk kjem seg på nettet eller klarer å sjå kva som står på skjermen til ein annan student. La oss seie at universitetet har nok datamaskiner og nok PC-salar, og at eksamensperioden ikkje får negative konsekvensar for studentar som sit og arbeider med andre ting. La oss også rekne med at det som vert levert inn og arkivert, er ei papirutskrift, og ikkje ein elektronisk versjon som kan manipulerast, eller som (hjelp) vert levert som .doc eller .docx, med dei konsekvensane dette vil kunne få for sensurarbeidet (sjå her for skrekkeksempel). La oss også rekne med at ingenting kræsjar under eksamen, og at datamaskina er like stabil som ein penn.

Alt dette handlar om så prosaiske ting som gode rutinar, økonomi og areal, og skal vere mogeleg å få til dersom berre Stortinget løyver nok pengar. Eit lite atterhald om kræsj.

Og ja, for meg som faglærar eller sensor vil datamaskin på eksamen unekteleg gjere det lettare å lese bunken etterpå. Eg har vel enno ikkje motteke studenttekstar som eg ikkje har klart å lese, men éin eller to gonger gonger dei siste åra har det vel kanskje gått litt sakte, ja, for å seie det sånn.

I veldig mange tilfelle vil studentane også arbeide meir effektivt på eksamen dersom dei får bruke datamaskin, og dei vil verte fortare ferdige. Men her melder det fyrste spørsmålet seg:

Då eg var oppe til eksamen i tysk litteratur, teikna eg mange diagram, og trekte også inn relevant kompetanse frå andre fagområde. Illustrasjonen er frå avsnittet der eg skulle drøfte termen «Leitmotiv». Eg var veldig overraska over at eg, som er grammatikkgeek, fekk betre karakter i tysk litteratur enn i både tysk og nordisk språk. I dag sit eg på andre sida av kateteret og veit kvifor. Men den eksamenen ville ha vore mykje vanskelegare å gjennomføre på same måten med ei datamaskin.

Når eg lagar eksamensoppgåver, så prøver eg å berekne omfanget med utgangspunkt i at det er ein handskriven eksamenssituasjon, noko som går saktare i seg sjølv, og som også ofte vil krevje litt kladding undervegs. Tyder ei eventuell innføring av PC på eksamen at vi også bør korte ned på eksamenstida, eventuelt gje fleire oppgåver sidan det vert tid til meir? Eller i det minste krevje ein meir omfattande og utførleg refleksjon for å gje gode karakterar?

Eg vil svare ja på dette.

Samstundes finst det sjølvsagt også fag der studentane vil arbeide fortare om dei får lov til å teikne figurane, ordne tabellane og skrive spesialbokstavane for hand. Eg har sett mange PC-skrivne øvingar (og i visse tilfelle nokre PC-skrivne eksamenssvar) der studentar har blanda saman eller ikkje funne lydskriftteikna, eventuelt har gløymt å føre inn spesialteikn for hand på ei utskrift, og i alle fall har streva veldig med å teikne figurar.

Øvingsoppgåver vert allereie skrivne på datamaskin. Fleire gonger har studentane spurt om dei kan få lov til å levere handskrivne øvingar, fordi dette er enklare for dei. Eg svarer alltid ja: Gjer det som er mest praktisk. Somme tider skriv dei øvingar i tekstbehandling, men med referanse til handteikna figurar på vedlagde ark. Andre tider lagar dei figurar halvvegs i Word og halvvegs med penn (og gløymer å teikne nokre strek her og der). Stundom kjem det utskrifter med delvis pennmodifiserte skriffteikn (og så gløymer dei å modifisere nokre av teikna). Men ofte nok kjem også rubbel og bit med handskrift.

Og eg merkar det sjølv også: Sjølv om eg skriv veldig lite for hand i det daglege, så er det ikkje utan grunn at eg tyr til penn og papir når eg skal teikne fonologiske trestrukturar til ein analyse eller ei førelesing eg pønskar på, eller når eg skal skrive optimalitetsteoretiske tablå (tabellar) som notat til ein strøtanke eg har eller i samband med at eg les ei bok og set meg inn i noko nytt. Ja, til og med når eg føler at eg treng å disponere ein analyse som eg har meir eller mindre klart føre meg. Alt slikt går så mykje kjappare med penn og papir.

Og forresten, her kjem ei lita avsløring: Meir enn éin gong har eg lese eksamenssvar der studenten har ombestemt seg, og har landa på noko som i seg sjølv måtte reknast som feil. Men fordi eksamenen var handskriven, kunne eg sjå på utstrykingane korleis studenten hamna i dette uføret, eg såg ein indre logikk, og studenten vart ikkje vippa nedover på karakterskalaen. Denne effekten er sjølvsagt endå tydlegare når studenten leverer eit litt forvirra resonnement med fleire ombestemmingar undervegs, og eg har hatt studentar som til og med har fått «plusspoeng» på denne måten. Hadde desse studentane levert ei ferdigredigert utskrift, ville eg ikkje ha sett kva slags tankehopp som låg til grunn for konklusjonen.

Same kva, så kan eg veldig godt forstå ynsket om å bruke PC på eksamen. Det er ikkje usannsynleg at eg ville ha ynskt det same.

Forresten, PC? I tydinga Windows med Microsoft Word eller Open Office? Kva med dei av oss som helst bruker Mac, og som har oppdaga at Pages er mykje enklare å bruke? For ein i mine skor ville ein eksamen også ha innehalde massevis av illustrasjonar og lydskriftteikn. [ʔɪ ¹væɪt ¹kʰɑrː ɪ ¹fɪɲːɛ sʏm¹buːlɑ] når eg skriv på Mac-tastaturet med mitt eige tastaturoppsett. I Word eller på ei framand maskin ville eg brukt fleire minutt på å skrive det eg nettopp skreiv. For nokon som er van med Word og Windows, vil det sjølvsagt gå mykje kjappare. Ville eg fått lov til å bruke Mac, Pages og spesial-tastaturoppsett på eksamen, slik at eg stilte likt med dei som er vane med Word? Eller måtte eg streve også med å forhalde meg til eit uvant program og eit uvant operativsystem?

For dersom eg skulle gått opp til eksamen i dag, ville eg på visse punkt heller ha skrive for hand enn å setje meg ned attmed ein Windows med Open Office eller Microsoft Word. Sjølvsagt under føresetnad av at faglæraren ikkje bereknar omfanget med grunnlag i at eg skal skrive fort på ei datamaskin. Men om eg skal teikne mange diagram og andre figurar, så vil eg helst flette dei inn for hand.

Sjølvsagt kan ein ikkje avvise tanken om datamaskiner på eksamen, og som sagt kunne eg (med visse atterhald, viser det seg no) ynskt det same om eg framleis var student (dessutan vert det enklare å lese). Eg seier berre at det vil ha fleire konsekvensar enn at alt berre vert så mykje lettare. Det finst også slikt som vil verte meir tungvint, og det kan ha konsekvensar for omfanget på eksamensoppgåvene. Det vil alltid finnast både fordelar og ulemper med måten ein gjer noko på, same kva det er og korleis ein gjer det. Og altså, det er trass alt ikkje mitt problem lenger dersom vaksne menneske erstattar éi ulempe med ei anna (hallo, livet er fullt av vanskar, men vi klarer oss jo stort sett likevel). Så lenge studentane taklar situasjonen, er eg nøgd.

Problema med juks, økonomi, infrastruktur og kræsj/datatap har eg valt å ikkje drøfte, berre nemne.

Når det i mellomtida gjeld problemet med skrivekrampe, så vil eg nemne at då eg var ung, lærte vi å halde skrivereiskapen slik at pennen kvilte mellom ein lett krumma langfinger og ein meir eller mindre utstrekt peikefinger og tommel. Etter åtte timar med intensiv skriving på eksamen (for då eg var ung, var eksamenane på åtte timar, og kvar eksamen dekte det som i dag heiter 30 studiepoeng) kunne eg vere sliten, men det var i handleddet, og skrivekrampe fekk eg aldri. Berre eit lite tips, altså, etter å ha sett den krampaktige måten som folk held pennen på i dag.

Men då eg var ung, var eg også forferda over å oppdage at førelesarane mine i si studietid nokre få år tidlegare hadde skrive hovudoppgåvene sine (ca. masteravhandling) for hand.

Read Full Post »

PagaWeb igjen

I 2009 vart PagaWeb innført for å spare verdfull arbeidstid. Det gjekk ikkje så veldig bra. Men etter at eg skreiv om dette for eit år sidan, har mykje skjett. Mellom anna har eg fått e-post frå hyggjelege folk i Bluegarden, PagaWeb (ofte også stava PAGAweb) har vorte kompatibelt med Mac og moderne tilstandar, og eg kan til og med finne lønsslippen min på eiga hand. Så ja: det fungerer faktisk, og det noko nostalgiske grensesnittet i Java-skjemaa er det ingen som tek fysisk skade av.

No kom det melding til dei tilsette frå høgare hald om at vi må logge inn på PagaWeb og leggje inn opplysningar om familie og næraste pårørande. Dette vert difor ein rapport frå utprøvinga av den oppdaterte versjonen av PagaWeb.

Høgare hald, som ikkje er å laste for noko, var venleg å skrive ei detaljert oppskrift for korleis det skulle gjerast (tilpassa målgruppa på fortreffeleg vis), så her låg alt til rette for at det skulle gå bra.

gå til https://********** (bruk kun Internet explorer, Java må være installert og updated for å åpne skjema!)

Internet Explorer finst berre for Windows, men greitt nok, eg har jo med sjølvsyn sett at Safari fungerer. Det er også gledeleg at PagaWeb no fungerer med oppdatert Java. Sjølv har eg aller nyaste versjon installert (versjon 6, oppdatering 21), så dette må vel gå bra. Ja, med eit ørlite men framleis gyldig atterhald frå 29. april om det som på den tida var den nyaste oppdateringa, og redigert i juni for å åtvare også mot den då nyaste oppdateringa:

Nye Java Versioner kan gi feil ved åpning av skjerma, velg nei her! Java Version 6 Uppdatering 19 og 20 (build 1.6.0_19-b04) Det er utfordringer med de elektroniske skjemaene i PagaWeb og siste versjon av Java De skjemaene vi har funnet til nå som er berørt av dette er “Person og familieinformasjon” og skjemaene for “Reiseregning”. Ved bruk av skjema i PagaWeb kommer det melding “Skal potensiellt usikre komponenter blokkeres fra å kjøres ? ” For at skjema skal kunne brukes må det svares “NEI” Om brukeren velger “JA” kommer ikke skjema til å fungere. For å rette opp dette, må brukeren stenge alle browservindu og starte opp igjen. Svar så “NEI” på meldingen. I noen tilfeller må midlertidige internet filer tømmes før skjema kan benyttes igjen. Sun melder at de undersøker videre rundt konsekvensene og kommer med ytterligere informasjon senere.

At nye versjonar av Java kan skape problem for PagaWeb, er ikkje nytt. Men sidan alarmen er falsk, er det ikkje noko verre enn at eg skal klare å klikke på ja eller nei, alt etter som. På Windows med Internet Explorer skal dei altså klikke på «nei» for ikkje å la vere å tillate noko, enkelt og greitt eit raudt lys for det raude lyset. Som språkmann med datarøynsle tippar eg at dette i omsett form tyder at folk med Mac skal klikke på «Tillat» for å tillate. Så her er det berre å skride til verket.

gå til:
– Skjemaer/oppgaver
– Nytt skjema
– Personinformasjon

No skal det nemnast at eg aldri fekk denne åtvaringa som det vart åtvara mot, så eg gjekk vidare utan å verte stoppa. Då kjem eg til ei side med to faner. Under fana «Person» kan eg endre namn og diverse på meg sjølv (bortsett frå at det på PagaWeb-kurset i fjor vart sagt at vi ikkje skal endre namn på oss sjølve fordi det kan føre til tekniske problem), men felta for «Eksisterende informasjon» er tome. Eg finst, det er ikkje det, for eg finn både namn og adresse annanstads i systemet, berre ikkje på skjemaet for personinformasjon.

Vel vel, det var uansett ikkje her eg skulle stappe inn Judith. Eg skal over til fana «Familie», men fyrst vil eg berre utvide vindauget litt for å verte kvitt det liggjande rullefeltet, skjemaet er ørlite for breitt for vindauget sitt.

Nei, det gjekk visst ikkje. Eller jau, eg klarer å utvide vindauget, men skjemaet held stand, til og med det ståande rullefeltet held stand og nektar å flytte seg, slik at vindaugsinnhaldet har det like trongt som før, det liggjande rullefeltet er der enno, med ein fin marg bort til den utvida vindaugskanten, som no ligg langt til høgre for også det ståande rullefeltet. Og gjer eg vindauget smalare, så forsvinn både det ståande rullefeltet og høgre enden av det liggjande rullefeltet. Men det er jo betre enn sist eg skreiv om PagaWeb, då fekk eg ikkje opp dette skjemaet i det heile teke. (Klikk på videoen for å sjå.)

Velg arkfanen Familie og fyll inn opplysninger om pårørende

Det er som sagt her eg skal stappe inn Judith. Her er det masse feltgrupper for ulike folk som eg er i slekt med, men i dag skal eg stappe inn berre Judith.

Så i den fyrste feltgruppa kryssar eg av for «NÊrmeste pÂr¯rende». Deretter prøver eg å velje «ektefelle» eller noko sånt i menyen for «slektsskap». Men det går ikkje. Det einaste eg finn, er eit menyval der det står «(ingen)». Og det er kanskje like greitt med tanke på fugeformativen.

Det går fint å fylle ut namn og adresse, sjølv om adressa inneheld ein ø. Hadde kona mi vore islandsk og heitt Þóra Guðmundsdóttir eller noko sånt, hadde vi framleis vore godt innanfor rammene til ISO 8859-1 (som PagaWeb elles baserer seg på), men då eg prøvde (for eg måtte jo prøve), viste det seg umogeleg å taste inn Þ og ð. Å kopiere bokstavane frå eit anna dokument og lime dei inn i javaskjemaet fungerte heller ikkje: innliming med ⌘V gav berre ein v, og i menyen er «Lim inn» gråa ut. Og samiske bokstavar som č og ŋ kan ein berre gløyme.

Sjølvsagt må eg prøve endå litt meir. Det verkar som det meste frå ISO 8859-1 lèt seg skrive, men ikkje ñ, ¤, ÷, × (gongeteikn), ¡ (opp-ned ropeteikn), frittståande tøddel (¨) og ein del andre teikn, men frittståande cirkumfleks (^) lèt seg skrive. Også euroteiknet € lèt seg skrive, trass i at det ikkje finst i ISO 8859-1. Så det kan verke som om det finst strikte grenser for kva for nokre teikn som er lovlege i 2010, nitten år etter at Unicode 1.0.0 såg dagens lys.

– Endre «status» til «Til overføring»
– KLICK PÅ «SEND» etter du har fyllt ut skjemaet for å gjøre informasjon tilgjengelig!!!)

«Til overføring» er ikkje mogeleg for meg. Trykkjer «Send». Men skjemaet vil ikkje sendast.

I staden kjem det ei melding om at «Verdien er obligatorisk». Men kva for ein verdi? Skrivemerket dukkar opp i feltet for e-postadresse i den neste, ikkje utfylte feltgruppa for nokon som er pårørande.

Ja vel, la meg skrive inn e-postadressa hennar ein gong til, då. «Send.»

«Verdien er obligatorisk,» seier PagaWeb, og plasserer skrivemerket der eg allereie har skrive e-postadressa for andre gong. Så eg fyller ut heile feltgruppa som ei duplikatoppføring av kona mi, og for å vere på den trygge sida legg eg inn papirpostadressa dobbelt begge stadene for å fylle ut absolutt alle felt som eg får lov til å fylle ut.

«Verdien er obligatorisk,» seier PagaWeb, og nektar meg å sende inn skjemaet. Det er framleis e-postadressa til Judith nr. 2 som vert markert.

Eg klikkar på «Lagre» og prøver «Send» igjen. Same problem. Eg lèt att skjemaet og opnar det på nytt. Oi, ingenting har vorte lagra.

Etter eit par timar med effektivt innspart tid skjøna eg at kvoten min for usynleggjering av administrative oppgåver var oppbrukt for denne gongen, så då gjekk eg til ein administrativt tilsett og bad om assistanse. Han fann fram eit ni år gamalt operativsystem og ein javaversjon frå i fjor vår, og snart var jobben gjord.

Men så var det dette rullefeltet, då. I det vindauget som ville la seg utvide og likevel ikkje ville la seg utvide. Då vi fekk prøvt det ut i ro og mak på ein Windows noko seinare, viste det seg at dette vindauget ikkje ville la seg utvide i det heile teke på den plattforma. Det verkar også som om den faste breidda på vindauget eigentleg er stor nok, men så har dei gløymt at også den loddrette rullesjakta tek plass.

Same kva, å betateste programvare av denne typen kan vere ei fin øving, som til og med kan auke medvitet om den teknologiske forhistoria vår. Men eg trur ikkje det er slikt eg eigentleg får betalt for å gjere i arbeidstida. Er det ikkje nokon der ute som vil spandere ein Mac på Bluegarden?

Read Full Post »

For eit par veker sidan fortalde eg om invitasjonen til ei undersøking som utvikla seg til å verte ein ordre om å vere med på undersøkinga, og eg spurde til slutt om kva det neste vert.

Det neste vart ein «URGENT REQUEST fra pro-rektor for undervisning», formidla via min direkte overordna, og eg gav etter for presset. Såleis har eg no fylt ut ei undersøking der eg som førtiåring m.a. måtte bestemme meg for om eg er i aldersgruppa 30–40 eller 40–50. Det valet var lett.

Eg fekk også ta stilling til om eg bruker eit bestemt elektronisk verkty til å «legge ut og vurdere oppgaver». Eg bruker det til å leggje ut oppgåver, men synest det for vurderinga sin del er mykje meir praktisk å gjere det i eit tekstbehandlingsprogram. Så er svaret på spørsmålet ja eller nei?

Men no skal eg ikkje skrive meir om dette.

Read Full Post »

Ein invitasjon

For ei tid sidan fekk eg ein invitasjon. Lukkelege meg! Eg fekk ein «invitasjon til å delta i spørreundersøkelse». Innboksen min er ikkje full nok frå før, så eg fann ut at eg kunne la denne invitasjonen liggje ei stund. Det var jo trass alt ikkje noko påbod som hadde kome ramlande inn til meg, det var berre ei høfleg innbyding.

Ei veke seinare kom neste melding: «Påminnelse, delta i spørreundersøkelse». Plutseleg stod der eit verb i ei form som eg tolka som imperativ.

Fyrst infinitiv, deretter imperativ. Kva vert det neste, skal tru?

Read Full Post »

Tenesteveg

Dersom dei involverte fagmiljøa på instituttnivå tilrår eit feilrettande administrativt grep i samband med det faglege og pedagogiske, må fagfolket sende slik tilråding via eit råd som ligg utanfor instituttnivå, og som inneheld hyggjelege folk som ikkje har direkte kjennskap til kurset, og som ikkje har aktuell fagkompetanse, men som vil vere i stand til å lytte på ein god måte. Dette rådet kan deretter gje si tilråding til instituttnivået som fagfolka sorterer under.

Det er ikkje ved mitt institutt det er slik, men eg har vorte inspirert. I morgon skal eg sende ei grunngjeven tilråding til ein styrerepresentant på arbeidsplassen til kona mi om at han rår kona mi til å fatte eit vedtak om å ete det kakestykket som eg la på fatet hennar etter at kona mi hadde bede meg om å leggje det der.

Eg legg forresten merke til at eg skriv veldig myke jobbrelatert her på bloggen. Det er eigentleg ikkje heilt meininga, trur eg. Skal sjå om eg klarer å skjerpe meg.

Read Full Post »

Older Posts »