Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘livet’ Category

(Click here for an English version of the blog post.)

I dag er fødselsdagen til Gard, bror min. Han ville ha vorte 44 år.

Gard var medviten om verdien av å vere tolerant og aksepterande mot andre. Så tidleg som i 1992 slo han fast (sjølv om han sa det på ein meir humoristisk måte) at dette er eitt av kjenneteikna på det å vere eit sant menneske.

Ei finurleg side ved denne tidlege filosofien hans handla om evna til å ha ein vid og tolerant musikksmak. Ja visst, dette var mellom det han nemnde i 1992, delvis som spøk, delvis alvorleg. Anten det var med overlegg eller ikkje, så vart det slik at spelelista med musikkvideoar på nettstaden hans gjenspeglar denne innstillinga. Kvar laurdag, og på somme andre utvalde dagar, viste Gard oss ein ny musikkvideo frå ein eller annan stad på jorda: pop, rock, folkemusikk, kva no sjangeren eller stilen enn var. Nye videoar på spelelista vart annonserte på Twitter, og tweeten vart også lagd ut på Facebook.

For eitt år sidan i dag, berre nokre få dagar etter at han døydde, overraska han oss med ein ny video og tilhøyrande annonsering på Twitter og Facebook, og dermed fekk vi oppdage at han hadde automatisert prosessen.

I november 2016 vart spelelista framleis automatisk oppdatert, men videoane vart ikkje lenger annonserte på Twitter og Facebook. Og den 4. februar 2017 tok også spelelista slutt. Den siste videoen var «Arrival» av Joe Taranto. («Arrival», for eit høveleg val. Nevøen hans, altså sonen min, kom til verda berre nokre dagar tidlegare.)

Som epilog til spelelista hans vil eg gjerne presentere to videoar der Gard sjølv er med, og som han sjølv har lasta opp til YouTube.

Den fyrste videoen er mest til å le av, og vert framført av han sjølv, meg og ein venn av oss. Den andre videoen er ein abstrakt elegi skriven og framført av Gard. Begge videoane er på engelsk, og var med i den tre timar lange «O.U.C.H. Home Vid’ III»-videoen frå 1993, som hadde dei to nederlendarane Stefan og Richard frå ST News som tilsikta publikum.

Vi Ar Nårvikjens

Vi to og Hans Arild Runde laga denne musikkvideoen i 1991. Nokre år seinare vart han faktisk kringkasta på NRK, om enn med sensurert handleddsskjering (i staden for å skifte ut klippet med noko anna, så bad vi dei om berre å leggje på ein tekstplakat med «sensurert»). Det var Hans Arild som komponerte musikken og spelte instrumenta, medan alle tre skreiv teksten, song han og redigerte videoen.

Det har gått mange år sidan dette, så for dei som ikkje klarer å kjenne oss att: Gard er den yngste i gruppa (nesten 18 på den tida), eg er han med skjegg (21 år), og tredjemann er Hans Arild (19 år).

I songteksten brukte vi dårleg engelsk, til dels «Norwenglish» og norsk. Vi ville nemleg gjerne imitere innstillinga «å, eg mååå syngje på engelsk» hjå folk som eigentleg snakkar andre språk. Videoen prøver generelt å gjere narr av dei kommersielle trekka og dei låge kunstnariske kvalitetane i nokre av dei musikkvideoane som vart sende på MTV. (Dagens ungdom veit det kanskje ikkje, men på den tida sende faktisk MTV musikk.) Grensa mellom parodi, ovundring og kritikk er ustabil gjennom heile videoen vår.

Også tittelen på songen gjenspeglar den parodiske tilnærminga. «Vi ar nårvikjens» vert uttalt [ˈviː ˌɑːr nɔr⁠ˈviːc͡çɛns] (vi ar nårvitsjens), dvs. på engelsk men med ein kraftig sunnmørsk aksent.

Gard skreiv ein gong ein presentasjon av videoen på engelsk, og la denne ut på ein nettstad som ikkje finst lenger. Presentasjonen hans byrja slik:

To make this music video, we spent about five weeks of summer vacation making three hours of raw footage (and a lot of other videos) and some really long nights editing. The editing equipment consisted of a VCR and a video camera. The VCR was able to record the sound track and the picture separately. However, it was very painful to synchronize the picture for lip sync.

Credits:
Hans Arild Runde: Composing song, playing all instruments (keyboard plus computer)
Gard E Abrahamsen: Video editing, computer graphics
Jardar E Abrahamsen: Rhyme, rhythm and basic insanity
All three: Lyrics, vocals, direction, camera

I ein tidleg kladd til denne bloggposten tok eg med heile presentasjonen hans av songteksten og slikt som skjedde under opptaka, saman med nokre kommentarar for eiga rekning, men dette vart rett og slett for mykje. Det kan likevel nemnast at noko av teksten alluderer til andre songar (og eit par band). Medan opningsorda «O alack» var inspirerte av William Shakespeare sånn generelt (og ikkje alluderer til ein song), så viste «Games are played in thousand homes» til songen «Games» av gruppa New Kids on the Block, og sjølvsagt til «i de tusen hjem» i ein songtekst av Bjørnson. «Beds are burning midnight oil» burde vere sjølvforklarande, medan «Hills and mountains by the sea» er «Millom bakkar og berg utmed havet». Det finst nokre referansar til.

Eg har elles ei lita tilståing å kome med. «English e et fattig språk, det. / Ryggjej verte sabla låke» er forståeleg for norskspråklege, og vert sunge på sunnmørsk, nærare sagt ein varietet av Herøy-dialekten som finst på granneøyane. Men vi ville ikkje servere direkte bannskap, så derfor valde vi ordet «sabla» i staden for «jævla» eller liknande. Tilståinga er at eg på eitt eller anna vis «gløymde» å nemne for Gard og Hans Arild at ordet «sabla» kjem historisk av ordet «Satan».

Fill the Streets

Både Gard og eg byrja å skrive dikt medan vi gjekk på vidaregåande, han nokre få år etter meg. Men medan eg skreiv med versemål og rim på den tida, brukte Gard fri rytme og ikkje rim.

Gards dikt «Fill the Streets» er eit eksperimentelt dikt, framført her med piano i bakgrunnen. Gard har notert ein stad at han skreiv dette diktet før 1. januar 1992. Vi to tok opp den siste scena, den med stearinlyset, på rommet mitt eit år seinare, nyårsaftan 1992, og vi redigerte videoen ferdig neste dag, 1. januar 1993.

Eg veit dette ikkje berre fordi eg hugsar det (og eg hugsar det), men også fordi dette er ein av dei aller siste videoane i O.U.C.H. Home Vid’ III. Og i eit sanntidsbrev som vi skreiv saman i dei tidlege timane den 2. januar 1993, fortel Gard i innleiinga: «I take my computer to the kitchen after having completed O.U.C.H. home-vid’ III».

I videoen «Fill the Streets» les Gard sitt eige dikt, og det er også han som speler piano.

Gard har ikkje vilja fortelje så mykje om si eiga tolking av diktet. Han ynskte at publikum skulle få oppleve det på sine eigne premissar. Eg vil respektere dette, og seier då heller ikkje korleis eg sjølv les diktet. Men eg trur dei fleste vil sjå det som ein slags klagesong eller elegi. Då han døydde, kom eg stendig tilbake til verselina «They die so young».

Dette poetiske verket var den fyrste videoen Gard lasta opp til YouTube. Det skjedde på fødselsdagen hans i 2006, for elleve år sidan i dag.

Dei to videoane i denne bloggposten viser dei kunstnariske ytterpunkta i Gards liv: den humoristiske og leikne enden av skalaen, og dei alvorlege, djupe, abstrakte ideane som aldri kan uttrykkjast eksplisitt.

Vi saknar deg, Gard. Spelelista di har teke slutt, men eg skal fortelje om deg så lenge eg lever. Eg saknar deg, lisjebror.

 
– – –
 

In English: An epilogue to the playlist

(I have written the English version of the epilogue because Gard had many friends around the globe, not least in Canada and the US, where he lived for some years. English is not my native language, and in addition, some of the nuances will inevitably be lost.)

Today is my brother Gard’s birthday. He would have turned 44.

Gard was conscious about the values of being tolerant and accepting towards others. As early as 1992, he stated (though he did so in a more humorous way) that this is one of the signs of being a true human.

One almost surprising side of his early philosophy concerned the ability to have a wide and tolerant taste of music. Certainly, this was among the things he mentioned in 1992, in part as a joke, in part seriously. Whether it was deliberate or not, the music video playlist on his website mirrors this attitude. Every Saturday, and on some other selected days, Gard presented us with a new music video from somewhere on the planet: pop, rock, folk, whatever the genre or style. Each new video was announced on Twitter, and the tweet was also posted to Facebook.

One year ago today, only a few days after he died, he surprised us with a new video, which was also announced on Twitter and Facebook, and so we discovered that he had automated the process.

In November of 2016, his playlist was still automatically updated, but the announcements on Twitter and Facebook had stopped. And on 4 February 2017, also his playlist came to an end. The last video was “Arrival” by Joe Taranto. (“Arrival”, what an appropriate choice. His nephew, my son, arrived to this world only a few days earlier.)

As an epilogue to his playlist, I want to present two videos where Gard himself was involved, and which he himself has uploaded to YouTube.

The first video is a huge laugh performed by himself, me and a friend. The second video is an abstract elegy written and performed by Gard. They are both in English, and were included in our three hour long “O.U.C.H. Home Vid’ III” from 1993, which had the two Dutchmen Stefan and Richard from ST News as intended audience.

Vi Ar Nårvikjens

The two of us and Hans Arild Runde recorded this music video in 1991. A few years later it was actually broadcast on national television in Norway, although with the wrist-cutting clips censored (instead of replacing the clips, we asked that they simply black them out and write “sensurert”, i.e. ‘censored’, on the screen). The music was composed and the instruments played by Hans Arild, while all three of us wrote the lyrics, song it, and edited the video.

Many years have passed since then, so for those who are not able to recognise who is who: Gard is the youngest member of the group (almost 18 at the time), I am the one with a beard (21 years old), and the third one is Hans Arild (19 years old).

For the lyrics, we used a terrible form of English, in part Norwenglish and Norwegian. The reason was that we wanted to mimic the “oh I need to sing in English” attitude of non-native speakers of English. The video in general tries to poke fun at the commercial characteristics and low artistic quality of some of the music videos broadcast on MTV. (Young people may be surprised to learn that MTV actually aired music at the time.) The boundary between parody, admiration and critisism is unstable throughout our video.

The title too mirrors our parodic approach. “Vi ar nårvikjens” is pronounced [ˈviː ˌɑːr nɔr⁠ˈviːtʃɛns] (vee are norveechens), which is how people from our district would pronounce “We are Norwegians” if we add an extra dash of Norwegian accent to it.

Gard once made a presentation of the video in English, and published it on a website that is no longer online. His presentation started like this:

To make this music video, we spent about five weeks of summer vacation making three hours of raw footage (and a lot of other videos) and some really long nights editing. The editing equipment consisted of a VCR and a video camera. The VCR was able to record the sound track and the picture separately. However, it was very painful to synchronize the picture for lip sync.

Credits:
Hans Arild Runde: Composing song, playing all instruments (keyboard plus computer)
Gard E Abrahamsen: Video editing, computer graphics
Jardar E Abrahamsen: Rhyme, rhythm and basic insanity
All three: Lyrics, vocals, direction, camera

In an early draft of this blog post I included his entire presentation of the lyrics and things that happened while we recorded the song, with a few comments of my own, but this was truly too much. It can be mentioned, though, that some of the lyrics refers to other songs (and a couple of bands). While the opening words “O alack” were inspired by William Shakespeare in general (and do not refer to a song), “Games are played in thousand homes” refers to the song “Games” by New Kids on the Block, and “i de tusen hjem” (in the thousand homes) of the Norwegian national anthem. “Beds are burning midnight oil” should be self-explanatory, while “Hills and mountains by the sea” is understandable only to Norwegians (Millom bakkar og berg utmed havet). There are also a few other references.

I also have a small confession to make. “English e et fattig språk, det. / Ryggjej verte sabla låke” translates as ‘English is a poor language. / The back begins to hurt a lot’. This is in our local dialect of Norwegian, or rather in a variety of our dialect spoken on the neighbouring islands. We didn’t want to be too explicit in our swearing, though, so we chose “sabla” (extremely) instead of words like “jævla” (bloody; literally: devilishly) or similar. My confession is: I somehow “forgot” to mention to Gard and Hans Arild that the etymology of “sabla” is actually “Satan”.

Fill the Streets

Both Gard and I started writing poems while in high school, I first, then he a few years later. But while I wrote with metre and rhyme at the time, Gard used free verse and no rhymes.

Gard’s poem “Fill the Streets” is an experimental poem, performed here with a piano in the background. Gard has noted somewhere that he wrote the poem before 1 January 1992. The two of us recorded the final scene, the one with the candle, in my room one year later, on New Year’s Eve in 1992, and we finished editing the video the next day, 1 January 1993.

I know this not only because I remember (and I do remember), but also because this is one of the very last videos of O.U.C.H. Home Vid’ III. And in a real-time letter that the two of us wrote during the early hours of 2 January 1993, Gard states in the introduction: “I take my computer to the kitchen after having completed O.U.C.H. home-vid’ III”.

In the video “Fill the Streets”, Gard is reading his own poem, and he is also the one playing the piano.

Gard has been reluctant to give any details on his own interpretation of the poem, as he wanted people to experience it on their own terms. I will respect this and won’t say how I read the poem; I still believe most of us will see it as some kind of lament or elegy. When he died, I kept thinking of the line “They die so young”.

This piece of poetry was the first video that Gard ever uploaded to YouTube. He did so on his birthday in 2006, eleven years ago today.

The two videos in this blogpost demonstrate the artistic extremes of Gard’s life: the humorous and playful end of the scale, and the serious, profound, abstract ideas that can never be expressed explicitly.

We miss you, Gard. Your playlist has come to an end, but I will keep telling your story for as long as I live. I miss you, little brother.

Read Full Post »

13. august

rose

Biletet er frå grava hans tidlegare i sommar.
The photo is from his grave earlier this summer.

Read Full Post »

Sorg

(An English translation is given below. Click here.)

Eg skal ikkje seie så mykje kløktig og liksom-reflektert her. Det har eg ikkje behov for. Eg har behov for det motsette, å ha lov til å fortelje at nei, det går ikkje så heilt bra. Og at det skal få lov til ikkje å gå så heilt bra. Dermed vert denne bloggposten så personleg at han kan tippe over i det private. For dette er spørsmål eg har fått av og til i det siste: «Går det bra?» eller «Korleis går det?» Nokre av dei spør kanskje fordi dei kjenner svaret og orkar å høyre det endå ein gong: Sjølvsagt går det ikkje bra, og det skal det heller ikkje gjere. Ikkje eintydig bra, i alle fall.

Eg miste bror min for ti veker sidan. Heilt plutseleg. Han som alltid har vore der, sidan eg var tre, og som skulle vere der til vi vart gamle. Eg var så stor at eg hugsar at mor vår var gravid. Eg hugsar framleis det lukkelege andletet hennar då eg tok henne på magen for å kjenne barnet der inne sparke. Eg hugsar at han vart fødd og fekk namn. Og samstundes var eg så liten at vi fekk vekse opp saman. Han utgjer 43 år av livet mitt, sjølv er eg 46. Det var ingen eg kunne stole på slik som eg stolte på han. Vi kjende kvarandre slik som berre to brør i tosam oppvekst kan kjenne kvarandre.

No er eg åleine om å representere den fellesskapen som var oss to. Dette gjeld både leiken og det kjekke vi hadde saman heilt opp i vaksen alder, det gjeld livet i baksetet på ferieturane som små, samtalane vi hadde til langt på natt som ungdommar, og det gjeld det stygge som vi til dels fekk oppleve kvar på vår kant, og til dels i fellesskap. Vi vart utforma saman med kvarandre i den same støypeskeia. Då eg miste bror min, miste eg halve livet og halve hjartet mitt, halve fortida mi, halve notida og halve framtida mi. Eg miste halve meg og heile han.

Den fyrste tida kom gråten i krampar som ikkje kunne styrast. Gjerne på kjøkengolvet. Store, vaksne mannen. Det var berre å leggje seg ned. Puste kunne eg ikkje, krampane styrte alt. Etter kvart kom gråten anten så venta eller så kontrollert at eg i det minste kunne få meg ut til senga. Ikkje at det hindra akutt krampegråt og gauling i passasjersetet som heldt på å skremme sjåføren ut i grøfta. Og ikkje at det hindrar plutseleg skjelvegråt kvar som helst og som overrumplar også meg. Det er ikkje så mykje vakkert, sivilisert og ærverdig over dette. Det skal det heller ikkje vere.

Kvar syrgjer på sin måte. For meg var det avgjerande å få møte bror min, å få vere nær han med syskenkjærleik også i den tilstanden. Og med tårer og snòr, og mange ord som berre kona mi og ho med teieplikt var vitne til. Og bilete. Bilete av oss to saman med han i kapellet. Av han og meg. Og seinare av storebrors rå, ufiltrerte fortviling ved grava. Men også bilete frå tidlegare, frå livet, av han og familien, eller av oss to saman, medan vi feira jol eller nyttår, eller ved andre høve. Videosnuttar. Lydopptak med stemma hans. Eit dikt han skreiv som tenåring og som eg hugsar at han skreiv. Eit måleri han gav oss, så fullt av kjærleik og omtanke. Alt er med på å gjere det verkeleg. Det er vondt å leggje han att utandørs nede i jorda, men han er i alle fall saman med våre kjære.

Gards grav

Gard kviler i høgre delen av grava til beste- og oldeforeldra våre på Eggesbø-sida av familien. Den opphavlege gravsteinen står til venstre for den mellombelse krossen på biletet.

Sorga kjem i bylgjer, langsame eller brå, og bårene er ulikt høge og ulikt djupe. Dagane er ulike, og timane er ulike. Skuldkjensle? Eg er storebroren hans, eg skulle ha passa på han! Sjølvsagt er dette irrasjonelt, sjølvsagt kunne eg ikkje sitje ved senga til ein vaksen, gift familiefar 360 km unna i tilfelle noko svikta i kroppen hans. (Men eg kunne gjort slik eller slik.) Og overlevingsskuld som eldstemann med mindre familie? Eg har vel fått smake på dei fleste normale sorgreaksjonar, også slikt som ein sjeldan snakkar høgt om, og mykje som eg ikkje nemner her. Gråt er berre den mest synlege reaksjonen.

Det har gått litt meir enn to månader. Den mest akutte delen av sjokket er over. Eg byrja å få i meg litt mat igjen etter berre eit par veker. I det siste har eg av og til klart å utøve nokre vanlege heimeaktivitetar frå kvardagslivet. Gråten kjem som oftast meir varsamt enn før. Men elles er to månader å rekne som kort tid. Sorga har berre så vidt teke til.

Gråt er god medisin. Dei dagane eg ikkje har tid til å gråte, er dei tyngste, når jobben eller andre plikter kjem i vegen. Gråten kjem lettast på dei dagane eg klarer å fatte kva som har skjett. Og gråten hjelper meg med å flette det eg veit, saman med det eg føler, og saman med resten av det som skjer i livet, for der skjer det også slikt som er fint og som har stor glede i seg. Å ha det bra eller ikkje bra er ikkje ein eigenskap som ein plasserer på ein eindimensjonal skala. I gleda ligg også sorga og saknet etter han som skulle ta del i gleda. Som medisin og for samanflettinga si skuld vil eg gjerne halde fram med å gråte så lenge eg treng det. Om gråten er ei roleg tåre i sofaen, eller om han kjem med skjelvepust på senga, er ikkje så viktig. Sorguttrykket endrar seg naturleg med tida.

Og kvifor skriv eg denne bloggposten? Det er av den grunnen som eg nemnde i det fyrste avsnittet. Det finst eit press her i verda for å vere lukkeleg og sterk. Men eg vil ikkje låst som om alt er i orden berre fordi det har gått nokre veker. Eg vil ikkje blenkje med nypussa fasade og seie at det ordnar seg. Og eg vil ikkje nedtone eller skamme meg over at sorga mi er så kraftig, for ein bror har all rett til å syrgje, og til å syrgje tungt. Å lære seg å leve med sorg tek tid, sorg er alt anna enn vakkert, og eg veit at saknet vil vare til dess mi tid er komen og vi skal møtast igjen.

Eksterne nettsider om sysken som syrgjer:
Christina Hibbert: Siblings & Grief: 10 Things Everyone Should Know
P. Gill White, The Sibling Connection: Loss of an Adult Sibling
Wikipedia: Grief. Death of a sibling.

Eg gret då eg las dette essayet av Lynn Shattuck, fordi eg kjende meg igjen i så mykje (ikkje alt, men mykje): The Loss of a Lifetime: When an Adult Brother or Sister Dies. Ho har også ein lesverdig blogg.

– – –

In English: Grief

(This is a translation of the original text in Norwegian. I have made it for our friends who don’t understand the original language. Some of the stylistic and semantic nuances from the Norwegian text will be lost. English is also not my native language.)

I won’t write many clever or seemingly thoughtful words here. That is not what I need to do. I need to do the opposite thing, I need to be allowed to tell that, no, I am not all that fine. And that I am allowed to be not all that fine. As such, this post will be so personal that the contents may cross the boundary between personal and private. For these are questions I have heard now and then lately: ‘Are you fine?’ or ‘How are you?’ (In Norwegian, both of these would be equivalents of ‘how do you do’: an honest answer is not required.) Perhaps some of them ask because they know the answer and are willing to hear it once again: Of course I am not fine, and I should not be expected to be fine either. At least not unambiguously so.

I lost my brother ten weeks ago, all of a sudden. I lost the one who has always been there since I was three, and who was supposed to be there until we got old. I was big enough to remember even today that our mother was pregnant. I can still remember her happy face as I touched her belly to feel the baby kick inside her. I remember that he was born and was given a name. And at the same time I was young enough for the two of us to grow up together. He constitutes 43 years of my life, and I am 46 years old. There was noone I could trust the way I trusted him. We knew each other like only two brothers who grew up together can know each other.

Now I am the sole representative for the unity that was the two of us. This applies to our playing and having fun even into adulthood, it applies to life in the back seat during the holidays when we were small, our conversations late at night as adolescents and young adults, and it applies to the mean things that we experienced in part separately and in part together. We were formed together with each other in the same mould. When I lost my brother, I lost half of my life and half of my heart, half of my past, half of my present and half of my future. I lost half of me and all of him.

At first, my crying was spasmic. It might happen on the kitchen floor. Me, a grown-up man. There was no other way, I simply had to lie down. I could not breathe, the spasms controlled it all. At a later stage, my tears were either so expected or so controlled that I could at least make it to my bed. This did not prevent acute spasmic crying in the car, almost scaring the driver off the road. And it does not prevent the sudden crying that may occur anywhere, catching even me off guard. Nothing of this is beautiful, civilised or dignified. It is also not supposed to be.

Everyone grieves in their own way. To me it was of huge importance to meet my brother, to be close to him with brotherly love even now. With tears and snot, and with many words that only my wife and the undertaker witnessed. And photos. Photos of the two of us together with him in the chapel. Of him and me. And later of his big brother’s raw, unfiltered despair at his grave. But also photos from earlier, from life, of him and the rest of the family, or of the two of us, celebrating Christmas or new year, or at other occasions. Video clips. Sound recordings of his voice. A poem that he wrote as a teenager — I can remember that he wrote it. A painting that he gave us, with love and thoughtfulness. It all helps to make it real. It hurts to leave him outdoors, in the ground, but he is together with others that we love.

Gard’s grave

Gard rests in the rightmost part of the grave of our grandparents and great-grandparents of the Eggesbø branch of the family. The original headstone is to the left of the temporary cross.

My grief hits me in waves, slow or sudden, and the waves vary in height and depth. The days vary, and the hours vary. Guilt? I am his big brother, I should have looked after him! These are of course irrational thoughts. Of course I could not sit at the bed of an adult, married father 360 kilometers away in case something failed somewhere in his body. (But I could have done this or that.) And survivor guilt, being the older one with a smaller family? I soon got acquainted with most of the normal reactions of grief and loss, also those that one does not commonly talk about, and many that I do not mention here. Crying is just the most visible reaction.

A little more than two months have passed. The most acute part of the shock is over. I started eating somewhat more normally after just a couple of weeks. Lately I have at times been able to perform some common home activities from everyday life. Most often, my crying is more careful than before. But a period of two months is still a very short amount of time. My grief has just barely started.

Crying has a therapeutic effect. The days when I don’t have the time to cry, are the hardest ones, when work or other duties demand too much attention. It is the easiest to cry on the days when I manage to comprehend what has happened. Crying helps me to intertwine what I know with what I feel, and with everything else in life, because in life there are also great joys. Being fine or not is not measured on a one-dimensional scale. Along with joy there is also the loss and sorrow for him who should have taken part in that joy. For the therapy and the intertwining function I will keep allowing myself to cry for as long as I need to. It is not so important if this is a silent tear in the sofa or a trembling weep lying down. The expressions of grief change naturally over time.

And why do I write this blog post? I do it for the reason that I mentioned at the top. People are expected to be happy and strong. But I will not pretend that everything is all right just because a few weeks have passed. I will not sparkle with a polished façade and state that it will be OK. And I will not tone down or be ashamed of the fact that my grief is profound, for a brother has the right to mourn, and to do so heavily. Learning to live with grief takes time, grief is all but beautiful, and I know that I will miss him until we meet again.

External web pages on sibling grief:
Christina Hibbert: Siblings & Grief: 10 Things Everyone Should Know
P. Gill White, The Sibling Connection: Loss of an Adult Sibling
Wikipedia: Grief. Death of a sibling.

I cried when I read this essay by Lynn Shattuck, because I recognised so much of it (much, not everything) from my own situation: The Loss of a Lifetime: When an Adult Brother or Sister Dies. She also has a blog that is worth reading.

Read Full Post »

Bror min

No er det tysdag 16. august 2016. Dagane sidan laurdag har vore uverkelege, og livet og verda kjem aldri til å kome heilt i orden igjen. Ikkje for meg, kona mi og foreldra mine, ikkje for svigerinna mi, og ikkje for dei fire små nevøane mine.

Den snille, gode bror min, Gard Abrahamsen Tuur-Eggesbø, døydde uventa natt til laurdag, nokre dagar før han ville fylt 43 år.

Eg er så glad for at vi byrja å klemme kvarandre, og for at vi begge visste kor glade vi var i kvarandre. Snille, gode, nydelege, rettvise, hjartevarme, omtenksame, samvitsfulle lisjebroren min, det var ikkje slik det skulle gå.

Jardar og Gard

– – –

A rough translation, added on 8 October 2016: My brother

It is now Tuesday 16 August 2016. The days since Saturday have been unreal, and life and the world will never completely settle again. Not for me, my wife or my parents, not for my sister-in-law, and not for my four young nephews.

My good, kind brother, Gard Abrahamsen Tuur-Eggesbø, died unexpectedly on Saturday morning, a few days before his 43rd birthday.

I am so glad that we started hugging each other, and that both of us knew how much we loved each other. My kind, good, marvellous, just, big-hearted, caring, considerate little brother, this is not how it was supposed to be.

Read Full Post »

Dette er den tredje og så langt siste planlagde bloggposten i miniserien om Tryg Forsikring si rolle i det som skjedde etter brannen. Vår kontakt med dei har primært gått via den lokale prosjektleiinga, som har vore direkte engasjert av Tryg, og som har representert dei. For meir bakgrunn sjå starten på den fyrste av desse tre bloggpostane.

Bakgrunn

Tryg Forsikring hadde forsikra bygningsmassen i Risvollan Borettslag, og finansierte reparasjonane etter brannen. For oss finansierte dei også bortebuinga og kjøkenet som måtte erstattast.

Arbeidet med kjøkengolvet er omtalt relativt detaljert i bloggposten Støv kan ikkje flyge oppover frå november 2015. Les gjerne den bloggposten fyrst, eller skum gjennom bilettekstane.

Etter at eg skreiv den bloggposten, vart eg oppringd frå sentralt hald i forsikringsselskapet. Det skal eg fortelje om seinare i bloggposten.

Bakgrunnen kort oppsummert: Golvleggjarane frå Sverresborg Malerservice fjerna ikkje golvlistene før dei fjerna det gamle golvbelegget, før dei avretta golvet, eller før dei la det nye golvbelegget. Dermed har kjøkenet no groper langs veggene, golvlister som er delvis nedstøypte i golvet, og eit påflikka krater. Det vart også mykje sprut og søl som berre delvis er ordna etterpå.

Sverresborg Malerservice har forklart at dei valde denne arbeidsmåten nettopp fordi det var ei forsikringssak. I forsikringssaker fjernar dei ikkje golvlistene, fordi slikt kan medføre skade på tapet som går bak lista, og det tok dei ikkje sjansen på. (Og dessutan trong dei snikkar og elektrikar sa dei. Fagfolk fortel at dette er feil.) I staden for å ta sjansen på å kanskje skade gammal tapet ville dei heller lage eit splitter nytt golv med gropdanning langs veggene der elektrisk kabel og gamle golvlister vart delvis nedstøypte (før noko av dette måtte fjernast igjen).

Korleis forsikringsselskapet forheldt seg

Eg har allereie nemnt at forsikringsselskapet var Tryg. Forsikringsselskapet er relevant her av fleire grunnar. Den fyrste er sjølvsagt at Tryg var overordna oppdragsgjevar:

For ved forsikringssaker har Sverresborg Malerservice altså ein uttalt politikk som i praksis kan medføre at ting ikkje skal tilbakeførast til det som svarer til tilstanden før skade. Dei ville ikkje eingong gje oss sjansen til å ta stilling til kva som var viktigast for oss: å unngå groper og nedstøypte golvlister i det splitter nye golvet, eller å heilgardere seg mot hypotetisk skade på gammal tapet.

Dette fekk vi ikkje ta stilling til fordi dei meinte at vi ikkje var relevant part i saka. Oppdragsgjevaren deira var nemleg ikkje vi, men entreprenøren Norgeshus Fredheim & Paulsby (vi har generelt eit godt inntrykk av dei), som i sin tur var engasjert av Tryg Forsikring. På synfaringa 14. august 2015 understreka forsikringsselskapet at dei ikke vil leggje seg opp i arbeidet. Det ville forresten heller ikkje oppdragsgjevaren.

Tryg understreka også at vi dessutan ikkje hadde noko anna val enn å la golvleggjarane reparere på sin eigen måte no. Litt meir om dette under.

List og kabel

For å heilgardere seg mot hypotetisk tapetskade støypte Sverresborg Malerservice botnen av denne og andre vegglister ned i avrettingsmassen og la golvbelegget rundt. Kabel med same lagnad.

Som eg fortalde om i ein annan bloggpost her om dagen, hadde vi fått bestilt ny kjøkeninnreiing som stod på lager på den tida. Den nye kjøkeninnreiinga er, med unntak av eit par mindre tilpassingar til dagens vareutval, funksjonelt og inndelingsmessig identisk med den som gjekk tapt. Av utsjånad er dei òg nokså like, men materialtypen frå den gamle finst ikkje lenger på marknaden. Vi hadde fyrst eit etter måten billig kjøken på handa, men Tryg påla oss å bruke ein annan og noko dyrare leverandør, som forklart i den nemnde bloggposten.

Så kom altså datoen for synfaringa, vi hadde reklamert på kjøkengolvet m.a. på grunn av problema som gropene ville medføre i framtida, og forsikringsselskapet gav no klar beskjed om to ting: For det fyrste skulle vi få ein frist på å avgjere om vi gjekk med på at Sverresborg Malerservice reparerte på sin måte fyrst utan å fjerne gropene. For det andre hadde Sverresborg Malerservice krav på å reparere på sin måte fyrst utan å fjerne gropene. Derfor gav vi like etter synfaringa sjølvsagt tilbakemelding om at ja, då må dei få lov til å prøve sin måte fyrst. Vi hadde jo ikkje noko val.

På synfaringa stilte også forsikringsselskapet seg negativt til at vi i det heile teke skulle reklamere på kjøkengolvet. Grunngjevinga: Vi hadde jo fått ei relativt dyr kjøkeninnreiing. Vi prøvde å nemne at dette var etter pålegg frå Tryg, og at den gamle materialtypen ikkje kunne skaffast lenger, men eg trur ikkje at dette nådde gjennom, for stemninga var allereie meir enn amper.

Målarfirmaet

Når eg nemner Tryg og Norgeshus Fredheim & Paulsby, er det også ryddigast å nemne, som eg allereie har gjort, at golvleggjarane kom frå Sverresborg Malerservice. Etter eiga eksplisitte utsegn vel det firmaet andre arbeidsmåtar i forsikringssaker enn elles. I vårt tilfelle vart det altså groper og nedstøypte gamle golvlister i splitter nytt golv for å unngå hypotetisk tapetskade, utan å la eigaren få høve til å ta stilling til det eller betale seg opp.

Det må nemnast her at vi også har høyrt visse godord om kompetansen deira frå fagfolk som har lengre røynsle med dei. Vi har dessutan heilt konkret sett med eigne auge kor fint og flatt golvet vårt vart, og særleg den eine golvleggjaren var veldig dyktig m.a. med tilskjeringa langs ein bogevegg. I ein tidlegare bloggpost har eg også nemnt at vi opplevde dei som profesjonelle. Det er såleis mangt som indikerer at det vi opplevde av handverk og rare påstandar, ikkje berre var ein lang serie med arbeidsuhell, for så inkompetente er dei rett og slett ikkje.

Sverresborg Malerservice si eiga forklaring på arbeidet, med Trygs representant nikkande til stades, er som nemnt at dette var ei forsikringssak, og då «bruker vi å gjere det sånn». At Sverresborg Malerservice, som dei einaste handverkarane i heimen vår på desse ti månadene, ikkje såg på dei som bur og eig på staden som relevante (alle andre tok oss med på råd), vart samstundes grunngjeve med at dei hadde fått oppdraget via Trygs entreprenør (Norgeshus Fredheim & Paulsby), ikkje frå oss utanforståande. Vi tviler ikkje på at Sverresborg Malerservice snakkar sant om akkurat dette.

Burettslaget

Då vi snakka med burettslaget før reklamasjonssynfaringa, var den eine kommentaren at golvet skal jo helst tilbakeførast til slik det var før skaden oppstod, sjølv om folk har ulike løysingar omkring.

Burettslaget, som var Trygs kunde, var representert på synfaringa. Spørsmålet då var i og for seg aldri korleis golvet var lagt hjå oss før skaden (det visste jo alle), men burettslaget fekk spørsmål om korleis golv har vorte lagde elles i burettslaget. Svaret var at somme har gjort det sånn, og andre har gjort det sånn. Og det var det.

Blokkert golv

Blokkert kjøkengolvDen 24. august kom den nye kjøkeninnreiinga. Dette skjedde utan å snakke med oss, vi fekk berre ein e-post frå kjøkenleverandøren om at arbeidet no var i gang. Dermed vart kjøkeninnreiinga montert på eit golv som vi hadde reklamert på. Dette skjedde før utbetringsarbeidet hadde kome i gang, og det var ikkje før vi peikte på dei manglande utbetringane at noko skjedde — uvisst om det var nokon samanheng.

Men no var jo delar av dei lovde utbetringane effektivt blokkerte, og ikkje minst hadde det vorte praktisk umogeleg å utbetre golvet på den måten som vi opphavleg hadde bede om: leggje golvet på skikkeleg vis. Ein del av det som Sverresborg Malerservice hadde lovt å fikse etter reklamasjonen, fiksa dei aldri, sjølv om det ville vere mogeleg også med kjøkeninnreiing på plass. Og golvet har framleis groper, men no med silikon langs kantane.

På synfaringa 14. august hadde det vorte avtalt at når Sverresborg Malerservice er ferdige med reparasjonane sine, skulle vi få lov til å vurdere resultatet. Men kva skulle føremålet vere, kan ein spørje, for no hadde jo alt vorte blokkert. Vi sa ifrå til Trygs prosjektleiing, entreprenøren og kjøkenleverandøren same dag, den 24. august, om at det som skjedde no, var problematisk, sidan reparasjonsarbeidet enno ikkje var utført. Vi høyrde aldri noko tilbake frå Tryg eller deira folk.

Og nei, vi er heller ikkje nøgde med reparasjonane. Men no hadde vi stanga hovudet i veggen hjå Tryg så mange gonger (og dette var jamvel før flytteprosessen), og saka hadde vakse seg så stor, at når dette kom attpå, følte vi oss rådville. Det å lage ei oversikt over det som hadde skjedd, måtte rett og slett få forrang, og dermed kom bloggposten Støv kan ikkje flyge oppover i november.

Korleis kunne det skje at kjøkeninnreiinga landa på golvet på denne måten? Jau, det var nokre som hadde hatt «ein dialog», som dei sa. Dermed hadde entreprenøren låst inn kjøkenmontøren med ein nøkkel som vi hadde lånt dei for å låse inn han som skulle utbetre golvet, og seg sjølve når dei skulle ordne vindaugskarmar og listverk der.

Utviklinga etterpå: kontakt med Tryg

Fram til november 2015 gjekk kontakten med Tryg via prosjektleiinga lokalt, jf. innleiinga i den fyrste bloggposten i denne miniserien. Der fortalde eg òg at eg har venta med desse siste bloggpostane fordi vi har følt oss avhengige av velvilje frå Tryg, og fordi vi også — no den seinare perioden — har hatt ein dialog med dei. Den dialogen har vi hatt med Tryg sentralt. Men etter kvart fekk vi oppdage at denne dialogen må ha vore ei overtolking frå vår side. Her kjem historia om korleis kontakten har vore med Tryg sentralt:

Etter at eg blogga om kjøkenarbeidet i Støv kan ikkje flyge oppover, sende eg lenkja til Tryg Forsikring via kontaktskjemaet på nettsidene deira saman med ei kort melding:

Dette skjemaet ber meg markere om eg er privat- eller bedriftskunde. Eg er ikkje nokon av delane i denne samanhengen, men har likevel fått merke kva det går ut på å vere forsikra i Tryg. […] Kan Tryg fortelje oss korleis dei stiller seg, og kva dei vil tilrå som løysing?

Det er viktig å presisere her at meldinga gjekk til Tryg fordi Sverresborg Malerservice er underleverandøren til Norgeshus Fredheim & Paulsby, som igjen er Trygs leverandør. Trygs prosjektleiing hadde sagt på synfaringa i august at ved reklamasjon er det Tryg sentralt som må ta stilling til kva som skal skje. At vi då ikkje gjekk via prosjektleiinga etter alt vi hadde opplevd der, seier seg kanskje sjølv.

Det kom fort svar frå Trygs kundesørvis med takk for god lesnad, og ei vekes tid etterpå, fredag 20. november 2015, kom den fyrste telefonen frå sentralt hald i forsikringsselskapet. Med «sentralt hald» meiner eg eit stykke oppe i hierarkiet på nasjonalt plan. Han ringde for å seie ifrå om at han skal sjå på saka og kjem tilbake måndag.

Måndag 23. november ringde Tryg igjen. Denne gongen var det ein annan langt oppe i hierarkiet. Han hadde lese bloggposten, og «det ser ikkje pent ut». Så dette ville dei ordne opp i, slik at vi kunne få oppleve ei hyggjelegare side ved Tryg enn vi hadde opplevt hittil.

Eg fortalde at eg skulle ut på jobbreise frå neste ettermiddag av og ut veka. Vi var dessutan slitne, og var enno ikkje heilt installerte. Men det var ein utruleg hyggjeleg samtale, og ting såg ut til å skulle ordne seg. Endeleg var kommunikasjonsproblema over. Det som skulle til, var å ta kontakt med Tryg sentralt.

No skjedde ting fort. Allereie neste dag, 24. november, kom det ein e-post frå forsikringsselskapet om å sende inn saka på nytt, men no med skadenummer:

Vennligst send inn på nytt med skadenr slik at vi kan finne saken.
Dersom ny skade ring oss på 04040 eller meld den på tryg.no slik at vi får den info vi trenger. Vi har ikke kapasitet til å ta vare på/følge opp mailen til du kommer tilbake så denne mail slettes.

Sidan saka skulle sendast inn på nytt, og ikkje berre supplerast, svarte vi neste dag via kontaktskjemaet på nettsidene deira, og la ved det som vi med visse atterhald mistenkte kunne vere skadenummeret:

[…] det gjeld altså bloggposten min om det nye kjøkengolvet (https://jardar.wordpress.com/2015/11/10/stov-kan-ikkje-flyge-oppover/), og spørsmålet om kva Tryg vil tilrå.

Dette takka dei for, og kvitterte med at saka no var oversend til skadeavdelinga, som ville ta kontakt. Vi fekk samstundes beskjed om å ta direkte kontakt med skadeavdelinga ved spørsmål.

Så vart det stilt. Den 2. desember fekk vi svar frå anna hald om det tidlegare innsende kravet om å få dekt utlegga i samband med sementstøvfadesen og den omskiftelege flytteprosessen, altså den refusjonen som er omtalt i førre bloggpost. Men elles var det stilt.

Vi prøver på nytt

Tre månader seinare hadde Trygs skadeavdeling enno ikkje teke kontakt. Den 25. februar 2016 kontakta vi derfor skadeavdelinga på den e-postadressa vi hadde fått opplyst 25. november, og la ved tidlegare korrespondanse med mistenkt mogeleg skadenummer og alt:

Jamfør dei tre siterte meldingsutvekslingane under (den eldste er nedst). Har det skjedd noko meir i denne saka? Eg har ikkje høyrt noko meir etter at eg vart beden om å sende saka inn på nytt 24. november og fekk kvittering på dette 25. november.

Vi fekk dette svaret:

send inn på nytt med skadenr

Som sagt, så gjort. Men ettersom vi allereie hadde gjort dette via e-posten dagen før, var spørsmålet også, ja rett og slett: Skulle vi sende inn på nytt via e-post eller via kontaktskjemaet?

Det vart stilt. Ei veke seinare, den 3. mars, tok vi kontakt med den eine av dei to som hadde ringt i november. Visste han kvar saka var i systemet? Svaret kom neste dag: Han hadde no spurt seg føre, og fått opplyst frå internt hald at vi allereie hadde fått utbetalt eit beløp i desember, har vi fleire krav mot Tryg?

Det trongst vel berre ei påminning om kva saka handla om. Vi svarte at den utbetalinga «handlar om utlegg i samband med flytting, vask m.m.», medan herverande sak gjeld den bloggposten frå november: Spørsmålet er korleis Tryg stiller seg og kva dei vil tilrå i samband med at Sverresborg Malerservice utførte arbeidet på denne måten fordi det var forsikringssak, og ikkje ville rekne oss som relevant part fordi dei var engasjerte av Trygs entreprenør. Vi minte også om telefonsamtalane i november.

Etter dette har det igjen vorte stilt frå Tryg — bortsett frå at eg i samband med denne og dei to føregåande bloggpostane har bede om, og fått, ei presisering om forholdet mellom Tryg, prosjektleiinga og eit eksternt føretak.

Det spørsmålet som vi stilte for fire månader sidan, og som ligg til grunn for heile denne bloggposten, var: «Kan Tryg fortelje oss korleis dei stiller seg, og kva dei vil tilrå som løysing?» Men vårt problem er sjølvsagt at vi personleg ikkje er kundane deira. Vi har berre fått merke på kroppen, slik eg har skrive om i denne og dei to føregåande bloggpostane — og i somme tidlegare bloggpostar — korleis det er å vere omfatta av ei forsikring i Tryg, og korleis det er å ha i hus ein underleverandør av Trygs leverandør, der underleverandøren ikkje vil forhalde seg til oss. Og når vi korkje er kundar den eine eller den andre staden, så vert ein fort usynleg, det forstår vi.

– – –

Tidlegare bloggpostar relaterte til Tryg Forsikring:
Nedteljing på overtid (29.9.2015)
Vi har flytta heim (7.10.2015)
Støv kan ikkje flyge oppover (10.11.2015)

Og i denne miniserien:
Om forsikringsselskapet og då kjøkenet skulle kjøpast (24.3.2016)
Bålhopping (25.3.2016)

Tidlegare bloggpostar om brannen:
1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet – 6. Reparasjonar tek tid – 7. Nei, vi har ikkje flytta heim – 8. Nedteljing på overtid – 9. Vi har flytta heim – 10. Støv kan ikkje flyge oppover – 11. Eitt år sidan brannen – 12. Eit hjartesukk om mysteriet med framandfolk i kjellaren – 13. Om forsikringsselskapet og då kjøkenet skulle kjøpast – 14. Bålhopping

Read Full Post »

Bålhopping

Dette er den andre bloggposten i serien om rolla til forsikringsselskapet i det som skjedde etter brannen. Vår kontakt med dei har primært gått via den lokale prosjektleiinga, som har vore direkte engasjert av Tryg, og som har representert dei. For meir bakgrunn sjå starten på førre bloggpost.

Bakgrunn

Tryg Forsikring hadde forsikra bygningsmassen i Risvollan Borettslag, og finansierte reparasjonane etter brannen. For oss finansierte dei også bortebuinga og kjøkenet som måtte erstattast.

Her skal vi m.a. sjå på kva slags svar vi fekk då flyttevilkåra til Tryg vart endra etter ei lengre tid med uavklarte forhold, og vi derfor bad om opplysningar om hotellrekvisisjon. Vi skal også sjå på korleis svaret vart gjenteke to månader seinare i samband med at dei refunderte mesteparten av utgiftene ved heimflytting og etter sementstøv-fadesen. Til slutt skal vi litt innom det tidsmessige forholdet mellom heimflytting og mellombels bruksløyve på adressa.

Ei oppsummering av hovudpunkta kjem heilt til slutt.

Lat oss starte med spørsmålet: Kva er eigentleg skilnaden mellom å hoppe ned i eit bål frå fem–seks meters høgd, og å springe tjue meter bort frå bålet? Det fyrste svaret på det spørsmålet fekk vi den 2. oktober, og det oppdaterte svaret kom i desember.

Tilbake til september og oktober

Før vi ser på det oppdaterte svaret, må vi ta ein tur tilbake til september og oktober 2015. Sjå også Nedteljing på overtid (om det uavklarte før flyttinga) og Vi har flytta heim (skriven ei veke seinare). Det skader ikkje å lese dei to bloggpostane fyrst, men det viktigaste vil verte gjenteke her, saman med slikt som ikkje har vore nemnt før, og altså utviklinga i ettertid.

Vi hadde budd borte sidan 3. desember 2014, hadde sagt opp eksilhusværet, og skulle flytte heim 30. september 2015, men byggjearbeidet heime var forseinka. Ved forseinkingar utover flyttedato hadde Tryg lovt å dekkje vidare bortebuing i opptil to veker. Men ettersom dei pr. fredag 25. september ikkje ville ta høgd for at arbeidet var forseinka også onsdag 30. september, måtte vi vente til etter flyttetidspunktet med å få avklart om vi skulle flytte eller ikkje. Dette er omtalt i Nedteljing på overtid.

Det som skulle vere klart, var at «rømningsforholdene vil da være klare», som det heitte i ein e-post veka i forvegen. Konkret handla dette igjen, som omtalt også i saksdokumenta som vi har fått tilgang til seinare, om høve til å rømme ut av branncella si og horisontalt til andre seksjonar via balkongrekkja i 3. etasje. Dette var også praktisk mogeleg før brannen, og var einaste måten å få seg bort på dersom inngangsdøra like under skulle vere blokkert t.d. ved brann, altså i tilfelle der rømmingsveg trengst. (Med mindre ein skulle ha lyst til å hoppe ut vindauget på baksida med katteburet i handa og, avhengig av etasje, 3–6 meter ned til naboen under. Ein gjer det om ein må, men rømmingsveg er det ikkje.) Vi bur i 2. og 3. etasje med inngang i 2. etasje.

Då prosjektet — som venta — framleis var forseinka på flyttedato, trekte Tryg lovnaden om vidare bortebuing:

Dei endra vilkåra

Fasade

30. september 2015 (klikk for større versjon).

30. september stod vi der med kattar og koffert, og ingen balkongar. I tråd med e-posten veka i forvegen skulle dette utløyse vidare bortebuing. Men då vi tok kontakt med Trygs prosjektleiing om det gjenståande arbeidet, vart vilkåra med eitt endra til at «det er adkomst», altså at vi hadde tilgang til inngangsdøra. Vi måtte brevveksle litt, men det vart stadfesta: Dette var «uavhengi[g] av om de rekker å montere ferdig balkonger- Nødvendig adkomst skal være på plass for dere», og dette var no det nye vilkåret for å «flytte inn i dag».

Dette var berre siste episode i ei veke med ikkje-avklaring, skiftet verka tilfeldig, og kunne sjølvsagt ikkje takast seriøst, så vi flytta ikkje heim. Etter ein telefon frå burettslaget til prosjektleiinga innvilga Tryg då éi ekstra natt i eksilet (tilfeldigvis mogeleg, sidan betalt av innbuforsikringa hjå Sparebank1). Neste dag, torsdag 1. oktober, kom vår balkong som den einaste midt på rekkjehuset, og meir kom heller ikkje på den sida av helga.

Derfor spurde vi fredag 2. oktober om kven vi snakkar med for å få rekvisisjon dersom vi treng hotell (Tryg skulle jo dekkje bortebuing ved forseinkingar), men fekk ikkje svar på dette. I staden fekk vi beskjed om at vi hadde fått balkong, dermed hadde vi «rømningsmulighet ut på denne balkongen», og det var «klart for dere å flytte inn». Litt betre vilkår enn 30. september, altså.

Brennande fasadeSamstundes vart vår påpeiking av uferdig kjøken kvittert med eit «skulle det mot formodning gjenstå noe på kjøkkenet», jaja.

Så vi bad om forståing for at vi la til grunn meldinga vi hadde fått førre veke om at rømmingsforholda skulle vere klare og det dermed ville verte klart for innflytting, og spurde for skams skuld om korleis ein einsleg balkong i 3. etasje ville fungert som rømmingsveg på dette biletet frå desember. Vi fekk svar kl. 16:28:

Det er nå med ny balkong etablert en rømningsvei til dere ut [p]å balkong. Dette er i utgangspunktet slik dere hadde før det brant.

Vi tok e-posten «til etterretning», men peikte på at påstanden om tidlegare balkongar ikkje var korrekt. Før brannen var det mogeleg å hoppe over gelenderet til nabobalkongane, fordi det fanst nabobalkongar. Hopp over gelenderet no 2. oktober, og du ville lande ein heilt annan stad.

Refunderte utlegg

Dette var fredag 2. oktober etter arbeidstid, på tredje dagen etter at vi opphavleg hadde vorte kommanderte heim. Arbeidet var forseinka, vilkåra var endra, Trygs folk svarte ikkje på hotellspørsmålet, dei skreiv merkelege ting om balkongane, finansieringa av mellombels bustad frå forsikringshald var uavklart, og vi var nauta slitne etter ein ti månader lang unntakstilstand som evakuerte og ein nesten like lang periode der vi hadde prøvt å kommunisere med Trygs folk.

Så hadde dei på sparket gått tilbake på lovnaden om fungerande rømmingsveg ved innflytting og lovnaden om vidare bortebuing dersom dei ikkje rakk fristen. Samstundes var det ikkje lenger praktisk haldbart, korkje for menneske eller kattar, å bu på eksiladressa, som nemnt i oktober.

Dermed enda vi opp den fredagskvelden med å kjøpe ein vindaugsbrannstige, og flytta heim neste dag. Det var ei enkel løysing. Slik kunne vi kompensere for den manglande balkongrekkja på framsida av huset og få oss ut gjennom vindauget på baksida om det skulle trengast. No på fredagskvelden og i helga var det ikkje vits i å prøve å få innkjøpet førehandsavklart. Men då vi rapporterte inn utlegga våre i november, sende vi for dokumentasjonen si skuld inn eit krav likevel:

Tryg trakk lovnaden om fungerende rømningsvei ved innflytting, og foreskrev at ved brann à la den i desember kan man rømme ut til en enslig balkong midt i røyken uten å komme seg videre. For å ivareta brannsikkerhet anskaffet vi derfor brannstige.

Den 2. desember kom svaret. Tryg ville dekkje nesten alle utgiftene, men ikkje vindaugsbrannstigen. Dette var som venta, og ein slik brannstige burde vi nok kjøpt oss uansett. Vi var dessutan nøgde med å få dekt nesten alle dei andre ekstrautgiftene med heimflyttinga og den tidlegare sementstøv-fadesen. Det einaste smått uventa var grunngjevinga. Eg tillèt meg å sitere såpass fordi meldinga ikkje var privat, men vart send som saksdokument internt i forsikringsselskapet, signert av prosjektleiinga deira for byggjearbeidet:

For punktet om dekking av kostnad til egen rømningsstige for perioden fra innflytting og til at permanent rømningsstige var montert, mener vi ikke skal refunderes.
Dette var et innkjøp dere har gjort uten nærmere avklaringer. Ved rømning i denne perioden så var den helt lik det som var tilfelle før brannskaden og lik den som i dag er for alle de øvrige rekkehus leiligheter i Risvollan BL.

Fyrst, jf. fyrste setninga: Her vert det fortalt at vi skaffa oss vindaugsbrannstige i påvente av permanent montert stige (i balkongrekkjeendane). Det er feil. Dette handla ikkje om dei framtidige brannstigane (som ikkje fanst før brannen heller), men om at Tryg hadde vore uberekneleg med vilkåra sine. Hadde stigane vore der, måtte vi same kva hatt vengar for å få oss dit eller nokon annan stad frå vår einsame balkong.

Hopp i bålet

Men så var det den siste setninga, som var ei gjentaking av svaret frå 2. oktober over. Tryg seier at denne einsame balkongen, fotografert 1. oktober 2015:

Einsam balkong midt på veggen

er ved rømming heilt lik ei balkongrekkje der ein kan hoppe over gelenderet og få seg over til naboen, som på dette biletet 35 timar etter brannen (vi har dessverre ikkje bilete av den uskadde balkongrekkja før brannen):

Balkongrekkje der ein kan ta seg over til naboane

Her er til jamføring den nye — om enn ikkje finpussa — balkongrekkja med sidevegs rømming, fotografert same dag som ho var på plass, 7. oktober 2015:

Balkongrekkje

Den viktigaste skilnaden i dag (ferdig balkongrekkje) frå slik det var før brannen, og frå slik det er elles i burettslaget, er materialtype og at det no er port mellom balkongane — desse er enno ikkje monterte på det siste biletet. Låshendelen på portane sit elles så hardt fast at ein treng bortimot hammar for å opne dei, og det kan vere kjappare å berre hoppe over gelenderet (no: porten), slik som før.

Prosjektleiinga skreiv på vegner av Tryg den 2. desember 2015 at ved rømming var det allereie den 2. oktober heilt likt med slik det var før brannen. Det var jo ikkje sant, og både forsikringsselskapets folk og vi sjølve visste at det ikkje var sant.

Men nettopp denne gjentakinga den 2. desember av svaret frå den 2. oktober er grunnen til at det er interessant å blogge om det.

Så kom løyvet

Vi fekk lese ei merkeleg situasjonsskildring 2. oktober.

Men den 7. oktober var altså heile balkongrekkja på plass, berre utan dei siste detaljane. Dermed kunne prosjektet den 9. oktober søkje kommunen om mellombels bruksløve, det les vi i bunken med saksdokument som vi har fått sjå i ettertid. Søknaden den 9. oktober femnde om fire adresser, inkludert vår adresse. Dette var ei veke etter at vi hadde flytta heim etter press frå forsikringshald. Søknaden vart innvilga av Trondheim kommune 23. oktober med tilvising til den byggtekniske situasjonsrapporten i søknaden frå 9. oktober. Omstenda i den situasjonsrapporten var ikkje oppfylte på flyttetidspunktet 3. oktober.

Vi har spurt ansvarleg søkjar om kva slags løyve eller dispensasjon som fanst for vår adresse før den 23. oktober. Svaret frå ansvarleg søkjar er at det vart «innvilget midlertidig brukstillatelse 23.oktober 2015». Det svaret vart elles sendt i kopi til rett instans i Tryg (prosjektleiinga), som ikkje har kommentert det.

Ansvarleg søkjar la til at vedkomande ikkje har oversikt over når folk flyttar inn eller eventuell grunngjeving for dette. Som nemnt over, var grunngjevinga frå Trygs kant i vårt tilfelle (men berre etter at dei ombestemte seg 30. september) at «det er adkomst» og at dette gjeld «uavhengi[g] av» føreskriven rømmingsveg, og (2. oktober og 2. desember) at ved rømming var den frittståande balkongen ekvivalent med balkongrekkje.

Oppsummering

Lat oss oppsummere dei fire hovudpunkta:

Fyrst måtte det ventast til flyttedato med å sjå om dei førehandsvarsla flyttevilkåra var oppfylte. Dermed måtte det avgjerast etter flyttetidspunktet om det skulle verte flytting eller ikkje. Dette er i hovudsak dekt av ein bloggpost frå slutten av september.

Då vilkåra ikkje var oppfylte på planlagd flyttedato, vart vilkåra omgjorde, slik at det som tidlegare hadde uferdig-stempel, no i staden fekk ferdig-stempel. Vilkåra om rømmingsveg galdt ikkje lenger, og vi skulle flytte inn «uavhengi[g] av dette».

To dagar seinare vart det servert ukorrekte opplysningar om noko så prosaisk som balkongar. Dette vart gjenteke to månader seinare.

Og for det fjerde vart det ved å trekkje nokre lovnader lagt press på oss for å flytte heim ei veke før det vart søkt om mellombels bruksløyve, og medan omstenda for situasjonsrapporten i den framtidige søknaden enno ikkje var til stades. Dette sjølvsagt med atterhald om at vi har fått korrekte opplysningar frå ansvarleg søkjar om manglande dispensasjon og mellombels bruksløyve.

I neste bloggpost skal vi sjå på arbeidet med kjøkengolvet og nokre sider av den saka som ikkje er omtalte frå før. Der skal vi også sjå på kva som skjedde då Tryg sentralt las bloggposten om det i november.

– – –

Tidlegare bloggpostar om brannen:
1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet – 6. Reparasjonar tek tid – 7. Nei, vi har ikkje flytta heim – 8. Nedteljing på overtid – 9. Vi har flytta heim – 10. Støv kan ikkje flyge oppover – 11. Eitt år sidan brannen – 12. Eit hjartesukk om mysteriet med framandfolk i kjellaren – 13. Om forsikringsselskapet og då kjøkenet skulle kjøpast

Oppdatert 30.3.2016 og 1.5.2016: Har endra ordvalet på nokre stader som handlar meir direkte om Trygs representasjon gjennom prosjektleiinga.

Read Full Post »

Etter brannen vart mykje snudd oppned, særleg dei fyrste vekene. Deretter kom det ti månader lange eksiltilværet. Men noko av det mest slitsame var å kommunisere med det forsikringsselskapet som hadde forsikra bygningsmassen, og som såleis finansierte kjøkenet vårt og eksiltilværet i reparasjonstida. Det er særleg tre saker vi tenkjer på då: kjøkeninnkjøp med forviklingar, omstenda rundt tilbakeflyttinga i månadsskiftet september/oktober, og kjøkengolv med nedstøypte golvlister der vi i realiteten ikkje fekk reklamere. Innbuforsikringa skal eg ikkje ta føre meg her, og vi har då også berre gode røynsler med dei.

Dette er den fyrste av tre planlagde bloggpostar om rolla til forsikringsselskapet i det som skjedde etter brannen, med eit særleg sideblikk til korleis det har vore å kommunisere med dei. I dagens bloggpost skal eg fortelje om kjøkeninnkjøpet, som i ettertid er meir komisk enn slitsamt å sjå tilbake på.

Forsikringsselskapet

Grunnen til at denne og dei neste bloggpostane har late vente på seg, i staden for at oppdateringane har kome undervegs, er at vi har følt oss avhengige av velvilje frå forsikringsselskapet, og trudde også vi hadde ein dialog med dei. Desse omsyna ser ikkje lenger ut til å vere relevante, ettersom vi må ha overtolka den merksemda som sentralt hald gav oss etter bloggposten Støv kan ikkje flyge oppover. Den merksemda er ikkje tidlegare omtalt her på bloggen, men eg kjem tilbake til saka i den tredje bloggposten i serien.

Eg har nemnt forsikringsselskapet før, men ikkje namnet. Det dreier seg om Tryg Forsikring.

Bakgrunn

Tryg Forsikring hadde forsikra bygningsmassen i Risvollan Borettslag, og finansierte reparasjonane etter brannen. For oss finansierte dei også bortebuinga og kjøkenet som måtte erstattast.

Eg vil i denne samanhengen presisere at med ordet «forsikringsselskapet» har eg i hovudsak (men ikkje alltid) sikta til den lokale prosjektleiinga deira, som var kontaktpunkt for oss som vart råka av brannen. Prosjektleiinga hadde ein ekstern tilknytnad, men var direkte engasjert av Tryg, er gjennomgåande omtalt som representant for Tryg, og handla på vegner av Tryg. For alle praktiske føremål var dette altså Tryg Forsikring, og eg legg meg ikkje opp i den interne organiseringa deira, men omtaler Tryg som hovudregel under eitt. Slik vert det også i denne og dei komande bloggpostane.

Ein forsmak

Ein forsmak på korleis prosessen framover skulle verte, fekk vi i februar 2015. Då nemnde vi for Tryg at på eit bestemt rom som tidlegare hadde vore fritt for røyklukt, lukta det no sur, innestengd røyk. Men vi ville gjerne ta dette direkte med luktsaneringsfolka, fortalde vi.

Dette hadde å gjere både med det vi hadde observert rundt det at lukta kom, og med kva som fanst av eigendelar på det rommet. Det kunne også vere at luktkjelda var ein heilt annan stad, og dette ville det vere lettare å identifisere på eit seinare tidspunkt. Grunnen til at vi nemnde det for Tryg, var at vi trong å spørje om vi kunne ta dette direkte med saneringsfirmaet, eller om det måtte gå via forsikringsselskapet. Vi fekk svar om å ta direkte kontakt med saneringsfirmaet.

Før vi visste ordet av det, hadde Tryg likevel bestilt ei ekstra luktsanering av rommet. Då vi var innom seinare på dag, hadde luktfolka allereie vore der (vi har vore, og er framleis, fulle av lovord om saneringsfolka for alle dei måtane dei har hjelpt oss på gjennom eit heilt år). Ettersom luktkjelda etter alt å døme var ein annan stad, resulterte dette berre i at det dunsta «godlukt» frå luktsaneringa i månadsvis etterpå. Mellom anna hang bunaden min på det rommet.

Kjøkeninnkjøpet

Eg har vore litt innom dette tidlegare, men litt spreitt (21.6.2015 og 10.11.2015), så her kjem det meir systematisk. Som nemnt er dette i dag — med unntak av avslutninga — meir komisk enn slitsamt å sjå tilbake på. Det låg nok mykje godvilje bak det som skjedde, i alle fall ein del av det. Dette er likevel mykje ei historie om det vi må kunne oppsummere som langvarig hastverk.

Etter brannen hadde Trygs folk eit velsigna optimistisk tidsperspektiv på heimflyttinga, vi følte oss godt ivaretekne, og fekk beskjed den 13. januar 2015 om å gå på byen og finne oss ei ny kjøkeninnreiing som kunne erstatte den som ikkje overlevde røyk, sot og sløkkjevatn. Kona spurde om det var spesielle leverandørar vi skulle halde oss til, men det var det ikkje.

Så vi tok mål av det gamle kjøkenet vårt medan den skadde innreiinga framleis var der, laga ei skisse, skaffa oss oversikt over kjøkenleverandørane i byen, fann noko vi ville ha, hadde møte med leverandøren, leverte skissa til dei, og fekk kjøkenet teikna. Materialtypen frå den gamle innreiinga var ikkje lenger å få, men elles vart det som før, med den same skap- og skuffeinndelinga som tidlegare, berre med justeringar for slikt som ikkje lenger fanst.

Men det vi fekk vite i januar, var visst litt upresist. Slikt kan jo skje. Den 17. februar fekk vi beskjed om å bruke éin bestemt annan (og dyrare) leverandør enn der vi hadde vore, og no hasta det veldig. Denne delen av prosessen måtte vere ferdig i løpet av ei veke. Vi spurde om denne andre leverandøren var obligatorisk, for vi hadde jo allereie funne eit kjøken. Vi fekk ikkje svar. Vi spurde fleire gonger, men forstår sjølvsagt at det er lett å forsvinne i slike bunkar som det var snakk om her.

Men no starta prosessen på nytt: Vi skisserte kjøkenet slik vi ville ha det, med dei aktuelle måla, fekk oss eit møte med den godkjende leverandøren, og fann oss noko som såg ut omtrent som gamlekjøkenet. Og plutseleg, oppdaga vi, sat Tryg med eit tilbod på kjøkenet vårt, allereie før vi sjølve hadde sett eit einaste utkast. Her snakkar vi sanneleg om effektiv kontakt mellom leverandør og forsikring.

Ei veke seinare, etter purring, fekk vi svar om at nei, naboane våre har vorte varsla om også ein annan namngjeven kjøkenleverandør som var budd på å hjelpe. Visse andre spørsmål venta vi framleis svar på, m.a. detaljspørsmålet om akkurat desse leverandørane var obligatoriske, og noko golvinformasjon. For golvet på kjøkenet måtte skiftast (vasskade og røyklukt og meir til). Men ting drog ut, og så vart det påske.

Så med hastverk vart bestillinga levert i april, etter påske, hjå den leverandøren som vi fekk namn på 17. februar. Mot slutten av månaden kunne leverandørens utsende mann dermed kome heim til oss og måle opp på millimeteren det som trong slik presisjon. Det vart rettnok litt usikkert, sidan kjøkenveggene framleis var uavklarte.

Omsider den 20. mai fekk vi, etter noko purring, informasjon om standardløysing på kjøkengolv, og kven som skulle vere leverandør der. Dermed kunne vi byrje å setje oss inn i ulike løysingar. Dette var likevel i ein nauta hektisk periode på jobb for oss begge med svært lange arbeidsdagar, og den bestemte leverandøren var ein leverandør for proffmarknaden med snevre opningstider. Dessutan var naudsynt veggarbeid og sånt enno ikkje utført. Slik vi har forstått det, hang dette m.a. saman med at handverkararbeidet hjå oss var sånt som skulle takast sånn innimellom. Etter kvart bestemte vi oss for golvbelegg heller enn standardløysinga parkett.

Lagerperioden

Tidleg på morgonen 3. juni fekk vi telefon frå kjøkenleverandøren om at kjøkeninnreiinga var på veg inn i bilen og straks på veg til heimeadressa vår på Risvollan. Stopp! var svaret vårt. For det fyrste budde vi ikkje heime, og for det andre var korkje vegger, vindauge eller golv på plass. Dette måtte på plass før kjøkeninnreiinga kunne monterast. Det lukta dessutan framleis brent. Nei, dei kunne heller ikkje lagre innreiinga på golvet der, for golvet skulle skiftast.

Men ettersom det då heile tida hadde hasta sånn med alt (men ikkje med å svare på spørsmåla våre), slik at Tryg hadde pressa på for å få ei tidleg bestilling på kjøkeninnreiinga (men ikkje for å klargjere kjøkenet for montering av denne), så var altså kjøkeninnreiinga no klar til levering, og dermed byrja det å gå lagerleige. Hadde det ikkje hasta for Tryg før, så kan du vedde på at det byrja å haste no. Den 4. juni ville dei at vi skulle bestemme oss for golvbelegg på dagen, og kjøkenet måtte monterast før noko av det andre som måtte på plass fyrst, var gjort. Dei gav seg heldigvis på dette.

Og dei nye vareprøvene på golvbelegg som vi skulle få, lét framleis vente på seg, men vi orienterte oss likevel, og i mellomtida skjedde framleis ingenting av det som skulle skje jamvel før golvarbeidet kunne ta til.

Den 15. juni kom dei nye vareprøvene på golvbelegg, vi fekk dei overleverte via Trygs folk inne på det ribba kjøkenet vårt, slitne etter ein så langt seks månader lang unntakstilstand som evakuerte. På dette møtet kom det fort fram at Tryg framleis ville leggje golvet og montere kjøkenet straks, før vegger, vindauge og kjelder til svilukt var under kontroll. Tryg ville også at vi skulle bestemme oss for golvbelegg frå vareprøvene der og då. «Vi kan ikkje bestemme oss på fem minutt,» sa vi. «Å, kvifor ikkje?» var spørsmålet tilbake. «Fordi dette er heimen vår, og vi skal bu her i mange år,» svarte vi. Vi hadde etterlyst golvinformasjon sidan mars. Vi hadde likevel gjort litt forarbeid, og neste kveld hadde vi bestemt oss. Det var viktig at vi valde lagervare, for no hasta dette veldig.

Heldigvis verka målarfirmaet (golvleggjarfolket) profesjonelt, og kunne forsikre oss då vi var innom i eit ærend, om at ting måtte jo skje i rett rekkjefylgje.

Etter m.a. veggarbeid og utskifting av dei svidne vindauga vart golvet skifta endå ein månad seinare, 14. juli og utover. Då var arbeidet framskunda med ei veke fordi vi hadde tenkt oss på ferie.

Ein dryg månad etter dette igjen, 24. august og nesten ni månader etter brannen, kom den nye kjøkeninnreiinga overrumplande heim til oss utan at vi visste det. Dette er tidlegare omtalt i bloggposten om golvarbeidet, Støv kan ikkje flyge oppover, og vi kjem kort tilbake til det i ein seinare bloggpost.

Men i mellomtida skal vi i neste bloggpost m.a. sjå på korleis Tryg sende oss heim under skiftande vilkår. Dette vil verte ei utdjuping av det som allereie er behandla i dei to bloggpostane Nedteljing på overtid og Vi har flytta heim, i tillegg til slikt som har skjedd i ettertid.

– – –

Tidlegare bloggpostar om brannen:
1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet – 6. Reparasjonar tek tid – 7. Nei, vi har ikkje flytta heim – 8. Nedteljing på overtid – 9. Vi har flytta heim – 10. Støv kan ikkje flyge oppover – 11. Eitt år sidan brannen – 12. Eit hjartesukk om mysteriet med framandfolk i kjellaren

Read Full Post »

Older Posts »