Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘livet’ Category

Etter brannen vart mykje snudd oppned, særleg dei fyrste vekene. Deretter kom det ti månader lange eksiltilværet. Men noko av det mest slitsame var å kommunisere med det forsikringsselskapet som hadde forsikra bygningsmassen, og som såleis finansierte kjøkenet vårt og eksiltilværet i reparasjonstida. Det er særleg tre saker vi tenkjer på då: kjøkeninnkjøp med forviklingar, omstenda rundt tilbakeflyttinga i månadsskiftet september/oktober, og kjøkengolv med nedstøypte golvlister der vi i realiteten ikkje fekk reklamere. Innbuforsikringa skal eg ikkje ta føre meg her, og vi har då også berre gode røynsler med dei.

Dette er den fyrste av tre planlagde bloggpostar om rolla til forsikringsselskapet i det som skjedde etter brannen, med eit særleg sideblikk til korleis det har vore å kommunisere med dei. I dagens bloggpost skal eg fortelje om kjøkeninnkjøpet, som i ettertid er meir komisk enn slitsamt å sjå tilbake på.

Forsikringsselskapet

Grunnen til at denne og dei neste bloggpostane har late vente på seg, i staden for at oppdateringane har kome undervegs, er at vi har følt oss avhengige av velvilje frå forsikringsselskapet, og trudde også vi hadde ein dialog med dei. Desse omsyna ser ikkje lenger ut til å vere relevante, ettersom vi må ha overtolka den merksemda som sentralt hald gav oss etter bloggposten Støv kan ikkje flyge oppover. Den merksemda er ikkje tidlegare omtalt her på bloggen, men eg kjem tilbake til saka i den tredje bloggposten i serien.

Eg har nemnt forsikringsselskapet før, men ikkje namnet. Det dreier seg om Tryg Forsikring.

Bakgrunn

Tryg Forsikring hadde forsikra bygningsmassen i Risvollan Borettslag, og finansierte reparasjonane etter brannen. For oss finansierte dei også bortebuinga og kjøkenet som måtte erstattast.

Eg vil i denne samanhengen presisere at med ordet «forsikringsselskapet» har eg i hovudsak (men ikkje alltid) sikta til den lokale prosjektleiinga deira, som var kontaktpunkt for oss som vart råka av brannen. Prosjektleiinga hadde ein ekstern tilknytnad, men var direkte engasjert av Tryg, er gjennomgåande omtalt som representant for Tryg, og handla på vegner av Tryg. For alle praktiske føremål var dette altså Tryg Forsikring, og eg legg meg ikkje opp i den interne organiseringa deira, men omtaler Tryg som hovudregel under eitt. Slik vert det også i denne og dei komande bloggpostane.

Ein forsmak

Ein forsmak på korleis prosessen framover skulle verte, fekk vi i februar 2015. Då nemnde vi for Tryg at på eit bestemt rom som tidlegare hadde vore fritt for røyklukt, lukta det no sur, innestengd røyk. Men vi ville gjerne ta dette direkte med luktsaneringsfolka, fortalde vi.

Dette hadde å gjere både med det vi hadde observert rundt det at lukta kom, og med kva som fanst av eigendelar på det rommet. Det kunne også vere at luktkjelda var ein heilt annan stad, og dette ville det vere lettare å identifisere på eit seinare tidspunkt. Grunnen til at vi nemnde det for Tryg, var at vi trong å spørje om vi kunne ta dette direkte med saneringsfirmaet, eller om det måtte gå via forsikringsselskapet. Vi fekk svar om å ta direkte kontakt med saneringsfirmaet.

Før vi visste ordet av det, hadde Tryg likevel bestilt ei ekstra luktsanering av rommet. Då vi var innom seinare på dag, hadde luktfolka allereie vore der (vi har vore, og er framleis, fulle av lovord om saneringsfolka for alle dei måtane dei har hjelpt oss på gjennom eit heilt år). Ettersom luktkjelda etter alt å døme var ein annan stad, resulterte dette berre i at det dunsta «godlukt» frå luktsaneringa i månadsvis etterpå. Mellom anna hang bunaden min på det rommet.

Kjøkeninnkjøpet

Eg har vore litt innom dette tidlegare, men litt spreitt (21.6.2015 og 10.11.2015), så her kjem det meir systematisk. Som nemnt er dette i dag — med unntak av avslutninga — meir komisk enn slitsamt å sjå tilbake på. Det låg nok mykje godvilje bak det som skjedde, i alle fall ein del av det. Dette er likevel mykje ei historie om det vi må kunne oppsummere som langvarig hastverk.

Etter brannen hadde Trygs folk eit velsigna optimistisk tidsperspektiv på heimflyttinga, vi følte oss godt ivaretekne, og fekk beskjed den 13. januar 2015 om å gå på byen og finne oss ei ny kjøkeninnreiing som kunne erstatte den som ikkje overlevde røyk, sot og sløkkjevatn. Kona spurde om det var spesielle leverandørar vi skulle halde oss til, men det var det ikkje.

Så vi tok mål av det gamle kjøkenet vårt medan den skadde innreiinga framleis var der, laga ei skisse, skaffa oss oversikt over kjøkenleverandørane i byen, fann noko vi ville ha, hadde møte med leverandøren, leverte skissa til dei, og fekk kjøkenet teikna. Materialtypen frå den gamle innreiinga var ikkje lenger å få, men elles vart det som før, med den same skap- og skuffeinndelinga som tidlegare, berre med justeringar for slikt som ikkje lenger fanst.

Men det vi fekk vite i januar, var visst litt upresist. Slikt kan jo skje. Den 17. februar fekk vi beskjed om å bruke éin bestemt annan (og dyrare) leverandør enn der vi hadde vore, og no hasta det veldig. Denne delen av prosessen måtte vere ferdig i løpet av ei veke. Vi spurde om denne andre leverandøren var obligatorisk, for vi hadde jo allereie funne eit kjøken. Vi fekk ikkje svar. Vi spurde fleire gonger, men forstår sjølvsagt at det er lett å forsvinne i slike bunkar som det var snakk om her.

Men no starta prosessen på nytt: Vi skisserte kjøkenet slik vi ville ha det, med dei aktuelle måla, fekk oss eit møte med den godkjende leverandøren, og fann oss noko som såg ut omtrent som gamlekjøkenet. Og plutseleg, oppdaga vi, sat Tryg med eit tilbod på kjøkenet vårt, allereie før vi sjølve hadde sett eit einaste utkast. Her snakkar vi sanneleg om effektiv kontakt mellom leverandør og forsikring.

Ei veke seinare, etter purring, fekk vi svar om at nei, naboane våre har vorte varsla om også ein annan namngjeven kjøkenleverandør som var budd på å hjelpe. Visse andre spørsmål venta vi framleis svar på, m.a. detaljspørsmålet om akkurat desse leverandørane var obligatoriske, og noko golvinformasjon. For golvet på kjøkenet måtte skiftast (vasskade og røyklukt og meir til). Men ting drog ut, og så vart det påske.

Så med hastverk vart bestillinga levert i april, etter påske, hjå den leverandøren som vi fekk namn på 17. februar. Mot slutten av månaden kunne leverandørens utsende mann dermed kome heim til oss og måle opp på millimeteren det som trong slik presisjon. Det vart rettnok litt usikkert, sidan kjøkenveggene framleis var uavklarte.

Omsider den 20. mai fekk vi, etter noko purring, informasjon om standardløysing på kjøkengolv, og kven som skulle vere leverandør der. Dermed kunne vi byrje å setje oss inn i ulike løysingar. Dette var likevel i ein nauta hektisk periode på jobb for oss begge med svært lange arbeidsdagar, og den bestemte leverandøren var ein leverandør for proffmarknaden med snevre opningstider. Dessutan var naudsynt veggarbeid og sånt enno ikkje utført. Slik vi har forstått det, hang dette m.a. saman med at handverkararbeidet hjå oss var sånt som skulle takast sånn innimellom. Etter kvart bestemte vi oss for golvbelegg heller enn standardløysinga parkett.

Lagerperioden

Tidleg på morgonen 3. juni fekk vi telefon frå kjøkenleverandøren om at kjøkeninnreiinga var på veg inn i bilen og straks på veg til heimeadressa vår på Risvollan. Stopp! var svaret vårt. For det fyrste budde vi ikkje heime, og for det andre var korkje vegger, vindauge eller golv på plass. Dette måtte på plass før kjøkeninnreiinga kunne monterast. Det lukta dessutan framleis brent. Nei, dei kunne heller ikkje lagre innreiinga på golvet der, for golvet skulle skiftast.

Men ettersom det då heile tida hadde hasta sånn med alt (men ikkje med å svare på spørsmåla våre), slik at Tryg hadde pressa på for å få ei tidleg bestilling på kjøkeninnreiinga (men ikkje for å klargjere kjøkenet for montering av denne), så var altså kjøkeninnreiinga no klar til levering, og dermed byrja det å gå lagerleige. Hadde det ikkje hasta for Tryg før, så kan du vedde på at det byrja å haste no. Den 4. juni ville dei at vi skulle bestemme oss for golvbelegg på dagen, og kjøkenet måtte monterast før noko av det andre som måtte på plass fyrst, var gjort. Dei gav seg heldigvis på dette.

Og dei nye vareprøvene på golvbelegg som vi skulle få, lét framleis vente på seg, men vi orienterte oss likevel, og i mellomtida skjedde framleis ingenting av det som skulle skje jamvel før golvarbeidet kunne ta til.

Den 15. juni kom dei nye vareprøvene på golvbelegg, vi fekk dei overleverte via Trygs folk inne på det ribba kjøkenet vårt, slitne etter ein så langt seks månader lang unntakstilstand som evakuerte. På dette møtet kom det fort fram at Tryg framleis ville leggje golvet og montere kjøkenet straks, før vegger, vindauge og kjelder til svilukt var under kontroll. Tryg ville også at vi skulle bestemme oss for golvbelegg frå vareprøvene der og då. «Vi kan ikkje bestemme oss på fem minutt,» sa vi. «Å, kvifor ikkje?» var spørsmålet tilbake. «Fordi dette er heimen vår, og vi skal bu her i mange år,» svarte vi. Vi hadde etterlyst golvinformasjon sidan mars. Vi hadde likevel gjort litt forarbeid, og neste kveld hadde vi bestemt oss. Det var viktig at vi valde lagervare, for no hasta dette veldig.

Heldigvis verka målarfirmaet (golvleggjarfolket) profesjonelt, og kunne forsikre oss då vi var innom i eit ærend, om at ting måtte jo skje i rett rekkjefylgje.

Etter m.a. veggarbeid og utskifting av dei svidne vindauga vart golvet skifta endå ein månad seinare, 14. juli og utover. Då var arbeidet framskunda med ei veke fordi vi hadde tenkt oss på ferie.

Ein dryg månad etter dette igjen, 24. august og nesten ni månader etter brannen, kom den nye kjøkeninnreiinga overrumplande heim til oss utan at vi visste det. Dette er tidlegare omtalt i bloggposten om golvarbeidet, Støv kan ikkje flyge oppover, og vi kjem kort tilbake til det i ein seinare bloggpost.

Men i mellomtida skal vi i neste bloggpost m.a. sjå på korleis Tryg sende oss heim under skiftande vilkår. Dette vil verte ei utdjuping av det som allereie er behandla i dei to bloggpostane Nedteljing på overtid og Vi har flytta heim, i tillegg til slikt som har skjedd i ettertid.

– – –

Tidlegare bloggpostar om brannen:
1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet – 6. Reparasjonar tek tid – 7. Nei, vi har ikkje flytta heim – 8. Nedteljing på overtid – 9. Vi har flytta heim – 10. Støv kan ikkje flyge oppover – 11. Eitt år sidan brannen – 12. Eit hjartesukk om mysteriet med framandfolk i kjellaren

Read Full Post »

Det var ein tanke meir rotete i kjellarbua enn vanleg.

Det vart nokre handverkaruhell i året som gjekk etter brannen. Somme har vore litt morosame, som då laussokkelen til kjøkeninnreiinga vart tapetsert fast til veggen slik at vi ikkje fekk inn oppvaskmaskina. Andre uhell har vore meir mystiske.

Parabol og smelta DiSEqC-switch

Med eit naudskrik: Noko smelta, noko overlevde.

Rett etter brannen fekk vi berga ned parabolen, som deretter stod lagra pent og pynteleg på ei avis oppå noko kjøkenutstyr i kjellarbua. Parabolen hadde vorte eit døme på det å overleve med eit naudskrik. Han var godt sota på baksida då vi vaska han i fjor sommar, for å seie det sånn.

Etter den tidlegare omtalte heimflyttinga i fjor haust stod parabolen framleis lagra i kjellarbua medan vi venta på å få ein vegg å hengje han opp på. I mellomtida oppdaga vi at det hadde vore folk der nede. Ryktet kunne fortelje om røyrleggjarar, og det har då også vorte arbeidt med røyr der.

Tung kasse med papir oppå parabolparaplyen og LNB-ane.

Så einkvan hadde låst opp døra for røyrleggjarane, og så flytta sjølvsagt arbeidsfolket litt på tinga våre for å kome til der dei skulle. Mellom anna flytta dei på parabolen og la ei tung kasse med papir oppå sidemataren og LNB-ane slik at parabolparaplyen over desse sprakk. Han kosta berre nokre hundrelappar, så nokon katastrofe var det ikkje. Dei tok også den vesle minikomfyren (bakaromn + mikro, sånn som ein ikkje får tak i lenger), og la denne på høgkant på betonggolvet slik at han vart oppskrapa på sida.

Irriterande, men korleis gjekk det til?

Vi klarte å tidfeste hendingane i kjellarbua til ei bestemt veke. Entreprenøren på staden, eit bygghandverkarfirma, disponerte på den tida nøkkelen vår for å kunne låse målarfirmaet inn på kjøkenet (dei skulle liksom reparere etter seg etter å ha lagt golv på sin særeigne måte), og for sjølve å gjere seg ferdige med noko arbeid der (m.a. lappe etter golvleggjarane i målarfirmaet). Men akkurat denne veka hadde kontaktpersonen vår hjå entreprenøren ferie, nøkkelen var i andre hender, og i ettertid klarte ikkje entreprenøren å finne ut kven som hadde vore i kjellarbua, eller om det i det heile teke var denne nøkkelen som vart brukt. Vi spurde også burettslaget om dei visste kven som hadde vore der, det ville vere fint å vite før vi gjekk til forsikringsselskapet, men burettslaget svarte ikkje.

komfyroppskraping-200-test

Klikk på biletet for å sjå skikkeleg: Oppskrapa minikomfyr.

No var den parabolparalyen allereie lettare prega av brannen, men vi tenkte at han kunne få gjere nytte for seg ein vinter til før han vart skifta ut. Kombikomfyren fungerer sikkert enno, men. Ja.

Litt mindre triveleg er at vi ikkje klarte å finne ut kven som var der, og kven som slapp dei inn. Nokon trong å flytte rundt på tinga våre, og vi veit ikkje kven eller korleis dei kom seg gjennom døra. Sjølvsagt ville det vere kjekt å vite slikt for forsikringa si skuld, men alle forstår òg at det allereie var stress med framandfolka som måtte ha tilgang til husværet dei ti månadene i forvegen, sjølv om dei aller fleste hadde respekt for at dei var i ein privat heim. Så ja, det er kjekt å vite kven som tek seg inn, og dei få med nøkkel hadde også telefonnummera våre. Men dei hadde det vel travelt, då.

For all del, vi fekk erstatta paraplyen. Folka i kjellarbua jobba truleg på prosjektet til det forsikringsselskapet som hadde forsikra bygningsmassen (det skal framleis få lov til å vere anonymt), men fordi dette var innbu, var det innbuforsikringa hjå Sparebank1 som fekk den vesle rekninga denne gongen. Dei betalte forresten også for dei ekstra nettene i eksil som det anonyme forsikringsselskapet eigentleg skulle dekkje då dei ikkje vart ferdige nok med reparasjonane innan sin eigen frist, men så ombestemte jo dei seg (dei anonyme, altså) og ville ikkje dekkje dette likevel då det vart alvor av det. Ja ja.

parabol

Teipa paraply.

Ein månad etter at vi flytta heim, var skiljeveggen klar for parabolmontering. Parabolskåla lever på lånt tid (målinga har bobla litt i varmen), men no heng ho der utanfor ein stovevegg som forresten framleis er sviden på toppen (oppe til høgre for parabolskåla på biletet, klikk for å sjå betre), svimerka forsvinn neste gong bygget vert måla, tenkjer vi. Og paraplyen teipa vi for vinteren. Den nye er i mellomtida innkjøpt og ligg klar.

– – –

Tidlegare bloggpostar om brannen:
1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet – 6. Reparasjonar tek tid – 7. Nei, vi har ikkje flytta heim – 8. Nedteljing på overtid – 9. Vi har flytta heim – 10. Støv kan ikkje flyge oppover – 11. Eitt år sidan brannen

Read Full Post »

Eitt år sidan brannen

Sist natt, altså natt til 3. desember, var det eitt år sidan det brann. Sjølv om livet er nesten tilbake til normalen (vi bur t.d. framleis litt i flyttekasser), høyrer det med å nemne det. Dette er jo ein merkedag på sitt eige vis.

Det meste av det frå brannatta som er av interesse for andre, er vel allereie skrive i den fyrste bloggposten om brannen. I ettertid har fleire minne kome på plass, og ved hjelp av fildata og diverse loggar har eg også fått verdas beste detaljoversikt over tidslina vår mellom kl. 02:17 og 06:24. Det skal eg sanneleg ikkje utbrodere her.

Men eitt var bra den natta, og det var at vi ikkje sov då brannen kom. Forklaringa er enkel nok. Kvelden tysdag 2. desember 2014 byrja nemleg med at eg framleis sat på jobb. Eg kom heim rundt kvart på elleve på kvelden. Middagen vart eten rundt midnatt, og det gjekk slik:

Lange dagar gjev sein svevn, og då eg la meg andre gongen, vakna Judith. Vi rakk ikkje å sovne igjen før overtenninga hjå naboen laga suselyd tjue centimeter bak senga vår kl. 02:17. Dermed stod Judith opp for å finne ut kvar den rare lyden kom frå, og oppdaga korleis logane slikka på utsida ein meter unna. Tre og eit halvt minutt seinare var vi evakuerte og stod på trygg avstand saman med katteburet og naboane.

Den viktigaste lærdommen frå brannatta må vere korleis kropp og sinn reagerte på situasjonen. Der fungerte alt som det skulle for oss begge to.

Folk har spurt, og teke for gjeve, at kommunen fann ein stad der vi kunne bu, men slik var det ikkje. Dei brannevakuerte måtte sjølve ut på leigemarknaden, så innimellom arbeidet i heimen sjekka vi utleigeannonsar, ringde rundt, fekk tips frå venner og kollegaer, og gjekk på visingar. Utleigarar vil helst ikkje ha kjæledyr i huset, men etter eit par veker fann vi ein som dette ikkje var noko problem for.

Prognosane for heimflytting og leigebehov var òg usikre. I desember håpte dei å flytte oss heim etter seks til tolv månader. I januar var dei meir optimistiske, og sikta seg inn på mars eller april. Så vart det justert til sommaren. Det vart altså til slutt oktober.

Så seint som i dag, tilfeldigvis på årsdagen for at dei vart hastig berga ut, henta vi fotoalbuma våre, som har vore til luktbehandling den siste tida. Etter brannen vart dei nemleg ved ein feil ståande på feil lager og vart stappfulle av stygge stankar som korkje stamma frå røyk eller eld, noko som vart oppdaga då vi skulle flytte heim for to månader sidan. Men no er dei fleste eignelutene tilbake i heimen, mykje som sagt framleis i kasser.

Året har gått, men det er ikkje heilt umogeleg at det kjem fleire oppdateringar om nyhendingar etter brannen. Det skjer stendig eitt og anna…

20151016-risvollan

Nesten ferdigreparert (biletet er frå 16. oktober). Judith P. Abrahamsen © 2015.

– – –

Tidlegare bloggpostar om brannen: 1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet – 6. Reparasjonar tek tid – 7. Nei, vi har ikkje flytta heim – 8. Nedteljing på overtid – 9. Vi har flytta heim – 10. Støv kan ikkje flyge oppover

Read Full Post »

[Oppdatering 28.3.2016: Det har kome ein oppfylgjarbloggpost: Kjøkengolvet og det som skjedde etterpå. Dei omtalte partane er Sverresborg Malerservice (golvlegging) og Tryg Forsikring. Entreprenøren er Norgeshus Fredheim & Paulsby.]

* * *

Vi flytta heim den 3. oktober. Då var det nøyaktig ti månader sidan brannen. Denne bloggposten kjem til å ha mange bilete, og skal handle om det nye kjøkengolvet vårt. For vi har altså hatt handverkarar der, og slikt vert det bloggpost av. Ein lang ein.

Kjøkenet var det einaste rommet hjå oss som måtte reparerast, og det fekk nytt golvbelegg i sommar. Då det gamle golvbelegget vart fjerna, forsvann også siste rest av røyklukt hjå oss. Under der fann dei dessutan det som kan vere skade frå sløkkjevatnet, og som no har vorte utbetra. Og for all del, det nye golvbelegget vart lagt pent og stort sett flatt. Men…

Kortversjonen

Heimen vår vart støva ned med sementbasert avrettingsmasse på sofa, bøker, fjernsynsapparat og anna over to etasjar. Så spruta dei avrettingsmasse oppover veggene utan å turke etter seg. Dei fjerna heller ikkje golvlistene på kjøkenet før dei tok bort det gamle golvbelegget, avretta golvet og la nytt golvbelegg. Dermed ligg det restar av det gamle golvbelegget langs veggene, golvet har vorte avretta fram til eit par centimeter unna veggen, golvlistene har vorte delvis nedmura i det som no er groper i golvet, og det nye golvbelegget ligg med solide gliper utanfor golvlistene.

Firmaet som har utført dette arbeidet, ser på oss som eig og bur der, som irrelevant part, for det er ikkje vi som er oppdragsgjevaren deira, men ein entreprenør som er betalt av forsikringsselskapet. Entreprenør og forsikringsselskap legg seg på si side ikkje opp i golvarbeidet.

Dette var kortversjonen.

Golvlist og skyvelære

Korleis kunne denne golvlista hamne nesten ein centimeter ned i eit nylagt golv, deretter verte tilsmurd med silikon, for til slutt å verte fjerna? Les og finn ut.

Bakgrunnen for arbeidet var at det gamle golvbelegget på kjøkenet måtte erstattast etter brannen. Det gamle golvbelegget låg oppå eit eldgamalt golvbelegg som også måtte fjernast i det høvet. Det eldgamle golvbelegget var hårete på undersida, og desse håra sat til dels fast i betongen. Derfor ville dei sparkle og avrette golvet før dei kunne leggje nytt golvbelegg.

Alt golvarbeidet er utført av eit veletablert målarfirma, for det er gjerne slike firma som legg golvbelegg (i motsetnad til parkett og laminat). Eg skal ikkje nemne namnet på firmaet her i denne bloggposten. For å unngå feilspekulasjonar vil eg berre presisere at dette målarfirmaet er eit anna firma enn golvfirmaet som leverte sjølve rullane med golvbelegg. Det nemnde forsikringsselskapet er ikkje vårt, det er (var!) burettslaget sitt, sidan kjøkenet vårt reint forsikringsmessig vart rekna som del av bygningsmassen.

Støvlegging

stova

Stova var fullt møblert, og vart òg brukt som lager. Biletet er frå eit seinare tidspunkt.

Stova vår i 3. etasje var fullt møblert, støvfri og relativt nyvaska. Fredag 10. juli vaska vi i tillegg kvitevarene våre, og flytta kjøkenbord, mikro og meir frå kjøkenet og opp til stova fordi det var duka for golvarbeid på kjøkenet etter helga. Alt var fint og reint.

Forsikringsselskapet hadde pressa på for å få golvarbeidet gjort så fort som mogeleg, så då det vart oppdaga at vi hadde tenkt oss på ferie i år, vart arbeidet framskunda med ei veke. Å seie «så fort som mogeleg» på eit tidspunkt som var sju og ein halv månad etter brannen, er kanskje å ta i, men det som hasta med golvarbeidet no, var at den nye kjøkeninnreiinga vår, som skulle stå på kjøkengolvet, i staden stod på lager og genererte lagerleige for forsikringsselskapet, ettersom forsikringsselskapet hadde pressa på for å få kjøkeninnreiinga bestilt og produsert litt i hurten og sturten på vårparten, fordi det hasta sånn (omtalt her).

Det har faktisk heile tida hasta så mykje at då forsikringsselskapet tok med seg golvkatalog til oss frå målarfirmaet den 15. juni (meir hasta det altså ikkje, vi byrja å etterlyse golvinformasjon i mars), så fekk vi beskjed om å bestemme oss der og då. «Vi kan ikkje bestemme oss på fem minutt,» sa vi. «Å, kvifor ikkje?» spurde forsikringsselskapet. «Fordi dette er heimen vår, og vi skal bu her i mange år,» svarte vi. Vi hadde gjort litt forarbeid, og bestemte oss neste dag.

Då passa vi på å velje eit golvbelegg som det ikkje var leveringstid på, for dette var nemleg veldig viktig, slik som alt hasta no.

I alle fall, golvarbeidet tok til ein månad seinare, tysdag 14. juli, og så seint som onsdag kveld var alt reint og fint hjå oss.

Men på torsdag 16. juli, akkurat den dagen dei hadde avretta golvet, då dukka det plutseleg opp eit veldig fint og litt klissete støvlag i begge etasjane våre. Særleg ute på gangen i 2. etasje, der låg støvlaget tjukt. Men eit fint og tynnare støvlag låg også på fjernsyn, bøker, bord, sofa og alt anna oppe på stova i 3. etasje. Stova fungerte i tillegg som lager, så det var veldig mykje som vart støva ned. Vi har open løysing mellom etasjane, naturleg ventilasjon med stigande luft, og vifte attpå. Når vi oppheldt oss i området no, merka vi irritasjon i luftvegane etter få minutt.

Han som hadde oppsyn med arbeidet, kunne fortelje at den dagen hadde dei blanda rundt 30 sekker med avrettingsmasse utanfor inngangsdøra i 2. etasje, og då hadde dei late dørene stå opne. For det var så praktisk å la dørene stå opne, sidan dei gjekk ut og inn heile tida. Altså open inngangsdør og ei avhekta dør vidare inn frå gangen til kjøkenet.

Støv

Eit svært fint og ørlite klissete støvlag låg plutseleg overalt på dei romma der lufta hadde fri bane frå kjøken og ytterdør.

På reklamasjons-synfaringa i august slo ein av serviceleiarane i firmaet, han som hadde eit overordna ansvar for denne jobben, ettertrykkjeleg fast at dette ikkje var avrettingsmasse. Han trong ikkje eingong å sjå på støvet for å slå det fast: Dette var husstøv. Som hadde kome akkurat den 16. juli? «Husstøv kan kome fort,» var svaret.

Dessutan kunne det umogeleg vere avrettingsmasse, fortalde han, for avrettingsmassen vart blanda utanfor 2. etasje, og dette var 3. etasje. Støv frå avrettingsmasse kan ikkje flyge oppover. Og dessutan kunne det umogeleg vere avrettingsmasse, for det stod faktisk «dust control» på sekkene.

Det var ikkje interessant at ein annan av dei som var til stades, konstaterte at støvet smakte sement.

Ute på gangen i 2. etasje kunne serviceleiaren gå med på at støvet var avrettingsmasse, sidan folka hans hadde blanda rett utanfor med open dør. Som kommentar til at dei hadde late dørene stå opne under blandinga fordi det var så praktisk, kunne serviceleiaren stadfeste like ettertrykkjeleg og udiskutabelt at ja, dette var sant og visst, for folka hans gjekk ut og inn heile tida.

Serviceleiaren tilbaud seg å blande avrettingsmasse på nytt utanfor hjå oss med opne dører, slik at vi kunne få sjå med eigne auge kor umogeleg det var for støvet å flyge opp til 3. etasje. Vi tok ikkje imot tilbodet.

Det forsikringsselskapet som firmaet hans i siste instans jobba for, tok likevel rekninga for profesjonell spesialvask i september. Vi valde å ta hand om bøkene på eiga hand, med utstyr og råd frå proffane.

Men av eigeninteresse (helseomsyn og av omsyn til reinsing av sofa, bøker og fjernsyn) fekk vi likevel støvet på stova analysert i forkant av vaskinga. Kjemikarane kom og henta to støvlagde bokhylleplater, og tok dei med til laboratoriet. Støvet gav ein sterkt basisk reaksjon, og det inneheldt store mengder med kalsium. Analyserapporten konkluderte med at støvet sannsynlegvis inneheldt sement eller sementbasert avrettingsmasse.

Støvlegginga forseinka førebuingane våre til innflytting i to månader. Ikkje kunne det luftast, ikkje kunne vi setje opp bokhylla som låg klar til montering før brannen, ikkje kunne vi byrje å plassere innbu som stod lagra på stove, soverom, andre rom eller hjå saneringsfirma. Ingenting kunne gjerast før vaskinga var unnagjort i midten av september, under to veker før vi skulle flytte heim.

Sprut og søl

Men dei avretta altså golvet. Rundt tretti sekker med sementbasert pulver vart blanda med vatn, så vart blandinga boren inn dei opne dørene og tømd ned på golvet.

At dette kan sprute litt, må ein jo vente. Avrettingsmassen spruta oppover lister og vegger, og dei turka ikkje spruten bort etter seg. Det vil seie, dei «turka» jo litt, på ein måte, eller kanskje heller smurde, då dei anten smurde noko av avrettingsmassen langs nedre del av nokre av golvlistene, eller berre lét skvulpet renne av av seg sjølv, vi veit ikkje. For i alle fall, golvlistene vart altså ikkje fjerna før avretting, meir om dette seinare.

Alt dette sprutet fekk lov til å herde.

Golvlist

Avrettingsmassesprut på golvlist. Legg også merke til korleis avrettingsmassen ligg som smurd utover langs nedre delen av golvlista til venstre på biletet.

Nedre del av murvegg

Avrettingsmassesprut på murvegg. Legg merke til den tilsølte og delvis nedmura kabelen.

Nedre del av panelvegg.

Avrettingsmassesprut på panelvegg, førebels utan slipemerke.

Panelvegg

Spruten stod høgt. Legg merke til bandet med avrettingsmasse nedst på golvlista.

På synfaringa i august la den aktuelle serviceleiaren seg flat, som han sa. Den no utherda avrettingsmassen skulle fjernast frå både vegger og lister, lovde han, medan han såg på den veggen der det var søla mest. Han lovde at han skulle gjere alt arbeidet sjølv.

To veker seinare kom han og fjerna avrettingsmasse. På panelveggen fekk vi no slipemerke i staden. På tvers av fibrane. Og avrettingsmassen er nesten borte både der og på golvlistene i nærleiken. Nesten. Avrettingsmassen har derimot ikkje vorte fjerna der det omsider kom ny kjøkeninnreiing i mellomtida (sjå mot slutten av bloggposten), m.a. der det var søla mest. No må ein nemleg leggje seg flat for å kome til under sokkelen der.

Nedre del av panelvegg

Avrettingsmassen vart fjerna sånn nesten. Slipestriper er tilførte.

Bak sokkelen

Avrettingsmassen vart ikkje fjerna der ein no må leggje seg flat for å gjere det.

Golvlegginga i korte trekk

Som bakgrunn for resten av bloggposten:

Då dei fjerna det gamle golvbelegget, skar dei det bort langs eksisterande listverk, som altså ikkje vart fjerna fyrst. Det finst dermed framleis striper av det gamle golvbelegget under golvlistene.

Så sparkla dei og avretta golvet bort til golvlistene. Botnen på golvlistene hamna no under det nye golvnivået, nedi avrettingsmassen.

Til slutt la dei nytt golvbelegg med opptil ein halv centimeters glipe bort til dei same listene, og opptil 8–9 mm avstand til veggen der det ikkje var list under oppvaskbenken. Eg kjem tilbake til glipene mellom golv og golvlister om litt.

Nedmura kabel og nedmura lister

Ein elektrisk kabel i ope anlegg, som låg på det gamle golvet, vart ikkje flytta unna under golvarbeidet. I staden vart han delvis nedmura i avrettingsmassen. Det nye golvbelegget, som no ikkje fekk plass under kabelen, vart i staden skore til rundt kabelen.

Det fanst ein grunn til dette. Han som hadde oppsyn med arbeidet i juli, kunne på spørsmål etterpå fortelje at dei måtte hatt elektrikar for å løyse kabelen frå klipsa. Og ettersom dei ikkje er elektrikarar, så vart det slik i staden. Sjefen hans, altså den nemnde serviceleiaren, gjentok denne forklaringa nesten ordrett på synfaringa ein månad seinare.

Når ein skal utføre eit arbeid og ikkje sjølv har den naudsynte kompetansen, så meiner vi at ein skal bruke dei fagfolka som ein treng. Men altså, at dei trong elektrikar for å løyse kabelen frå klipsa? Vi har jo lagt denne forklaringa fram for ein faglært elektrikar, sjølv om vi visste svaret på førehand: Sjølvsagt trong dei ikkje elektrikar for å løyse på desse klipsa.

Kabelen har sidan vorte skifta ut, med den gropa i golvet det førte med seg.

Straumkabel

Delvis nedmura elektrisk kabel som skapte grop i golvet då han seinare vart erstatta. Legg merke til korleis det nye golvbelegget er skore til på utsida av kabel og golvlist. Både kabel og golvlist låg opphavleg oppå det gamle golvbelegget, som gjekk heilt til veggen.

Men også golvlistene har vorte mura litt ned i avrettingsmassen. Dei har forkart kvifor: Dei var nemleg redde for å skade tapeten dersom dei løyste på golvlistene før golvarbeidet, så då trong dei snikkar, meinte dei, og dei er ikkje snikkarar. Så då vart det slik. For å unngå skade. Og dessutan gjekk den nemnde elektriske kabelen til dels langs den eine golvlista, og dei var jo ikkje elektrikarar heller.

Vi nemnde det for ein kollega av desse folka, ein som arbeider i eit anna firma, og som har dette som fag. «Dei sa at dei treng snikkar for å løyse på golvlistene,» sa vi. Han heldt nesten på å le, men var litt for høfleg. «Nei, dei treng ikkje snikkar,» sa han.

Entreprenøren som leigde inn dette firmaet, hadde forresten mang ein flink snikkar på jobb desse dagane, nokre få meter unna kjøkenet vårt.

Krater

Golvlistene sit rundt ein halv centimeter nedi avrettingsmassen no. Korleis veit vi kor djupt golvlistene sit? Jau, sjå litt på dette krateret i kjøkengolvet:

Krater i golvet

Krater der det var ei vertikal list før. Nedst i krateret ser vi ein rest av det gamle golvbelegget. På dette biletet frå september har kjøkeninnreiinga nettopp vorte montert.

Urkrateret i august, før lista vart fjerna.

Her må eg gjenta korleis golvet vart lagt: Då dei fjerna det gamle golvbelegget, skar dei det bort langs eksisterande listverk utan å fjerne dette. Dei gjorde det altså slik for å unngå å tilføre ny skade. Så avretta dei golvet med dei gamle listene framleis på plass, og til slutt la dei nytt golvbelegg utanpå dei no delvis nedmura golvlistene.

Såleis vart altså det nye golvbelegget skore til rundt eksisterande lister og eksisterande elektrisk kabel. Og her like ved døra fanst det ei vertikal list som høyrde til den tidlegare kjøkeninnreiinga som allereie var fjerna pga. røyk- og sotskade.

Då denne vertikale lista vart fjerna etterpå, oppstod det uunngåeleg eit krater i det nye golvet. Nedst i krateret kunne vi sjå ein leivning av det gamle golvbelegget, under ein kratervegg av avrettingsmasse. Skyvelæret fortalde at krateret var 6,9 mm djupt. Det nye golvbelegget er 3,3 mm tjukt. Dørstokk og golvlist i nærleiken ligg dermed ca. 3,6 mm nedi avrettingsmassen.

På eit anna punkt på golvet hadde vi ein avkappa ende av golvlista å samanlikne med, og konstaterte at golvet var 7–8 mm høgre der no enn før, noko som gjev ei nedmuring på 4–5 mm når ein trekkjer frå det nye golvbelegget oppå. Om litt skal vi også sjå nærare på ei grop i golvet (Den Vestre Vollgrava) som er heile 9,5 mm djup, 22 mm brei og like lang som den lista som var der før.

Tilbake til krateret. Krateret har i ettertid vorte fjerna ved at dei har skore bort eit stykke av det nye golvbelegget, og deretter limt inn eit tilsvarande stykke som ser nesten ut som golvbelegget på staden. Ein kan sjå at det ligg noko innfelt her, men til reparasjon å vere er det ein fin reparasjon.

Så hadde det vore ein skade dei reparerte. Men det var jo ikkje ein skade dei reparerte. Det var skadeunngåinga dei reperarte. Golvet måtte reparerast allereie før skade hadde oppstått.

Reparert krater seinare i september, no også med silikonfuge langs vegg og lister (sjå seinare i bloggposten).

Eg nemnde at golvlistene ikkje vart tekne bort før golvarbeidet. I staden vart altså det gamle golvbelegget skore bort berre utanfor listene. Golvet vart dermed ikkje avretta frå vegg til vegg men berre bort til golvlist som framleis har gamalt golvbelegg under seg. Langs vegger med golvlist stoppar altså avrettinga rundt 15–20 mm unna veggen, avhengig av kvar kniven har gått. Og til slutt vart det nye golvbelegget lagt opptil 4–5 mm utanfor golvlista igjen, med ei glipe imellom.

Ja, ei glipe mellom golvbelegget og den golvlista som eigentleg har som funksjon å skjule den glipa. Så la oss sjå litt på glipene.

Gliper langs veggene

Det gamle golvet gjekk under listene, frå vegg til vegg. Men å leggje det nye golvbelegget med ei open glipe bort til den lista som eigentleg har som funksjon å skjule glipa og halde golvet tett, det fanst det som nemnt ei forklaring på:

«Vi plar gjere det slik,» sa den ansvarlege i juli, for tapeten bak lista kunne verte skada dersom dei løyste på lista. Og dei ville ikkje tilføre ny skade. «Det er på denne måten vi gjer det når det er forsikringssak,» kompletterte serviceleiaren hans ein månad seinare, med eit nikkande forsikringsselskap til stades.

Så altså, når noko er forsikra, så får ein tilbakeført alt til tilsvarande stand som før skaden, med mindre det er forsikringssak.

Glipe

Denne glipa på oppunder ein halv centimeter mellom golvbelegg og golvlist kan vere litt vanskeleg å sjå på biletet fordi avrettingsmassen i botnen har vorte smurd litt oppover lista på den same staden. Sjå også biletet frå det same området under mellomtittelen «Sprut og søl» over.

Glipe

Nedst på biletet ser vi ein litt smalare del av glipa. I bakgrunnen har vi den straks etterpå ferdigmonterte sokkelen på kjøkeninnreiinga.

Glipe

Ei glipe som sjanglar seg ut til ca. ein centimeter utanfor veggen. Dette er for ordens skuld ved ein vegg som ikkje hadde golvlist.

Men kva skulle skje med glipene? Vi varsla allereie 17. juli at pga. dei problema som ville oppstå ved framtidig listarbeid, var det mogeleg at vi ikkje ville gå med på denne utføringa. Handverkaren som hadde oppsyn med arbeidet, informerte oss då om at dei hadde planar om å leggje vaskelist utanpå golvlistene.

Vaskelist vart sidan endra til silikonfuge fordi vi ikkje ville ha feite dobbellister liggjande synleg langs veggene overalt, særleg ville vi ikkje ha vaskelist utanpå golvlister med profil. Og når vi ikkje ville ha noko sånt, så hadde golvleggjarane krav på å få reparere arbeidet sitt på sin eigen måte fyrst, dvs. med silikon. Vi fekk klar beskjed frå forsikringsselskapet på reklamasjonssynfaringa, med tre andre nikkande partar til stades, om at vi dermed ikkje hadde noko anna val enn å godta eit slikt forsøk (vi fekk ein svarfrist, og måtte jo berre svare at det var greitt å prøve).

Silikon tettar glipene som normalt skulle ha vore under golvlistene som no i staden er nedmura i golvet.

Silikonfuge viste seg sjølvsagt å ikkje vere spesielt fint (golv som går under lista, er penare). Men silikonen gjer heller ikkje noko med det grunnleggjande problemet her. Ved framtidig listarbeid, når ein treng å løyse på lister som no ligg nedmura, så kan ein jo tenkje seg kva som vil skje: djupe groper langs veggene, og gjerne behov for nytt golvarbeid attpå om ein vil unngå skjulte vollgraver under nye golvlister.

Vollgrav

Det framtidige listarbeidet kom fort. For det nye golvbelegget vart jo skore til og lagt også utanfor lister som måtte fjernast eller modifiserast pga. endra kjøkeninnreiing. Krateret ved den tidlegare vertikale lista er allereie nemnt. Men det fanst også ei golvlist under benkeplate og radiator. Den lista gjekk tidlegare frå sokkel til sokkel på kjøkeninnreiinga. Ettersom den nye kjøkeninnreiinga er litt smalare, vart det no ein påfallande avstand frå sokkel til list, i begge endane.

Her måtte sjølvsagt noko gjerast. Den gamle golvlista måtte, ja nettopp, ho måtte fjernast, etter at ho fyrst hadde vorte nedmura og deretter fått sin dæsj med silikon. Dessutan skulle veggen på staden få tapet og eit strok med måling.

Golvlist med avstand til sokkel.

Den gamle golvlista ved vestveggen, med sokkel til kjøkeninnreiinga til venstre på biletet. Golvlista hadde nettopp vorte mura ned i det nye golvet, men var for kort både her og i den andre enden, og måtte skiftast. Legg også merke til den breie stripa med silikon som var smurd langs den delen av lista som var over golvnivå.

Som han sa det, han som tok kontakt om dette listarbeidet, og som altså høyrer til eit heilt anna firma enn golvleggjarane: Denne lista må skiftast, og det jo vere list der.

«Ja, no må det vere list der,» var svaret vårt, «for det er jo ikkje golv under».

Det nye golvbelegget på den staden endar rundt 22 mm frå veggen, og mellom golvbelegget og veggen hadde det no openberra seg ei uavretta grop der den gamle golvlista hadde vore. Gropa var ca. 9,5 mm djup, med ei stripe av det gamle golvbelegget i botnen. Utanfor endane på den lista som no vart for kort og som derfor vart fjerna, er derimot golvet avretta, og det er lagt nytt golvbelegg. Oppå denne gropa vart det no lagt ei ny golvlist.

La meg gjenta: Den nye golvlista vart lagd som eit lok oppå ei grop, ei skjult vollgrav, som var 9,5 mm djup og 22 mm brei, og som strekte seg langs lengda av den gamle lista, med ei stripe av det gamle golvbelegget i botnen. Gropa går under namnet Den Vestre Vollgrava.

Vollgrav

Då lista vart fjerna, avdekte ho ei 9,5 mm djup og 22 mm brei grop med det gamle golvbelegget i botnen. Gropa går under namnet Den Vestre Vollgrava.

Han som laga den nye golvlista, gjorde ein fin jobb. Den nye golvlista vart ekstra feit for å dekkje vollgrava og silikonfuga, men det var ikkje nok. Det var silikonrestar og små sprekker å sjå, somme stader var det framleis eit par millimeter ut til det nye golvbelegget, og under var det altså eit nesten 1 cm djupt hòl i golvet.

Dette er på kjøkenet, der er det gjerne vått, og akkurat her ved denne omsider delvis tildekte vollgrava er det også at kattane held til og søler vatn. Utover det generelle våtromsspørsmålet var ein viktig grunn til at vi valde golvbelegg og ikkje laminat eller standardpakken med parkett, nettopp at vi har to kattar, med alt sølet ved vasskåla.

Feit golvlist

Ei ny og feitare golvlist dekte gropa, men ikkje godt nok.

Snikkaren såg problemet, tok bort den nye lista igjen, tetta vollgrava med pølse og silikon, og bygde ut lista endå meir. Feitare list skal ein leite lenge etter. Resten av kjøkenet har nedmura golvlister som før, med vollgraver som ligg klare til bruk.

– Men har du ikkje alltid ynskt deg vollgrav? spurde nokon meg på jobben, og prøvde å sjå det positive i det.

Endå feitare golvlist

Lista var gjord endå feitare, og samstundes vart Den Vestre Vollgrava under henne fylt igjen med ymis fyllmasse.

Og forresten

At det er kjekt å ha arbeidslys, forstår vi. Men når ein lysarmatur frå den kjøkeninnreiinga som ikkje finst lenger, er provisorisk bortslengd til oppbevaring på skrå i den enno ubygde vindaugskarmen, og elles berre heng etter leidninga, så vil vi tilrå at ein ikkje forlèt armaturen i påslegen tilstand og lèt lyset stå på utan tilsyn heile natta.

Det ville vi meint også om vi ikkje hadde hatt ein brann å overleve. Kall oss sære, men vi har alltid – også før brannen – vore pedantiske på branntryggleik.

Påslegen lysarmatur som ligg på skrå og oppned i den ubygde vindaugskarmen.

Tilsyns- og festelaus lysarmatur i full vigør ventar på at golvleggjarane i målarfirmaet skal kome tilbake neste morgon.

Å la golvistene stå

Det var det å ikkje fjerne golvlistene som fekk dei fleste konsekvensane: nedstøypte lister, krater i golvet, groper i golvet, golvavretting som stoppar langt unna veggen, og gliper i golvet som eigentleg skulle ha vore under nettopp golvlistene. Men å snakke med oss om slike val i arbeidsmåte, det var uaktuelt, viste det seg. Rettnok var det greitt å la oss velje produkt (golvbelegg framfor parkett) slik at dei fekk oppdraget, og det var greitt å hjelpe til med produktkatalog. Men vi fekk altså ikkje høve til å velje mellom skikkeleg arbeid og forsikringsvarianten, om så mot eit mellomlegg.

«Vi forheld oss berre til oppdragsgjevar (entreprenøren), ikkje til dykk.» Forsikringsselskapet nikka framleis, og la til at dei legg seg jo ikkje opp i arbeidsmåten. Det gjer heller ikkje oppdragsgjevar.

Så her har målarfirmaet fått halde på fritt, utan at nokon andre har hatt noko dei skulle sagt. Aller minst hadde vi noko vi skulle sagt.

Tenk så mykje som kunne ha vore annleis dersom dei hadde spurt om vi ville betale mellomlegg for å få fjerna golvlistene. Eg var til og med til stades då arbeidet tok til (ikkje lenge nok til å forstå kva i all verda slags plan dei hadde for arbeidet). Men når firmaet er innleigt av ein entreprenør som er engasjert av eit forsikringsselskap som har burettslaget, ikkje oss, som kunde, så spør ein altså ikkje irrelevante framandfolk som berre eig andelen, som har dette som heim, og som normalt måtte ha betalt alt sånt arbeid av eiga lomme.

Til samanlikning har alle andre handverkarfirma som har vore inne i heimen vår, inkludert oss i vala sine, jamvel med synfaring på førehand. Elektrikaren ringde til og med to gonger på rappen for å drøfte den nøyaktige plasseringa av eit stikk i veggen, og kva konsekvensar dette ville ha for tapetsert vegg og plassering av kjøleskap. Fagfolk, veit du.

Og ja, apropos støv og fagfolk. Dei som skulle skifte kjøkenvindauga våre, ville ikkje eingong gjere dét utan fyrst å setje opp ein plastvegg og isolere den delen av kjøkenet. I tilfelle det skulle kome støv.

I den opphavlege reklamasjonen på golvlegginga kravde vi å få lagt golvbelegget på nytt, på skikkeleg måte og med skikkeleg listarbeid. Det gjekk ingen av partane med på, sidan firmaet skulle få lov til å prøve å reparere på sin eigen måte fyrst. Firmaet måtte berre få meir permanent tilgang til nøkkelen vår for å få gjort det.

Det fekk dei, ved at vi gav nøkkelen til oppdragsgjevar/entreprenør. Det tok deretter to veker før reparasjonsarbeidet kom i gang.

Men allereie etter éi veke hadde nokon fått nøkkeltilgang og vore innom og montert kjøkeninnreiing oppå det golvet som vi hadde reklamert på, før reparasjonarbeidet hadde byrja, og utan å orientere oss før arbeidet var godt i gang. Kjøkenleverandøren, som forresten var alle tiders og også hadde ein kjempeflink montør, hadde nemleg hatt ein dialog med entreprenøren (som forresten også har alle tiders folk) om at no var alt klart. Fint det då. Og no har vi altså også flytta heim, sjølvsagt utan synfaring (bloggpost 1 og bloggpost 2 om heimflyttinga).

Så kva gjer vi med dette? Sei dét.

Kjøkenet

Plutseleg stod det eit kjøken på det golvet som vi hadde reklamert på. Dei som hadde fått låne nøkkelen vår for å sleppe inn golvfolket, hadde sloppe inn kjøkenfolket etter å ha hatt ein dialog med dei, fekk vi vite.

– – –

Tidlegare bloggpostar om brannen:
1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet – 6. Reparasjonar tek tid – 7. Nei, vi har ikkje flytta heim – 8. Nedteljing på overtid – 9. Vi har flytta heim

[Oppdatering 28.3.2016: Det har kome ein oppfylgjarbloggpost: Kjøkengolvet og det som skjedde etterpå. Dei omtalte partane er Sverresborg Malerservice (golvlegging) og Tryg Forsikring. Entreprenøren er Norgeshus Fredheim & Paulsby.]

Read Full Post »

Det har vorte onsdag 7. oktober. Som fortalt for åtte dagar sidan, så skulle vi flytte heim frå mellombels bustad onsdag 30. september, men utan å vite før etter at vi hadde flytta ut, om vi skulle flytte eller ikkje, ettersom forsikringsselskapet til burettslaget ville vente med å ta høgd for at dei eksisterande forseinkingane med bygningsarbeidet kunne få nemneverdige konsekvensar. Det er kanskje litt urettvist å oppsummere det slik, men for vår situasjon isolert er det sant.

Utflytting

Katt i bur. Vasskål.

Misnøgd Tigris.

Så klokka 9 onsdag formiddag for ei veke sidan flytta vi ut frå mellombels bustad, og sende vaskarane inn. Men kvar skulle vi? Kvelden før skreiv eg på bloggen:

Så om du ser oss stå på ein parkeringsplass med koffert, kattebur og tvinnande tommeltottar i morgon, så veit du no kvifor.

Og onsdagen gjekk med til å køyre rundt på oss sjølve, kofferten og kattane, og til å konstatere at det nærma seg men framleis ikkje var innflyttingsklart heime. Dei som var i området akkurat under det vesle ærendet mitt på jobb, ville ha sett Judith inne i bilen på parkeringsplassen, med kattebur og tvinnande tommeltottar. Den nemnde kofferten var i ein annan bil. Eg gjengjelde tommeltvinninga etterpå.

Klart

Men kva ligg i «innflyttingsklart»? Sant nok var ikkje kjøkenet vårt heilt ferdig. Det stod igjen litt snikkar- og røyrleggjararbeid. Men verandaene (balkongane), som skal vere rømmingsveg i tilfelle inngangsdøra like under er blokkert, var òg nokre veker forseinka. Poenget med dei nye balkongane, utover å erstatte dei som forsvann, er at dei vert meir brannsikre, og at det vert litt enklare å ta seg over til naboen, altså rømme sidelengs (slik vi kunne også før). Eg skal ta det kjapt:

Forsikringsselskapet melde veka i forvegen at vi kunne flytte inn som planlagt, «rømningsforholdene vil da være klare», og ved forseinkingar skulle dei dekkje inntil to veker med bortebuing. Så kom flyttedagen. Då rømmingsforholda framleis var forseinka og ikkje fanst, vart vilkåra endra til at «det er adkomst», altså at inngangsdøra var jo tilgjengeleg.

Vi oppfatta dette som ein smule useriøst. Det handla sjølvsagt ikkje berre om branntryggleik og litt uferdig kjøkenarbeid, det handla også om dei så langt uføreseielege rammene for flyttinga. Vi reagerte på denne nye vrien, og dei tilbaud så 1 (eitt) ekstra døger i utflytta mellombels bustad.

Einsam balkong.

Fyrst av alle, einsleg til over helga.

Og neste dag, torsdag, kom plutseleg akkurat vår balkong, med melding dagen etter om at no var «rømningsmulighet» på plass. For skams skuld spurde vi om korleis ein slik einsleg balkong i røyken ville fungert som rømmingsveg under ein brann som den i desember. Svaret var: «Det er nå med ny balkong etablert en rømningsvei til dere ut [p]å balkong.»

Heimflytting

Kattane på kjøkengolvet.

Halen rett til vêrs.

Vi hadde eigenfinansiert tak over hovudet, men fann det uhaldbart å bu i dagevis med berre oss sjølve, toalettveska og kattane. Så vi henta tilbake den nøkkelen som handverkarane har disponert, kjøpte ein vindaugs-brannstige, vaska etter oss, og laurdag 3. oktober, på dagen ti månader etter at vi rømde ut, flytta vi heim igjen. Kattane forstod kvar dei var, inspiserte arealet nøye, og var veldig glade.

Allereie onsdag førre veke vart det laga nokre nye, fine lister på kjøkenet. Fram til i går mangla rettnok ventilatorslangen (utsuget) ein overgang som måtte lagast av fagfolk, så vi fekk ikkje innvigd komfyren før i kveld. Det har dermed vore minimalt med oppvask, og det var greitt på sitt vis, for vi stod også i kø med røyrleggjararbeidet ved oppvaskmaskina like lenge, og ventar framleis på elektrikar der. Og å ete ute er vel kjekt. Snart kjem også den nye radiatoren. Vi skulle sjølvsagt gjerne ha vore litt meir på jobb og litt mindre heime på handverkarærend. Men forsikringsselskapet sparer jo fleire hundre kroner på det, då.

Og så er det sjølvsagt godt å vere heime frå eksiltilværet.

– – –

Tidlegare bloggpostar om brannen: 1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet – 6. Reparasjonar tek tid – 7. Nei, vi har ikkje flytta heim – 8. Nedteljing på overtid

Oppdatering 28.3.2016: Bålhopping. Dette dreier seg om Tryg Forsikring.

Read Full Post »

Nedteljing på overtid

Det er tysdag kveld den 29. september. Vi veit ikkje kvar vi bur i morgon. Vi har prøvt i over ei veke å finne det ut.

Vi har budd i eksil på Nidarvoll i dei ti månadene som har gått etter brannen heime på Risvollan. Det forsikringsselskapet som hadde forsikra bygningsmassen i burettslaget på det tidspunktet då det brann, og som finansierer eksiltilværet, gav oss beskjed den 30. juni om å seie opp leigeforholdet på Nidarvoll, fordi «leiligheter blir ferdigstilt som avtalt» til slutten av september. Oppseiingstida tek slutt i morgon, onsdag 30. september, og den tidlegare planlagde ferdigdatoen, 20. september, er altså forskuva til same dato.

Arbeidet i og rundt den eigentlege heimen vår på Risvollan er altså etter planen snart over, så dei siste dagane har vi flytta mangt og mykje tilbake dit, men ikkje oss sjølve. Mykje av vårt eige førebuingsarbeid der vart forresten to månader forseinka av noko sementbasert støv som la seg på innbu og det meste i begge etasjane i sommar (ja, vi har fått støvet analysert), så heimen vår er framleis meir lager enn heim, med mykje som er nedpakka og bortstabla.

Huset

Verandaene mangla framleis i ettermiddag.

Men det viktigaste i sjølve bygningsmassen som manglar no, er dei nye verandaene, som skal vere tryggare og meir brannsikre enn dei som var der før (vår veranda vart som kjent fjerna allereie i desember). Arbeidet med dei nye verandaene er nokre veker forseinka. For oss som bur i 2. og 3. etasje, er verandaen i 3. etasje den einaste fluktvegen dersom utgangsdøra ikkje kan brukast. Etter å ha overlevt ein brann med nettopp livsfarlege verandaer som ramla saman etter få minutt, skjønar vel dei fleste at vi synest det hadde vore fint med fluktveg.

Akkurat no er det forresten ingen i våre etasjar i denne rekkja som har slik fluktveg, for dei verandaene i 3. etasje som overlevde brannen, vart fjerna for over ei veke sidan i påvente av dei nye.

Så i morgon formiddag står vi der, då, med to kattar og ein koffert. Å bu på hotell med pusane medan vi er på jobb og ute på ærend, for så å flytte endå ein gong nokre dagar seinare, er ikkje bra for dei firbeinte. Å plassere dei på kattepensjonat i ein så kort periode er uaktuelt. Kattar treng stabilitet. Men å ikkje eingong vite kvar vi skal bu frå neste morgon av, det er trasig. Kan vi flytte rett heim, er det fint, men kan vi ikkje, så kan vi heller ikkje berre stå der med katteburet og vente.

Stova vår er eitt av dei romma som i praksis fungerer som lager.

I ein slik situasjon ville det beste og mest stabile for kattane, og det mest praktiske for oss, sjølvsagt vere å halde fram med å bu der vi har budd sidan desember. Det ville også vere enklare med tanke på, som nemnt, at heimen vår ber preg av å vere lager.

Vi har ein svært smidig husvert på Nidarvoll, som tilbaud oss å leige litt til dersom det trengst, så sant det ikkje kjem nye leigetakarar frå 1. oktober av. Vi spurde forsikringsselskapet om dette. Svaret, som kom etter arbeidstid fredag 25. september, var at dersom dei ikkje klarer å halde den fristen dei har varsla for ferdigstilling (slutten på september, og i eit infoskriv i august om trapper og balkongar varsla dei faktisk veke 40 heilt generelt, dvs. fredag 2. oktober!), så dekkjer dei mellombels bustad for oss i inntil to veker, deretter må andre overta.

Aberet er dermed at vi ikkje veit før nettopp i morgon 30. september, kanskje utpå ettermiddagen, kva slags forseinkingar det vert. I verste fall fyrst på fredag 2. oktober. Å avtale vidare leige den 30. september (eller 2. oktober) når det kanskje står andre leigetakarar klar frå 1. oktober av, eller å avlyse den planlagde utvaskinga på så kort varsel, det ville jo vere litt spenstig. Forsikringsselskapet har enno ikkje svart på meldinga vår om å få ei avklaring om faktisk vidareføring av leiga nokre dagar på førehand. Altså: Éin ting er å avklare noko på førehand. Vi fekk ikkje avklart om noko kan avklarast på førehand.

Både menneske og dyr treng føreseielege rammer. I kveld 29. september veit vi ikkje eingong kva for eit hotell vi eventuelt skal ta inn på i morgon dersom det trengst.

Vi har også teke kontakt med innbuforsikringa om situasjonen, men pga. manglande informasjon frå det fyrstnemnde forsikringsselskapet har vi berre stått og stampa.

Etter kvart som utflyttingsfristen har nærma seg, har det gått slik at for husverten sin del kan vi vidareføre leiga i nokre dagar, vi står altså framleis fremst i køen der. Dette er heilt tilfeldig. Men for det fyrste har vi ikkje fått naudsynt avklaring frå forsikringsselskapet, og for det andre kjem vaskarane nettopp av den grunn klokka 09 i morgon tidleg. Og då må vi ut. Skulle vi unngått dette, måtte vi fått ei avklaring for fleire dagar sidan, ikkje i morgon ettermiddag.

Så om du ser oss stå på ein parkeringsplass med koffert, kattebur og tvinnande tommeltottar i morgon, så veit du no kvifor.

– – –

Tidlegare bloggpostar om brannen: 1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet – 6. Reparasjonar tek tid – 7. Nei, vi har ikkje flytta heim

Oppdatering 7.10.2015: Vi har flytta heim

Oppdatering 28.3.2016: Bålhopping. Dette dreier seg om Tryg Forsikring.

Read Full Post »

Ditt og datt i Tyskland

Mykje skal ein turist oppleve, og «ditt» og «datt» er nordtyske ord som tyder «dette» og «det». Men lat oss starte med starten. At det har vore sommar. I år vart det esperantokongress igjen, denne gongen i Lille i det nordlege Frankrike, men på vegen dit fekk vi nokre dagar i Tyskland.

Billettkjøp

Vi hadde kjøpt flybillett frå Trondheim til Amsterdam, og planla å ta tog derifrå til Lille, med ein avstikkar innom Tyskland fyrst. Ved å velje denne ruta ville vi sleppe å flyge innom Gardermoen. Gardermoen unngår vi så mykje som praktisk mogeleg pga. alt tullet med ut og inn og bagasje på returen. Pføy, vi vel heller lengre togturar gjennom Nederland og Belgia enn ein tur innom Gardermoen.

Tog ved perrongNo vart avstikkaren til Tyskland litt annleis enn fyrst planlagd. Vi hadde eit privat ærend nord for Hamburg, og togbillettane både hit og dit vart kjøpte i tråd med dette. Det er lurt å gjere slikt frå godstolen heime medan det framleis finst billigbillettar å oppdrive. Stort sett kunne billettane lastast ned som PDF-filer, men på strekningane mellom Brussel (Belgia) og Lille (Frankrike) måtte vi fyrst kjøpe biletten heime i lenestolen, og så avtale mot slutten av billettkjøpet kvar vi skulle hente han ut: respektive i Brussel og på ein fritt vald fransk jarnbanestasjon. Vi enda opp med å kjøpe togbillettar frå Deutsche Bahn, det belgiske SNCB og det franske SNCF.

Det nederlandske NS var berre å gløyme. Dei godtek nemleg berre betaling med nederlandske bankkort. Bortsett frå ved automatane på stasjonane, der godtek dei VISA, men berre på små beløp, som opplevt då vi var i området i fjor. Store beløp vil dei ha i kontantar. Nederland er eit rart land.

På musikkjakt

Når vi er i Tyskland, i dette tilfellet i og rundt ein liten by nord for Hamburg, veit Judith at eg alltid leiter meg fram til CD-avdelinga på diverse butikkar. I år fekk eg m.a. tak i den nyaste konsert-CD-en til Reinhard Mey, og nokre CD-ar av Hannes Wader, Klaus Hoffmann og fleire andre.

På veg til eit kjøpesenter (for vi tok tog frå nabobyen berre for å gå på det kjøpesenteret, til hovudristing frå folk som kjenner oss) møtte vi ei gresk kvinne som spurde etter vegen. Turistar var vi, men kompenserte med GPS. GPS-en kompenserte på si side ved å ta feil av vegen. Vi håper ho fann andre som kunne hjelpe betre.

Bilkjenneteikn: SE XY 2xx

Somme bileigarar har det moro.

Segeberg, som ligg i Schleswig-Holstein, har bilkjenneteikn som startar på SE. Så skal det kome eit par bokstavar til før tala. Somme bileigarar har det moro og vel bokstavane XY.

Turen gjekk vidare til Aachen, like ved grensa til Belgia og Nederland. Kofferten fekk fleire CD-ar, men m.a. den virtuose trekkspelkunstnaren og komponisten Manfred Leuchter mangla framleis i samlinga. Han speler også fleire andre instrument.

Keisarleg by

Å ete middag på uterestaurant i Aachen kan vere ei oppleving. Vi hadde gått på italiensk restaurant og fått gnocchi på tallerkenen, etter at kelnaren fyrst ikkje forstod kva vi ville ha då vi uttalte det på italiensk. Den neste opplevinga kom allereie før vi rakk å setje gaffelen i basilikumbladet. Då kom det ei dame forbi, stoppa ved vårt bord, og spurde: «Er dette ein bra restaurant?» Eh tja, «det er fyrste gongen vi er her,» måtte eg vedgå, «men eg trur det er bra.» Dette svaret var ho nøgd med, gjekk bort til reisefylgjet sitt, og så gjekk dei vidare til naborestauranten.

Tronstol

Tronstolen til Karl den store

Neste dag var det historie på planen. Karl den store (742–814) ligg nemleg gravlagd i domkyrkja der. I fjor, då vi òg var litt tilfeldig innom Aachen, var det 1200 år sidan han døydde. Men ein stor keisar har mange jubileum. I år, viste det seg, var det 800 år sidan han vart flytta frå opphavleg sarkofag til noverande skrin. Faktisk akkurat den veka. Dette hadde vi ikkje eingong planlagt.

I samband med jubileet hadde dei gratis omvisingar i domkyrkja og opp til tronstolen hans frå 790-talet, som står lenger oppe i kyrkja (på veg ned var vi litt treige og møtte låst dør, men ein omvisar forbarma seg over oss). Turistane fekk også kome heilt bort til Karlsskrinet, der mannen sjølv ligg. Og Karl den store var stor. Beina inne i skrinet høyrer til ein mann som levde rundt år 800, som var på alder med det som er rapportert om Karl den store, og som var 184 cm høg. Så det kan gjerne vere rett mann, altså. Ein analyse av eit bein i relikviesamlinga i skattkammeret viser at det stammar frå den same mannen.

Karlsskrinet

Karlsskrinet: Inni her ligg Karl den store.

Til vanleg har dei ikkje ordinære omvisingar i skattkammeret, berre for grupper som har tinga på førehand. Men på grunn av jubileet var det omvisingar også for oss døyelege. Faktisk berre akkurat denne veka. I skattkammeret fekk vi m.a. sjå den originale sarkofagen som Karl (truleg) vart lagd i då han døydde i 814. Denne er opphavleg frå romartida, og er truleg laga for ei kvinne, fortalde omvisaren. Skattkammeret inneheld også ei noko nyare (frå ca. 1350) byste av keisaren sjølv, og mykje fin kunst og andre kulturgjenstandar.

Eit uventa møte

På veg ut frå skattkammeret høyrde vi plutseleg virtuos trekkspelmusikk frå bakgarden. Nyfiken som eg er, stakk eg snuten bort til døra, som stod på gløtt, og der borte sat sanneleg den tidlegare nemnde Manfred Leuchter på ei lita scene med trekkspelet sitt og øvde eller hadde lydprøve eller noko i den retninga. Vi spurde folka hans som stod ved døra, men dessverre var arrangementet han skulle opptre på den kvelden, utselt, og vi skulle reise vidare før neste høve til å oppleve han.

CD-en Encounter

Ei uventa gåve frå eit uventa møte.

Då dei høyrde at vi kom frå Noreg og hadde leitt fånyttes etter CD-ar av han, så tok dei like godt og henta tonekunstnaren sjølv. Han tok oss i handa, gav oss eit eksemplar av den nye CD-en til Leuchter-Najem-Duo (YouTube-smakebit), slo av ein liten prat, og vart med på eit bilete som eg vel å ikkje publisere her på bloggen. For dei som ikkje kjenner musikken hans, så er han innom retningar som «verdsmusikk», jazz, klassisk og meir til (YouTube-kanal).

Og at eg vart ein lukkeleg mann, kan Judith vitne for.

Neste morgon reiste vi til Lille. Der byrja den vekelange internasjonale esperantokongressen, denne gongen nr. 100 i rekkja (den fyrste var i 1905), og dermed med stor feiring og mange feststemde deltakarar. Det hadde vore fint å få tid til å blogge om det ein dag.

Read Full Post »

Nei, vi har ikkje flytta heim

Nei, vi har ikkje flytta heim, men arbeidet går framover, og eit konkret tidsperspektiv vil verte røpt seinare i denne bloggposten.

Sidan sist eg skreiv om brannen, 2. mars, har det skjett mykje i bygningsmassen men lite akkurat hjå oss. Litt har likevel skjett. Inne på kjøkenet har vi fått nye gipsplater over og ved sida av vindauga. Men på utsida ventar vi framleis på bordkledning, og vindauga skal visst kome innan ei vekes tid no. Då vert også vindaugskarmane laga, og vonleg får vindaugsveggen eit målingsstrok slik at han ser eins ut trass i tidlegare møblering. Det hadde vore kjekt.

Eit fint støvlag som lukta røyk, la seg på vegger og dører på kjøkenet, og delvis oppe på stova, då det vart sandblåse hjå naboen tidlegare i vår. Eit rekkjehus har mang ein luftekanal sams mellom grannar. I rein trass vaska eg sjølv ned kjøkenveggene her om dagen.

Også taket har fått ei overhaling. Biletet er frå 5. mai.

Og på kjøkenet luktar det inntil vidare svide. Dette kjem vonleg berre av at dei brannskadde vindauga framleis står der, og at veggen enno ikkje er reparert på utsida, men det må jo sjekkast når tida er inne. I tillegg har vi «godlukta» som luktsaneringa tilførte, denne stinkar både her og der, men skal gå bort av seg sjølv med tida. Og det er mykje betre no enn før både med den eine og den andre lukta.

Heilt til her om dagen, då det plutseleg byrja å stinke svide på hittil ukjende stader. Årsaka fekk vi neste dag: Dei hadde sett på full varme ein annan stad i bygningsmassen for å sjekke korleis det eigentleg stod til med lukta der. Varme får nemleg fram lukta, og dei fekk stadfesta mistanken sin om at luktsaneringa ikkje var heilt i mål. Truleg var det slik lukt som trengde gjennom også til oss. Vi fekk låkt i halsen, og den aktuelle naboen får ein ny omgang med kjemisk tåkelegging.

Innbuforsikringa lèt oss ta den tida som ting tek, og uttrykkjer stor forståing for situasjonen. Forsikringsselskapet for bygningsmassen har det nok litt meir travelt. Det er sikkert dyrt for dei å ha oss buande i eksil i månadsvis, og det er viktig å få heimen vår fort i stand.

Utanfor kjøkenet den 28. mai. Vindauga er svidne og delvis knuste og må skiftast. Bordkledninga og den venstre delen av utgangsverandaen er fjerna.

Det er dessutan også sistnemnde som skal betale for kjøkenet vårt. Etter å ha sendt oss ut på jakt etter kjøkeninnreiing (og etter at vi hadde funne noko som kunne vere aktuelt), fekk vi melding om at det berre var to kjøkenleverandørar vi kunne bruke, og den som vi hadde vitja, var ikkje mellom desse to. Under hastverksprega påtrykk vart kjøkeninnreiinga bestilt frå korrekt velsigna leverandør i april, utan all verdas tid til å tenkje så nøye gjennom absolutt alle vala som skulle gjerast. Sjølv kontrollmålingane heime nokre veker seinare var på litt gyngande grunn fordi kjøkenveggene ikkje var (og ikkje er) ordna enno.

Vi konstaterte tidleg at vi treng nytt termometer.

Dermed var det ikkje meir enn 3. juni då telefonen kom om at bilen med kjøkeninnreiinga var på veg til Risvollan. Vi fekk stoppa utkøyringa i siste sekund. Ein kan ikkje montere, og heller ikkje lagre, ei kjøkeninnreiing på eit kjøken der både vegger skal reparerast, nytt golvbelegg skal leggjast, og lukta må inspiserast etter veggreparasjonane. Dermed står kjøkeninnreiinga no på lager, dette kostar visst forsikringsselskapet dyrt, hastverket har dermed vorte skrudd opp fleire hakk, med framlegg både om å leggje golvbelegg før veggarbeidet er ferdig, og om å montere kjøkeninnreiing før lukta er under kontroll. Vi lèt oss heller ikkje overtyde av ein optimisme som kan vere stor nok til ikkje å merke svidelukta.

Men no har det kome ein ferdigdato som eg vågar å seie høgt. Altså, det vel optimistiske overslaget som eg ikkje våga å vidareformidle då vi fekk høyre det i januar, var påske (byrjinga på april). Men slik vart det ikkje. Fyrst var det anbodsrunde på å rydde ut (i desember), så rydda dei ut, så var det anbodsrunde på å byggje opp, og no driv dei og byggjer opp og ventar framleis nokre dagar på at vindauga skal kome. Vi har fått vite at entreprenøren planlegg å vere ferdig med heile bygningsmassen til 20. september. Vår heim kan verte ferdig før den tid. Men i desember vart verandaen vår fjerna pga. brannskade, verandaene er einaste fluktveg utanom utgangsdøra, og dei nye og meir brannsikre verandaene kan visst tidlegast vere ferdige i august, avhengig av papirkverna i kommunen. Vi har ikkje spurt om datoen 20. september inkluderer marginen for forseinkingar.

Har det elles skjett noko i det siste? Ja, det har det sikkert.

– – –

Tidlegare bloggpostar om brannen: 1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet – 6. Reparasjonar tek tid

Read Full Post »

Reparasjonar tek tid

Natt til 3. mars er det tre månader sidan brannen. Folk spør om vi har flytta heim att. Det har vi ikkje. Folk spør òg om korleis det har gått med bygningsmassen, kva som er framdrifta i arbeidet, og slike ting. No er saka den at vi ikkje veit så veldig mykje meir enn det vi sjølve spør om, men litt veit vi, og litt har vi spurt.

Dei som arbeider i det totalskadde området hjå naboane, fortalde for nokre dagar sidan at dei var nesten ferdige. Dei har rydda og reinska og sandblåse på innsida, og var så å seie i mål no. Dei har også teke prøver frå betongen, og har ikkje fått meldingar som tyder på anna enn at denne har overlevt, medrekna etasjeskilja.

Og vi har sjølve sett at brannveggene har fungert. Få centimeter unna var det heilt utbrent, men på kjøkenet vårt hadde ikkje eingong plastemballasjen til plastkoppane merka noko til varmen, endå så nær veggen dei låg.

Fasade med stillas framføre.

Februar 2015

Eg opnar med dette generelle fordi ryddinga, sandblåsinga og sånt i det totalskadde området må gjerast ferdig før arbeidet med gjenoppbygging og reparasjonar kan ta til. Og sjølv om vår heim ikkje vart meir enn røykskadd, med brannskade på utsida og litt sot og sløkkjevatn på innsida, så er delar av arbeidet hjå oss avhengige av det generelle gjenoppbyggingsarbeidet i bygningsmassen.

Karaffel med sotvatn.

Sløkkjevatn, ja. Det var òg noko. I den fyrste bloggposten om brannen fortalde eg at det ikkje var vasskade hjå oss. Ved seinare ettersyn fann vi då korkje vatn eller vasskade der vi elles kunne ha venta det. Men midt mellom alt det turre øvst i kjøkenskapa fann vi to karaflar som var fulle av sotvatn. Det er eit aldri så lite mysterium korleis det vatnet har funne fram dit, for ingenting anna var vått, og kjøkenutstyret som stod rett innanfor den mistenkte ventilen fleire skap til venstre, stod pent og pynteleg på plassen sin utan spor av nokon vasstråle.

I desember vart husværet (i alle fall mesteparten) luktsanert vha. varme og eit plantebasert stoff som dampa rundt i lufta, og det står framleis nokre luktbrikettar utplasserte. Den røyk- og sotskadde kjøkeninnreiinga vår vart kasta ut i januar. Kjøkenet er dermed tomt, lukta vart momentant betre, vindaugsveggen kunne ribbast på innsida der det var mest sot og lukt, og i februar vart delar av kjøkenet både slipt og måla med spesialmåling for å sikre at eventuell restlukt forsvann. Det luktar framleis litt svide, men så er det også brent på utsida av vindaugsveggen, rundt vindauga og innover i ventilane, og før reparasjonane er i hamn og luktbrikettane er borte, er det vanskeleg å seie heilt nøyaktig kva stoda er.

Når dette er sagt, må det også seiast at lukta er himmelvidt betre enn i desember. No kan vi gå omkring utan gassmaske. Den endringa kom då kjøkenet vart kasta ut og vindaugsveggen med sot på vart ribba. Fleire rom der dørene er attlatne så ikkje «godlukta» frå luktbrikettane kjem inn, luktar akkurat slik som dei skal. «Her luktar det kontor» kan vi seie om kontoret.

Utkasta kjøkeninnreiing.

Takk for lang og tru teneste. Men no stinka du for mykje. Ubehandla tre er ikkje noko sjakktrekk under ein brann.

Tomt kjøken.

På kjøkenet er det rimeleg tomt, og vestveggen (i midten) er ribba for slikt som hadde sotskade. Vindauga og ventilane over dei er framleis sot- og brannskadde, og må skiftast.

Kva tid gjenoppbygginga og dei utvendige reparasjonane startar, det veit vi altså ikkje. Tidsperspektivet er truleg «nokre veker», med nokre litt meir spesifikke tidsoverslag som er så lause at eg ikkje skal seie noko høgt. Ryktet seier at dei tekniske krava har late vente på seg.

Mislukka forsøk på å lufte på stova.

Men eitt er i alle fall sikkert: Ting må skje i rett rekkjefylgje også hjå oss. Veggene våre må fiksast, kjøkenvindauga med tilhøyrande ventilar må skiftast, alle luktkjelder og tilført lukt må bort (medrekna lukta frå luktsaneringa), og då fyrst kan vi stadfeste resultatet, få installert nytt kjøken og flytte heim.

Så spør folk om korleis det går med oss. Jau takk, etter måten bra. Det var sjølvsagt ikkje spesielt triveleg å vakne i joleferien av at røykvarslaren hjå foreldra mine byrja å pipe midt på natta, det seier seg sjølv. Defekt var han, og det gjorde vi noko med straks det lysna av dag.

Det er sjølvsagt keisamt å ikkje bu heime, dagleglivet vert i samsvar med den spartanske møbleringa, og vi saknar naboane og nabolaget. Det er vanskeleg å planleggje saker og ting når det – kanskje forståeleg nok – ikkje alltid finst nøyaktige tidsperspektiv.

Men kattane har funne seg vel til rette, og inspiserer skapa våre anten vi vil eller ikkje. Sjå Judiths bloggpost med video av korleis Nera opnar skapdøra og bryt seg inn.

Pus i klesskapet.

Finn du ikkje Nera? Sjå etter i skapet.

(Foto: JEA & JPA © 2015, berre så det er sagt, men det står i lova òg.)

– – –

Tidlegare bloggpostar om brannen: 1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen – 5. På plass i eksilet

Read Full Post »

På plass i eksilet

Kva har Tigris gjort? Foto: JPA © 2015

Det har vorte nytt år og litt til. Eg ligg ein månad på etterskot med det meste, men her kjem endå ei lita oppdatering om livet etter brannen. Les også bloggposten som Judith har skrive i dag om superpus Tigris sine handverksmerittar (lenkje til slutt i denne bloggposten).

Seint onsdag kveld den 17. desember flytta vi inn i ein sokkel på Nidarvoll, delvis møblert. Vi hadde funne ein husvert som sjølv hadde hatt katt, og som visste at slikt ikkje er noko problem.

Det var Judith som kommenterte det fyrst, alle desse småtinga som ein har i hus men som plutseleg manglar når ein er evakuert. La meg nemne i fleng for eiga rekning: saks, skrujarn til å montere Ikea-bord, teip til å pakke jolegåver, flaskeopnar og ikkje berre vørterølflaske, spray med godlukt når nokon har laga ein litt stor bommelom, ei panne til å koke noko i (det som trønderar og austlendingar kallar «gryte»), og hadde vi hatt panne eller steikjepanne, ville vi garantert ha sakna sleiv og steikjespade. Det er stendig eitt eller anna som manglar. Og så er det dei litt større tinga: vaskemaskin, lett tilgang på reine handdukar og klede, garasjeplass, heimen i seg sjølv.

plastvegg med sluse

Kjøkenet er skilt ut som eigen sone, og dei fleste kvitevarene er flytta til den andre sida av plastveggen. Foto: JEA © 2014

Tittelen på bloggposten er «På plass i eksilet», men det er eigentleg lite som er på plass. Både fordi vi ikkje har så mykje med oss, og fordi det heile er ein einaste lang unntakstilstand som vi ikkje kjenner sluttdatoen for.

slange

Luftpumpe for å skape undertrykk på kjøkenet. Foto: JEA © 2014

Men litt tidsperspektiv har vi fått, utan dei store garantiane, rettnok: Vi høyrde for nokre dagar sidan at no over helga skal dei byrje å reinske dei husværa som er totalskadde. Så vert det endå ein anbodsrunde, og så byrjar arbeidet med gjenoppbygging og reparasjonar truleg midt i februar. Ryktet seier at vårt husvære er i så god stand at det er mogeleg at det vil verte prioritert, men nokon konkret dato for heimflytting har vi altså ikkje.

Dei har allereie fjerna lukt frå mesteparten av heimen vår, det skjedde før jol, og dei prøver å halde luktkjelda på kjøkenet under kontroll. Det er hengt opp plastvegger og sett på undertrykk slik at ikkje noko skal sive ut til andre rom. Men det er kanskje ikkje alltid like lett å halde lukta ute når slangen som skal pumpe ut luft frå det elles isolerte kjøkenet, nektar å samarbeide, men losnar frå skapet der ventilen i veggen sit. Dermed har det vore to periodar der varm røykstank berre vart resirkulert inne på kjøkenet, med spreiing ut til det området som tidlegare hadde vorte behandla mot røyklukt. Vi tek det ikkje så veldig tungt. Dette er fagfolk som kan tinga sine, det kjem til å ordne seg, og dei har også funne ein betre måte å setje slangen til veggs på.

Etter brannen var det kattane som fyrst fekk alt dei treng. Dei fekk til og med jolegåve frå menneskesida av slekta i form av nye katteleiker utan røyklukt. Og vi er glade for at dei ikkje forstår noko av det omskiftelege livet dei har vore utsette for, med til saman fem heimar sidan starten på desember, medrekna den eigentlege heimen og kattepensjonatet i joleferien. Tidlegare har berre Tigris lagt seg på fanget og sove, medan Nera har vore kontrollfrik og nekta (med unntak av éin gong medan ho var lita, ho var misnøgd då ho vakna, så eg trur det var litt ufriviljug). Men dei siste dagane har også Nera lagt seg på fanget og sove.

Nera søv på fanget mitt på eige initiativ for fyrste gong i sitt snart fem år lange liv. Foto: JEA © 2015

Men litt joleferie vart det, altså, med kattane trygt plasserte på pensjonat. Vi køyrde sørvestover til der eg er frå, og tok ein avstikkar innom kjøpesenteret på Moa i Ålesund så eg fekk meg ein ekstra genser eller tre. Og merka straks kulturskilnaden frå Trøndelag:

Klikk her for å sjå kva Tigris har gjort. Foto: JPA © 2015

«Éin ullgenser, og to bomull… desse får du for berre 400 til saman når du kjøper to!» opplyste ho entusiastisk, ho som stod bak disken. «Ja, det var det eg oppdaga,» svarte eg like entusiastisk. «Du veit,» la ho til, «når ein sparer litt her og litt der, så løner det seg i lengda, det.» «Åh, det er herleg å vere på Sunnmøre igjen.»

Og heilt til slutt: No har altså vi og kattane budd på Nidarvoll i ei vekes tid etter joleferien. I går kveld høyrde vi ei veldig skramling frå badet. Les Judiths bloggpost Sterk i klypa for å sjå kva Tigris hadde gjort.

– – –

Tidlegare bloggpostar om brannen: 1. Då brannen kom – 2. Den andre dagen utan heim – 3. Ryddedagar – 4. Oppdateringar etter brannen

Read Full Post »

« Newer Posts - Older Posts »