Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘ymist’ Category

Busskinoreklame

Kino. Kinoreklame. Kinoreklame for buss i Trondheim. Reklamen fortel oss at atten millionar menneske tek buss i Trondheim kvart år. Tenk om alle desse skulle køyre bil.

Hm, fram med kalkulatoren. Overgangstida til ein bussbillett varer i ein time. Dersom dette dreier seg om atten millionar bussbillettar, og så er det 365 dagar i året, og bussane køyrer i 18 timar pr. døger, medan ein bil kanskje har 1,3 menneske ombord, hm, det vert jo likevel 2107 bilar i timen, ja.

– Ja, seier Judith, men desse 2107 bilane skal ikkje innom sentrum, slik som bussane skal. – Nei, det er rett, seier eg. Skal vi føreslå ein annan bussreklame?

«Tenk om alle bilane i Trondheim måtte innom Midtbyen, same kvar dei skulle køyre.»

For 2107 biltimar pr. klokketime ville det ha vorte berre dersom kvar passasjer er i bussen i ein heil time, og dersom bilane attpå skal bruke like lang tid frå A til B som bussane gjer, men det gjer dei jo ikkje. Så talet er nok mykje lågare.

Men greitt nok, det er lurt å fylle opp bussane, og det er ofte nok fullt nok på vegane som det er.

Ein av dei siste gongene eg tok buss i Trondheim før eg fekk meg bil, heldt eg forresten på å spy pga. den utrøykte skinnjakka som sette seg attmed meg. Dei uoverlagde ruglevegane og dei overlagde fartshumpane gjorde ikkje saka betre, og eg måtte berre gå av og krøkje meg litt bak eit busskur. Då var det lite hjelp i å vere ein røynd busspassasjer.

Ferdig med mimringa. Her kjem det nemleg ein annan reklame på lerretet, det er ein reklame for ein pornofilm og… nei, det er ein reklame for klokker, er det. Armbandsur. Reklamane no til dags, altså. Eit par andre reklamar òg, mellom anna ein reklame for NetCom. «Typisk, alltid et stort hode foran deg på kino» eller noko sånt seier det eine hovudet i NetCom-logoen om det andre.

– Glimrande, kommenterer eg: Eit glimrande døme på at reklame ikkje alltid handlar om å formidle rasjonell kunnskap, men synleggjeringa fungerer likevel.

Og så kjem det plutseleg ein reklame for buss i Trondheim igjen.

Buss utan meg om bord.

Reklamen lærer oss at det å ta buss i staden for bil til jobben vil spare oss for ti tusen kroner i året. – Ja, kviskrar eg, og så tek det ein halvtime lenger å kome på jobb. – Ein time kvar dag, fram og tilbake, seier Judith, og legg til: Tid er pengar.

Og fram med kalkulatoren igjen: Kor langt er eit arbeidsår igjen? Omtrent 46 veker à fem dagar, sånn rundt rekna? Altså rundt 230 timar på bussen? Timeløn på, tja, skal vi seie 180 kroner, avgifter og sånt ikkje medrekna? Berre i tidsbruk kostar det altså ein gjennomsnittleg arbeidstakar 41400 kroner i året å busse til jobben?

– Dette tenkte eg å blogge om, seier Judith. – Eg òg tenkte på dét, seier eg. – Men eg tenkte på det fyrst, seier Judith, og fortel at ho tenkte på det sist vi var på kino òg.

Skal tru kor lang tid det ville ha teke å kome seg på jobb dersom alle i heile Trondheim skulle bruke buss, slik at ørten bussar kontinuerleg stod i kø i køyrefeltet i påvente av at busslomma vert ledig (i den grad bussane altså stoppar dersom den aktuelle busslomma er oppteken).

Men no startar filmen.

Les bloggposten til Judith, ho har finrekna på sakene, og har elles teke bussen no i det siste. Heh.

Read Full Post »

I samband med hundreårsjubileet til ein stor del av Gløshaugen i september kom det ut eit historieverk om dei og oss alle. Dette er altså ikkje eit debattinnlegg (til slikt har ein pamflettar og bloggar), men ein solid murstein av ei bok, skriven av historikarar. Boka vart lansert i inkluderande jubileumsrus med ein «strek over stridigheter». Ja, bortsett frå eit rituelt og etter kvart lite originalt spark, bortgøymt langt nede i saka i Universitetsavisa:

Setter strek over stridigheter
Konklusjonen er klar: NTNU er en vellykket fusjon.
– De som fremdeles lengter tilbake til tiden før 1995 vil nok være uenig med oss, sier Brandt.

Men når sant skal seiast, kjenner eg ingen som passar til denne karakteristikken og som ynskjer seg tilbake til fortida. Eg kjenner til fleire som veit at det skjedde urettar i 1995, og som ikkje vil sementere desse, men som ynskjer ei betre framtid enn status quo, men det er jo framover i tid, ikkje bakover.

Jau, det er klart, det er jo ikkje like mykje schwung over «de som vil ha en bedre framtid, vil nok være uenige med oss». Som spark kunne det til og med ha vorte oppfatta som eit heller mislukka døme på at ein i namnet åt suksessen «setter strek over stridigheter».

Lesarar som er heldige å vere unge, treng kanskje eit lite resymé av tider som var:

Universitetet i Trondheim (UNIT), grunnlagt 1968, var sett saman av Noregs tekniske høgskole (NTH), Den allmennvitskaplege høgskolen (pr. 1995 med dei fleste studentane, namnet AVH sidan 1984), Det medisinske fakultet og Vitskapsmuseet. I 1995 skulle det kome ei ny lov for høgare utdanning, høgskulenivåa skulle kome til å forsvinne frå UNIT (til sorg særleg for varemerket NTH), og i denne samanhengen var det nokre politikarar som, etter innspel frå rektoren vår, fann ut at UNIT også skulle få eit nytt og misvisande namn (til sorg for dei miljøa som ikkje er teknisk-naturvitskaplege). Som stortingsrepresentant Marit Nybakk sa det i Odelstinget 21.3.1995 (mi utheving):

Vi er i flertallet naturligvis helt klar over at Universitetet i Trondheim har ulike utdanningstradisjoner og fagkulturer – det skulle bare mangle. Å heve universitetets standard til et teknisk-naturvitenskapelig universitet vil ikke erstatte disse kulturene.

Og dermed vart NTNU skipa til store protestar frå dei fleste studentar og tilsette på alle campusar, men til applaus frå rektor og nokre andre i maktposisjonar. I ein artikkel i tidsskriftet Agora oppsummerte Olav Gundersen prosessen slik:

Mellom den offisielle presentasjonen av forslaget om å omdanne Universitetet i Trondheim til Teknisk universitet og tidspunktet for vedtak i Stortinget var det 4 dager inkludert helga. Gjennom 9 måneder hadde man utredet saken uten at denne løsningen så mye som var nevnt (hvis det da ikke var i hemmelighet). Vi hadde fire dager og ingen representative kanaler å nå fram gjennom. Her var hverken tid eller vilje til å høre den jevne universitetsbrukers mening.

Men tilbake til historieverket som vart lansert no i september. På s. 430–431 kan ein lese dette:

Mest forarget av alle var kanskje hovedfagsstudent ved Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap, Jardar Eggesbø Abrahamsen. Så sent som 16. mars gikk det opp for ham at NTNU-forslaget lå på bordet. Det gjorde ham så fortørnet at han satte i gang en studentkomité som arrangerte protestaksjoner. En stor del av opphisselsen rettet seg mot UNIT-rektor Karsten Jakobsen, som hadde uttalt seg positivt til NTNU-forslaget. Studentene okkuperte Jakobsens kontor i protest, uten at det hjalp særlig.

Dette er nok ikkje heilt korrekt. Ha no tolmod, det tek meir plass å presisere noko enn å tabloidisere det. Og forstå meg rett, eg vil ikkje ta føre meg korleis fortida vert tolka, berre sjølve saksopplysningane:

For det fyrste: Her ser det ut som om studentkomiteen gjekk rundt og berre dreiv med protestaksjonar. Dette er sjølvsagt feil. Arbeidet i studentkomiteen desse marsdagane handla mykje om å informere studentane om det som skjedde, og om å snakke med politikarar. Vi samarbeidde også tett med aksjonsgruppa til dei tilsette. Dei reine aksjonane våre desse dagane var avgrensa til streikevaktassistanse for dei tilsette og eit demonstrasjonstog for studentar og tilsette (herunder ein liten avleggjar til rektors kontor).

For det andre: Historieverket skriv at eg «satte i gang» studentkomiteen. Også dette er feil. Eg vart med, men sette ikkje i gang. Vi var ein gjeng studentar som møttest meir eller mindre tilfeldig på kantina, og som fann ut at når ingen andre gjorde noko, så måtte vi ta saka i eigne hender. Både det store allmøtet på Dragvoll og det seinare mistillitsframlegget mot studentpolitikarane tyder på at denne vurderinga var korrekt. Men ingen einskildperson «satte i gang» studentkomiteen, som ikkje eingong hadde nokon leiar.

Faksimile, Adressa 18.3.1995.

For det tredje: Historieverket gjev inntrykk av at studentane okkuperte rektors kontor for å få han til å snu eller noko, jf. «uten at det hjalp særlig». Dette er nok også misvisande. Sant er sjølvsagt at eit «stort flertall blant ansatte og instituttstyrere på AVH har ikke lenger tillit til universitetsrektor» (Adressa 18.3.1995), at studentane følte det same, og at ja, nokre representantar for studentane braut ut frå demonstrasjonstoget 20. mars for å okkupere kontoret til «NTNUs far» i 45 minutt. Stemninga var god og venskapleg, rektor fekk til og med eit eple, men ingen var så naiv å tru at han kunne overtalast til noko. Dette var eit mediestunt, førehandsvarsla med pressemelding, som eit lite bidrag til å få formidla til ålmenta at ikkje alt var så roseraudt i Trondheim som Stortinget såg ut til å tru. Då massemedia troppa opp, var føremålet oppnådd. Det kan mistenkjast at dette og andre tiltak frå studentar og tilsette var velvalde: Jon Lilletun, som hadde ei viktig rolle i denne saka, fortalde 6. august 1995 at han hadde vorte overtydd nettopp av rektor, og hadde vore sjokkert over grasrotreaksjonane.

Kapittelforfattaren har ikkje intervjua folk som var med i studentkomiteen, om arbeidet til studentkomiteen, men viser til boka mi, «uten at det hjalp særlig», for å seie det sånn. Dette var tilfeldigvis nokre bagatellmessige punkt i historieverket, der eg sjølv kunne sjå at det var feil eller misvisande, og det er sikkert greitt nok (men når det er så mykje feil og misvisande i eit så lite avsnitt, kor mykje anna er då like feil eller misvisande?).

Studentar og tilsette streika 21.3.1995.
Foto © Jardar Eggesbø Abrahamsen.

Fleire har kommentert til meg at framstellingsforma i historieverket er prega av personlege haldningar. For akkurat dette avsnittet nemnde den eine særleg personkarakteristikkane «mest forarget av alle», «han ble så fortørnet» og «så sent som 16. mars gikk det opp for ham» som utanfor saka. Ein annan var meir oppteken av samspelet mellom framstellingsform og faktafeil.

Ja, det er sikkert mykje i framstellingsforma som kan analyserast, men det ligg milevis utanfor min fagkompetanse, og det ville berre vere ei avsporing om eg prøvde å sjå nærare på det. Når det derimot gjeld «så sent som 16. mars gikk det opp for ham» (altså at eg er treg i oppfatninga), så kan det i alle fall utdjupast med ein sakskommentar i mimremodus (sjølv om det meste allereie står i boka som historieverket refererer til). Utdjupinga er at eg på den tida var veldig oppteken av hovudoppgåva mi (tilsvarer ca. masteravhandling i dag), og arbeidde natt og dag, relativt isolert frå omverda. Eg las nesten ikkje aviser i den innspurten (men eg las NTB via nettet), og akkurat desse dagane fram mot 16. mars var det også mykje anna som ramla uventa inn i livet mitt. Eg kan ikkje sjå at dette har vorte referert i historieverket, men den utvalde opplysninga om datoen 16. mars har dei i alle fall funne grunn til å referere.

Torsdag 16. mars var forresten då NTNU-reforma vart konkretisert gjennom eit faktisk saksdokument, tilgjengeleg for oss i Trondheim neste dag. Over helga fekk også stortingspolitikarane saksdokumenta, slik at Odelstinget kunne vedta NTNU tysdag kveld.

Djupedal karakteriserte prosessen bak NTNUs tilblivelse som et «statskupp». Et nytt universitet ble skapt på få uker i Stortinget, uten departementets medvirkning og uten noen form for høring eller utredning.

Faksimile, Adressa 15.9.2010

Men kva meiner eg om 1995, då? Meiner eg ikkje at det var ille, kanskje? Jau då. Eg kan ramse opp mykje som var ille i 1995, godt nok dokumentert i boka som kom to år seinare. Mellom mykje anna var det ille at saksgangen var av slik art at den sentrale aktøren Øystein Djupedal, etter eiga utsegn framleis svært stolt av vedtaket, i ettertid karakteriserer det som eit statskupp (Adresseavisen 15. september 2010 s. 9). Stortingsvedtaket 28. mars gjekk m.a. ut på at regjeringa, dvs. eit utval, måtte finne ut kva stortingsvedtaket den 28. mars eigentleg hadde gått ut på. Eg skal heller ikkje låst som det var uinteressant å etterprøve det som dette utvalet påstod om høyringsfråsegnene dei fekk inn (lenkja til s. 81 fungerer visst litt dårleg i somme Safari-versjonar).

Men eg gjorde meg altså ferdig med mitt vesle bidrag til å ta eit oppgjer med fortida i den nemnde pamfletten. Så for å oppklare nokre mistydingar som har ramla inn for eiga maskin med ujamne mellomrom dei siste femten åra:

Eg er glad i arbeidsplassen min. Eg har gode kollegaer og oppegåande studentar, og dei teknisk-administrativt tilsette er imøtekomande og hjelpsame. Som fagfolk flest identifiserer eg meg sjølvsagt primært med mitt eige fagmiljø, men eg får stendig stadfest inntrykket mitt av fagfolk frå alle delar av institusjonen som vidsynte menneske som synest at alle fagområde bør ha gode vilkår. Vert det flåsete å seie at eg har vener med NTH-ring på fingeren?

Dette tyder sjølvsagt ikkje at vi på grunn av eitt eller anna tabu må sitje fast i fortidas politiske hastverksvisjonar for all framtid. Det er trist at det å nemne t.d. visse historiske bokstavkombinasjonar eller ei framtid som bryt med 1995, kan hauste personåtak og avsporingar (sjå t.d. nokre av lesarkommentarane i denne saka i Under Dusken).

Og hundreårsjubileet? Klart det er lurt frå eit marknadsføringsperspektiv å bruke jubileet som PR-kampanje for universitetet som heilskap. Å byggje eit varemerke er dessutan eit kollektivt prosjekt som er avhengig av at alle miljøa føler seg inkluderte og verdfulle. (Dette medfører ikkje naudsynleg at ulike fagmiljø må feire kvarandre – i den grad dei føler at det er kvarandre dei feirar. I det kollektive prosjektet er det heller element i kvardagen som er viktigast.) Om NTH-jubileet meiner eg elles at det var fint for kakemonsar som meg at Studentsamskipnaden spanderte gratis kake på alle, også på oss som ikkje høyrer til siv.ing.-miljøet. Håper dette gjentek seg når universitetet fyller 50 år i 2018, og når dei frie faga («universitetsfaga») fyller 100 i 2022. Det finst alltid ei unnskyldning for å ete kake.

Read Full Post »

eLånekassa

I desse dagar er det terminforfall igjen for tilbakebetaling til Lånekassa, terminvarselet kom i posten for ei stund sidan. No skal eg vedgå at eg ikkje kan hugse korleis det var denne gongen, men ved førre forfall for tre månader sidan inneheldt terminvarselet ei påminning om at eg kan få meg eFaktura. Ja, om eg ville velje eFaktura, så skulle eg sleppe varslingsgebyret på 35 kroner pr. kvartal, og eg kunne til og med vinne ein mini-PC.

Lånekassa har altså forfall kvar tredje månad, men løna mi kjem tolv gonger i året. Då er det sjølvsagt enklare å betale tredjedelen av terminbeløpet kvar månad enn å ta unna så og så mykje den eine og den andre månaden, for så å passe på at det dermed er nok på kontoen til å betale terminbeløpet når den tredje månaden kjem. Å betale kvar månad er enkelt nok, det er berre å bruke kontonummeret til Lånekassa og det konstante KID-nummeret. Oppskrifta står også på nettsidene til Lånekassa:

Slik betaler du hver måned
Del terminbeløpet i tre, og pass på at hele summen er betalt innen fristen.

Eksempel
Du kan for eksempel betale regningen for november med en tredjedel i september, en tredjedel i oktober og en tredjedel før betalingsfristen i november. Bruk alltid KID-nummer når du betaler. KID-nummeret er det samme hver gang.

Men så var det dette med eFaktura då. Akkurat mini-PC klarer eg meg utan. Det er sikkert Windows på han òg. No er det flere grunnar til at eg ikkje bruker eFaktura på desse terminbeløpa (lett å gløyme å godkjenne, og å betale inn ekstra vert ikkje så veldig mykje lettare), men i prinsippet byr det meg ikkje imot å få litt meir automatikk i trekket – dersom det framleis er mogeleg å betale kvar månad.

Og det er mogeleg. På den same nettsida fortel Lånekassa:

Velg eFaktura – spar penger
Velger du eFaktura slipper du varslingsgebyret på 35 kroner per forfall. Du kan bruke eFaktura selv om du betaler hver måned. Du kan endre beløpet og betalingsdato som står på eFakturaen du får i nettbanken din. Har du allerede betalt inn nok til å dekke terminbeløpet, kan du slette eFakturaen.

Med andre ord: Med eFaktura kan eg framleis betale kvar månad som før ved hjelp av manuelt utfylte innbetalingar, men i tillegg må eg passe på å endre eller slette den eFakturaen som kjem like før terminforfall, og sjå til at det reduserte beløpet stemmer overeins med det eg har betalt dei to månadene før.

Då synest eg trass alt at det er greiare å få ein papirfaktura som ei påminning om kva terminbeløpet er for tida, utan å måtte slette eller justere noko attpå. På papirfakturaen står det også kor mykje restgjeld eg har og kva renta er, og så kan eg leggje inn nokre ekstra hundrelappar om eg vil, når eg fyrst er i gang.

Og gebyret på 35 kroner? På mine papirfakturaer står det ein fin sum på null kroner i gebyr. Eg er nemleg så heldig å liggje litt føre med innbetalingane, slik at terminbeløpet allereie er fullt innbetalt når papirfakturaen vert skriven ut ei tid før forfall. Då vert Lånekassa gebyrfri, sjølv om eg ikkje har eFaktura:

Dersom terminbeløpet er registrert når vi skriver ut varsel, vil vi ikke belaste deg dette gebyret, selv om du får terminvarselet i posten. Så lenge varselet (giroen) er til «frivillig» bruk, skal du ikke ha gebyr.

Read Full Post »

Draum utan tittel

Eg drøymde eg hadde jobb på eit prosjekt på ein ikkje-eksisterande holme eit stykke vest (eller var det aust?) for Flåvær. Eg og to andre skulle beise (ja, beise) det minste Kvalsundskipet (meir offisielt kalla Kvalsundfæringen), og av økonomiske grunnar skulle det brukast beis som allereie var innkjøpt til eit hus i nærleiken, noko eg var litt usamd i fordi eg hadde høyrt at dette er Noregs eldste båtkonstruksjon, og beisen hadde heilt feil farge.

Eg var dessutan noko skeptisk til å gjere det medan båten låg i sjøen, men ein administrator hadde bestemt at slik skulle det vere, for det var mest effektivt, ettersom han då slapp å fjerne tiljene og masta (båten har ikkje mast), og ikkje minst slapp han å bruke tid på å snu båten opp ned.

Ein av prosjekollegaene mine, ho Tove, hadde fått seg overnattingsplass i fjøra. No ringde telefonen med beskjed om at det skulle verte storm, og ho meinte at luftmadrassa var bra nok i stormen, for då kom ho i det minste til å flyte. Men administratoren tilbaud henne ly i eit naust som han ikkje hadde råderett over. Der ville ikkje Tove overnatte, for ho visste at eigaren ikkje ville like det. «Å,» sa administratoren, «han liker ikkje at du tek opp plass i fjøra hans heller.»

I fjøra var det blæretang, og i staden for fotografi av dei nyfødde var dette slik tang som forma seg som levande skulpturar av dei nyfødde, som no var to år gamle, og medan eg brukte luftmadrassa til å taue inn båten, som no lak meir enn budsjettet hadde definert, lurte eg på om desse svært livaktige attgjevingane av toåringane kom til å vekse parallelt med dei.

Lenger kom eg ikkje med den saka, for plutseleg var det ein gjeng med småungar i supermann-t-skjorter som stod inne på ein kiosk på oppdrag frå SVT for å finne ut kvifor svenske busselskap har rabatt på billetten for sivilingeniørar men ikkje for born. Svaret var at sivilingeniørar er viktige for samfunnet, med mattekunnskapar som strategisk satsingsområde. Bussjåføren Sara var likevel kjend via jungeltelegrafen for å gje rabatt til born, fordi ho meinte at også born er viktige for samfunnet, sjølv om framtida sorterer under ein heilt annan budsjettpost.

Så kom det to bussar i svingen, den eine køyrde forbi borna med god klaring, den andre fløytte og trong stor plass, slik at borna måtte hoppe over brøytekanten og ut i grøfta, men dette var ikkje noko problem for folk med supermann-t-skjorter på seg, og så vakna eg og skreiv det ned, men venta ein månad før eg torte å fortelje om det her på bloggen.

Read Full Post »

Notar og sure tonar

Her om dagen tok eg turen innom heimesida til Reinhard Mey, og fann ut at han har lagt ut notane sine, med besifring og det heile. Men tydelegvis ikkje rubbel og bit, for eg finn ikkje klassikarar som «Über den Wolken» og «Ich möchte wie Orpheus singen».

Eg tok likevel hintet, notar er lasta ned, sordinen er på plass, og folk i grannelaget kan framleis fylgje uforstyrra med på det der idrottsstemnet på sportskanalen NRK1. Nei forresten, stemnet er visst slutt, ja, for i dag høyrde eg at dei hadde byrja på nedteljinga til ei balltevling i Sør-Afrika staden. Ja då. Eg måtte berre seie det. Sparke litt (ha ha).

Men det er i alle fall kult at det finst notar å laste ned. Hadde eg endå vore kompetent til å framføre dei utan høveleg demping, så. På det instrumentet eg gnikka på i gamle dagar, laga eg meg ein noko meir avrunda stol slik at vinkelen mellom strengene vart større. Det var rein symptombehandling, men eg trur det berga høyrsla til dei rundt meg.

Read Full Post »

Parkeringsavgift

Eg las i Adressa i dag, og allereie før eg såg kven som hadde sagt det, tenkte eg at dette resonnementet er det kanskje ein politikar som har framført, og det var det:

– Det må bli slutt på gratis parkering på Universitetets område. Hvorfor skal en professor få parkere gratis på Dragvoll, når en hjelpepleier på St. Olavs Hospital må betale for å bruke bil på jobb?

Fylkesordførar Sandvik veit sjølvsagt at det ikkje berre er hjelpepleiarar som arbeider ved St. Olavs og ikkje berre professorar som held hus på Dragvoll. Dermed kunne han like gjerne sagt:

Hvorfor skal en rengjøringsassistent eller en student langt ute på landet få parkere bilen gratis på en romslig parkeringsplass ved Dragvoll, hvor det går bare en håndfull busslinjer, når en overlege må betale for å parkere bilen sin i et overfylt parkeringshus lokalisert til et av byens mest fortettede områder et halvt steinkast fra sentrum og alle byens busser?

Det vil seie, det kunne han sjølvsagt ikkje ha sagt høgt. Men det han allereie har sagt høgt, er at ein politisk viktig nok skilnad mellom Øya og Dragvoll er at på den fyrste staden finst det hjelpepleiarar, medan det på den andre staden finst professorar, og at yrkesbakgrunnen til nokre av dei som arbeider på ein stad, er relevant for parkeringsavgiftene på staden. Og noko slikt er jo interessant nok.

Eg seier med dette ikkje noko om kva eg meiner om parkeringsavgift, og eg seier heller ikkje noko om kva eg meiner om denne politikaren.

Read Full Post »

Ukomfortabel

Eg skal vedgå at eg er litt ukomfortabel med at arbeidsgjevaren har ei lenkje til bloggen min. Undertittelen «Offisielle og litt mer uoffisielle blogger fra forskere, studenter og administrasjon ved NTNU» vert lite til trøyst når dei aller, aller fleste bloggane der er nettopp «offisielle» bloggar med tilknytnad til fag eller institusjon. Min blogg er ein privat blogg der eg tek føre meg slikt eg er oppteken av, sjølvsagt med ein god porsjon frå det eg jobbar med, men det er altså ikkje ein fagblogg eller ein «NTNU-blogg».

Men det startar sjølvsagt ikkje der. Eg visste då eg starta bloggen, at her kom det til å verte mykje jobbstoff. Difor har eg også heile tida hatt eit like ukomfortabelt og uavklart forhold til kva denne bloggen eigentleg er for noko, eller kva eg vil at han skal vere. For sjølv om dette er ein privat blogg, så har eg lite lyst til å skrive for mykje om privatlivet.

Samstundes har eg slett ikkje lyst til å vere berre fagmann. «Heilt menneske. Bør ikkje brukast stykkevis.» var ein signatur eg brukte i e-postane mine ein gong i tida. Men her silar eg informasjonen om meg sjølv så kraftig at det vert bortimot umogeleg for dei som berre kjenner meg gjennom bloggen, å ikkje bruke meg stykkevis. Og ikkje vil eg at alle skal bruke meg fullt ut som heilt menneske heller. Dét er noko eg berre gjev mine næraste.

Jobben opptek meg. Når eg sit i sofaen heime, er eg veldig oppteken av studentane mine, eg er veldig oppteken av språk, og eg er veldig oppteken av at eg ergrar meg over påfunn frå meir sentralt hald i jobbsamanheng. Difor har eg skrive litt om dette, jamvel utan å banne høglydt. Men vert det då ein yrkesblogg? Eller vert det ein hobbyblogg fordi eg skriv ein del om språk, som trass alt var hobbyen min før det vart yrket mitt?

Men eg skriv jo også om andre saker. Livet mitt er like variert, trur eg, som livet til kona mi, men på hennar blogg kan ein faktisk sjå at ho har eit variert liv. Og ho skriv ikkje om jobben sin eingong. Og når eg no har skrive dette innlegget (og revidert det eit utal gonger dei siste par månadene før eg endeleg publiserer det), så er kanskje problemet helst at eg ikkje veit kva eg vil med bloggen – og at eg er medviten på det, og ikkje klarer å slå meg til ro med at det er tillateleg å ikkje vite kva ein vil?

Read Full Post »

Vemodig skuldertap

Orion

Orion med Betelgeuse

Betelgeuse skal smelle, fortel Knut Jørgen Røed Ødegård på Bang i rommet. Orion skal gå gjennom ein dramatisk operasjon, og skuldra vil aldri verte som før. Det vil seie, Betelgeuse har kanskje allereie smolle, det tek berre eit halvt tusenår før me ser det her på jorda. Det spesielle for oss som lever i dag, er nettopp at me kan kome til å sjå det i vår generasjon, nærare sagt innan fem år.

Dei gamle grekarane såg opp mot stjernehimmelen og fortalde om sin Orion frå generasjon til generasjon. Så vart det vår tid, og ikkje berre har folk slutta å tru på historiene om jegeren Orion som Zevs plasserte mellom stjernene. Nei, me skal også få sjå at den sterkaste stjerna i stjernebiletet, α Orionis, går til grunne i ein kjempesmell.

Dei gamle heltar varer ikkje evig, men vil omsider få problem med ein eller annan kroppsdel. Og i Orions tilfelle er det altså skuldra.

[Foto: Anton, Wikimedia Commons, GNU-lisens. Lett modifisert av Jardar. Original her.]

Oppdatering 15.2.2011: Sjølvsagt var dette for godt til å vere sant. Men tabloide saker sel jo best, ikkje sant. Nettstaden forskning.no melder: Stjernesmell på mediehimmelen.

Read Full Post »

Telefonkatalogen

Avisene fortalde i går at Telefonkatalogen (Gule Sider, Eniro) har offentleggjort fødselsdatoane til telefoneigarane. Men sidan det berre er dag og månad (og ikkje år, for det kan folk finne i skattelistene i staden), så treng ein ikkje noko samtykke for å kople saman telefon-, adresse- og fødselsdata på denne måten. Folk kan jo alltids logge seg på gulesider.no og fjerne fødselsdatoen sin sjølve.

Jau då. Eg ser føre meg alle åttiåringane som tek imot PIN-kode på SMS, slik at dei deretter kan registrere seg som brukar på gulesider.no, med e-postadressa si som brukarnamn, før dei loggar seg inn og endrar preferansane for oppføringa si (medrekna det automatiske samtykket til å få tilsendt spam). Ja ja.

Men som det står på registreringssida:

For å sikre identifisering og hindre misbruk av tjenesten vil vi kontrollere dine opplysninger mot Folkeregisteret.

Ja, supert. Og gulesider.no er til og med medlem i Trygg katalog. Difor legg gulesider.no vinn på å vere nettopp ein trygg katalog som ikkje kan misbrukast. Og difor kan ein opprette ein brukar (altså registrere seg) på gulesider.no berre dersom ein tastar inn korrekt fødselsdato og postnummer i tillegg til eit vilkårleg mobilnummer som registrerings-PIN-koden skal sendast til.

Eg klarte å få tilsendt PIN-koden til min mobil for ein person som ikkje er meg, og eg kunne enkelt ha oppretta brukarnamn og passord, og kunne like enkelt ha endra telefonkatalog-opplysningane for vedkomande. Takka vere dei opplysningane som gulesider.no sjølv deler ut no. Hurra for formuleringa «For å sikre identifisering og hindre misbruk av tjenesten».

For å opprette brukar må du elles krysse av på at du godtek avtalevilkåra. Så før du kan reservere deg mot det som du aldri inngjekk nokon avtale om, må du altså inngå eit kundeforhold og godta avtalevilkåra. Skal tru om du er juridisk bunden av avtalevilkår som du signerer under tvang?

Kanskje eg skal opprette ei teneste, eg òg, der folk kan unngå å verte råka av ubedne tilleggstenester dersom dei berre passar på å verte kundane mine og godta avtalevilkåra som eg sjølv definerer. Hm, kva heiter dette no igjen? Utpressing?

For å føregripe protestane frå dei som synest at denne (visstnok lovlege) «tilleggstenesta» på Telefonkatalogen er å gjere livet vel lett for identitetstjuvane, har Eniro lagt ut denne meldinga, som framleis kan lesast pr. i dag:

Kan dette misbrukes til å stjele identiteten min?
For å sikre identifisering og hindre misbruk av tjenesten vil vi kontrollere dine opplysninger mot Folkeregisteret. Å misbruke en annens identitet er for øvrig brudd på norsk lov. Identitetstyveri rammes av bl.a. ulike bestemmelser i straffeloven. Dersom du har blitt utsatt for identitetstyveri, meld ifra umiddelbart til nærmeste politikontor. Du kan få mer tips om identitetstyveri på Wikipedia. Dersom du ønsker hjelp fra Telefonkatalogen.no for å spore opp noen som har stjålet din identitet, er vi avhengig av at det foreligger en politianmeldelse, og at henvendelsen angående oppsporing kommer fra politiet.

Eg tykte dette var uklart formulert, så her kjem mi omsetjing til norsk:

Kan dette misbrukast til å stele identiteten min?
For å hindre misbruk har vi kontrollert at personopplysningane som identitetstjuvane finn om deg, er nøyaktige. Dessutan er det jo ikkje lov å misbruke identiteten til folk, så det så. Men om du likevel vil vite meir om fenomenet, kan du lese om det på Wikipedia. Og skulle nokon stele identiteten din, er det jo berre å kontakte politiet, vel. Er du dum, eller?

Men det er altså lov å gjere det som Telefonkatalogen har gjort. Og kvifor har dei gjort det? Til Dagbladet seier dei:

– Dette er en måte å skille mellom to personer med samme navn.

Eh ja. To personar med same namn skil ein mellom ved hjelp av eksakt fødselsdato, ikkje ved hjelp av adresse eller til naud alder (fødselsår). For den eksakt fødselsdatoen er noko me hugsar oftare enn me hugsar adressa.

Til VG uttaler dei:

– Det legges ut først og fremst for å berike tjenesten, ved å få frem fødselsdato blir det lettere å finne frem til riktig person. Dette er basert på innspill fra brukerne og noe de ønsker seg.

Å, då så. Kjære telefonkatalogen vår, her kjem eit innspel frå meg: Hadde det ikkje vore praktisk om me kunne få sjå kredittkortnummera til folk òg? Dei er jo så lette å gløyme. Så neste gong eg skal kjøpe noko på nett, så kan eg berre slå opp i telefonkatalogen, og treng ikkje å gå ned til lommeboka mi og hente kredittkortet mitt. Og me treng ikkje vere redde for at kredittkortopplysningane skal verte misbrukte. For telefonkatalogen har passa på at opplysningane er heilt korrekte, og dessutan er det jo uloveleg å misbruke slike opplysningar.

Read Full Post »

Opplåsing

No har eg sete nokre veker og prøvt meg fram med bloggen godt skjult bak passord. I den fyrste bloggposten spurde eg om eg kjem til å skrive med e- eller a-infinitiv, og eg ser at eg nokså konsekvent har skrive med e-infinitiv. Dagboka har derimot framleis a-infinitiv. I starten tenkte eg òg at eg skulle skrive mest om språk og jobb og sånt, og ettersom dette var heilt i innspurten på semesteret, har det vorte ein del om jobb. Men det har vorte ein post om Reinhard Mey også, og kanskje vert dei meir om slikt som ikkje er jobb.

No låser eg opp bloggen så han vert ålment tilgjengeleg, men han kjem sikkert ikkje til å verta lesen av stort fleire enn fru Judith (oi, der kom det ein a-infinitiv, sikkert fordi eg nettopp har skrive i dagboka).

Kategoriane må sikkert justerast med tida.

Read Full Post »

« Newer Posts - Older Posts »