Her skriv eg om det som fell meg inn å skrive om, med meg sjølv som primær målgruppe. Morfologien og språknorma her er nokså inkonsekvent, og det synest eg er heilt greitt. Det som fell meg inn, og som eg altså skriv om, kan vere mangt og mykje, men eg vil presisere at dette er ein privatblogg, ikkje ein yrkesblogg, sjølv om også den delen av livet mitt naturleg nok vil vere representert her, ikkje minst fordi eg har fått jobb innanfor det som fyrst var ein viktig hobby.
Om kommentarar
E-postadresse må opplysast for å leggje att kommentar på denne bloggen, men dette er berre for å halde mesteparten av spammen unna og spare meg for litt luking. Dessutan for å kunne ta kontakt med kommentatoren om det trengst. Adressene vert ikkje offentleggjorde.
Om turrfisk
Turrfisk er godt, særleg ferdigbanka hyse frå Vestfirska Harðfisksalan eller Gullfiskur.
Om meg
Eg heiter Jardar Eggesbø Abrahamsen, er sunnmøring i hjarta mitt, men bur i Trøndelag saman med kjærasten min, Judith, som eg også er gift med.