Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘øvingar’

Når folk vil sende meg noko som dei meiner er så viktig at eg må lese det akkurat slik som dei skreiv det, så sender dei meg Word-filer. Ein gong var eg sensor på ein eksamen der studentane skulle levere elektronisk, og rundt halvparten leverte Word-filer, som vart vidareformidla til meg og dei andre sensorane. Det såg slik ut:

Word-tekst der alle fonetiske teikn ser ut som firkantar.

Nettopp, ja. Lydskrifta forsvann i alle oppgåvesvara. I tillegg forskuva figurane seg i mange av dei, og margane vart sære. Eg hadde Word, eg hadde korrekt font, eg hadde til og med den same versjonen av fonten. Men eg sat altså ikkje på dei datamaskinene som studentane hadde brukt. Det gjorde heller ikkje dei andre sensorane. Ingen av dei sensorane som eg snakka med, var i stand til å lese oppgåvesvara.

Datautstyret var i orden, men slikt er lite verdt når Word er vide kjent for å ha eit problematisk forhold til seg sjølv. Tilfeldigvis er eg ein sta fyr, så eg tok Word-filene som ei teknisk utfordring, og klarte etter ein viss innsats å lese det som stod skrive i dei.

For nokre av Word-dokumenta fungerte det å erstatte fonten med seg sjølv, men under eit anna fontnamn (sjå under).

For andre Word-dokument fungerte ikkje dette, men då fungerte det ofte å opne dei i Pages, bortsett frå at då vart lineavstandane endra. Ja, lineavstandane endra seg. Lineavstandane er nemleg definerte på ein heilt eigen måte i Word.

Atter andre dokument ville ikkje la seg opne i Word, anna enn i ein antikvarisk versjon som eg tilfeldigvis framleis hadde på maskina mi. Alt i alt var eg innom Pages, TextEdit, FontRevealer og to Word-versjonar for å få unna bunken. Nokre av dokumenta nekta også å la seg skrive ut, anna enn éi og éi side.

Og apropos utskrift: Grunnen til at margane vart sære i ein del av dokumenta, var truleg at eg hadde ein annan skrivar tilkopla på mi maskin enn studentane hadde hatt på sine maskiner då dei skreiv oppgåvesvara sine. (Lenkje 1, lenkje 2.) Word omformaterer nemleg dokumenta avhengig av kva for ein skrivar som er tilkopla.

Tilbake til dette med fontar: Den fonten som studentane hadde fått instruksar om å bruke, var ein åttebitsfont, der adressa til vanlege bokstavar var utstyrte med fonetiske skriftteikn på ikkje-standardiserte måtar, t.d. slik at stor N skulle sjå ut som ŋ og likskapsteiknet (=) skulle sjå ut som ɳ. Ettersom eg hadde nøyaktig same versjon av den fonten, kunne det ha vore overkomeleg, dersom Word berre hadde kjent att namnet på fonten. Operativsystemet oppgav nøyaktig same fontnamn som dokumentet etterspurde, men Word har tydelegvis sin eigen måte å tolke fontnamn på. Difor måtte eg erstatte fonten (SILDoulosIPA) med seg sjølv men under eit anna fontnamn (SILDoulosIPA Regular). At minst éin av studentane hadde gått ut på nettet og funne seg sin eigen font med andre og like ikkje-standardiserte plasseringar av skriftteikna, gjorde ikkje sensoroppdraget noko enklare:

Word-tekst der fonetiske teikn ser ut som mykje rart.

Eg tilrår sjølvsagt Unicode-fontar (t.d. den nyare Doulos SIL), der ein ɳ alltid er ein ɳ og i alle fall ikkje risikerer å sjå ut som = eller ♥. Men sjølv med Unicode-fontar kan det gå gale i Word, her er eit døme frå eit anna høve:

Word-tekst der mange fonetiske teikn ser ut som firkantar.

Lukka med Unicode-fontar er at om teikna då ikkje er synlege i Word (i den grad Word vil opne Word-fila), eller om mottakaren kanskje manglar fonten, så er det likevel lett å rekonstruere skriftteikna, og det kan ein gjere på opptil fleire måtar. Til dømes ved å erstatte med ein annan Unicode-font, ved å sjå etter kva for ei adresse i Unicode-tabellen det problematiske teiknet har, eller ved å opne Word-fila i Pages eller TextEdit.

Dette kompenserer sjølvsagt likevel ikkje for forskuva figurar, sære margar, endra lineavstandar og slike ting.

Ei anna utfordring når ein får tilsendt eit Word-dokument, er at den som skreiv dokumentet, nesten garantert også har brukt fontar som eg ikkje har installert på maskina mi (t.d. Calibri og Cambria, ikkje sant?), slik at når eg opnar fila på mi maskin, så ser dokumentet annleis og sikkert mykje styggare ut enn sendaren hadde tenkt seg. Det er sanneleg urettvist mot ein student som har lagt ned mykje arbeid i at det ikkje berre skal vere bra innhald, men at det også skal sjå pent ut.

Somme tider vert eg sjølv beden om å sende saker og ting i Word-format til folk, som når eg skal levere noko som skal redigerast inn i noko større. Den eine gongen fekk eg tilbakemelding om at kursivane i dokumentet mitt forsvann då mottakaren opna Word-fila mi i sin Word. Dei måtte rekonstruerast manuelt.

Eksamensoppgåver som inneheld lydskrift, kan vere nervepirrande å sende til oppgåvesett-redaktørar som bruker Word: Sist det skjedde, var det berre med naud og neppe at ikkje studentane fekk utdelt eksamensoppgåver med firkantar der det skulle stått lydskriftteikn.

No vert eg mimrete her. Eg hugsar ein student som skulle levere heimeeksamen i fonologi, og som kom glad og nøgd heimanfrå med Word-fila si i god tid før innleveringsfristen. Ho la fila inn på datamaskina på universitetet, skreiv ut – og byrja å sveitte. Med god grunn. Det enda med at ho måtte få utsett fristen med fleire timar.

Det finst ikkje nokon garanti for at ei Word-fil ser ut på same måten på to datamaskiner, sjølv ikkje om begge maskinene har den same versjonen av Word installert. Tvert imot er det veldig sannsynleg at dokumentet ser ulikt ut på dei to maskinene, også om fonten er den same. Det seier seg sjølv då at Word-filer er ueigna dersom ein vil at mottakaren skal sjå det same som sendaren.

Medisinen er anten papir eller pdf. Med pdf ser dokumentet ut akkurat slik som det skal sjå ut. Med tanke på alt det rare som ramlar ned i innboksen min, er det for studentar likevel tryggast å levere øvingsoppgåvene på papir.

Eg opna altså med å fortelje at når folk vil sende meg noko som dei meiner er så viktig at eg må lese det akkurat slik som dei skreiv det, så sender dei meg Word-filer. Difor vil eg til slutt nemne sånn i forbifarten at det er ikkje alle Word-brukarar som har ein Word-versjon som taklar – (kunstpause, trommekvervel) – docx-filer. Mine Word-versjonar taklar det ikkje (pr. desember 2009).

Så når folk sender meg Word-filer for at eg skal kunne lese dokumentet deira akkurat slik som dei skreiv det, giss éin gong kva slags format mange gode menneske vel på fila som dei sender?

(OK, Pages og TextEdit får til å opne docx, men det er ikkje poenget. Poenget er at… hmmm… Les denne bloggposten på nytt.)

Read Full Post »

Ikkje svarframlegg

Den siste tida er det fleire studentar på exfac-emnet i språk og litteratur som har teke kontakt med meg og spurt om det vil verte lagt ut svarframlegg for dei oppgåvene som vart brukte på gruppetimane i lingvistikk. Svaret er nok nei. Desse oppgåvesetta vart utforma innanfor dei tildelte rammene for øvingstimar i ordinær undervisning, og innanfor gjeldande normer er det ikkje tidsmessige eller økonomiske ressursar til å utarbeide eit skriftleg opplegg med svarframlegg i tillegg. Eller sagt på ein annan måte: EXFAC0003 er finansiert som eit vanleg universitetskurs med førelesingar og øvingstimar, og det er ikkje sett av ressursar til nettbaserte opplegg.

Eg la ut oppgåvesetta til nedlasting som eit tilbod særleg til dei som ikkje kom på gruppetimane, språkkollegaen min har gjort det same for fonetikk, men skriftlege svarframlegg er noko som eventuelt måtte ha vorte utforma på fritida vår. Og slike svarframlegg er dessverre ikkje gjorde i ei handevending.

Fortvil likevel ikkje. Det er klart at det ville ha vore kjekt å ha eit svarframlegg å sjå på, men det viktigaste er å oppdage for seg sjølv kva som er vanskeleg. Oppdagar ein dette, kan ein lese seg fram til resten i pensumboka, i alle fall for lingvistikk. Fonetikk er mykje meir praktisk orientert, og det er vanskeleg å lese seg fram til alt, så gruppetimane vart i stor grad brukte til øvingar i transkripsjon.

Read Full Post »