Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘150’

Skål for dr. Esperanto!

Den 15. desember 1859, for 150 år sidan i dag, vart Ludwik Lejzer Zamenhof fødd, augnelækjaren som sidan skulle verte kjend som grunnleggjaren av esperanto, språket som eg lærte meg som syttenåring. Difor slår eg no over i ein lett høgtidleg sjanger.

I ei av dei godt innarbeidde visene frå den polske trubaduren Georgo Handzlik kan ein høyre m.a.:

Mi volas danki vin sinjoro Ludoviko,
Mi volas danki vin per ĉi tiu kant’,
Mi volas danki vin maljuna kuracisto,
Mi volas danki vin doktoro Esperant’.

Pro «Verda Koro» de Julio,
«Streĉita Kord’» de Koloman’,
Pro la kongres’ en Varsovio,
Pro renkontiĝo kun japan’.

Pro la amikoj el Francio,
El Germanio kaj Kanad’,
El Itali’ kaj Hungario,
Pro belulin’ el Leningrad.

Eg vil takke deg, hr. Ludwik,
eg vil takke deg med denne songen,
eg vil takke deg, gamle lækjar,
eg vil takke deg, dr. Esperanto.

For «Verda Koro» av Julio,
«Streĉita Kordo» av Kálmán,
for kongressen i Warszawa,
for møtet med ein japanar.

For vener i Frankrike,
Tyskland og Canada,
frå Italia og Ungarn,
for den vakre jenta frå Leningrad.

L.L. Zamenhof (1859–1917)

Strofene til Handzlik formidlar den rolla som den gamle augnelækjaren har spelt for oss esperantobrukarar – eller kanskje heller den rolla han ikkje har spelt: Det var jo ikkje han som skreiv diktet «Streĉita Kordo», det er ikkje han som er desse venene frå Frankrike eller Japan, og det er heller ikkje han som er denne vakre jenta frå St. Petersburg (Leningrad). Men me har mange gode (og sjølvsagt nokre dårlege) opplevingar nettopp takka vere det språket som er oppkalla etter Zamenhofs pseudonym «doktoro Esperanto».

Eit språk er meir enn berre eit kommunikasjonsmiddel, det er også ein felles eigedom for dei som bruker språket. Difor var det neppe dumt av Zamenhof då han sa frå seg rettane til å styre esperanto, og i staden overlét dette til kva språkbrukarane sjølve måtte finne for godt, akkurat slik som det er med alle språk.

Sidan har esperanto vakse frå ein teoretisk spire hjå éin person i 1887 til noko som tusenvis av menneske bruker. Språket er i dag i bruk i mange heimar, i bøker, massemedia og på nettet. Me høyrer på musikk, reiser på treff (Handzlik nemner den store 100-årskongressen i Warszawa i 1987), ser teaterstykke, får nye vener, kranglar om mangt og mykje, og har det også artig saman.

Alt dette opplever ein sjølvsagt også vha. andre språk, det skulle berre mangle. Men dei opplevingane som me har gjennom esperanto, er det språket esperanto som har æra for. Og i dag kan me minnast grunnleggjaren og den historiske konteksten (ikkje minst at volapük allereie fanst) som i si tid gjorde tanken om eit slikt språk mogeleg.

Det er ikkje kvar dag at ein språkgrunnleggjar fyller 150. Toston al vi, Ludovik’!

[Dette blogginnlegget er ein omsett og revidert versjon av leiarartikkelen i Norvega Esperantisto 6/2009.]

Read Full Post »