Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Åge Aleksandersen’

Åge-konsert

Fru Judith lokka meg med på Åge-konsert på torget på laurdagskvelden. I farten gløymde eg at me som har eit sivilisert forhold til øyro våre, eigentleg ikkje bør utsetje oss for slikt (altså konsertar, sjølve musikken er OK). Men i alle fall oppdaga eg denne gongen kvifor volumet er så inni hampen oppskrutt på slike evenement.

Det er fordi at klientellet der, i dette tilfellet 15 000 betalande, er sett saman slik at ca. 17 kjem for å høyre musikk. Resten kjem for å drikke øl, brennevin (på lommelerke), røykje, stinke, elles oppføre seg som karikerte utgåver av russ (altså ikkje som ekte russ), og framfor alt snakke. Men ettersom det er musikk der, må dei gaule for å høyre kvarandre. For at dei 17 som kom for å høyre musikk, skal høyre musikken, må altså volumet skruast opp til det er musikken som vinn.

Som gretten, sutrande og fisefin gamal gubbe vil eg likevel gje fyrstepremien til dei tre gutane som var komne for å kose kameratsleg med kvarandre i heftig varierande kroppsstillingar, og dulte både kvarandre og omgjevnadene i ein konverserande ringdans medan dei kom med plutselege tilrop og balanserte ølbegeret på kreative måtar, helst i høge posisjonar. Slikt kravde litt konsentrasjon frå dei nemnde omgjevnadene. Etter ca. nitti minutt flytta dei på seg då i alle fall éin av dei fekk seg ei å kysse på. Som kompensasjon fekk me ein jentegjeng med rusbrus og miljøtilpassa stemmeband å forhalde oss til. Det fekk meg til å tenkje på klubben til Tommy og Tigern.

Bortsett frå dette var det ein fin konsert, som til og med hadde eit ortografisk mysterium å by på: Kvifor «Levv’a livet» med apostrof? Til vanleg vert ap’strofar stappa inn der noko er teke bort, og i folkeortografien vert apostrofen også stappa inn mellom røter/stammer og suffiks når desse elementa fylgjer ulike ortografiske normer. Det hot’aste dømetipset no for tida er konstruksjonar som «DRM’en» (normert: hottaste, DRM-en). Men i «levva» er jo ikkje noko fjerna og ikkje noko lagt til.

Eg har ein hypotese på lur, men av frykt for å verke endå meir sutrete enn eg allereie verkar, seier eg det ikkje høgt. I alle fall ikkje på norsk. Sed do, la hipotezo estas ke la a-sufikso laŭ intuicio estas sentata kiel fremda elemento, kvankam ĝi ja estas tute ordinara infinitiva sufikso kiu eĉ troviĝas en laŭnorma norvega lingvo. Kontraste, estas malfacile imagi ke oni skribus ekz. «lev’e» en dialekto kun e-sufikso, ĉar ĉiuj jam konas la ortografian reprezentaĵon «leve». Oni eble povas diveni kial. Og berre så det er sagt, dette var ei kvalifisert gissing på grunnlag av fagleg interesse for den mystiske apostrofen, og ikkje eit utslag av alderdommeleg grettenskap og indignasjon over ungdommen no til dags. Etter det eg veit, er eg framleis yngre enn Åge.

Men det omtalte volumet var barbarisk. Musikken overdøyvde rett og slett seg sjølv. Det er ikkje stort meir enn eit par veker sidan me var på ein utekonsert med samanliknbar (men langt frå identisk) musikksjanger i Polen, og der høyrde me musikken utan å måtte amputere øyro etterpå.

Read Full Post »