Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Apple’

Apple øydela iWork

Somme vil hevde at eg har vore ein levande Apple-reklame sidan eg byrja med Mac i 1993. Ofte har eg gledd meg som ein unge til oppdateringar og nye påfunn, det skal eg vedgå. Men dette er sjølvsagt ikkje heilt utan unntak, og unntaka har kome gradvis oftare. Dei siste ti åra har eg likevel investert delar av mitt skarve truverd i å tilrå den inntil nyleg glimrande kontorpakken iWork for Mac. Fy som eg angrar.

Eg skulle heller ha åtvara mot slike Apple-produkt, og no har eg byrja med nettopp det (nøgnare sagt har eg vorte meir aktiv med det), også i møte med studentane mine. For med Apple veit ein aldri om ein misser fleire års arbeid når nokon i rett posisjon plutseleg får ei openberring. Sjølv kjem eg, slik det ser ut i dag, til å misse alle presentasjonar og føredrag sidan 2003, alle manuskript til førelesingar, læringsmateriell, lærebok, artiklar og alt anna i tekstbehandling sidan 2005, og alle rekneark, herunder også databasar, sidan 2007. Det er framleis mogeleg å konvertere dokumenta til andre format, men du verda for eit arbeid det vert, også etterarbeidet for å få dei viktigaste konverterte dokumenta til å sjå ut slik dei skal.

La meg skyte inn at den mest akutte indignasjonen la seg etter ein dag eller to i oktober, og at det sidan då har handla mest om å finne pålitelege alternativ.

iWork

Keynote

Keynote 5.3 med ein ikkje-fagleg presentasjon av nyare dato.

Då eg heldt ei viktig førelesing i 2003, fekk eg spørsmål etterpå om kva slags program eg hadde brukt, for det såg teknisk veldig bra ut, og var i alle fall ikkje PowerPoint. Eg kunne røpe at eg hadde brukt Keynote, som på det tidspunktet var i versjon 1.1. Liknande kommentarar har kome seinare òg. Keynote har vore lett å bruke, og har gjeve gode resultat på lerretet.

Somme snik seg til å fylgje med på fotballkampar, eg har andre laster. I januar 2005 utbraut eg eit ørlite gledesrop i feil sosial situasjon då eg sneik meg til å sjå på rapporteringa frå presentasjonen til Steve Jobs på Macworld Expo i San Francisco om at no kom det også eit tekstbehandlingsprogram. Programmet heitte Pages, og saman med Keynote og etter kvart reknearkprogrammet Numbers (2007) har vi sidan då hatt programpakken iWork.

Oppdateringane har gjort programpakken stendig betre. Førre oppdatering kom i 2009, med småjusteringar sidan. Tekstbehandlaren Pages har vore hovudverktyet mitt. Berre på heimemaskina har eg i skrivande stund 1170 Pages-filer, og på jobbmaskina 2144 filer. Då ein kollega og eg laga bok for nokre år sidan, sette eg boka i Pages. Dei reviderte utgåvene sameleis, med god kontroll på utsjånaden og utan fare for herpa vektorgrafikk. Alle førelesingane mine sidan 2005 har eg skrive i Pages, alle revisjonane, alle støtteark, alt læringsmateriell, alle brev og viktige dokument.

Det har vore ein brukarvennleg draum å bruke både Pages, Keynote og Numbers, og for meg og mange andre har det etter kvart vorte lite å sakne i funksjonalitet. Gjeldande versjonar var Pages 4.3, Keynote 5.3 og Numbers 2.3.

Så kom oktober 2013

I oktober 2013 kom den neste større oppdateringa: Pages 5.0, Keynote 6.0, Numbers 3.0. Programma vart annonserte med store ord som fantastiske nyvinningar. Gamleversjonane vart samstundes trekte frå marknaden.

Eg oppdaterte ikkje. Det var nok å lese kva andre hadde opplevt. Programma har mist fleire titals funksjonar (for Pages ligg talet på ca. 90–100 fjerna funksjonar), t.d. noko så grunnleggjande som nøyaktig kniping og sperring av tekst, paginering med romartal, og støtte for rtf og doc (docx er støtta). I skrivande stund kan ein heller ikkje søkje og erstatte avsnittsskift eller strenger som inneheld mellomrom. Og folk som opnar ei gammal fil, får øydelagt formateringa si, illustrasjonar vert sletta, øydelagde (dårleg kvalitet) eller flytta rundt på, sidene (eller lysbilete i Keynote) kjem i feil rekkjefylgje, og så vert hærverket automatisk lagra (visstnok reversibelt vha. «Tilbakestill til…» i filmenyen).

I tillegg fortel folk at den gjenverande funksjonaliteten er meir tungvint. Til dømes er den vesle, flytande og praktiske inspektøren fjerna til fordel for eit sidepanel som tek opp ein viss del av skjermbreidda frå topp til tå i dokumentet, stilskuffa (eitt klikk for å skifte stil) er fjerna og er erstatta av ein meny, ein kan ikkje velje alle førekomstar av ein stil lenger, og ein må djupt inn i verktya for å gjere enkle oppgåver. Der tidlegare versjonar kunne brukast både til tekstbehandling og til sidelayout (det siste har eg m.a. brukt til å lage plakatar til fagpresentasjonar), kan noverande versjon brukast berre til tekstbehandling.

Pages

Pages 4.3 med stilskuffe til venstre, og utan inspektør til ære for skjermbiletet.

Filformatet er også endra: Før låg det xml til grunn, så dersom all verdas uhell og nedleggingar skulle vere ute, ville det i det minste vere mogeleg å hente ut tekst. No er det eit ugjennomtrengjeleg binærformat. Pages-filer frå 2008 og tidlegare lèt seg ikkje opne i det heile teke. Men filsuffikset, det er altså det same som før.

Grunnen til alt dette er at Apple vil gjere det mogeleg å redigere dei same dokumenta på ein iPhone som på ein Mac. Ettersom ein telefon og ei fullblods datamaskin ikkje er like gode til slikt, har dei nedjustert Mac-programma til lommeformat både i funksjonalitet og i brukargrensesnitt. På ein telefon er det jo dårleg plass til stilskuffe, flytande inspektør og drøssevis av tekstbehandlingsfunksjonar. Takk og farvel til dei av oss som brukte kontorprogramma til seriøst arbeid.

Etter den massive kritikken frå brukarane har Apple gjort noko så uvanleg som å fortelje at nokre av funksjonane (nokre av dei mindre viktige) skal kome tilbake, m.a. vertikal linjal og betre ordteljing.

Dette er sjølvsagt ikkje godt nok. Eg leiker ikkje når eg skriv noko eller lagar presentasjonar, det er faktisk jobben min, og eg kan ikkje halde pusten og håpe på at framtidige versjonar av programma kanskje skal takle t.d. nøyaktig sperring og kniping, paginering med romartal, bokmerke, hyperlenkjer til nettsider, søk-og-erstatt som forstår avsnittsskift/sideskift/mellomrom, samankopla tekstboksar, ligaturkontroll, ikkje-automatisk språkval for teksten, rtf-filer, diskontinuerleg tekstmarkering, ikkje-amerikansk datoformat i reknearket, sidemargar same stad, cellesplitting, cellebakgrunn, alfakanalvideo i Keynote (gjennomsiktig videolag, eg har drøssevis av slike i Keynote-presentasjonar der eg har teksta videoar) og støtte for QuickTime-plugins same stad for å kunne spele meir enn H.264 (men då får vel iPhone-versjonen fort eit problem), eller at det skal verte enkelt å handtere avsnitts- og teiknstilar igjen.

Papir, blyant, viskelêr og linjal. Tekst: Leaked photo shows Apple beta testing Pages 6.0 for the next major iWork upgrade. The release version will also have support for a vertical ruler. An attempt to take a screen shot of the Keynote 7.0 beta failed because of a defective bulb in the overhead projector.


Apple har ikkje akkurat skrudd opp forventingane til neste versjon.

For dei nye versjonane av iWork-programma Pages, Keynote og Numbers er altså ikkje nye versjonar. Dei er nye program på 1.0-stadiet eller under, men som heiter det same som dei gamle, og som har fått høgre versjonsnummer, og bruker dei same filsuffiksa men med eit heilt anna innhald og format.

Det er sjølvsagt kjempefint å kunne redigere det same dokumentet på ein telefon, eit nettbrett og ei datamaskin, og få dette automatisk synkronisert. Sjølv om eg personleg aldri ville ha skrive førelesing eller laga plakat på ein mobiltelefon. Hadde dei lansert dette som versjon 1.0 av iSumthin, utan iWork som referanseramme eller rival, hadde det sikkert vore supert. Det som er verre å rose Apple for, er at dei til ære for desse nye programma vel å sende nokre heilt andre slags program, fullblodsprogramma for datamaskin, til havs og sabotere årevis med arbeid for så mange brukarar.

Kontorprogram er ikkje såpeproduksjon

For dette handlar ikkje berre om å misse gode verkty. I tillegg risikerer arkiva våre å verte utilgjengelege ved ei tilfeldig oppdatering av operativsystemet som øydelegg noko for iWork ’09 (gamleversjonen vert ikkje avinstallert). Derfor kan vi altså ikkje halde pusten, men må berge dokumenta våre over til eit anna format medan iWork ’09 framleis fungerer.

Om nokon innstiller produksjonen av favorittsåpa, kan ein framleis kjøpe ei anna såpe og vaske seg. Men vi kan ikkje bruke Word eller eingong Pages 5 til å opne eit Pages 4-dokument (Pages 5 fungerer altså på filer frå 2009 og seinare, men ikkje på ein påliteleg måte). Vaskar eg meg på hendene, så har eg vaska meg, og kvar vask er ein avslutta vask. Har eg skrive ei førelesing, eit støtteark eller eit notat om noko eg arbeider med på jobb eller privat, så treng eg ofte å kunne kome tilbake til det på pålitelege måtar gong på gong i årevis.

I motsetnad til såpeproduksjon er det å tilby kontorprogramvare av denne typen identisk med å love ein infrastruktur med kontinuitet og stabile rammer for viktige data. Denne lovnaden har Apple brote. Ein kan ikkje stole på ein leverandør som fjasar bort nytteprogram og fjernar elementær funksjonalitet fordi det er kulare å samkøyre greiene med ein mobiltelefon. Då tek ein ikkje dei seriøse langtidsbrukarane på alvor.

Brukarvurderingar av Pages

Gjeldande versjon av Pages (5.0.1) har pr. 23. desember 2013 eit gjennomsnitt på 1,9 stjerner på den amerikanske versjonen av Mac App Store, med 1 stjerne frå 64 % av stemmene. Gjennomgangsmelodien i omtalane er «garbage», «horrible» og «worthless». Gjennomsnittskarakteren for versjonane før 5.0 var 4,0 stjerner, med 5 stjerner frå 60 % av stemmene.

Det ironiske for meg som har unngått Word, er at eg framleis kan opne tjue år gamle filer frå Word 5.1a med dei nyaste Word-versjonane. Det er berre nokre månader sidan eg trong dette då eg skulle skrive ei førelesing som var delvis basert på noko eg skreiv tidleg på nittitalet. Men Pages frå oktober 2013 kan altså ikkje opne Pages-filer frå september 2013 utan å rote det til. Fordi det skal vere mest mogeleg kompatibelt med ein telefon.

Tenk deg at Microsoft med brask og bram kom med eit nytt tekstbehandlingsprogram som var for ein stor del inkompatibelt med Word-filer, eit nytt program som ikkje inneheldt støtte for grunnleggjande funksjonar for ein tekstbehandlar, og at dei samstundes trekte Word frå marknaden fordi det nye programmet skulle heite Word, skulle marknadsførast som oppgradering av nettopp Word, og skulle bruke filsuffiksa .doc og .docx, no med eit heilt anna innhald og format enn før. Og at dei samstundes gjorde det same med Excel og PowerPoint. Tenk deretter på ordet «tillit». I tilfella med Word, Excel og PowerPoint ville i det minste andre program og tenester ha takla filene på eitt eller anna slags vis.

Hadde dette vore eit unikt uhell, hadde det vore si sak. Men dette er berre den siste episoden i ein serie med neddumma oppdateringar, til dels lanserte med høglydt marknadsføringssvada. Operativsystemet er framleis etter måten bra, og er saman med ein del viktige program frå andre leverandørar ein viktig grunn til at eg held meg til Mac (men operativsystemet har fått fjerna rullefelt-pilene og den finstilte kontrollen der, for å gjere det meir likt ein telefon, og eg har visse arbeidsoppgåver der andre navigeringsmåtar ikkje er fullverdige alternativ).

Så kva gjer eg no?

Eg har ikkje heilt bestemt meg enno, sjølv om eg har byrja å vippe i spørsmålet om tekstbehandlar. Word freistar ikkje spesielt. Berre det at eg treng trygg grafikkbehandling og lettvint tabellformatering og stilhandtering, er nok til å halde Word litt på avstand i dagleglivet, og sjølvsagt nye Pages endå meir på avstand. OpenOffice med venner liknar etter min smak litt for mykje på Word, og det er vel også meininga, forstår eg.

Eg synest at Mellel har ei bratt læringskurve og er noko upraktisk. Eg har ein lisens og skal ikkje sjå heilt bort frå at eg tek det i bruk til ei og anna oppgåve. Men eg har også byrja å snuse på Nisus Writer Pro, som er lett å bruke og har god stilhandtering. Eg brukte veslebroren Nisus Writer Express den siste tida før Pages kom i 2005. Og sjølv om nokre funksjonar er sårt sakna i Nisus (t.d. maskering, direktealfa og sidelayout) eller er litt omstendelege i inneverande versjon (t.d. kniping/sperring og skriftlinejustering), er somme ting også meir avanserte enn sjølv gamle Pages. Til dømes er søk (og erstatt) fenomenalt. Og teiknstilar endrar sjølvsagt font og språk, men samstundes kan språk definerast slik at det også automatisk ikkje berre slår av stavekontroll men også endrar tastaturoppsettet. Plutseleg vart det mykje lettare å skrive lydskrift.

Nisus-programma bruker som standard rtf som underliggjande format, så filene vil vere leselege sjølv om produsenten skulle få ein vulkan i hovudet. Andre ting er ikkje like bra, t.d. er programmet av og til usamd med seg sjølv om eit avsnitt skal delast eller ikkje mellom to sider, og så vert sideskifta berekna på nytt og retta opp når ein redigerer noko der. Grafikk og tekstflyt rundt grafikk kan rote det til for kvarandre slik at dei av og til hoppar både hit og dit akkurat under grafikkinnsetjinga. Og bilete som strekkjer seg utanfor satsspegelen («tekstområdet» på sida), får ein strek gjennom seg akkurat der på utskrifta, spesielt synleg dersom grafikken har skugge.

Same kva eg landar på, grur eg meg sjølvsagt til å måtte konvertere og deretter reinske opp manuelt i så mange noverande Pages-filer (ein masseeksport må gjerast same kva, berge det som bergast kan medan det framleis er mogeleg), så eg kjem nok til å sveipe innom Pages 4.3 enno ei stund medan eg utset det uunngåelege.

Numbers

Numbers 2.3 med fleire separate tabellar på eitt og same ark. Inspektøren flyt der vi vil ha han.

Rekneark er ikkje fullt så kritisk, men eg har altså unngått Excel. Sist eg prøvde Excel, hadde det m.a. problem med unicode når eg skulle importere tabtekstfiler med lydskriftteikn, eller motsett veg eksportere data med slikt eller andre spesialbokstavar. Eg kan ikkje sjå at dette har betra seg noko i Office 2011. Somme har føreslege Tables, men det verkar litt fattigsleg, sjølv om det ser ut til å takle i alle fall reknestykka mine (i Excel-eksport frå Numbers 2.3) betre enn Excel gjer sjølv, så eg skal ikkje heilt avskrive det. Eller Excel heller.

Eg les at nye Numbers ikkje er fullt så ribba for funksjonalitet som nye Pages og Keynote, det har i hovudsak berre vorte meir tungvint å bruke. I gamle Numbers finst det t.d. inspektør (det har forresten også Tables). Og ikkje minst ligg arka i ei liste nedover i venstre kant av vindauget, med god kontroll over både arka som heilskap og elementa på kvart av arka (noko av det geniale med Numbers er nettopp at ein kan ha fleire separate tabellar på eitt og same ark). I nye Numbers ligg arka som faner vassrett bortover utan detaljoversikt over strukturen. Slik vert det jo på ein telefon. Tråden på Apple-forumet om nye Numbers er elles avskrekkande nok, og omtalane på amerikanske Mac App Store er ein einaste lang variasjon over ord og uttrykk som «useless», «great app destroyed» og «lost my work».

Og finst det eit presentasjonsprogram som kan tene som brukarvennleg, funksjonsrik og estetisk erstatning for Keynote? Eg bruker som regel krit og tavle i undervisninga, men til føredrag og presentasjonar må eg som oftast ha noko meir moderne. Keynote var det beste. Eg liker ikkje PowerPoint.

Lenkjer

Apple-foruma har mange innlegg frå folk som har fått øydelagt arbeida sine av dei nye iWork-programma, og som har brukt dagar og veker på reparere skadane. Skuld ikkje berre på dårlege backuprutinar her. Dersom ein bilprodusent med overlegg leverer ein bil med katapultsete, er ikkje dårleg bilbeltebruk den einaste syndaren. Eg har gode backuprutinar, og sparer meg elles mykje arbeid på å halde meg unna dei nye iWork-programma. Men det kjem til å ta tid å berge seg over på noko som ein kan stole på i lengda, kva det enn vert.

Pages FAQ: Some Less Good News with Pages 5
Pages FAQ: Undocumented Proprietary File Format in Pages 5
Betalogue: Pages 5: An unmitigated disaster
Betalogue: More on Pages 5
Ars Technica: The productivity suite formerly known as iWork
Macworld: Numbers 3.0 review
Macworld: Pages 5.0 for Mac review
Macworld: Keynote 6.0 for OS X review
Apple-forum: Pages 5 features checklist
Apple-forum: Why does Apple get rid of so many useful features in new Pages?
Apple-forum: List of deleted features in Keynote ’13
Apple-forum: What has been lost in Numbers 3.0 upgrade?

Ikkje alle desse lenkjene fungerer lenger, forresten. Natt til 16. desember norsk tid, etter at «Why does Appe get rid of…»-tråden på Apple-brukarforumet hadde vorte rundt 70 sider lang med ca. 1050 stendig meir hissige innlegg og hadde vorte lesen omtrent 63 200 gonger, så bestemte Apple seg for å gjere heile tråden utilgjengeleg. Ikkje-innlogga brukarar vert bedne om å logge seg inn, medan innlogga brukarar får denne meldinga: «It appears you’re not allowed to view what you requested. You might contact your administrator if you think this is a mistake.»

Read Full Post »

Ein uventa telefon frå tidsmaskina

Telefonen kom ikkje frå framtida, men nesten. For det var ein hyggjeleg mann hjå Apple i California som ringde, han sat og samla inn teknisk informasjon i samband med ein bøgg som plagar mange av oss.

TimeMachineGraphicBackupsystemet Time Machine (her: på OS X 10.8.2) plagar nemleg mange av oss med at alt går veldig sakte på visse nyare versjonar av operativsystemet. Til dømes kan det gå slik at under tryggingskopiering vert 37 MB kopiert over til backupdisk, så stoppar overføringane medan Time Machine tygg på noko mystisk noko, og det stoppar opp slik i kanskje ein time, før dei resterande 1,5 GB fyk over på få sekund. Sjølv å tryggingskopiere berre ein handfull mega kan ta ulideleg mykje tid.

La meg presisere at det også er mange som ikkje har dette problemet. Men nokre av oss er altså mellom dei uheldige. I mitt tilfelle tydde eg til denne terminalkommandoen (med eit veldig vidt terminalvindauge) for å sjå på kva Time Machine jobba med:

sudo fs_usage -w | grep backupd

Det eg fann der, var at jau, undervegs i kopieringa finn plutseleg Time Machine ut at no skal vi tyggje på alle småfilene i tidlegare backup av /.DocumentRevisions-V100, og kvar einaste ei av desse småfilene skal vi tyggje på i femten sekund kvar, eller kor lenge det no var. For meg fungerte det å stappe denne mappa inn i eksklusjonslista til Time Machine, den fyrste tryggingskopieringa etterpå gjekk sakte, resten gjekk kjapt. Straks eg fjerna mappa frå eksklusjonslista igjen, kom problemet tilbake frå andre tryggingskopiering av, men straks eg ekskluderte mappa på nytt, vart eg kvitt problemet frå andre kopiering av som sist. Slik er det begge Macane eg disponerer. Begge bruker backupdisk på kabel (USB, FireWire) som er stappa rett inn i Macen.

Den nemnde mappa er staden der databasen for dokumentversjonar i OS X 10.7 og 10.8 ligg (her om dei aktuelle forbetringane i OS X 10.8 Mountain Lion), så dersom ein er oppteken av å sikre dokumentversjonar, er det jo litt dumt. Men slikt er trass alt ikkje det aller viktigaste på disken min. Det viktige er dei ferdige dokumenta, ikkje at eg endra eit komma onsdag kl. 17:43 førre veke.

På brukarforumet til Apple finst det ein lang tråd om problemet, det kan sjå ut til at ulike brukarar opplever det på ulike måtar, og at det ikkje finst éi løysing som fungerer for alle. Nokre av dei som har skrive på forumet, fortel at dei har vorte oppringde av Apple-ingeniørar, og no var det altså min tur. Han fekk nokre utfyllande detaljar om korleis eg har kopla saman Mac og backupdisk, om korleis eg omgår problemet og kan framprovosere det igjen, og så fekk han ei stadfesting på nokre andre ting eg hadde skrive. Og berre for å seie det: Nei, han bad ikkje om kredittkortnummer eller noko anna muffens. 🙂

Mannen takka for svara mine, og eg takka for at han hadde spurt. Noko av det litt spesielle er at vi brukarane på denne måten får eit innblikk i at Apple, som til vanleg er veldig stille av seg, faktisk prioriterer å jobbe med ei spesifikk sak. Derfor vart dette ein telefon frå tidsmaskina i dobbel tyding. Men det gjev også eit nærare og meir menneskeleg forhold til varemerket når brukarane vert direkte konsulterte av dei som utviklar produktet. Og at det i tillegg har sin eigen vesle reklameeffekt av typen «øyh, dei tek oss på alvor», er sjølvsagt ikkje noka ulempe.

Read Full Post »

Harddisk

Onsdag 13. mai om kvelden:

Macen ville ikkje ta omstart. Eg fekk berre kvit skjerm.
Boot frå Leopard-DVD. Start Disk Utility.
«Ugyldig nodestruktur.» Juhu.

Torsdag 14. mai:

Prøvde meg på ein fsck -rf /dev/disk1s2 i rundt fjorten timar utan hell.
Disk Utility igjen.
«S.M.A.R.T.-status: svikter»

Greitt, då var det ikkje lenger håp om tvil. Harddisken hadde krasja. Heldigvis hadde eg ein timegamal backup, og med AppleCare til 2190 kroner skulle alt vere i orden.

Det vil seie, eg ringde Eplehuset. Eplehuset er autorisert Apple-verkstad, men kan ikkje bruke av sine eigne diskar til slikt. For ettersom eg har betalt 2190 kroner for AppleCare-tenester og utvida garanti og sånt, må disken tingast frå Apple i Nederland. Eplehuset fortalde at dei dermed neppe ville få ny disk via AppleCare før over helga.

Fredag 15. mai:

Eg leverte disken til Eplehuset, og kjøpte same dag ny og større disk av eit betre merke for 679 kroner. Eg kunne jo ikkje sitje heile helga utan datamaskin, no i semesterinnspurten og greier. Ein har jo ein jobb å gjere. Så får eg heller få ein reservedisk over helga, når det kjem ny disk frå Nederland med AppleCare og spesialsørvis til 2190 kroner.

Onsdag 20. mai:

Telefon frå Eplehuset. No har dei byrja å sjå på disken min, og lurer på om eg kan forklare kvifor han er på 160 GB. Serienummeret til denne maskina indikerer jo at det skal vere berre 120 GB. Dessutan har ikkje disken noko eplesymbol, slik alle diskar frå Apple skal ha. Så det så.

Dette kan vere fordi maskina vart spesialtinga med større disk, føreslo eg. Det var difor det tok så uhorveleg lang tid å få maskina frå Nederland i si tid. Dessutan har Eplehuset skifta disk på denne maskina via AppleCare før, for dette er nemleg andre gongen på to år at Apples Hitachi-disk krasjar. Og til slutt fann Eplehuset det i papira sine at det hadde seg slik. Så det så.

Tysdag 2. juni:

SMS frå Eplehuset: «Din harddisk er ferdig på service, og kan hentes hos Eplehuset.» Å ja, harddisken, ja. Dét var òg noko.

Read Full Post »