Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘assimilasjon’

Teikneserieassimilasjon

Det er ikkje kvar dag me ser eit fonologisk fenomen gjort til hovudpoeng i ein teikneserie, men i gårsdagens «Piray» (Hello Snorre) på Nettavisen (Karine Haaland) finn me eit døme på assimilasjon av laryngale trekk.

Kort sagt: I ordet som til vanleg vert stava livsglad, har s-en gjort v-en ustemd. Og legg merke til korleis du sjølv uttalar eit ord som onsdag. Det er ikkje med [d], er det vel?

Men tilbake til «lifsglad». Eg googla akkurat forma «lifsglad», og fekk 37 treff, mot 55 000 for «livsglad». Men eigentleg er jo skrivemåten «lifsglad» ikkje så mykje verre enn skrivemåten «jakt». Sistnemnde ord er i slekt med verbet «jage», og vart tidlegare stava «jagt» (også på nynorsk) nettopp difor.

Det nynorske verbet hugse vert sjølvsagt uttalt med [ks], men me skriv det med g fordi ordet er i slekt med hug. På bokmål har dei to konsonantane vorte omsnudde (fenomenet heiter metatese), og me har fått husge, men der skriv me altså huske i tråd med uttalen.

(Eigentleg hadde eg tenkt å skrive noko fullstendig anna om den assimilasjonen som er brukt i teikneseriestripa, men det vart så omfattande at eg i staden kopierte det over til eit anna dokument som ikkje har noko bloggpreg over seg. Spør meg heller om det på førelesing.)

Read Full Post »