Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘astronomi’

Solformørkinga

Frå oppveksten har eg eit vêrteikn som meteorologane neppe vil gå god for, som somme vil hevde sorterer meir under astrologi enn astronomi, men som har fungert i dei fleste tilfella for meg: Dersom almanakken seier at det vert solformørling (eller måneformørking eller meteorsverm), så vil det verte overskya den dagen (eller kvelden eller natta). I alle fall der eg oppheld meg.

Då eg flytta til Trøndelag, trudde eg fyrst at det skulle verte litt betre, men nei då. Sjølv no på fredag 20. mars 2015 måtte det eit motorisert transportmiddel til.

Dagen starta med ein tur innom Risvollan for å lage filter til fotoapparatet av noko stoff som eg kjøpte frå ein høveleg butikk i 1999 (då reiste eg til ein stad der vêrteikna mine ikkje gjeld, det var saker det). Tok eit bilete frå parkeringsplassen på Risvollan, og vende nasen mot Judith, som stod på taket på arbeidsplassen sin på Buran. Men på veg dit, då eg kom til Rosenborg, kom det ei stor, feit sky og la seg mellom oss og sola. Men her er biletet frå Risvollan, då:

Gul sol, formørka i høgre kant.

Vel framme på Buran var det berre å hive seg i bilen igjen og fyke sørover, der det var litt blåare på himmelen. Medan eg stoppa for raudt lys på ca. Lerkendal eller Tempe, fekk eg knipsa eit bilete med skydekket som filter, utan å vite kva eg eigentleg tok bilete av, utan stativ, og utan å få stilt inn kameraet (eit kompaktkamera) på noko vis. Klokka var 10:55:08, altså under to minutt før maksimum, og fyrst etterpå ser eg at sola faktisk kom med på biletet, om enn litt utydeleg.

Litt utydeleg solsigd gjennom skylaget.

Oppover Okstadbakken kom eg til blå himmel. Det var berre å finne ein plass å stoppe, køyrde ut i Tonstadkrysset og fann ein bensinstasjon. Etter fyrst å ha tabba meg ut på kamerainnstillingane fekk eg dette biletet ni minutt etter maksimum:

Solsigd

Det er når det er solformørking, at nordmenn snakkar med framandfolk. Ein mann med mobiltelefon utanfor bensinstasjonen fekk låne det heimesnikra filteret mitt, eit annan mann kom frå ca. Midtbyen og hadde faktisk sett sola der, viste meg sitt filter og slo av ein liten prat om hattekjøp. Eg synest vi skal ha solformørkingar litt oftare.

Men så kom skya igjen. Turen gjekk vidare til Heimdal, der eg fekk med meg slutten på formørkinga. Og øving gjer meister, dette biletet er teke gjennom det same heimesnikra fileteret, men med litt andre instillingar på kameraet. Berre så synd ein ikkje får praktisert slikt kvar dag:

Gul sol med formørking til venstre, skyar og litt blå himmel.

Klokka 12:01, og siste kontakt nærma seg:

Gul sol, nesten ikkje måne å sjå

Og så var det berre å få seg på jobb. Og då eg kom ned Okstadbakken igjen, såg eg berre det grå skydekket som låg tjukt over byen. Regna litt gjorde det òg. Både Twitter og Judith fortel at sola hadde dukka opp der i området litt sånn no og då. Men heldig var eg som fann blå himmel. (Og ja då. Sjølv om eg har ei sær arbeidstidsordning, hadde eg full dag og vel så det. Då kan ein spandere på seg slike solformørkingar.)

Read Full Post »

Vemodig skuldertap

Orion

Orion med Betelgeuse

Betelgeuse skal smelle, fortel Knut Jørgen Røed Ødegård på Bang i rommet. Orion skal gå gjennom ein dramatisk operasjon, og skuldra vil aldri verte som før. Det vil seie, Betelgeuse har kanskje allereie smolle, det tek berre eit halvt tusenår før me ser det her på jorda. Det spesielle for oss som lever i dag, er nettopp at me kan kome til å sjå det i vår generasjon, nærare sagt innan fem år.

Dei gamle grekarane såg opp mot stjernehimmelen og fortalde om sin Orion frå generasjon til generasjon. Så vart det vår tid, og ikkje berre har folk slutta å tru på historiene om jegeren Orion som Zevs plasserte mellom stjernene. Nei, me skal også få sjå at den sterkaste stjerna i stjernebiletet, α Orionis, går til grunne i ein kjempesmell.

Dei gamle heltar varer ikkje evig, men vil omsider få problem med ein eller annan kroppsdel. Og i Orions tilfelle er det altså skuldra.

[Foto: Anton, Wikimedia Commons, GNU-lisens. Lett modifisert av Jardar. Original her.]

Oppdatering 15.2.2011: Sjølvsagt var dette for godt til å vere sant. Men tabloide saker sel jo best, ikkje sant. Nettstaden forskning.no melder: Stjernesmell på mediehimmelen.

Read Full Post »