Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘autosave’

Skrivebordet tulla

Eg veit at ein ikkje skal lagre massevis av filer på skrivebordet. Men av og til er det veldig praktisk å lagre der, t.d. når ein vil trekkje ei lenkje ut frå adressefeltet i nettlesaren og over til filsystemet, eller når ein berre skal mellomlagre noko og sjå på det med QuickLook før det vert kasta.

Ein vakker dag var ikkje noko av dette mogeleg lenger. Ikkje fekk eg trekkje noko over til skrivebordet, i lagredialogane var skrivebordet gråa ut som om det skulle ha vore ei fil, og eg fekk ikkje eingong flytte på dei ikona som allereie låg på skrivebordet.

Endre namn på filene fekk eg, men altså ikkje flytte på dei, så dette var eit problem med skrivebordet, og ikkje med einskildfilene. Før eg går vidare, skal eg nemne at undervegs prøvde eg både omstart og å reparere filrettar med Diskverkøy, men ingenting fungerte. Etter nokre veker gadd eg ikkje meir, og gjekk meir systematisk til verks.

Og det var altså noko rart her, ja. Det viste seg nemleg at til skrivebordsmappa hadde nokre utvida attributt (det ser vi på teiknet @):

brukar@coda:~% ls -ld Desktop
drwx------@ 38 brukar  gruppe  1292 14 jul 14:35 Desktop/

Og her er dei:

brukar@coda:~% xattr Desktop
com.apple.FinderInfo
com.apple.genstore.info
com.apple.genstore.orig_mtime
com.apple.genstore.orig_perms_v1
com.apple.genstore.origdisplayname

Google finn ikkje mykje om genstore, men det vesle som finst, tyder på at det kan ha å gjere med autosave og/eller versjonering. Ein «ls -lR * | less» i ~/Library tyder på det same, i alle fall autosave, men desse to finessane er kopla tett saman.

Det er i så fall ikkje fyrste gong at noko slikt har rota det til. For ei tid sidan hadde eg laga ein fin graf i Numbers, grafen var kopiert over til eit Pages-dokument, i Numbers måtte eg ordne nye verdiar som påverka grafen, og då eg nokre dagar seinare ville oppdatere kopien i Pages-dokumentet, såg det ut som på biletet under. Ja nettopp, grafen i Pages var kopla til ein versjon av Numbers-dokumentet, og ikkje til sjølve den Numbers-fila som eg dreiv og redigerte. Ikkje rart at grafen i Pages ikkje oppdaterte seg:

pagesgrafnumberskjelde

Vi skal heller ikkje gløyme korleis versjoneringssystemet til Apple har rota til backupsystemet slik at det tek ein time å tryggingskopiere nokre få mega (mi løysing her).

For ikkje å snakke om alle dei kopiane av diverse filer som har landa i same mappe som filene, men med sære filnamn av typen «dokumentnamn.rtf.sb-cf21cd31-iHOUmh». Dette er autolagra versjonar som har landa på feil plass i filsystemet.

Men tilbake til det utilnærmelege skrivebordet mitt: På den andre Macen var det absolutt ikkje nokon @ til stades, berre eit plussteikn (greitt nok). Då eg sjekka innhaldet i dei utvida attributta på problemmaskina («xattr -p com.apple.genstore.origdisplayname Desktop» og liknande for kvart attributt), var det stort sett berre heksadesimale strenger som kom, m.a. ein som snakka om ein «NSPreservationReason». Noko var også heilt tomt, men i den nemnde origdisplayname dukka det opp eit filnamn, nemleg den Pages-fila eg har arbeidt mest med i det siste.

Ja vel. I Finder sjekka eg infovindauget til Skrivebord (markere Skrivebord og deretter trykkje ⌘I). Ja vel? Finder rapporterer at Skrivebord, som altså er ei mappe, skal opnast med TextWrangler, som om det var ei tekstfil? Og for andre enn meg sjølv fanst det «Ingen informasjon om tilgangsrettigheter», der det skulle ha stått «Ingen tilgang».

Eg retta dette siste (utan at det var hjelp i i seg sjølv), og sletta deretter alle attributta, så nei, eg veit ikkje kva for ei attributtsletting som gjorde susen, eller om det var heile greia:

brukar@coda:~% xattr -c Desktop

Og vips, så fungerte skrivebordet mitt igjen.

For ordens skuld, dette var på OS X 10.8.4.

——

(Resten av denne bloggposten er ikkje ein del av bloggposten, men er eit lite tillegg som ligg her ei lita stund for testføremål, som ei lita teneste til nokon som treng å teste noko. Videoen her er den same som video nr. 2 i sjølve bloggposten, men med litt andre innstillingar.)

Read Full Post »